
27. august - 3. september 2027.
Liverpool – Skottlands vestkyst – Orknøyane – Shetland – Liverpool.
Linda og Gunnstein er ein duo vi elskar å ha med oss på tur. No er dei klare for ein ny runde, og vi er glade for å invitere til eit heilt spesielt språk og kulturcruise til dei skotske øyane i 2027.
På denne turen får du språkkveldar, kåseri om språk og historie, god tid til opplevingar i land og ei flott reise gjennom nokre av dei mest særprega kystlandskapa i Nord Europa.
Vi startar reisa med fly til Manchester og vidare med busstransport til Liverpool, der vi overnattar før vi går om bord på cruiseskipet Borealis. Frå Liverpool seglar vi nordover mot dei skotske øyane og passerer landemerka Fingal's Cave og Bac Mòr undervegs. Første stopp er Kirkwall på Orknøyane, før turen held fram til Lerwick på Shetland, der vi kan utforske den vesle og koselege byen og lære meir om øygruppa si rike historie. Etter dagane i nord set skipet kursen sørover att, og vi nyt rolege dagar til sjøs før vi returnerer til Liverpool og reiser heim.
Linda Eide er journalist og programskapar og har vunne mange prisar for arbeidet sitt, blant anna Gullruten to gonger. Frå 2017 til 2023 var ho programleiar for Eides språksjov på NRK. Språkprofessor Gunnstein Akselberg har vore forelesar på fleire turar til dei skotske øyane og har stor interesse for dette vakre området.
Shetland og Orknøyane har ei historie som heng tett saman med vår eiga. Det er ikkje lenge sidan det norrøne språket døydde ut her, og ein finn det att i dialektord og stadnamn. Det blir tre språkkveldar med ulike tema om bord, så dette blir ei veldig kjekk oppleving for alle som saknar Linda Eide og Gunnstein Akselberg på TV skjermen.


.jpeg)
.jpg)
.jpeg)
.jpg)
.jpeg)
.jpg)
.jpeg)
.jpeg)
.jpeg)
.jpeg)
.jpeg)
.jpeg)






.jpg)




