Viktig reiseinformasjon

Kor hard er turen?

Vandretur

Kilometer

Timar

Høgdemeter

Beskriving

5-8

2-3

0-200

Lett vandring som "alle" klarar. Du bør ha gode sko.

8-12

3-4

200-400

Litt meir anstrengande, for dei med normalkondisjon. Du bør ha gode tursko med grove solar eller fjellsko, vi anbefalar turstavar.

10-15

4-5

300-700

Du bør ha god normalkondisjon og vere vand å gå tur. Fjellsko med gore tex vert tilrådd.

12-20

5-7

500-1200

Du må vera i god form og vere vand med å gå lange turar. Gode fjellsko er naudsynt.

15-30

7-10

1000-2000

Du bør vera i god form og vera vand med fleire dagars tøff vandring. Gode fjellsko er eitt krav.

Reiseråd

Her finn du reiseråd for utvalde destinasjonar, klikk på kvart enkelt dokument nedanfor.

USA

RUSSLAND

SØR-AFRIKA

VIETNAM

GUATEMALA

ARGENTINA

ISRAEL

GEORGIA

 

Visum og reiseløyve

Den reisande må sjølv sørgja for å ha gyldig pass og eventuelle visum i orden før avreise. Fotefar Temareiser AS kan gi rettleiing og hjelp til dette, men er ikkje ansvarleg for at naudsynte handlingar vert gjennomført (sjå reisevilkåra våre punkt 3 bokstav b). Sjå info om dei ulike destinasjonane og krav om visum/reiseløyve nedanfor. Sjå også regjeringa sine heimesider for oppdatert informasjon om reglar for gyldigheit av pass. https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/reiseinformasjon/velg-land/

USA OG CANADA
For norske statsborgarar på feriereise krevst det normalt ikkje visum til USA/Canada. Alle norske statborgarar må ha elektronisk lesbart pass for innreise eller mellomlanding i USA/Canada. Passet må vera gjeldande i 6 måneder etter retur fra USA/CANADA. Alle reisande til USA /CANADA må registrast elektronisk på førehand. Dette vert gjort ved å søkja om ESTA/eTA. Om du prøver å sjekka inn med eit gammalt pass vil du avvisast før reisa. Skjemaet vert fylt ut elektronisk og du finn det ved å trykka på logoen under. For å fylle ut denne søknaden treng ein namn, adresse  og telefonnummer til hotellet ein skal bu på i USA NB! Det krevst fortsatt visum for opphold lenger enn 90 dagar. Er du tidligare straffedømd, eller har opphelde deg i Syria eller Iran etter 2011 må ein kontakta den amerikanske ambassaden for å søkje om ordinært visum før innreise til USA.

 

RUSSLAND
Norske statsborgarar må søkje visum for å kunne reise til Russland. Turistvisum gjeld for kun den perioden den reisande held seg i Russland, og passet må vere gyldig 6 månader etter heimreisedato. Den reisande  må sjølv ordne med visum, men Fotefar Temareiser AS har inngått avtale med Visumservice AS om formidling av visumtenester til ein gunstigare pris enn ved enkeltkjøp. Kostnad for å få russisk visum gjennom Visumservice AS er kr 1.545 pr. 1.1. 2019. Vel ein å benytte seg av denne avtalen unngår ein å måtte stille til personleg intervju i ambassaden ved visumsøknad. Søknad om visum må gjerast helst innan 6 veker før avreise.
Meir informasjon om søknadsprosessen finn du her: INFORMASJON OM VISUMSØKNAD 
Skjema for søknad om visum finn du her: VISUMSØKNAD

VIETNAM
I Vietnam får ein visum på flyplassen, dette er gyldig i 15 dagar, og du må ha ein returbillett som dokumentasjon for opphaldet. Skal du opphalde deg lenger enn 15 dagar i landet må du søkje visum via den Vietnamesiske ambassaden i Norge. Passet må vere gyldig i 6 mnd etter heimreisedato. 

ANDRE DESTINASJONAR
For destinasjonar i Europa, Georgia, Sør-Afrika, Guatemala: Her er det ikkje naudsynt å søkje om visum på førehand ved opphald under 90 dagar.  Sjå elles til at passet ditt er gyldig minst 3 månader frå heimreisedato.

 

 

Reisevilkår Fotefar Temareiser AS

Desse vilkåra gjeld for reiser bestilt etter 10.01.2019. For reiser bestilt før 10.01.2019; sjå lenke til dokumentet «Reisevilkår for reiser bestilt før 10.01.2019».

1 . BESTILLING OG BETALING
Den reisande skal ved påmelding betala eit depositum som er fastsett for kvar enkelt reise. Restbeløpet (eventuelt prisen for heila reisa) skal deretter innbetalast innan 40 dagar før avreisa. Påmeldinga er bindande når depositum er innbetalt. Dersom påmelding skjer seinare enn 40 dagar før avreise forfell heile reisa til betaling straks, og påmelding er bindande frå det tidspunktet den reisande har registrert påmeldinga hjå Fotefar Temareiser AS.
Dersom depositum og/eller restbeløp ikkje er komme inn på Fotefar Temareiser sin bankkonto innan 2 dagar etter forfall, kan Fotefar Temareiser heve avtala med mindre kunden kan dokumentere at betaling har skjedd innan forfall.
Deltakarane må sjølv sørgja for avbestillings- og reiseforsikring. Me godtek fylgjande kredittkort: Mastercard og Visa. Det kjem til gebyr ved betaling med kredittkort.
Den som gjer ei bestilling for andre pliktar å gi korrekt og utfyllande informasjon om sine medreisande.
Ved bestilling over telefon må den reisande stadfeste Fotefar Temareiser sine reisevilkår, personvernreglar og at namnet i bestillinga er skrive som i passet. Dette kan stadfestast på e-post, SMS, eller i brevform. Bestillinga er ikkje gyldig før ei slik stadfesting er gitt skriftleg.
Fotefar Temareiser AS har eit objektivt ansvar for alle feil i bestillingssystemet som skyldast tekniske feil eller menneskeleg svikt frå tilsette i firmaet. Det same gjeld feil som vert gjort i løpet av bestillingsprosessen, dersom Fotefar Temareiser AS har samtykka i å gjere bestilling av pakkereisa på vegne av kunden. Fotefar Temareiser AS er erstatningsansvarlege for tap den reisande vert påført som fylgje av bestillingsfeilen, men har ikkje ansvaret for bestillingsfeil som skuldast den reisande, eller som skuldast uunngåelege og ekstraordinære omstende.

2 . OMFANG AV BESTILLINGA
Bestillinga omfattar dei ytingane som er avtala mellom Fotefar Temareiser AS og den reisande. Ved vurdering av kva som er avtalt, vert det teke utgangspunkt i stadfestinga av bestillinga, og det skal leggjast vekt på kva som er lova i brosjyrane til Fotefar Temareiser AS, annonsar og på nettsidene. Vi tek atterhald om mindre endringar i dagsprogramma i den grad desse endringane ikkje er til vesentleg ulempe for den reisande. Sjå elles pkt. 6. Om bestillinga fråvik programmet eller omfattar tilleggsytingar som t.d. enkeltrom, utflukter eller liknande, skal dette stadfestast skriftleg. Det kjem til gebyr ved endringar i bestillinga som fråvik frå det oppsette programmet og for tilleggsbestillingar, eksempelvis tilknytingsfly, tidlegare utreise/seinare retur og anna romtype enn det som er inkludert.

3 . INFORMASJON TIL DEN REISANDE
Ved bestilling, eller seinast ved oversending av reisedokumenta, skal den reisande gjerast merksam på fylgjande tilhøve:
a) Dei vesentlegaste kjenneteikna for reisetenesta (dersom desse er relevante for reisa): reisemål, reiserute, varigheit, transportmidlar, kvar innkvarteringsstaden er plassert, måltid som er inkludert i prisen, aktivitetar og utfluktar som er inkludert i prisen, minimums-
Reisevilkår Fotefar Temareiser AS
størrelsen på gruppa, kva språk guidinga vil vere på og, etter førespurnad, også informasjon om turen er egna for personar med rørslehemmingar. Denne informasjonen finst for kvar tur på Fotefar Temareiser si heimeside www.fotefartemareiser.no, der ein finn dagsprogram og prisoversikt
b) Namnet til Fotefar Temareiser AS, e-postadresse, postadresse og telefonnummer
c) Den samla prisen på pakkereisa og kva reglar som gjeld for betaling og avbestilling
d) Tal på deltakarar som er krevd for at pakkereisa skal gjennomførast og fristen for å avlyse reisa dersom talet ikkje nås
e) At den reisande sjølv må sørgja for gyldig pass, eventuelt visum, vaksinasjonar og naudsynte forsikringar. Generell informasjon om dette finst på Fotefar Temareiser si heimeside www.fotefartemareiser.no under fana «viktig reiseinformasjon»
f) Dei alminnelege og spesielle vilkåra som gjeld for reisa som er bestilt og kor desse vilkåra er å finna. Dersom det for den aktuelle reisa skal gjelda vilkår som avvik frå dei alminnelege vilkåra, skal dette tydeleggjerast.
g) At Fotefar Temareiser AS i visse høve har rett til å heva prisen (sjå pkt. 6).
h) Fotefar Temareiser AS utarbeider ei enkel namneliste med namn på alle deltakarar og reiseleiarar. Lista vert sendt ut til alle i gruppa før reisa, og ein kan ikkje reservera seg mot å stå på ei slik liste.

4 . AVBESTILLING
Den reisande kan avbestilla reisa etter fylgjande reglar:
a) Ved avbestilling inntil 90 dagar før avreisedagen mot å betala eit administrasjonsgebyr på kr 800,- pr. person.
b) Ved avbestilling f.o.m. 90 til 40 dagar før avreisedagen beheld Fotefar Temareiser AS det innbetalte depositumet.
c) Ved avbestilling frå og med 40 dagar før reisa, eller viss den reisande ikkje møter ved avgang, eller manglar dei naudsynte papira for å delta på reisa, bereknar Fotefar Temareiser AS seg prisen på heile reisa.
For reiser som inneheld cruise gjeld fylgjande reglar:
a) Ved avbestilling inntil 90 dagar før avreisedagen må ein betale eit administrasjonsgebyr på kr 1650,- pr. person.
b) Ved avbestilling f.o.m. 89 til 50 dagar før avreisedagen beheld Fotefar Temareiser det innbetalte depositumet.
c) Ved avbestilling frå og med 50 dagar før reisa, eller viss den reisande ikkje møter ved avgang, eller manglar dei naudsynte papira for å delta på reisa, bereknar Fotefar Temareiser AS seg prisen på heile reisa.
Kredittkortgebyr vert ikkje refundert ved avbestilling. Heller ikkje spesialbestilte ikkje-refunderbare utgifter.
For den reisande sine plikter vedrørande avbestillingsforsikring, sjå pkt. 8. Fotefar Temareiser AS tilbyr ikkje eigen avbestillingsforsikring. Slik forsikring kan bestillast via forsikringsselskapet ditt, eller hjå Europeiske Reiseforsikring. Dei kan kontaktast enten via internett: Europeiske reiseforsikring eller via telefon +47 21 49 50 00 (tast 4 for kundesenter privat).

5 . ENDRINGAR AV BESTILLINGA, OVERDRAGING
Reisande har rett til å overdra ei reise til ein annan person mot å betala Fotefar Temareiser AS dei meirkostnadane som dette fører med seg. Fotefar Temareiser AS skal underrettast om endringa i rimeleg tid før avreisa. Etter pakkereiselova § 18 vil eit varsel seinast sju dagar før avreise vere rimeleg. Dersom flyselskapet eller andre transportørar/hotell ikkje tillèt endringar, må den reisande og overdragaren betale for ein ny billett og/eller eit nytt rom. Unntatt er cruise, her må overdraging skje før 14 dagar før avreise, etter dette er det ikkje mogeleg å gjere endringar på cruisebilletten.
Bestilling av tilknytingsbillettar på reisa må gjerast ved påmelding for å få prisane angitt i reiseprogrammet. Etterbestilling av slik tilknyting kan medføre høgare prisar enn det som er angitt i reiseprogrammet, eller i verste fall ingen tilgang på seter. Ved utsending av tilbod på tilknyting, kan Fotefar Temareiser ikkje garantere pris og ledige seter før den reisande har bekrefta tilbodet skriftleg via e-post eller SMS innan den gjevne fristen og flyselskapet har stadfesta prisen.

6 . ENDRINGAR I PRIS, YTINGAR M.M
Vi tek atterhald om endra prisar og ytingar m.m. som er i programmet eller kunngjort på annan måte.
Prisauke kan berre skje dersom det er grunngjeve i nye eller auka skattar og avgifter, endra valutakursar eller auka pris på drivstoff eller andre energikjelder.
Prisauken som vert sett i verk, må ikkje overstiga dei faktiske kostnadane, og varsel om auken må komma fram til den reisande seinast 20 dagar før avreisedagen. Viss prisauken utgjer meir enn 8% av pakkeprisen, kan den reisande annullera reisa og få prisen til heile reisa refundert. Retten til annullering fell bort dersom den reisande ikkje sender Fotefar Temareiser AS melding om annulleringa innan 3 dagar etter at varselet til Fotefar Temareiser AS er komen fram til den reisande, og Fotefar Temareiser AS har opplyst særskilt om denne fristen. Passivitet vert sett på som aksept av endringane.
Atterhald kan berre gjerast gjeldande for ytingar som er spesielt nemnde, og i eit omfang som er av mindre ulempe for den reisande.
Dersom Fotefar Temareiser AS før pakkereisa har byrja må gjere vesentlege endringar i nokre av dei vesentlege kjenneteikna i punkt 3 bokstav a (jamfør pakkereiselovas § 9 første ledd bokstav a) eller ikkje kan oppfylle særskilte krav den reisande har fått tilbod om å få stetta tidlegare (allergiar, rørslehemmingar mm.), kan den reisande innan ein frist på 3 dagar godta endringane eller avbestille pakkereisa utan å måtte betale gebyr. Dersom den reisande ikkje gir tilbakemelding innan 3 dagar, vert dette sett på som aksept av endringane (sjå pakkereiselovas § 20 fjerde ledd). Fotefar Temareiser AS skal utan ugrunna opphald gje melding til den reisande om endringane og, dersom det er relevant, kva betydning endringane har for prisen på pakkereisa. Den reisande skal også få tilbod om eventuell alternativ pakkereise dersom mogleg, og om pris på denne reisa. Dersom ei alternativ pakkereise har lågare pris, skal den reisande ha rett til eit passande prisavslag.
Endringar av flytider: Informasjon om flytider og flyselskap som står i programmet er førebelse, då det kan meldast fleire endringar frå flyselskapet før avreise. Fotefar Temareiser AS korrigerar flytidene dersom endringane skjer etter at bestilling vert gjort. Kunden vil få informasjon om dette skriftleg eller munnleg direkte av Fotefar Temareiser AS dersom endringane er vesentlege. Meirkostnadar til hotellopphald eller tilslutningstransport som følgje av endra flytider, vil ikkje dekkjast av Fotefar Temareiser AS.
Dersom den FAGLEGE REISELEIAREN av personlege årsaker vert forhindra frå å delta på turen, har Fotefar Temareiser AS rett til å late ein annan fagleg reiseleiar ta over oppgåvene utan at dette fører til prisreduksjon. Alternativt å gjennomføra turen utan fagleg reiseleiar mot ein prisreduksjon på 15 %. Sjå også pkt. 9 c).
Dersom ein eller fleire reiseleiarar vert forhindra frå å delta på turen, reknast det faglege innhaldet som ivareteke dersom den/dei attverande reiseleiarane kan overta førelesningar og guiding som elles er lova i programmet. Dette vil ikkje føre til prisreduksjon.

7 . PLIKTENE TIL FOTEFAR TEMAREISER AS
Fotefar Temareiser AS er ansvarleg for at alle reisetenestene som inngår i avtala leverast på ein tilfredsstillande måte etter pakkereiselovas kapittel 5 om gjennomføring av pakkereisa. Dette inneberer blant anna plikt og rett til å rette ein mangel, å tilby alternative reisetenestar, eller å sørgje
for heimtransport dersom det ikkje er mogeleg å rette mangelen eller alternative reisetenestar blir avvist av den reisande. Sjå punkt 12 om retting av manglar.
Fotefar Temareiser AS skal utan ugrunna opphald yte passande hjelp til den reisande i vanskelege situasjonar etter pakkereiselova § 36. Dette går blant anna ut på å gi passande opplysingar om helsetenestar, lokale myndigheter, konsulær bistand og å hjelpe med å opprette fjernkommunikasjon og med å finne alternative reisetenester. Fotefar Temareiser AS kan krevje eit rimeleg gebyr for å hjelpe dersom vanskelighetene er forårsaka forsettleg eller uaktsomt av den reisande, men er fortsatt plikta til å tilby hjelp (mot gebyr) også i desse tilfella.

8 . PLIKTENE TIL DEN REISANDE
Den reisande pliktar å gje opp fullt nam, likt som i passet, ved bestilling.
Den reisande pliktar å lesa programmet for turen, og dessutan dei opplysningane som vert tilsendt før reisa. Den reisande må også setje seg inn i reisevilkåra og det som er skreve under «viktig reiseinformasjon» på heimesida til Fotefar Temareiser AS.
Den reisande pliktar å ha reiseforsikring. Forsikringa bør også innehalde ei avbestillingsforsikring som er gyldig frå bestillingstidspunktet. Denne forsikringa må dekke avbestillingar grunna plutseleg og alvorleg sjukdom og død enten hjå den reisande eller i næraste familie eller reisefylgje, og uventa og alvorlege hendingar som gjer det uforsvarleg for den reisande å delta på reisa. Sjå elles pkt.4.
Spesielle behov og informasjon om reisande: Den reisande må kunna handtera sin eigen bagasje og kunne reisa utan assistanse. Spesielle behov på flyreisa og undervegs på turen må verte kunngjort for Fotefar Temareiser AS ved påmelding. Dette gjeld også anna informasjon som han forstår eller bør forstå har vesentleg betyding for gjennomføring av reisa. Den som bestiller ei reise for medreisande, pliktar å gje korrekte og relevante opplysingar også i forhold til dei. Dersom dette ikkje er kunngjort ved påmelding eller innan rimeleg tid før avreise, kan den reisande ikkje pårekne at Fotefar Temareiser AS kan yte den assistansen den reisande treng. Fotefar Temareiser AS er ikkje ansvarleg for problem som oppstår som følgje av at personalia eller spesielle behov for medreisande ikkje er gitt på korrekt måte.
Betaling: Den reisande skal betala det avtala vederlaget seinast på det tidspunkt som er føresett i vilkåra til Fotefar Temareiser AS. Forseinka betaling vert alltid sett på som vesentleg mislighald og gjev Fotefar Temareiser AS rett til å heva (annullera) bestillinga. Dersom depositum og/eller restbeløp ikkje er komme inn på Fotefar Temareiser sin bankkonto innan 2 dagar etter forfall, kan Fotefar Temareiser heve avtala med mindre kunden kan dokumentere at betaling har skjedd innan forfall.
Reglar og avgjerder: Den reisande pliktar under reisa å retta seg etter dei reglane og avgjerdene som er oppgjeve av offentleg styresmakt, Fotefar Temareiser AS, eller representantane til Fotefar Temareiser AS, medrekna dei ordensavgjerdene som måtte gjevast av dei enkelte hotell, transportør e.l. Den reisande må ikkje oppføra seg slik at ein er til bry for dei andre reisande. Dersom den reisande grovt tilsideset pliktane sine, kan han/ho nektast å delta eller stengast ute frå reisa. Ved annullering etter at reisa er påbyrja, kan den reisande sjølv verta pålagt å bera ekstra omkostningar ved heimreisa.
Erstatningsansvar: Den reisande kan gjerast erstatningsansvarleg viss ein med vilje eller aktløyse påfører Fotefar Temareiser AS tap, m.a. ved ikkje å overhalda dei avgjerdene som er nemnt ovanfor.
Pass, visum, vaksinasjonsattestar og forsikring: Fotefar Temareiser AS gjev informasjon for kvar tur om det er naudsynt å ha visum eller reiseløyve og korleis dette kan skaffast, men er ikkje ansvarleg for å skaffa den reisande slike papir. Den reisande må sjølv sørgja for alle naudsynte papir for reisa og må kontrollere at reisedokumenta (bestillinga) er i samsvar med det som står i passet. Den reisande må halde seg orientert om innreisereglane for det gjeldande landet til ei kvar tid. Ved bestilling viser vi til utanriksdepartementet si heimeside, der ein kan finne informasjon om dette. Den reisande er
sjølv ansvarleg for å sjekke om innreisereglane i vesentleg grad kan påverke mogelegheitene for gjennomføring av reisa.
Den reisande pliktar å halda seg orientert om avgangar og lyda rettleiingar som Fotefar Temareiser AS, transportør, lufthamn e.l. gir.
Fotefar Temareiser AS tilbyr ikkje eigen reiseforsikring. Slik forsikring kan bestillast via den reisande sitt forsikringsselskap eller til dømes Europeiske Reiseforsikring. Dei kan kontaktast enten via internett: Europeiske reiseforsikring eller via telefon +47 21 49 50 00 (tast 4 for kundesenter privat).
Sjukdom og eventuell heimreise: Dersom den reisande ikkje er forsikra (eller forsikringa ikkje dekker sjukdoms-/skadetilfellet) kan ikkje Fotefar Temareiser AS ta på seg ansvar for skade eller sjukdom som den reisande måtte pådra seg under reisa, uansett årsak. Fotefar Temareiser AS yter den hjelpa som er mogleg, men den reisande må sjølv dekka alle utgifter i samband med sjukdomen/skaden, slik som omkostningar for lege, sjukehus, særskild heimtransport e.l.
Den reisande møter ikkje opp: Den reisande må møta fram ved avgangar etter dei rettleiingar som vert gjeve av Fotefar Temareiser AS. Dersom den reisande ikkje møter opp til dei oppgjevne transportane eller arrangementa, eller på annan måte lèt vere å nytta seg av aktivitetane i programmet som inngår i reisa, kan han/ho ikkje gjera krav mot Fotefar Temareiser AS for dette.

9 . FOTEFAR TEMAREISER AS SIN RETT TIL Å AVLYSA REISA
Fotefar Temareiser AS kan avlysa ei reise viss:
a) Det ikkje melder seg ei tilstrekkeleg mengd reisande på ein avgang. Turen kan avlysast inntil 7 dagar før ved reiser mellom 2-6 dagar, og 20 dagar før ved reiser som varer meir enn 6 dagar.
b) Det oppstår uunngåelege og ekstraordinære omstende som gjer at pakkereisa ikkje kan gjennomførast og den reisande vert underretta om avlysinga utan ugrunna opphald. Dette er omstende der ein ikkje har kontroll over ein situasjon og der konsekvensane ikkje kan avvergast, sjølv om alle rimelege tiltak er blitt gjort. Døme på omstende er krig, andre alvorlege tryggleiksproblem som terrorisme, vesentlege risikoar for helse som utbrot av ein alvorleg sjukdom på reisemålet, naturkatastrofar som flaum, jordskjelv eller vêrforhold som gjer det umogleg å foreta ei trygg reise til reisemålet i samsvar med pakkereiseavtala. Ved vurdering av om hevingsgrunn finst, skal det leggjast vekt på synet til norske styresmakter.
c) Reiseleiar vert utsett for alvorleg sjukdom, skade eller død, og det ikkje er mogleg å finne erstatning innan rimeleg tid før avreise (jf pkt. 6 fjerde og femte ledd).
Når ei reise vert avlyst, har den reisande krav på full refusjon av prisen til reisa. Tilbakebetaling skal i alle tilfelle gjerast til den reisande, utan ugrunna opphald og seinast 14 dagar etter at pakkereiseavtala opphøyrde. Den reisande har ikkje rett til erstatning utover dette, sjå pakkereiselovas § 23 tredje ledd.

10 . DEN REISANDE SIN RETT TIL ANNULLERING
1 . Den reisande kan før reisa heva/annullera reisa etter følgjande omstende:
a) Viss avgangen vert forseinka med meir enn tid angitt i punkt 11 bokstav d.
b) Tida for heimkomst vert vesentleg utsett.
c) Om det på eller i nærleiken av reisemålet oppstår uunngåelege og ekstraordinære omstende som i vesentleg grad vil påverke gjennomføringa av pakkereisa. Døme på omstende er krig, andre alvorlege tryggleiksproblem som terrorisme, vesentlege risikoar for helse som utbrot av ein alvorleg sjukdom på reisemålet, naturkatastrofar som flaum, jordskjelv eller vêrforhold som gjer det umogleg å foreta ei trygg reise til reisemålet i samsvar med pakkereiseavtala. Ved vurdering av om hevingsgrunn finst, skal det leggjast vekt på synet til norske styresmakter. I desse tilfella har den reisande krav på full refusjon av prisen på reisa, men kan ikkje gjera ytterlegare krav gjeldande, jf. pkt. 15.
d) Prispåslag etter pkt. 6 aukar kostnadene til turen med meir enn 8%.
e) Ved andre vesentlege og alvorlege manglar som er til vesentleg ulempe eller fare for den reisande. I desse tilfella har den reisande krav på full refusjon av prisen på reisa, men kan ikkje gjera ytterlegare krav gjeldande, jf. pkt. 15.
f) Dersom Fotefar Temareiser AS før pakkereisa er påbegynt må foreta vesentlege endringar i nokre av dei vesentlege kjenneteikna i punkt 3 bokstav a (jamfør pakkereiselovas § 9 første ledd bokstav a) eller ikkje kan oppfylle særlege krav den reisande har fått stadfesta tidlegare (allergiar, rørslehemmingar mm.), kan den reisande innan ein frist på 3 dagar godta endringane eller avbestille pakkereisa utan å måtte betale gebyr. Sjå punkt 6.
2 . Etter at reisa er påbyrja kan den reisande heva/annullera reisa heilt eller delvis dersom:
a) Tilhøve som nemnt ovanfor i pkt. 1 c skapar fare for livet eller helsa til den reisande.
b) Ein mangel i vesentleg grad påverkar gjennomføringa av pakkereisa og Fotefar Temareiser ikkje har retta mangelen eller tilbydt alternative tenester. Den reisande har krav på refusjon av reisetenestene som ikkje er levert.

11 . MANGLAR
Ein mangel er etter pakkereiselova ei manglande eller mangelfull levering av reisetenestene som inngår i pakkereisa. Det finst ein mangel ved reisa når den avvik frå det den reisande har rett til å krevja etter pkt. 2 og 7. Likeins er det ein mangel dersom Fotefar Temareiser AS har late vere å gje opplysningar eller har gjeve feilaktige opplysningar om tilhøve som normalt vil vera viktige, og tilhøve den reisande sjølv har gjeve melding om er viktig. Ei mangelfull levering av reiseteneste som skuldast kunden eller forhold på hans side, gjeld ikkje som ein mangel.
Følgjande forhold er normalt ikkje vurdert som ein mangel ved pakkereisa:
a) Avvik frå forventningar kunden har hatt og som ikkje er skapt av Fotefar Temareiser, som til dømes anna byggestandard på destinasjonen eller andre destinasjonsbetinga tilhøve , dersom forholda kunden klagar på er «vanlege» på destinasjonen.
b) Unormale ver- og andre naturgitte tilhøve Fotefar Temareiser ikkje hadde eller burde hatt kjennskap til
c) Tilhøve den reisande må rekne med kan oppstå frå tid til annan og som ligg utanfor arrangørens kontroll, eller som ikkje avvik frå kva som sjåast på som føresett i avtala. Skifte av bustad pga overbooking er ikkje å rekne som «påregnelege avvik».
d) Forseinka avgang under transport eller endra avgangstider/adkomsttider, når opphaldet på reisemålet ikkje forkortast med meir enn maksimalt 6 timar for reiser med varigheit under 5 døgn, eller 8 timar for reiser med varigheit mellom 5 og 8 døgn, eller maksimalt 12 timar for reiser med varigheit over 8 døgn. Om forseinkinga/endringa i avgangs/ ankomsttider skyldast tiltak frå luftfartsmyndigheiter, eksepsjonelle verfilhøve, trengsel i luftrommet eller andre, liknande forhald arrangøren eller transportøren ikkje kan ha innvirkning på, vert tidsfristane dobla. At tilhøvet ikkje er å rekne som ein mangel etter denne bestemmelsen hindrar ikkje at kunden skal ha den assistanse og den eventuelle kompensasjon kunden har rett til etter EU-forordningar.

12 . RETTING AV MANGLAR
Dersom det føreligg ein mangel ved pakkereisa, kan den reisande krevje å få retta mangelen (avhjelp), alternative reisetenester, prisavslag og erstatning. Den reisande har rett til å krevja at ein mangel vert retta, om dette ikkje medfører uforholdsmessige store ulemper eller utgifter for Fotefar Temareiser AS i høve til omfanget av mangelen for dei reisande. Fotefar Temareiser AS har rett til å retta manglane viss dette vert tilbydt seinast i samband med klage frå den reisande. Den reisande kan berre motsetja seg ei slik retting dersom det er særleg grunn for det. Fotefar Temareiser AS kan ikkje krevja at den reisande skal utsetjast for meirutgifter ved retting av manglar.
Kunden skal utan ugrunna opphald reklamera på manglar som vert konstatert under gjennomføring av pakkereisa. Avslår kunden retting som vil avhjelpe mangelen, eller let han vere å reklamere til arrangøren eller arrangøren sin representant der dette er mogleg, slik at retting kan skje, mistar han retten til ytterlegare krav.
Om ein vesentleg del av pakkereisa sine reisetenester ikkje kan leverast som avtalt og mangelen ikkje kan rettast, også der årsaka er utanfor Fotefar Temareiser sin kontroll, skal alternative reisetenester tilbydast slik at pakkereisa kan fortsetja. Alternativa skal om mogeleg vere av tilsvarande eller høgare kvalitet og utan tilleggskostnadar. Dersom alternativet fører til lægre kvalitet, skal den reisande få eit passande prisavslag. Alternative reisetenester kan berre avvisast dersom dei ikkje er samanliknbare med det som fylgjer av pakkereiseavtala, eller dersom prisavslaget er utilstrekkeleg.
Den reisande kan heve avtala og krevje nødvendig heimtransport dersom føreslått alternative reisetenester ikkje vert akseptert eller om retting av mangel (avhjelp) ikkje er mogeleg, sjå punkt 10 andre ledd. Fotefar Temareiser skal i desse tilfella sørgje for heimtransport i eit likeverdig transportmiddel, utan ugrunna opphald og utan ekstra kostnadar for den reisande.
Den reisande sin rett til avhjelp, alternative reisetenester, prisavslag, erstatning og mogelegheit til å heve avtala gjeld ikkje dersom Fotefar Temareiser AS kan dokumentera at mangelen skuldast den reisande.

13 . PRISAVSLAG
Om mangelen ikkje vert retta på tilfredsstillande måte, har reisande krav på prisavslag for perioden pakkereisa har hatt ein mangel. Dette gjeld likevel ikkje dersom manglane skuldast uunngåelege og ekstraordinære omstende, jf. pkt. 15 . Prisavslaget vert rekna med utgangspunkt i prisen til reisa og skal tilsvara omfanget til mangelen, jf. pkt. 11.

14 . ERSTATNING
Fotefar Temareiser AS pliktar å gje ei passande erstatning til den reisande for et kvart tap denne vert påført som følgje av ein mangel ved pakkereisa, jf. endå pkt. 15 . Retten til erstatning som fylgje av manglar ved gjennomføring av reisa gjeld blant anna der den reisande hevar pakkereisa på grunn av vesentlege manglar, eller der ein vesentleg del av reisetenestene i pakkereiseavtala ikkje kan leverast som avtalt og det er umogeleg for Fotefar Temareiser AS å tilby alternative ytingar, eller der alternative ytingar som vert tilbydd er utilstrekkelege.
Erstatningsplikta gjeld ikkje dersom Fotefar Temareiser AS kan godtgjera at skaden eller ulempa ikkje skuldast Fotefar Temareiser AS eller samarbeidspartnar/underleverandør betalt av Fotefar Temareiser AS, og mangelen ikkje kunne føresjåast eller unngåast. Erstatningsplikt gjeld heller ikkje om mangelen skuldast uunngåelege og ekstraordinære omstende etter punkt 15. Erstatninga kan ikkje utgjere meir enn tre gonger samla pris for pakkereisa.
Dersom omfanget av eller vilkåra for erstatning vert avgrensa av anna transportrettsleg lovgiving, gjeld dei same avgrensingane for Fotefar Temareiser AS. Erstatning og prisavslag etter pakkereiselova og anna transportrettsleg lovgiving skal gå i frådrag frå kvarandre, slik at den reisande ikkje får for høg kompensasjon. Erstatning og kompensasjon med heimel i transportlovgiving må krevjast direkte frå den reisande til gjeldande transportør, og skal ikkje krevjast igjennom Fotefar Temareiser AS.

15 . AVBROT OG ENDRINGAR
Fotefar Temareiser AS er ikkje ansvarleg for manglar, avbrot og endringar som skuldast uunngåelege og ekstraordinære omstende. Døme på omstende er krig, andre alvorlege tryggleiksproblem som terrorisme, vesentlege risikoar for helse som utbrot av ein alvorleg sjukdom på reisemålet, naturkatastrofar som flaum, jordskjelv eller vêrforhold som gjer det umogleg å foreta ei trygg gjennomføring av pakkereiseavtala. Ved vurdering av om hevingsgrunn finst, skal det leggjast vekt på synet til norske styresmakter. Dersom noko av dette skulle henda, skal Fotefar Temareiser AS snarast underretta reisande og setja i verk tiltak for så langt som mogleg å avgrensa tapet til den reisande som følgje av hendinga.

16 . KLAGEFRIST
Dersom den reisande meiner at det finst ein mangel som gjev rett til prisavslag eller erstatning, har han/ho plikt til å gje Fotefar Temareiser AS melding så snart som mogleg om dette. Klager over vesentlege manglar må setjast fram til reiseleiar på staden eller til Fotefar Temareiser AS så snart som mogleg, jf. pkt. 12. Klage må fremjast på staden dersom mangelen vert oppdaga etter at pakkereisa er påbegynt, med mindre særlege grunnar gjer det rimeleg å klage seinare.

17 . RETTEN TIL HEVING AV AVTALE FOR FOTEFAR TEMAREISER AS
Fotefar Temareiser AS har rett til å heva avtalen ved vesentleg misleghald frå den reisande si side. Det vert rekna som vesentleg misleghald når den reisande ikkje har betalt det avtala vederlaget i rett tid, jf. pkt. 8. Føresetnaden for at Fotefar Temareiser AS skal kunna heva avtalen, er at den reisande har fått rimeleg betalingsfrist.

18 . REISEGARANTI
Fotefar Temareiser AS er medlem av reisegarantifondet, og stiller lovpålagt garanti for at dei reisande får refundert sine forskotsbetalingar og/eller ei alternativ heimreise dersom arrangøren går konkurs. Sjå elles Reisegarantifondet sine sider www.rgf.no. Reisegarantifondet kan også kontaktast på telefon +47 51 85 99 40 eller e-post firmapost@rgf.no.

19 . TVISTAR
Viss det mellom Fotefar Temareiser AS og den reisande oppstår usemje om forståing av denne kontrakten eller reisevilkåra til Fotefar Temareiser AS, og tvisten ikkje kan løysast i minnelegheit, kan den reisande bringa saka inn for Reklamasjonsnemda for pakkereiser. Fristen for dette er 4 veker etter at endeleg svar frå Fotefar Temareiser AS er kome til klagaren sin kunnskap. Fotefar Temareiser AS skal opplysa om denne fristen. Både den reisande og Fotefar Temareiser AS kan fremja Reklamasjonsnemda si avgjerd inn for dei alminnelege domstolane.
Vi viser elles til reglane i Pakkereiselova og Alminnelege vilkår for pakkereiser.

20 . ANSVARET TIL FOTEFAR TEMAREISER AS VED REISER MED FLY
Fotefar Temareiser AS er berre ansvarleg for innhaldet i programmet vårt.
Alle reiser med fly er underlagt m.a. reglene i Warszawa-konvensjonen av 1929.

21 . VARIGHEITA TIL REISA
Av praktiske omsyn angjev vi reiselengda etter utreise- og heimkomstdag, sjølv om ei reise startar på kvelden og/eller vert avslutta på morgonen. Angjeven reiselengd er difor ikkje alltid heile dagar.

22 . DIVERSE
Del i dobbeltrom:
Reisande som har bestilt del i dobbeltrom må betala enkeltromstillegg dersom det ikkje er andre deltakarar på turen med same ønskje. Det er ikkje Fotefar Temareiser AS sitt ansvar å finne andre reisande som ein kan dele rom med.
Enkeltrom:
Tilgjenge på enkeltrom er sterkt avgrensa, og Fotefar Temareiser AS kan ikkje garantere at det alltid er kapasitet på slike rom.
Twin-rom (rom med fråskilte senger):
Dersom ein har særskilt ynskje om å ha fråskilte senger må dette spesifiserast ved påmelding.
Desse vilkåra er utarbeida i tråd med Lov om Pakkereiser og reisegaranti av 15.06.2018 Nr.32, Alminnelige Vilkår for Pakkereiser utarbeida av Forbrukerombudet (oppdatert 01.07.2018) og retningsliner frå Reisegarantifondet og Pakkereisenemnda.
Standardopplysingsskjema for pakkereiseavtalar
Den kombinasjonen av reisetenester du blir tilbydd, er ein pakkereise etter lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (pakkereiseloven).
Du omfattast derfor av alle rettighetane som gjeld ved pakkereiser. Fotefar Temareiser AS har det fulle ansvaret for at pakkereisa som heilheit vert gjennomført korrekt. Fotefar Temareiser AS har dessutan lovpålagd reisegaranti som sikrar tilbakebetaling av dine innbetalingar, i tilfelle insolvens hos selskapet. Om transport inngår i pakkereisa, dekkjer reisegarantien også heimtransport.
Sentrale rettighetar etter pakkereiseloven:
Reisande vil få alle viktige opplysingar om pakkereisa før pakkereiseavtalen vert inngått. Det er alltid minst éin næringsdrivande som er ansvarleg for korrekt levering av alle reisetenestene som inngår i pakkereiseavtalen. Reisande får eit nødnummer eller opplysingar om eit kontaktpunkt der dei kan kome i kontakt med arrangøren eller reisebyrået. Reisande kan overdra pakkereisa til ein annan person, etter eit rimeleg varsel og eventuelt mot tilleggskostnadar. Prisen på pakkereisa kan berre aukast dersom bestemte kostnadar aukar (til dømes prisen på drivstoff), og dersom dette uttrykkeleg er fastsett i avtala. Prisen kan uansett ikkje aukast seinare enn 20 dagar før pakkereisa er påbegynt. Dersom prisen aukast med meir enn 8 prosent av prisen på pakkereisa, kan den reisande avbestille pakkereisa. Dersom arrangøren forbeheld seg retten til å auke prisen, har den reisande rett til prisreduksjon dersom dei relevante kostnadane reduserast.
Reisande kan avbestille reisa utan å betale gebyr og få tilbakebetalt alle innbetalte beløp i sin heilheit dersom eit av pakkereisas hovudelement, bortsett frå prisen, endrast vesentleg. Dersom den næringsdrivande som er ansvarleg for pakkereisa kansellerar pakkereisa før den er påbegynt, har den reisande rett til tilbakebetaling og eventuelt erstatning. Reisande kan ved ekstraordinære hendingar avbestille pakkereisa før den er påbegynt utan å betale gebyr, til dømes dersom det er alvorlege sikkerheitsproblem på reisemålet som sannsynlegvis vil påverke pakkereisa. I tillegg kan reisande til ei kvar tid før pakkereisa er påbegynt, avbestille pakkereisa mot eit passande og grunngjeve gebyr. Dersom vesentlege element av pakkereisa ikkje kan leverast som avtalt etter at pakkereisa har begynt, skal den reisande få tilbod om passande alternative arrangement utan tilleggskostnadar. Den reisande kan si opp avtalen utan å betale gebyr dersom tenestene ikkje leverast etter avtale og dette i vesentleg grad påverkar gjennomføringa av pakkereisa og arrangøren ikkje avhjelper problemet. Reisande har også rett til prisreduksjon og/eller erstatning dersom reisetenestene ikkje leverast eller leverast på ein mangelfull måte. Arrangøren må yte bistand til reisande i vanskar. Dersom arrangøren blir insolvent, vil innbetalte beløp bli tilbakebetalt. Dersom arrangøren blir insolvent etter at pakkereisa er begynt og transport inngår i pakkereisa, er heimtransport for den reisande dekka av garantien. Fotefar Temareiser AS har stilt reisegaranti overfor Reisegarantifondet. Dersom tenestene ikkje leverast grunna Fotefar Temareiser sin insolvens, kan den reisande kontakte Reisegarantifondet:
Reisegarantifondet
Boks 227 Sentrum
4001 Stavanger
Telefon: 51 85 99 40
E-post: firmapost@rgf.no
www.rgf.no
Sjå pakkereiseloven på www.lovdata.no

Vaksine

Den reisande må sjølv sjekke opp vaksiner som ein bør eller må ha for den konkrete destinasjon, og er sjølv ansvarleg for å ta desse vaksinene (sjå våre reisevilkår punkt 3 bokstav b). Vi tilrår at de held dykk oppdatert på folkehelseinstituttet sine heimesider, her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/reisevaksiner/. Eventuelt kan de også kontakta fastlegen for å få informasjon.

Forsikring

Den reisande er pliktig til å ha eiga reiseforsikring. Forsikringa bør innehalde ei avbestillingsforsikring som er gyldig frå bestillingstidspunktet. Denne forsikringa må dekka avbestillingar grunna plutseleg og alvorleg sjukdom og død hjå seg sjølv eller i næraste familie eller reisefylgje, og uventa og alvorlege hendingar som gjer det uforsvarleg for den reisande å delta på reisa. Fotefar Temareiser AS tilbyr ikkje eiga avbestillingsforsikring (sjå våre reisevilkår punkt 4 og 8). Slik forsikring kan bestillast via til dømes Europeiske Reiseforsikring. Dei kan kontaktast enten via internett: Europeiske reiseforsikring eller via telefon +47 21 49 50 00 (tast 4 for kundesenter privat)

Personvern

Personvernombud

Personopplysningsansvarleg er Fotefar Temareiser AS. Vernet av dei personlege opplysningane dine er viktig for oss. Vernet er også regulert av GDPR, som trer i kraft 25. mai 2018. Nedanfor kan du lese om korleis vi handterer dei personlege opplysningane dine og kva for rettar du har. Viss du vil kontakte oss, ver venleg og gjer det på telefon 0047 918 20 304, eller e-post: post@fotefartemareiser.no.

Kva for personopplysningar som vert samla inn

Personopplysningar som vil handsamast inkluderer, men er ikkje avgrensa til, namn, fødselsdato, kjønn, adresse, e-postadresse og telefonnummer.

Vi kan òg handsame opplysningar som vert registrerte i samband med bestillinga, til dømes reisemål, førespurnader om spesielle måltid eller særskild informasjon frå deg om helsetilstanden din eller anna innanfor rammene av kundetilhøvet.

Personopplysningar gjev du frå deg sjølv i samband med bestillinga av turen, etablering av kontoar eller andre tenester på nettet eller via telefon.

Føremålet med handsaminga av personopplysningane

Personopplysningane dine vil handsamast for at vi skal kunne oppfylle forpliktingane våre overfor deg. Ytinga kan til dømes gå ut på å levere den reisa eller dei tilleggstenestene som du har bestilt, eller å gje deg dei tenestene og/eller produkta som vert tilbodne eller som du har bede om ved opprettinga av ein personleg konto.

Handsaming av personopplysningane dine kan òg skje for at vi skal vere i stand til å oppfylle forpliktingar i samsvar med lover, forskrifter, spørsmål og klager.

Ved å gje oss informasjon om helsetilstanden din, samtykker du i at vi handsamar desse personopplysningane for å gjennomføre turen eller gje deg andre tenester og/eller produkt som du har bestilt.

I tillegg til dei ovannemnde føremåla, samtykker du i at dei personlege opplysningane dine kan bli brukt til føremåla under, og dessutan danne grunnlag for marknads- og kundeanalysar, risikostyring og statistikk og for å gje deg eit betre reisetilbod og service.

Med mindre du reserverer deg mot direkte marknadsføring, kan vi òg bruke personopplysningane dine til å gje deg ulike tilbod om tenestene våre og/eller produkta. Du kan når som helst reservere deg mot å motta slike marknadsføringstilbod.

Ved å gje informasjon om helsetilstanden din, godtek du at vi handsamar denne personlege informasjonen for å gje deg turen, anna teneste og/eller produktet som du bestilte. Helsestatistikkdata vert aldri brukt til statistikk, marknadsundersøkingar eller marknadsføring.

Lagring av personopplysningar

Vi lagrar personopplysningar så lenge det er naudsynt for å oppfylle føremåla som skildra over. Vi lagrar vanlegvis dei personlege opplysningane dine i 3 år frå den siste turen din eller frå siste kontakt med oss.

I nokre tilfelle må vi moglegvis lagre data i lengre periodar når det vert krevd av loven (til dømes Regnskapslov) eller til dømes ved klager.

Kven som kan kome til å handsame personopplysningane

Den personlege informasjonen din handsamast av våre tilsette, av systempartnarane våre og administrative servicepartnarar som vi har avtalar med for beskyttelse av personopplysningar.

Personopplysningane dine kan òg handsamast innan reiselivsbransjen, som flyselskap, busselskap, hotell og lokale partnarar på reisemålet. Berre naudsynt informasjon er gjeven når det trengst.                    

Handsaming av personopplysningar i land utanfor EU og EØS

Avhengig av kor reisedestinasjonen er, kan personopplysningane kome til å handsamast utanfor EU- og EØS-området (EØS). Sjølv om det endelege reisemålet er innanfor EU/EØS, kan transportselskap og hotell vere basert utanfor EU/EØS. Berre informasjon som krevst for gjennomføring av turen og andre tenester, vert gjeve til partnarar.

Ved å sende inn dei personlege opplysningane dine til oss, godtek du at vi handsamar personopplysningar utanfor EU og EØS, og er klar over at personvernbeskyttelse kan vere lågare enn innanfor EU og EØS.

Rettane dine til informasjon om deg.

Du har rett til når som helst å trekkje tilbake samtykket til å handsame informasjonen du har gjeve oss.

Dette betyr at du òg kan be om utbetring eller sletting av dei personlege opplysningane dine. Ein slik førespurnad må gjerast skriftleg til oss. Dine data vil då korrigerast eller slettast innan ein månad. Viss du har ein noverande tur som ikkje er fullført, eller har ei pågåande klage eller liknande, vert data sletta innan ein månad etter ferdigstilling.

Du kan logge inn på «Mine bestillingar» med passord og e-post og sjå personleg informasjon vi lagrar om deg og dine reiser, eller rette opp og oppdatere informasjon. Du kan òg kontakte oss med førespurnad om å få tilgang til den registrerte informasjonen vi har om deg, som vi vil gje deg innan ein månad.

Vil du vite meir om databeskyttelsesforordninga (GDPR)?

På datatilsynet sin nettstad, www.datatilsynet.no, finn du meir informasjon om databeskyttelsesforordninga (GDPR).