Skip to main content

Dresden med Arild Erikstad, Bachs juleoratorie, Puccini`s La Bohéme og julemarkedet Striezelmarkt

3. - 6. desember 2026.

I adventstida blir Dresden forvandla til eit eventyrleg vinterlandskap med nokre av Europas mest kjende julemarknader. Byen er heimstaden til Striezelmarkt - rekna som verdas eldste julemarknad med tradisjonar heilt tilbake til 1434. Her finn vi verdas høgaste trappepyramide, tysk mat- og -drikketradisjonar, og eit rikt kulturprogram kvar einaste kveld.

På denne turen skal vi òg oppleve Bachs juleoratorium i den imponerande Frauenkirche og Puccinis La Bohème i Semperoper (tilval) – eitt av verdas leiande operahus.

Den kjende Arild Erikstad, som er den musikalske fagpersonen vår,  har eit heilt spesielt forhold til Frauenkirche. Gjennom mange år har han delteke på adventskonsertar i kyrkja og bidrege med reportasjar for NRKs Hovedscenen. Med si personlege innsikt og store entusiasme gir han oss eit unikt møte med både kyrkja, musikken og historiene som har gjort Frauenkirche til eitt av Dresdens viktigaste symbol.

Etter bombinga under krigen er Frauenkirche bygd opp att til si opphavlege prakt og omkransa av elegante bygningar frå renessansen, barokken og klassisismen. Kyrkja har òg ein framifrå akustikk, og vi får oppleve J.S. Bach sitt juleoratorium framført av toppsolistar, kor og orkester.

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • tterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 3. desember - Frå Oslo til Dresden, via Berlin

    Vi landar i Berlin tidleg ettermiddag og reiser vidare med buss direkte til Dresden.

    Undervegs vil Arild Erikstad fortelje om opplevingane som ventar oss dei komande dagane, med særleg fokus på Bachs juleoratorium i Frauenkirche og Puccinis La Bohème i Semperoper (mogleg val med i tilllegg til pris).

    Dresden er hovudstaden i delstaten Sachsen. Byen var ein gong rekna som ein av dei vakraste i Nord-Europa og fekk tilnamnet «Elbflorenz». Mot slutten av andre verdskrigen i 1945 vart byen bomba, og store delar av sentrum vart lagde i ruinar. Trass i dei omfattande øydeleggingane har Dresden reist seg att, og i dag står gamlebyen fram som eit imponerande utstillingsvindauge for europeisk arkitektur og kulturarv.

    Vi sjekkar inn på hotellet vårt i sentrum, og samlast om kvelden til felles middag.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 4. desember - Guidet byvandring og Bachs juleoratorie

    Etter frukost møter vi den lokale guiden vår, som tek oss med på ei spennande vandring gjennom Dresdens historiske sentrum. Undervegs får vi høyre om den imponerande gjenreisinga etter krigen, og får sjå fleire av byens mest kjende attraksjonar.

    På julemarknaden Striezelmarkt finn vi handverk, lokale delikateser, gløgg og den berømte Dresdner Christstollen.

    Vi avsluttar vandringa med felles lunsj på ein god restaurant.

    Om kvelden samlast vi for avreise til Frauenkirche, der vi skal høyre Bachs juleoratorium.

    Bachs juleoratorium (Weihnachtsoratorium) er eitt av dei viktigaste verka innan vestleg kyrkjemusikk, komponert av Johann Sebastian Bach i 1734. På dette tidspunktet var Bach kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig, der han hadde ansvar for kyrkjemusikken gjennom heile året.

    Juleoratoriet vart skrive for julehøgtida 1734–1735, og var opphavleg ikkje meint som éin samanhengande konsert slik vi ofte høyrer det i dag. Verket består av seks separate kantatar, som skulle framførast på ulike heilagdagar mellom første juledag og heilagtrekongarsdag.

    Bach gjesta ofte Dresden og heldt store konsertar der. Sidan hans tid har byen vore eit musikalsk sentrum med orkester og opera i verdsklasse, eit nivå vi framleis finn i dag.
    (F,L)

    Fredag 4. desember - Guidet byvandring og Bachs juleoratorie
  • Dag 3: Laurdag 5. desember - Fritid og La Bohéme (tilvalg)

    Etter frukost kan dagen nytast i eige tempo. Du disponerer dagen fritt til å utforske julemarknader, besøkje kyrkjer og museum, eller berre nyte den stemningsfulle atmosfæren i den historiske gamlebyen.

    Dei som har meldt seg på Puccinis La Bohème, møtest om kvelden for felles avgang til operahuset Semperoper.

    La Bohème er ein av verdas mest elska operaer og eit hovudverk innan den italienske operatradisjonen. Operaen vart komponert av Giacomo Puccini og hadde urpremiere 1. februar 1896 ved Teatro Regio i Torino. Verket blir framført i verdskjende Semperoper, som er rekna som eitt av Europas vakraste operahus. Her får vi oppleve Puccinis gripande meisterverk om kjærleik, vennskap og kunstnarlivets gleder og sorger. Dei praktfulle omgjevnadene legg til rette for ein uforgløymeleg operakveld i verdsklasse.
    (F)

  • Dag 4: Søndag 6. desember - Frå Dresden til Oslo

    Nyt ein roleg morgon med frukost og tid til ein siste spasertur i byen, og kanskje med dei siste juleinnkjøpa i bagasjen.
    (F, L)

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
3/12OsloDresdenMeir enn 821 990,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo