Skip to main content

Cruise til Grønland og Island med Harald Stanghelle

6. - 22. august 2025.

Velkommen med på det store cruiset til Grønland og Island! På denne draumeruta får vi oppleve den eksotiske naturen og dyrelivet på desse store øyane vest i havet. Gjennom forelesingar av Harald Stanghelle får vi lære meir om historia og samtida til folka som lever her.

Vi startar med fly til Liverpool, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet, Bolette. Derifrå går ferda forbi Hebridane og nordover til Reykjavik på Island, før vi set kursen mot Grønland og dei gamle norrøne bygdene sørvest på øya. Vi seglar først inn Prins Christians Sund før vi kjem til Narsarsuaq med ruinane etter Eirik Raude sin gard. Vidare går skipet til Sør-Grønlands største by, Qaqortoq og så til Nanortalik, der det er størst sjanse til å sjå isbjørn.

Turen held så fram til Isafjordur på vestsida av Island og til Akureyri på nordsida av øya, før vi rundar austsida og seglar sørover i retning Skottland, langs Hebridane igjen, og ned nordvestkysten av England, før vi returnerer til Liverpool.

Undervegs på turen blir det spennande foredrag av Harald Stanghelle om tema heilt frå norrøn tid til samfunn og kultur på dei to øyane i moderne tid. Stanghelle budde på Grønland i unge år, og har blant mykje anna vore sjefredaktør i Dagbladet, nyheitsredaktør og politisk redaktør i Aftenposten, i tillegg til leiar i Norsk Redaktørforening. Frå 2019 har han leia hovudprogramkomiteen  for Arendalsuka.

Det er første gong vi i Fotefar kan tilby denne spennande reiseruta til sørvestsida av Grønland og rundt heile Island. Dette gler vi oss veldig til!

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 6. august - Vi reiser til Liverpool

    Avreise frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger til Liverpool. Vi blir fleire grupper frå ulike avreisebyar på dette cruiset. Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet i Liverpool sentrum.

  • Dag 2: Torsdag 7. august - Liverpool – Vi mønstrar på skipet

    Etter ein god frukost på hotellet har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn på båten. Den går frå kaia i Liverpool seint på ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Bolette, har 690 lugarar og tilbyr ei cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.

    Frå Liverpool seglar vi sakte ut frå Mersey-elva og inn i Irskesjøen, og vi møtest i restauranten til den første middagen om bord. Vi har vår eigen del av hovudrestauranten, og kan nyte maten medan skipet tek fatt på den første etappen. Resten av kvelden og natta går med til å segle nordover forbi Isle of Man og Hebridane.
    (F, M)

  • Dag 3: Fredag 8. august - Ein dag til sjøs

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida på veg nordover mot Island og Grønland, og vi legg opp til foredrag av Harald Stanghelle. Tema for foredraget blir: Den islandske sagatradisjonens betydning for det norske sjølvbiletet.

    Elles blir det god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar (nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det butikkar, bibliotek, treningsrom, utandørs løype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Bolette med sauna, symjebasseng og badestampar.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Laurdag 9. august - Til sjøs

    I løpet av dagen køyrer skipet vårt vidare eit godt stykke vest for Færøyane med retning mot Sør-Island, og kanskje ser vi konturane av kysten av vulkanøya før det mørknar. Det blir foredrag av Harald Stanghelle i løpet av dagen med temaet: Islands plass i det nordatlantiske Noregs-veldet.

    Om kvelden samlast vi i delen vår av hovudrestauranten. Ein kan også ete middag på ein av dei andre restaurantane, viss ein ønskjer det. Er vi heldige får vi oppleve ein nydeleg solnedgang ute på det opne havet.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Søndag 10. august - Reykjavik

    Denne dagen har vi god tid til å oppleve bykjernen i Reykjavik. Vi kan for eksempel anbefale eit besøk i den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Nokre dagar har dei også gratis orgelkonsertar der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Derifrå er det kort veg til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Frå statuen kan vi sjå det imponerande konserthuset Harpa.

    Landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2 er også verdt å få med seg. Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar.

    Eit anna alternativ for dei som er historieinteresserte, er Islands nasjonalmuseum. Ein kan også vitje Sagamuseet som viser landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte.

    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenke seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum for å oppleve folkelivet. Ein kan også melde seg på utflukter arrangert av cruiseselskapet mot tillegg i turprisen.

    Om kvelden blir det middag i hovudrestauranten medan vi startar på turen vestover mot Grønland.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Måndag 11. august - Til sjøs

    Heil dag til sjøs mot Grønland, og ruta vi følgjer har nok blitt brukt heilt frå vikingtida og vidare i mellomalderen. Vi legg opp til foredrag av Harald Stanghelle også denne dagen. Tema blir: Det norrøne Grønland - frå optimistisk landnåm til undergang.

    Elles er det mange ting å gjere om bord. Vi satsar på fint vêr denne sommardagen og anbefaler å bruke dagen ute på dekk. Viss ein treng ei forfrisking, er det mange tilbod om bord, inkludert cocktail- og vinbar og fleire pubar. Utvalet av restaurantar er også stort, med alt frå gourmetrestaurantar med kvite dukar, til enklare bistroar.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Tysdag 12. august - Gjennom Prins Christians sund, Grønland

    Tidleg denne morgonen køyrer vi inn i Prins Christians sund som strekk seg heile 100 kilometer inn i landet. Eirik Raude tok sannsynlegvis denne ruta då han kom til Grønland for første gong, for å unngå røffare sjø rundt Kapp Farvel. Sundet er berre 500 meter på det smalaste og er omkransa av vakre fjell, granittblokker og isbrear. Det lange sundet eller fjorden er berre open for sjøfart om sommaren, då store ismassar stenger sundet gjennom den lange vinteren.

    Er vi heldige får vi sjå mykje av det varierte dyrelivet. Her finst både skjeggselar, svarte lomvier i tillegg til våg- og blåkvalar.

    Foredraget frå Harald Stanghelle denne dagen har temaet:  Den grønlandske kulturarven - frå trommedans til Nordisk Råds litteraturpris.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Onsdag 13. august - Narsarsuaq, Grønland

    Neste morgon vaknar vi medan skipet er på veg inn til Narsarsuaq. Denne koselege bygda har berre 200 innbyggjarar. I dette området er det eit utruleg dyreliv og fantastiske brear med glassklar, blå farge.

    Her finn vi også ein statue av Eirik Raude. Han slo seg omkring år 985 ned på Brattalid inst i fjorden som seinare vart kalla opp etter han. Garden vart utgraven på 1920-talet av dei danske arkeologane Poul Nørlund og Aage Roussell, og Tjodhildkyrkja som høyrde til garden, vart utgraven på 1960-talet. Kyrkja målte berre 2 x 3,5 meter, og er no gjenoppbygd ikkje langt frå den opprinnelege staden. Garden og kyrkja var ein del av det som vart kalla Austbygda på Grønland. Cruiseselskapet arrangerer også utflukter her (mot tillegg i pris.)

    Avgang om kvelden. Etter middag i restauranten set skipet kurs mot aust i retning Qaqortoq.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Torsdag 14. august - Qaqortoq, Grønland

    Qaqortoq er den største byen i Søraust-Grønland, og den vart grunnlagd av norske handelsmenn i 1775. Bynamnet tyder “Den kvite” etter den kvitkalka Hvalsey kyrkje frå norrøn tid. Dette var ein av  dei viktigaste norrøne busetnadene på øya, og var ein del av Austerbygda. På 1400-talet forsvann dei siste norrøne folka frå området, og årsaka til forsvinninga er omstridd. Den siste skriftlege kjelda om busetjinga er frå 1408, men det vert hevda at oppdagaren Didrik Pining vitja busetnadene på Grønland så seint som i 1480-åra. Ruinane er no på UNESCO si verdsarvliste.

    Den vesle byen på vel 3000 innbyggjarar ligg fint til mellom bølgande åsar med sine sterkt farga hus. Her har vi tida frå tidleg morgon til sein ettermiddag i byen og området rundt. Vi kan anbefale ein spasertur til sentrum av bygda med sine mange butikkar og eit par kaféar. Rundt torget finn ein skulpturar frå kjende skandinaviske kunstnarar og også Grønlands eldste fontene frå 1928. Dei 40 skulpturane kom til gjennom engasjementet til den lokale kunstnaren, Aka Høegh.

    Rett sør for Qaqortoq ligg det varme kjelder som ein kan bade i, og det er lett å ta seg ein fjelltur i dei slake fjella rundt byen. Cruiseselskapet arrangerer også utflukter (mot tillegg i prisen).

    Om kvelden samlast vi i delen vår av hovudrestauranten. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 10: Fredag 15. august - Nanortalik, Grønland

    Om natta har skipet teke oss ein ny etappe på eventyrreisa vår, og vi ankrar opp i Nanortalik med 1500 innbyggjarar. Bygda ligg ved innfarten til den imponerande Tasermiutfjorden og dei bratte fjella rundt.

    Dette er eit av områda der det er ein del isbjørnar. Dei lever og jagar på sjøisen nær byen, og kval og sel er det også mykje av i sjøen rundt.

    Vi har god tid i land, og vi anbefaler ein tur til den gamle hamna i sentrum av bygda, som delvis er gjort om til eit museum. Dette er Grønlands mest omfattande lokalmuseum, og det tek for seg fiske- og fangsthistoria til bygda og landsdelen. Ein kan også velje å melde seg på ekskursjonar i regi av cruiseskipet til attraksjonar i nærleiken (mot tillegg i pris).

    Avreise seint om ettermiddagen. Denne kvelden seglar skipet forbi Grønlands sørlegaste punkt, Kapp Farvel, og vi legg øya bak oss og set kursen mot nordvestkysten av Island. Viss vi er heldige, får vi med oss ein fin solnedgang denne augustnatta.
    (F, L, M)

  • Dag 11: Laurdag 16. august - Til sjøs

    Skipet tek oss sørover mot Island. Vi legg opp til foredrag av Harald Stanghelle også denne dagen med tema: Då Grønland fekk heimestyre - om utviklinga frå dansk koloni til sjølvstende.

    Vi har møtepunkt i stamkaféen vår, så ein kan slå av ein prat med kvarandre der utover dagen. Her vil ein også finne reiseleiarane til faste tidspunkt både på formiddagen og ettermiddagen. Vi anbefaler elles å nytte seg av dei mange tilboda og aktivitetane om bord, eller nyte livet ved symjebassenget viss vêret tillèt det. Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 12: Søndag 17. august - Til sjøs

    Etter ein god frukost får vi det første av to foredrag frå Harald Stanghelle denne dagen. Det første foredraget har temaet: Norge som okkupantmakt på Øst-Grønland - den fascinerande historia om korleis Norge på 1930-talet dreiv "ishavsimperialisme", men tapte for domstolen i Haag.

    Fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår. Før middag rekk vi eit ekstra foredrag frå Harald Stanghelle: Grønland som geopolitisk brikke - frå amerikanske atomvåpen i Thule - via Donald Trumps freistnad på å kjøpe heile Grønland - til kampen om retten til strategiske viktige jordmineral.

    Før vi legg oss om kvelden kan det hende at vi skimtar kysten av Island i det fjerne - det same synet som møtte dei islandske oppdagarane som vende heim frå Grønland i norrøn tid.
    (F, L, M)

  • Dag 13: Måndag 18. august - Isafjordur

    Tidleg neste morgon styrer skipet inn til Isafjordur heilt nordvest på island. Byen har 2600 innbyggjarar og har lenge vore eit handelssentrum i Vestfjordane, den delen av Island som liknar mest på dei norske fjordane. Isafjordur var ein av seks handelsstader på Island som fekk kjøpstadsrettar i 1786, og er no den største bygda i området. Heile vestfjordane-regionen har berre 9500 innbyggjarar, og det er den spektakulære naturen som trekk til seg besøkande. Blant dei mest kjende attraksjonane er vakre Arnafjordur og den imponerande fossen Dynjandi.

    Vi har god tid til å rusle rundt i den vesle byen, gå på kafé eller besøke Westfjords Heritage Museum som syner fram historia til Vestfjordane. Ein kan også velje å melde seg på ekskursjonar i regi av cruiseskipet til attraksjonar i nærleiken (mot tillegg i pris).

    Avgang tidleg om kvelden. Etter middag i restauranten set skipet kurs mot aust i retning Akureyri.
    (F, L, M)

  • Dag 14: Tysdag 19. august - Akureyri

    Om natta har skipet teke seg langs nesten heile nordkysten av Island, og morgonfuglar kan få med seg utsynet mot den spektakulære kysten. Tidleg denne morgonen er vi framme i Akureyri, Islands fjerde største by med 17 000 innbyggjarar. Hovudnæringane her er fiske og jordbruk, og byen har også universitet.

    Akureyri blir kalla Nord-Islands hovudstad, og innbyggjarane meiner dei har det beste vêret på Island. Det har blitt ein trend i sosiale media å leggje ut solskinsbilde frå byen på taggen #alwaysgoodweatherinakureyri. Når ein er i Akureyri, bør ein få med seg eit av dei mange galleria og kunstmusea i sentrum. Eit besøk i den modernistiske kyrkja i byen kan også anbefalast.

    Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar til ulike attraksjonar i området rundt byen. Vi sender ut informasjon om desse i god tid. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i Akureyri, ta ein tur på kafe eller besøke ein av dei koselege butikkane i byen.

    Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.
    (F, L, M)

  • Dag 15: Onsdag 20. august - Til sjøs

    Om natta tek skipet oss vidare austover langs nordkysten av Island, og når vi vaknar dagen etter, har vi passert Seydisfjordur og har Vatnajökull nordvest for oss. Formiddagens foredrag frå Harald Stanghelle blir: Dagens politiske Island - frå koloni til den moderne sagaøya.

    Etter lunsj kan ein slappe av og nytte dei mange fasilitetane om bord. Dersom sola skin denne augustdagen, anbefaler vi ein dukkert i symjebassenget. Elles finst det både trimrom og gåløype (walking track) på skipet, viss ein ønsker å trene.
    (F, L, M)

  • Dag 16: Torsdag 21. august - Til sjøs

    Reisa nærmar seg slutten, og vi har fått oppleve mektig natur, og kanskje sett noko av det særeigne plante- og dyrelivet på Grønland og Island. Øyane har fantastisk varierte, storslegne landskap, og i det siste foredraget sitt, Natur og opphav - dei voldsomme kreftene sitt spel, fortel Harald Stanghelle om dette temaet.

    I løpet av dagen tek skipet oss sørover mot dei ytre Hebridane, og etter kvart dei indre Hebridane. Vi møtest i hovudrestauranten til den siste middagen saman før avreisedagen. Om natta passerer vi Isle of Man som låg under kongen av Norge heilt til 1266, og set kursen mot munninga av Mersey-elva og Liverpool.
    (F, L, M)

  • Dag 17: Fredag 22. august - Framme i Liverpool og heimreise

    Om morgonen seglar vi roleg inn mot Liverpool. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassen for heimreisa tilbake til Norge.
    (F)

  • Om Skipet: Bolette

    Vi seglar med skipet Bolette, som er oppkalla etter oldemora til Fred Olsen. Det har 690 gjestelugarar. Om bord finn vi noko for kvar ein smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er teater, butikkar, handverksrom, treningssenter og spa-avdeling.

    Her er eit bilete av skipet: 

    Bolette

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
6/8BergenBoletteMeir enn 849 950,-BestillMer informasjon
6/8OsloBoletteMeir enn 848 950,-BestillMer informasjon
6/8StavangerBolette649 950,-BestillMer informasjon
6/8TrondheimBoletteMeir enn 849 950,-BestillMer informasjon
6/8LiverpoolBolette
Utan flyreise
744 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo