
4.–7. mars 2027.
Kraków er ein av dei vakraste og best bevarte historiske byane i Sentral-Europa. I meir enn fem hundre år var byen eit politisk og kulturelt sentrum i Polen, og framleis ligg historia tett i gatene rundt Rynek Główny, Mariakyrkja og borghøgda Wawel. Gamlebyen står på UNESCO si verdsarvliste, og i motsetnad til mange andre polske byar kom Kraków relativt uskadd gjennom andre verdskrigen.
Men på denne reisa skal vi også sjå Kraków frå ein annan vinkel.
Byen ligg midt i eit område der grensene, folka og imperia har skifta gjennom hundreåra. Fram til 1918 var Kraków ein del av det austerrikske kronlandet Galicia, som strekte seg austover til dagens Lviv i Ukraina. Polakkar, jødar og ukrainarar har levd side om side i regionen i generasjonar, og etter den russiske fullskalainvasjonen i 2022 har Kraków igjen fått sterke band til nabolandet i aust.
Med oss på reisa har vi Erika Fatland. Forfattaren og sosialantropologen er kjend for bøker som Sovjetistan, Grensen, Høyt og Sjøfareren, og dei er omsette til ei lang rekke språk. I Ukraina. En vinterreise, som kjem hausten 2026, skildrar ho ein vinter i eit land i krig, gjennom menneske ho møter ved fronten, i byar og i lokalsamfunn som prøver å halde kvardagen i gang.
Gjennom foredrag og samtalar undervegs hjelper Erika oss å forstå Ukraina, historia til landet, forholdet til Russland og korleis krigen har endra Europa. Vi skal og oppleve Kraków, frå den storslåtte gamlebyen og Mariakyrkja til den sosialistiske mønsterbyen Nowa Huta og det historiske jødiske kvarteret Kazimierz.
Vi bur sentralt på eit firestjerners hotell, i gåavstand frå gamlebyen, og har god tid både til felles opplevingar og til å utforske byen på eiga hand.








