Skip to main content

Viktig reiseinformasjon

REISEINFORMASJON I SAMBAND MED KORONAVIRUSET - COVID-19
Situasjonen rundt koronaviruset endrar seg dag for dag, og vi fylgjer situasjonen tett.
Fotefar Temareiser, som andre norske reiseoperatørar, forheld seg til einkvar tid til reiseråd sendt ut av Utenriksdepartementet (UD). Dei fleste oppsette turar går per i dag som normalt, utover dei turane som er direkte berørte av UDs reiseråd eller innreisereglar for einskilde land.

Dersom det finst eit reiseråd frå UD mot å reise til reisemålet ditt innanfor dei siste 14 dagane før avreise, har du rett til å avbestille reisa gebyrfritt. Du vil då få tilbakebetalt heile prisen på reisa. Er det ikkje utstedt reiseråd fra UD, gjeld dei generelle avbestillingsvilkåra våre (sjå Reisevilkår Fotefar Temareiser AS under).

Er avreisa lenger fram i tid enn 14 dagar gjeld også dei generelle avbestillingsvilkåra våre (sjå Reisevilkår Fotefar Temareiser AS under).
Reiseråda fra UD finn du her: Utenriksdepartementets reiseråd
Vi anbefaler gjestene våre å teikne ei fullverdig reiseforsikring i god tid før avreise.

Vi har full forståing for at situasjonen kan virke uoversiktleg. Viss du lurer på noko i samband med reisa di hjå Fotefar Temareiser, er du hjarteleg velkomen til å ringe oss på telefon 918 20 304 (kvardagar mellom kl 9-13), eller sende oss ein e-post på post@fotefartemareiser.no

Søk

Reiseråd

Fotefar temareiser forheld seg til dei offisielle reiseråda frå norske myndigheiter.

Her er link til Utanriksdepartementet si oversikt over land med reiseråd: https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/reiseinformasjon/reiserad_land/id2589040/

Visum og reiseløyve

Den reisande må sjølv sørgja for å ha gyldig pass og eventuelle visum i orden før avreise. Fotefar Temareiser AS kan gi rettleiing og hjelp til dette, men er ikkje ansvarleg for at naudsynte handlingar vert gjennomført (sjå reisevilkåra våre punkt 3 bokstav b). Sjå info om dei ulike destinasjonane og krav om visum/reiseløyve nedanfor. Sjå også regjeringa sine heimesider for oppdatert informasjon om reglar for gyldigheit av pass. https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/reiseinformasjon/velg-land/

USA OG CANADA
For norske statsborgarar på feriereise krevst det normalt ikkje visum til USA/Canada. Alle norske statborgarar må ha elektronisk lesbart pass for innreise eller mellomlanding i USA/Canada. Passet må vera gjeldande i 6 måneder etter retur fra USA/CANADA.

Alle reisande til USA /CANADA må registrast elektronisk på førehand. Dette vert gjort ved å søkja om ESTA/eTA. Om du prøver å sjekka inn med eit gammalt pass vil du avvisast før reisa. Skjemaet vert fylt ut elektronisk og du finn det ved å trykka på logoen under, eller denne linken:  https://esta.cbp.dhs.gov/esta. For å fylle ut denne søknaden treng ein namn, adresse  og telefonnummer til hotellet ein skal bu på i USA 

NB! Det krevst fortsatt visum for opphold lenger enn 90 dagar. Det er framleis nokre som må søke om visum for innreise til USA. Du må sjølv setje deg inn i om du er ein av dei som må søke om dette. Dei som må søkje om visum bør gjere det i god tid før reisa, då denne prosessen kan ta tid. Kontakt den amerikanske ambassaden for å søkje om ordinært visum før innreise til USA.

RUSSLAND
Norske statsborgarar må søkje visum for å kunne reise til Russland. Turistvisum gjeld for kun den perioden den reisande held seg i Russland, og passet må vere gyldig 6 månader etter heimreisedato. Den reisande  må sjølv ordne med visum, men Fotefar Temareiser AS har inngått avtale med Visumservice AS om formidling av visumtenester til ein gunstigare pris enn ved enkeltkjøp. Kostnad for å få russisk visum gjennom Visumservice AS er kr 1.545 pr. 1.1. 2019. Vel ein å benytte seg av denne avtalen unngår ein å måtte stille til personleg intervju i ambassaden ved visumsøknad. Søknad om visum må gjerast helst innan 6 veker før avreise.
Meir informasjon om søknadsprosessen finn du her INFORMASJON OM VISUMSØKNAD 
Skjema for søknad om visum finn du her: VISUMSØKNAD

VIETNAM
I Vietnam får ein visum på flyplassen, dette er gyldig i 15 dagar, og du må ha ein returbillett som dokumentasjon for opphaldet. Skal du opphalde deg lenger enn 15 dagar i landet må du søkje visum via den Vietnamesiske ambassaden i Norge. Passet må vere gyldig i 6 mnd etter heimreisedato.

TANZANIA
Norske borgarar som ønskjer å besøkje Tanzania treng visum. Visum kan ordnast ved innreise på flyplassen. Det er enkelt å få turistvisum ved innreise. Visum til Tanzania kostar for tida 50 US dollar. Visumet varer i tre månader. Passet ditt må være gyldig i inntil seks månader etter innreise. Innreisereglar kan endrast på kort varsel, og du er sjøv ansvarleg for å halde deg oppdatert via UDI.

ANDRE DESTINASJONAR
For destinasjonar i Europa, Georgia, Sør-Afrika, Peru og Argentina: Her er det ikkje naudsynt å søkje om visum på førehand ved opphald under 90 dagar.  Sjå elles til at passet ditt er gyldig minst 6 månader frå heimreisedato.

Vaksine

Den reisande må sjølv sjekke opp vaksiner som ein bør eller må ha for den konkrete destinasjon, og er sjølv ansvarleg for å ta desse vaksinene (sjå våre reisevilkår punkt 3 bokstav b). Vi tilrår at de held dykk oppdatert på folkehelseinstituttet sine heimesider, her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/reisevaksiner/. Eventuelt kan de også kontakta fastlegen for å få informasjon.

Forsikring

Den reisande er pliktig til å ha eiga reiseforsikring. Forsikringa bør innehalde ei avbestillingsforsikring som er gyldig frå bestillingstidspunktet. Denne forsikringa må dekka avbestillingar grunna plutseleg og alvorleg sjukdom og død hjå seg sjølv eller i næraste familie eller reisefylgje, og uventa og alvorlege hendingar som gjer det uforsvarleg for den reisande å delta på reisa. Fotefar Temareiser AS tilbyr ikkje eiga avbestillingsforsikring (sjå våre reisevilkår punkt 4 og 8). Slik forsikring kan bestillast via til dømes Europeiske Reiseforsikring. Dei kan kontaktast enten via internett: Europeiske reiseforsikring eller via telefon +47 21 49 50 00 (tast 4 for kundesenter privat)

Personvern

Personvernombud

Personopplysningsansvarleg er Fotefar Temareiser AS. Vernet av dei personlege opplysningane dine er viktig for oss. Vernet er også regulert av GDPR, som trer i kraft 25. mai 2018. Nedanfor kan du lese om korleis vi handterer dei personlege opplysningane dine og kva for rettar du har. Viss du vil kontakte oss, ver venleg og gjer det på telefon 0047 918 20 304, eller e-post: post@fotefartemareiser.no.

Kva for personopplysningar som vert samla inn

Personopplysningar som vil handsamast inkluderer, men er ikkje avgrensa til, namn, fødselsdato, kjønn, adresse, e-postadresse og telefonnummer.

Vi kan òg handsame opplysningar som vert registrerte i samband med bestillinga, til dømes reisemål, førespurnader om spesielle måltid eller særskild informasjon frå deg om helsetilstanden din eller anna innanfor rammene av kundetilhøvet.

Personopplysningar gjev du frå deg sjølv i samband med bestillinga av turen, etablering av kontoar eller andre tenester på nettet eller via telefon.

Føremålet med handsaminga av personopplysningane

Personopplysningane dine vil handsamast for at vi skal kunne oppfylle forpliktingane våre overfor deg. Ytinga kan til dømes gå ut på å levere den reisa eller dei tilleggstenestene som du har bestilt, eller å gje deg dei tenestene og/eller produkta som vert tilbodne eller som du har bede om ved opprettinga av ein personleg konto.

Handsaming av personopplysningane dine kan òg skje for at vi skal vere i stand til å oppfylle forpliktingar i samsvar med lover, forskrifter, spørsmål og klager.

Ved å gje oss informasjon om helsetilstanden din, samtykker du i at vi handsamar desse personopplysningane for å gjennomføre turen eller gje deg andre tenester og/eller produkt som du har bestilt.

I tillegg til dei ovannemnde føremåla, samtykker du i at dei personlege opplysningane dine kan bli brukt til føremåla under, og dessutan danne grunnlag for marknads- og kundeanalysar, risikostyring og statistikk og for å gje deg eit betre reisetilbod og service.

Med mindre du reserverer deg mot direkte marknadsføring, kan vi òg bruke personopplysningane dine til å gje deg ulike tilbod om tenestene våre og/eller produkta. Du kan når som helst reservere deg mot å motta slike marknadsføringstilbod.

Ved å gje informasjon om helsetilstanden din, godtek du at vi handsamar denne personlege informasjonen for å gje deg turen, anna teneste og/eller produktet som du bestilte. Helsestatistikkdata vert aldri brukt til statistikk, marknadsundersøkingar eller marknadsføring.

Lagring av personopplysningar

Vi lagrar personopplysningar så lenge det er naudsynt for å oppfylle føremåla som skildra over. Vi lagrar vanlegvis dei personlege opplysningane dine i 3 år frå den siste turen din eller frå siste kontakt med oss.

I nokre tilfelle må vi moglegvis lagre data i lengre periodar når det vert krevd av loven (til dømes Regnskapslov) eller til dømes ved klager.

Kven som kan kome til å handsame personopplysningane

Den personlege informasjonen din handsamast av våre tilsette, av systempartnarane våre og administrative servicepartnarar som vi har avtalar med for beskyttelse av personopplysningar.

Personopplysningane dine kan òg handsamast innan reiselivsbransjen, som flyselskap, busselskap, hotell og lokale partnarar på reisemålet. Berre naudsynt informasjon er gjeven når det trengst.                    

Handsaming av personopplysningar i land utanfor EU og EØS

Avhengig av kor reisedestinasjonen er, kan personopplysningane kome til å handsamast utanfor EU- og EØS-området (EØS). Sjølv om det endelege reisemålet er innanfor EU/EØS, kan transportselskap og hotell vere basert utanfor EU/EØS. Berre informasjon som krevst for gjennomføring av turen og andre tenester, vert gjeve til partnarar.

Ved å sende inn dei personlege opplysningane dine til oss, godtek du at vi handsamar personopplysningar utanfor EU og EØS, og er klar over at personvernbeskyttelse kan vere lågare enn innanfor EU og EØS.

Rettane dine til informasjon om deg.

Du har rett til når som helst å trekkje tilbake samtykket til å handsame informasjonen du har gjeve oss.

Dette betyr at du òg kan be om utbetring eller sletting av dei personlege opplysningane dine. Ein slik førespurnad må gjerast skriftleg til oss. Dine data vil då korrigerast eller slettast innan ein månad. Viss du har ein noverande tur som ikkje er fullført, eller har ei pågåande klage eller liknande, vert data sletta innan ein månad etter ferdigstilling.

Du kan logge inn på «Mine bestillingar» med passord og e-post og sjå personleg informasjon vi lagrar om deg og dine reiser, eller rette opp og oppdatere informasjon. Du kan òg kontakte oss med førespurnad om å få tilgang til den registrerte informasjonen vi har om deg, som vi vil gje deg innan ein månad.

Vil du vite meir om databeskyttelsesforordninga (GDPR)?

På datatilsynet sin nettstad, www.datatilsynet.no, finn du meir informasjon om databeskyttelsesforordninga (GDPR).

Reisekalender
10/4Champagne med Merete BøFrå 24 950,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 23 950,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 21 550,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 22 550,-
14/4Argentina og Uruguay med Eva Bratholm og Joar Hoel LarsenFrå 48 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo