Ut på det opne hav, eller gli langs idylliske elvar?
Anten draumen din er konsertar på havet i majestetiske cruiseskip, eller historieforedrag på koselege elvar, så tilbyr Fotefar fantastiske opplevingar på vatnet for alle og einkvar.
Elvecruise: Fotefar Temareiser sine elvecruise er heilt unike. Heile båten er nemleg alltid reservert berre for Fotefar sine eigne gjestar! Med andre ord er det ingen andre turistar om bord. Vi tilbyr ekstra god plass, ei fantastisk sosial ramme rundt turen og eit mannskap som utelukkande er på jobb for å servere og hjelpe dykk som reiser med oss. Som alltid hjå Fotefar har vi med oss fagguidar som underheld og lærer deg noko du ikkje visste om områda vi besøker.
Havcruise: Her kan du bli med på store, flotte og komfortable skip ute på det opne havet. Cruisereisene våre er skreddersydde frå botn av med gjennomgåande tematikk som gjer deg eit djupt innblikk i kulturen og historia til plassane vi reiser til, leda av dyktige og kjende fagguidar.














