
4. - 7. mars 2027.
Kva kan historia fortelje oss om Ukraina i dag? Korleis lever menneska med krigen, og korleis har han endra Europa? Bli med til Kraków for fire dagar med Erika Fatland, fire foredrag og møte med ukrainarar som har funne ein ny kvardag i Polen.
I Ukraina. En vinterreise tek Erika Fatland oss med til eit land i krig, gjennom menneske ho møter ved fronten og i lokalsamfunn som prøver å halde kvardagen i gang. VG gav boka terningkast 6. Anmeldaren Guri Hjeltnes kallar boka «et must å lese». På denne reisa kjem vi tettare på erfaringane og historiene hennar. Gjennom fire foredrag og samtalar undervegs utforskar vi Ukraina, forholdet til Russland og korleis krigen har endra Europa.
Kvifor reiser vi til Kraków for å forstå Ukraina? Svaret ligg både i historia og i byen slik han er i dag.
Fram til 1918 høyrde Kraków og Lviv til det austerrikske kronlandet Galicia, som strekte seg frå Sør-Polen og inn i dagens Ukraina. Her levde polakkar, jødar og ukrainarar side om side i generasjonar. Etter den russiske fullskalainvasjonen i 2022 har Kraków igjen fått sterke band austover.
Under opphaldet møter vi representantar for det ukrainske miljøet i byen. Gjennom deira eigne historier får vi høyre om korleis krigen har påverka liva deira, og om banda mellom heimlandet og den nye kvardagen i Polen.
Mellom foredraga blir vi kjende med ein av dei best bevarte historiske byane i Sentral-Europa. Vi vandrar gjennom gamlebyen, over Rynek Główny og inn i Mariakyrkja. I det jødiske kvarteret Kazimierz besøkjer vi Galicia Jewish Museum, der vi får innblikk i den jødiske historia til regionen som bind Polen og Ukraina saman.
Vi tek òg turen til Nowa Huta, bydelen som vart bygd som ein sosialistisk mønsterby, og som seinare vart ein viktig stad for motstanden mot det kommunistiske regimet.
Vi bur sentralt på eit firestjerners hotell i gåavstand frå gamlebyen. Felles måltid og byvandringar gir rom for å halde samtalane i gang, og det blir også tid til å utforske Kraków på eiga hand.










