
3. - 6. desember 2026.
I adventstida blir Dresden forvandla til eit eventyrleg vinterlandskap med nokre av Europas mest kjende julemarknader. Byen er heimstaden til Striezelmarkt - rekna som verdas eldste julemarknad med tradisjonar heilt tilbake til 1434. Her finn vi verdas høgaste trappepyramide, tysk mat- og -drikketradisjonar, og eit rikt kulturprogram kvar einaste kveld.
På denne turen skal vi òg oppleve Bachs juleoratorium i den imponerande Frauenkirche og Puccinis La Bohème i Semperoper (tilval) – eitt av verdas leiande operahus.
Den kjende Arild Erikstad, som er den musikalske fagpersonen vår, har eit heilt spesielt forhold til Frauenkirche. Gjennom mange år har han delteke på adventskonsertar i kyrkja og bidrege med reportasjar for NRKs Hovedscenen. Med si personlege innsikt og store entusiasme gir han oss eit unikt møte med både kyrkja, musikken og historiene som har gjort Frauenkirche til eitt av Dresdens viktigaste symbol.
Etter bombinga under krigen er Frauenkirche bygd opp att til si opphavlege prakt og omkransa av elegante bygningar frå renessansen, barokken og klassisismen. Kyrkja har òg ein framifrå akustikk, og vi får oppleve J.S. Bach sitt juleoratorium framført av toppsolistar, kor og orkester.




