
26. september - 6. oktober 2027.
Kva er det som held Canada saman – dette enorme landet med franske og britiske røter, sterke urfolkstradisjonar og ein mektig nabo i sør? Bli med på ei innhaldsrik reise gjennom det austlege Canada, der vi følgjer historia frå dei første møta mellom urfolk og europeiske oppdagarar til dagens moderne og fleirkulturelle nasjon.
Frå dei smale gatene innanfor bymurane i Québec går ferda vidare til franskspråklege Montréal, hovudstaden Ottawa og pulserande Toronto, før vi avsluttar ved dei mektige Niagarafalla. Undervegs møter vi historia på stadene der ho vart skapt: på slagmarker, i gamle bydelar, på museum og ved minnesmerke som også fortel om dei nære banda mellom Canada og Norge.
Med oss har vi journalistane Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, som begge har vore korrespondentar i USA og Canada. Gjennom sju foredrag deler dei kunnskap, historier og perspektiv frå eit langt liv med internasjonal journalistikk. Dei knyter saman det vi opplever på reisa, til dei store spørsmåla om politikk, kultur, identitet og forholdet til USA. Slik blir besøka meir enn sightseeing, då vi får betre forståing av landet og menneska som bur der.
Dette er ei reise i Fotefar si ånd: Vi kombinerer fagleg innhald med gode, lokale opplevingar og ei gjennomtenkt reiserute. Fly, hotell, transport, inngangar, lokale guidar og fleire felles måltid er ordna, og Fotefar sin reiseleiar er med heile vegen. Du kan konsentrere deg om å oppleve, lære og dele inntrykka med reisefølgjet.
Sjå alle våre turar med Eva og Joar her!

















