I Per Sivles og Olav H. Hauges rike med Gunnstein Akselberg

30. september - 3. oktober 2021.

Velkommen med på ei reise til vakre Voss og omland i møte med diktarane Per Sivle og Olav H. Hauge. Vi får oppleve landskapet og naturen og høyre historier som har prega diktinga deira. Sivle var fødd i Aurland i Sogn og voks opp ved Stalheim i Vossestrand, medan Hauge budde stordelen av livet på garden sin i Ulvik, nabobygda til Voss. Per Sivle var ein omstridd og folkekjær diktar og folkelivsskildrar. Han er mest kjend for «Den fyrste song», det mektige sogediktet «Tord Foleson» og barneforteljinga «Berre ein hund». Olav H. Hauge vert rekna som ein av dei aller fremste norske lyrikarane i siste halvdelen av 1900-talet. Diktet «Det er den draumen» vart i 2016 kåra til Norges beste dikt gjennom tidene.

Vi er så heldige å ha med Gunnstein Akselberg som kåsør og fagguide. Han er sjølv vossing og vil med sine store kunnskapar og sin lune veremåte lose gruppa gjennom turopplegget. Gunnstein er kjend frå Eides språksjov på NRK, og har vore professor i språk og lingvistikk ved universitetet i Bergen.

Under middagane om kveldane blir det deklamasjon av dikta til dei to populære forfattarane, og lokal folkemusikk. I tillegg får vi tur med Voss Gondol til Hanguren, omvising i den gamle Vangskyrkja, museumsbesøk og utflukter til Vossestrand og Ulvik.

 

 

Pris frå:
10 950,-
Dagar: 4
Inkludert:
  • 3 overnattingar med frukost på Park Hotel Vossavangen
  • 3 middagar som vist i programmet
  • 3 lunsjar som vist i programmet
  • Inngang og omvising i Vangskyrkja
  • Utflukt med Voss Gondol inkludert lett servering
  • Utflukt med buss til Oppheim gamle kyrkje, Stalheim og Sivle Gard
  • Utflukt med buss til Granvin og Ulvik
  • Inngang og omvising i Olav H. Hauge-senteret
  • Inngang og omvising på Voss Folkemuseum avdeling Mølster
  • Kveldsunderhaldning som vist i programmet
  • Gunnstein Akselberg er fagguide og held daglege kåseri
  • Reiseleiar frå Fotefar temareiser er med på heile turen
Ikkje inkludert:
  • Reisa til og frå Voss
  • Enkeltromstillegg
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips
  • Minimum tal deltakarar: 18
  • Maksimum tal deltakarar: 50
Transporttype: Buss

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 30. september - Til Voss og utflukt med Voss Gondol

    Sidan det er fleire måtar å komme seg til Voss på, ordnar kvar deltakar transporten sjølv. Fotefar kan hjelpe til med forslag til reisa.

    Innsjekking på Park Hotel Vossevangen frå kl. 14.00 der deltakarane møter Gunnstein Akselberg og reiseleiaren frå Fotefar.

    Turopplegget startar kl. 15.00 med eit besøk i den gamle, flotte Vangskyrkja. I april 1940 var Voss eit sentralt område for mobilisering av norske styrkar. Det resulterte i at tyske fly sette i gang terrorbombing av tettstaden. Om lag 150 hus vart heilt eller delvis øydelagde. Mest berre fengselet, sparebanken og kyrkja stod att etter flyåtaket.

    Etter besøket i kyrkja blir det ei fantastisk utflukt med Voss Gondol til fjellpartiet Hanguren. Denne gondolbana er den største og mest moderne i heile Nord-Europa. Vi startar ved Voss stasjon og endar opp på Hangurstoppen som ligg 820 moh. Under turen opp stoppar vi på ein utsiktsplass og får eit storslege utsyn over Vossevangen og bygda. På restauranten på toppen har vi samling med kaffi og kake, og Gunnstein fortel gruppa litt om Voss.

    Om kvelden blir det middag på hotellet med underhaldning leia av Gunnstein. Vi har invitert lokale aktørar som blant anna deklamerer dikt og framfører nokre av dei humoristiske Vossa-stubbane av Per Sivle.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 1. oktober - Utflukt til «Mor si grav» og Sivle Gard

    Etter frukost kåserer Gunnstein Akselberg over emnet: Per Sivles liv og dikting.

    Dette blir ein dag med utflukter, og første stopp er Finnesloftet som ligg like i utkanten av sentrum. Denne vakre bygningen frå mellomalderen er datert tilbake til 1295 og er blant dei eldste profane trebygningane i landet vårt.

    Vi køyrer så til bygda Vossestrand og stoppar ved Oppheim gamle kyrkje for å sjå minnesmerket «Mor si grav» frå 2007. Her er mor til Per Sivle gravlagd. Diktaren har heidra minnet hennar gjennom diktet «Den fyrste song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga».

    Deretter køyrer vi vidare til Stalheim og Sivle Gard. Per var fødd i Flåm i Aurland i Sogn, men han voks opp i dette området som ligg mellom høge fjell og djupe dalar. Vi blir tekne imot av Randi Engelsen Eide som er vertinna på Sivle Gard. Ho fortel om den gamle garden med allsidig jordbruks- og stølsdrift med åker og husdyrhald. No driv dei garden økologisk og dyrkar poteter og fleire typar grønsaker og bær, i tillegg til sauehald og hjortejakt.

    I dag satsar dei på turisme på den gamle garden med bygningar tilbake til 1500-talet. Det er ei stor oppleving å gå inn i Gamlastovo, som skriv seg attende til denne tida. Her les Gunnstein og fortel litt om dei historiske dikta til Per Sivle. Vi gir oss god tid på Sivle Gard, der vi får servert heimelaga tradisjonsmat til lunsj. Under måltidet fortel Randi om oppveksten til Per Sivle. Vi er innom Stalheim før bussen køyrer oss tilbake til hotellet og Voss.

    Om kvelden blir det middag og underhalding i konferansesalen. Denne kvelden står diktinga til Olav H. Hauge i fokus. Vi kan sjå fram til å høyre fleire av dei kjende dikta hans.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Laurdag 2. oktober - Utflukt til Granvin, Ulvik og besøk på Olav H. Hauge-senteret

    Denne dagen startar vi også etter frukost med eit kåseri av Gunnstein. Dagens emne er: Livet og diktinga til Olav H. Hauge. Utflukta denne dagen går frå innlandsbygda Voss i møte med fjordbygdene i Hardanger, Granvin og Ulvik. På denne turen fortel Gunnstein blant anna om Hardangerbana som gjekk frå Voss til Granvin, og som vart lagd ned i 1988. I Ulvik besøkjer vi Olav H. Hauge-senteret som rommar forteljingar knytte til dikta av den store poeten. I utstillinga kan vi møte Hauge på film, der han les eigne dikt.

    Ulvik er ei svært vakker bygd, og kvar sommar strøymer mange turistar dit. Vi kosar oss her og et lunsj på det kjende Brakanes Hotel. Etter den gode lunsjen køyrer bussen oss rundt om i bygda, og vi får blant anna sjå garden til Olav H. Hauge. På tilbaketuren til Voss fortel Gunnstein om gardar og stadnamn i området.

    Om kvelden blir det avslutningsmiddag på hotellet, og vi hyggjer oss med innslag med Gunnstein og folkemusikarar frå Voss. Vi oppmodar deltakarane til å komme med ymse innslag.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Søndag 3. oktober - Museumsbesøk og heimreise

    Etter frukost får vi det siste kåseriet av Gunnstein med emnet: Diktinga til Per Sivle og Olav H. Hauge i perspektiv og jamføring.

    Denne siste dagen blir det tur til Voss Folkemuseum på Mølster, som ligg høgt og fritt med flott utsikt over Vossevangen. Dette er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar frå dei to bruka som heldt til her fram til 1927. Vi får omvising i det gamle tunet og i museumsbygningane.

    Tilbake til hotellet for felles lunsj og utsjekking.

    Heimreise på eiga hand.
    (F, L)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
30/9BussVossFullbooka, venteliste10 950,-Book på ventelisteMer informasjon