
23. - 29. september 2026.
På denne turen med Erika Fatland besøker vi Estland, Latvia og Litauen og dei tre spennande hovudstadane Tallinn, Riga og Vilnius.
I Sovjet-tida var dei tre landa i Baltikum nærast stengde for vanlege turistar og vi visste generelt lite om denne delen av Europa. Gjennom historia har både Estland, Latvia og Litauen lege under framande makter, og berre i tidsrommet 1920-40 hadde desse landa sjølvstyre. Frå 1940 kom dei under Sovjetunionen og det kommunistiske åket, og dette skal vi høyre mykje om på denne turen. Etter at landa fekk tilbake sjølvstyra sine i 1991 har dei gått gjennom ei rivande utvikling på mange områder. I 2004 vart dei medlemmer av både Nato og EU, og dei har elles sterk tilknyting til Norden.
Erika Fatland er med oss på reisa som fagguide. Ho er forfattar av kritikarroste bøker som Sjøfararen, Sovjetistan, Grensen og Høyt, der ho tek lesarane med til nokre av verdas mest utilgjengelege områder. Med ein kombinasjon av personlege møter og historisk innsikt har ho skildra livet i dei tidlegare sovjetrepublikkane.
Gjennom fem foredrag vil Erika gi oss innsikt i historia til Baltikum, men også ei djupare forståing av Russland og dei tidlegare sovjetrepublikkane. Vi løftar blikket og lærer meir om korleis historia, stormaktspolitikken og arven frå Sovjetunionen framleis pregar denne regionen, og kva det betyr for verda i dag.

















