Kirsti MacDonald Jareg er halvt norsk og halvt skotsk-keltisk, og slekta på den skotske sida kjem frå dei gælisktalande områda i det skotske Høglandet og Hebridane. Ho vaks opp mellom ulike land og kontinentar og er utdanna psykolog med tilleggsutdanning i sosialantropologi og sakprosastudiar.
Ho lir av det ho sjølv kallar islomani: ei besetting på øyar. Det er ei liding ho varmt vil tilrå alle.
Dei nordatlantiske øyane er hennar hjartesak og heimterreng som forfattar. Ho har skrive reiseskildringar frå Skottland, Irland, Island og nordatlantiske øyar, og held foredrag om desse stadene for eit publikum som kjem att år etter år. Torbjørn Færøvik skreiv om boka hennar om Island: «Jareg er både leiksam og lærd. Nærare Island kjem du ikkje, med mindre du reiser dit.»

