Skip to main content

Estland, Latvia og Litauen med Erika Fatland

23. - 29. september 2026. 

På denne turen med Erika Fatland besøker vi Estland, Latvia og Litauen og dei tre spennande hovudstadane Tallinn, Riga og Vilnius.
I Sovjet-tida var dei tre landa i Baltikum nærast stengde for vanlege turistar og vi visste generelt lite om denne delen av Europa. Gjennom historia har både Estland, Latvia og Litauen lege under framande makter, og berre i tidsrommet 1920-40 hadde desse landa sjølvstyre. Frå 1940 kom dei under Sovjetunionen og det kommunistiske åket, og dette skal vi høyre mykje om på denne turen. Etter at landa fekk tilbake sjølvstyra sine i 1991 har dei gått gjennom ei rivande utvikling på mange områder. I 2004 vart dei medlemmer av både Nato og EU, og dei har elles sterk tilknyting til Norden.

Erika Fatland er med oss på reisa som fagguide. Ho er forfattar av kritikarroste bøker som Sjøfararen, Sovjetistan, Grensen og Høyt, der ho tek lesarane med til nokre av verdas mest utilgjengelege områder. Med ein kombinasjon av personlege møter og historisk innsikt har ho skildra livet i dei tidlegare sovjetrepublikkane. 

Gjennom fem foredrag vil Erika gi oss innsikt i historia til Baltikum, men også ei djupare forståing av Russland og dei tidlegare sovjetrepublikkane. Vi løftar blikket og lærer meir om korleis historia, stormaktspolitikken og arven frå Sovjetunionen framleis pregar denne regionen, og kva det betyr for verda i dag.

Søk

Viktig informasjon

Informasjon om helsekrav

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 23. september - Avreisedag, foredrag og byvandring i Tallinn

    Avreise om morgonen frå Oslo med direktefly til Tallinn.
    Busstransport frå flyplassen til hotellet vårt (4 stjerner) som ligg sentralt i byen.  

    Etter innsjekkinga samlar vi oss for velkomstmøte på hotellet. Her blir vi kjende med reiseleiarar og guidar, og får ein introduksjon til vekas program og dei spennande opplevingane som ventar oss. Vi får så det første foredraget av Erika Fatland med tittelen: Frå sovjetrepublikkar til EU-statar. Dette er eit djupdykk i Baltikums historie med vekt på dei siste hundre åra.

    Seinare går vi ut på ein av dei historiske restaurantane og et ein betre velkomstmiddag. 

    (M) 

  • Dag 2: Torsdag 24. september - Omvising i Tallinn

    Etter ein god frukost samlast vi til dagens foredrag med Erika, Putins Russland. Dette er eit innsiktsfullt og personleg foredrag om det moderne Russland, med særleg fokus på gisseldramaet i Beslan. Foredraget er basert på Erikas eigne opplevingar og hennar første sakprosabok Englebyen.

    Etter forelesinga møter vi guiden, og vi stig ombord på bussen vår for ein guida tur rundt om i Tallinn. Blant anna besøker vi den vakre Kadriorgparken med slottet som Peter den store let bygge til tsarina Katarina. Vi skal også innom den store songarfestivalplassen Lauluväljak, som har hatt så mykje å seie for fridomskjensla til estlendarane. Ved Birgittaklosteret, eitt av Nord-Europas største mellomalderkloster frå på 1400-talet, gjer vi eit stopp.

    Vi ete ein god lunsj før busen køyrer vidare til gamlebyen. Der tek guiden vår oss med på ei byvandring i den vakre bydelen. Her finn vi mange historiske minnesmerke frå Hansabyen si stordomstid på 13-1400-talet, som ein nær intakt bymur med vakttårn, fleire kyrkjer og elles mange flotte byggverk med spennande arkitektur. Rådhuset her er det eldste i Nord-Europa. På toppen av det åttekanta tårnet sit verhanen utforma som byvakta Gamle Thomas. Vi besøker den vakre domkyrkja, der vi finn Bernt Notkes berømte altertavle frå 1483. Ho er overdådig utsmykka med uttrykksfulle figurar og måleri. For dei spesielt historieinteresserte vil vi anbefale eit besøk på Eesti Lähimineviku Okupatsioonide Muuseum, som tyder Museum, for den siste okkupasjonen av Estland. 

    Resten av dagen er på eiga hand, men vi anbefaler middag på den store Rådhusplassen der det er mange innbydande serveringsplassar. Her kan vi nyte ei forfrisking og sjå på folkelivet. På plassen er det ofte musikk og underhaldning av ymse slag. Vi kan elles nytte tida til å stikke innom nokre av dei mange småbutikkane og galleria eller rusle rundt på marknadsplassen der det er eit stort utval av billige strikkevarer og handarbeid. 

    (F, L)

  • Dag 3: Fredag 25. september - Besøk i Pärnu og omvising i Riga

    Etter ein god frukost og utsjekk frå hotellet set vi kursen sørover mot Latvia. Etter om lag to timar stoppar vi i byen Pärnu. Denne historiske kystbyen går under tilnamnet Estlands sommarhovudstad. Her vert det også tid til å vandre i gågata Rüütli og studere blandinga av steinhus og gamle trehus i friske fargar. 

    Turen går vidare, og vi observerer at landskapet skiftar frå dei noko karrige naturtilhøva i Estland til det frodige, skiftande landskapet i Latvia. Vi stoppar for ein god lunsj før vi er framme i Rigas austlege forstad. Her møter vi lokalguiden vår som visar oss inn til bykjernen og til hotellet. Riga har hatt ei turbulent historie, noko som den mangfaldige arkitekturen speglar av. Her finn vi bydelar med bygningar i jugendstil. Dette var ei retning innan brukskunst og arkitektur, og vi stoppar og kikar på desse fargerike husa pryda med bølgjande mønster, dyr og ornament. 

    Vi sjekkar inn på det flotte hotellet med fire stjerner. Det ligg midt på ei øy i Daugava-elva like utanfor Rigas gamleby og har eitt av byens flottaste panorama. Som i Tallinn har også dette hotellet sauna, spa, treningssenter, ja, til og med bowlingsenter. 

    Resten av dagen har du fri til å oppdage denne spennande byen. Om du ønsker å oppleve Riga i fugleperspektiv, anbefaler vi ein tur til ein av byens høgste bygningar, Skyline bar. Nyt gjerne ein cocktail her og kikk på kuplane på Den ortodokse katedralen og elles det verdskjende fridomsmonumentet som har hatt så mykje å seie for latviarane. 

    (F, L) 

  • Dag 4: Laurdag 26. september - Omvising i gamlebyen og besøk på Sentralmarknaden

    Etter frukost er vi klare for eit nytt foredrag med Erika Fatland, Ukraina. Dette er eit aktuelt og personleg foredrag om Europas nest største land og den største krigen i Europa sidan andre verdskrigen. Erika fortel om Ukrainas rike historie, forholdet til Russland og om sine eigne reiser i Ukraina det siste året.

    Riga er hovudstaden i Latvia og har ca. 800 000 innbyggjarar. I Hansa-tida var dette den store utskipingsbyen for korn til Norge. Byen har hatt ei turbulent historie som speglar seg att i den mangfaldige arkitekturen. Latviarane bruker å seie at Riga er like elegant som Paris, like kosmopolitisk som Berlin og like bohemaktig som Praha. Dette kan vi best studere ved å vandre gjennom gamlebyen.  

    Guiden vår hentar oss på hotellet etter forelesinga og tek oss med på ei vandring. Vi startar med Domkyrkja som vart grunnlagd i 1211, og som er hjarta i gamlebyen. Denne husar også det som i si tid var verdas største og mest moderne orgel med heile 6718 piper. Her skal vi sjølvsagt inn å lytte til det enorme lydbruset. Andre attraksjonar på turen vert det kjende Svarthovudas hus, Fridomsmonumentet og St. Peters kyrkja med gullhanen på toppen av tårnet.  

    Det vert også ein tur til den pulserande marknaden. Denne ligg i fem store hallar, som opphaveleg var luftskipshangarar frå første verdskrig. Her har dei eit stort utval av blomar, kjøt, fisk, bakevarer, klede og krydder. Vi legg opp til lunsj på ein koseleg restaurant i gamlebyen. Etter lunsj har vi tid til å oppdage byen sjølve. Middag på eiga hand om kvelden i gamlebyen. 

    (F)

  • Dag 5: Søndag 27. september - Besøk på Korshøgda og framme i Vilnius

    Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet og reiser med buss mot Litauen og Vilnius. Etter om lag to timar gjer vi ein stopp ved Korshøgda. Dette er ei høgde med ein Jesus-statue på toppen, men ved stien opp mot høgda, er det sett opp eller kasta hundretusenvis av små og store kors.

    Her ete vi ein god lunsj og får eit nytt foredrag av Erika, Sovietistan. Eit djupt blikk på dei fem sentralasiatiske landa - Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan - som blei sjølvstendige etter Sovjetunionens fall. Kanskje kan dette foredraget inspirere til nye reiseplanar?

    Etter lunsj og foredrag køyrer vi vidare og er framme i Vilnius om ettermiddagen. Det vert tid til ein stopp ved det kjende TV-tårnet der dei harde kampane fann stad i 1991.

    Deretter kjem vi fram til hotellet vårt som ligg i sjølve gamlebyen. Hotellet har det meste av viktige attraksjonar i gangavstand og har symjebasseng, badstove og treningsrom. 

    Resten av dagen til eiga disposisjon.  

    (F, L) 

  • Dag 6: Måndag 28. september - Omvising i gamlebyen i Vilnius

    Vi startar dagen med ein god frukost då hotellet er kjent for sin store og innhaldsrike frukostbuffet. Deretter samlast vi til siste foredrag med Erika Fatland: Frå Pyongyang til Kirkenes. Av Russlands fjorten naboland er Noreg det einaste som ikkje har vore i krig med eller blitt okkupert av Russland. Erika Fatland tek oss med på ei reise langs grensene til stormakta i aust.

    Etter forelesinga kjem det ein lokal guide, til hotellet og tek oss med ut på sightseeing. Den gamle bydelen i Vilnius har med sine over 1200 bygningar frå eldre tid ein heilt spesiell atmosfære. Dei eldste husa her er meir enn 500 år gamle. Denne bydelen har ein fortent plass på UNESCOs verdsarvliste. Vi får med oss plassen med den monumentale Vilnius-katedralen med klokketårnet, Gediminas-plassen, Morgongryets port og Vilnius Universitetet. Vi har tid til lunsj på eiga hand før guidinga fortsette. Resten av ettermiddagen har vi tid til å oppdage byen på eiga hand. Om kvelden møtest vi til ein god avsluttingsmiddag på ein god restaurant i byen.  

    (F, M)

  • Dag 7: Tysdag 29. september - Heimreisedag

    Etter nok ein framifrå og lang frukost sjekkar vi ut frå hotellet. Bussen vår hentar oss og køyrer til flyplassen. Fly attende til Oslo der vi er framme om ettermiddagen. Retur vidare til andre byar på førespurnad. 

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
23/9OsloTallinn, Riga og VilniusMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
23/9TallinnTallinn, Riga og Vilnius
Utan flyreise
Meir enn 821 550,-BestillMer informasjon
Reisekalender
14/1Vinterreise til Færøyane med Kirsti MacDonald JaregFrå 16 950,-
8/2Vandretur på Gran CanariaFrå 19 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo