Skip to main content

I Per Sivles og Olav H. Hauges rike med Gunnstein Akselberg

31. mai - 3. juni 2027.

Velkommen med på ei reise til vakre Voss og omland i møte med diktarane Per Sivle og Olav H. Hauge. Vi får oppleve landskapet og naturen og høyre historier som har prega diktinga deira. Sivle var fødd i Aurland i Sogn og voks opp ved Stalheim i Vossestrand, medan Hauge budde stordelen av livet på garden sin i Ulvik, nabobygda til Voss. Per Sivle var ein omstridd og folkekjær diktar og folkelivsskildrar. Han er mest kjend for «Den fyrste song», det mektige sogediktet «Tord Foleson» og barneforteljinga «Berre ein hund». Olav H. Hauge vert rekna som ein av dei aller fremste norske lyrikarane i siste halvdelen av 1900-talet. Diktet «Det er den draumen» vart i 2016 kåra til Norges beste dikt gjennom tidene.

Vi er så heldige å ha med oss Gunnstein Akselberg som kåsør og fagguide. Han er sjølv vossing og vil med sine store kunnskapar og sin lune veremåte lose gruppa gjennom turopplegget. Gunnstein er kjend frå Eides språksjov på NRK, og har vore professor i språk og lingvistikk ved universitetet i Bergen.

Under middagane om kveldane blir det deklamasjon av dikta til dei to populære forfattarane, og lokal folkemusikk. I tillegg får vi omvising i den gamle Vangskyrkja, museumsbesøk og utflukter til Sivle Gard og Ulvik.

 

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 31. mai - Til Voss og guiding i Vangskyrkja og rundt om i tettstaden

    Sidan det er fleire måtar å komme seg til Voss på, ordnar kvar deltakar transporten sjølv. Fotefar kan hjelpe til med forslag til reisa.

    Innsjekking på Park Hotel Vossevangen frå kl. 14.00. Det blir velkomstmøte i pianobaren kl. 14.30, der deltakarane møter fagguide Gunnstein Akselberg og reiseleiar Rasmus Sunde frå Fotefar.

    Turopplegget startar med eit besøk i den gamle, flotte Vangskyrkja med Gunnstein. I april 1940 var Voss eit sentralt område for mobilisering av norske styrkar. Det resulterte i at tyske fly sette i gang terrorbombing av tettstaden. Om lag 150 hus vart heilt eller delvis øydelagde. Mest berre fengselet, sparebanken og kyrkja stod att etter flyåtaket.

    Etter besøket i kyrkja blir det ein kort vandretur i sentrum av Voss med Gunnstein til det ærverdige Voss Gymnas.

    Om kvelden blir det middag på hotellet og underhaldning med Jens Brekke.(M)

  • Dag 2: Tysdag 1. juni -Utflukt til Finneloftet, Mors grav og Stalheim

    Etter frukost kåserer Gunnstein Akselberg over emnet: Per Sivles liv og dikting.

    Dette blir ein dag med utflukter, og første stopp er Finnesloftet som ligg like i utkanten av sentrum. Denne vakre bygningen frå mellomalderen er datert tilbake til 1295 og er blant dei eldste profane trebygningane i landet vårt. Her får vi ei historisk innføring ved eigaren av garden, Knut Finne.

    Vi køyrer så til bygda Vossestrand og stoppar ved Oppheim gamle kyrkje for å sjå minnesmerket «Mor si grav» frå 2007. Her er mor til Per Sivle gravlagd. Diktaren har heidra minnet hennar gjennom diktet «Den fyrste song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga».

    Deretter køyrer vi vidare til Stalheim. Per var fødd i Flåm i Aurland i Sogn, men han voks opp i dette området som ligg mellom høge fjell og djupe dalar. På Stalheim Hotel får vi servert lunsj i Fyrdeslåven, som kjem frå garden Per budde i to år etter mora døydde. Under lunsjen vil Randi Engelsen Eide frå Sivlestova fortelje om Per Sivle og deklamere. Hotellet har eit svært godt museum, og vi avsluttar opphalde der med omvising med Trygve Dugstad.

    Om kvelden blir det middag og underhalding i konferansesalen. Denne kvelden står diktinga til Olav H. Hauge i fokus. Vi kan sjå fram til å høyre fleire av dei kjende dikta hans. Kveldsunderhaldning ved Kari Finne Sognnæs.
    (F, L, M)

    Tysdag 1. juni -Utflukt til Finneloftet, Mors grav og Stalheim
  • Dag 3 : Onsdag 2. juni - Utflukt til Ulvik, besøk på Hauge-senteret og på garden til Olav H. Hauge

    Denne dagen startar vi også etter frukost med eit kåseri av Gunnstein. Dagens emne er: Livet og diktinga til Olav H. Hauge. Utflukta denne dagen går frå innlandsbygda Voss i møte med fjordbygda Ulvik. På vegen stoppar vi ved Skjervsfossen for å ta foto og få ein liten beinstrekk. I Ulvik besøkjer vi Olav H. Hauge-senteret som rommar forteljingar knytte til livet og dikta til den store poeten. Vi får kåseri om forfattaren og møter han på film, der Hauge les eigne dikt. I år opna dei ei ny utstilling med heile Olav H. Hauge si boksamling på over 4000 bøker. Det er første gongen alle bøkene blir stilt ut på denne måten.

    Ulvik er ei svært vakker bygd, og kvar sommar strøymer mange turistar dit. Vi kosar oss her og et lunsj på det kjende Brakanes Hotel. Etter den gode lunsjen køyrer bussen oss til garden til Olav H. Hauge, der grandnevøen hans viser gruppa rundt. På tilbaketuren til Voss fortel Gunnstein om gardar og stadnamn i området.

    Om kvelden blir det avslutningsmiddag på hotellet, og vi hyggjer oss med innslag med Gunnstein, Rasmus og folkemusikarar frå Voss. Vi oppmodar deltakarane til å komme med ymse innslag.
    (F, L, M)

  • Dag 4 : Torsdag 3. juni – Historiske Mølstertunet og heimreise

    Etter frukost får vi det siste kåseriet av Gunnstein med emnet: Diktinga til Per Sivle og Olav H. Hauge i perspektiv og jamføring.

    Denne siste dagen blir det tur til Voss Folkemuseum på Mølster, som ligg høgt og fritt med flott utsikt over Vossevangen. Dette er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar frå dei to bruka som heldt til her fram til 1927. Vi får omvising i det gamle tunet og i museumsbygningane.

    Tilbake til hotellet for utsjekking.

    Heimreise på eiga hand.
    (F)

    Torsdag 3. juni – Historiske Mølstertunet og heimreise

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
31/5VossMeir enn 816 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo