
26. - 30. mai 2027.
Bli med på ei unik reise til Færøyane – eit øyrike med fantastisk natur, levande kultur og sterke historiske band til Norge. Den storslegne naturen her er eii av årsakene til at National Geograptic tidlegare har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda.
Frå 800-talet segla norrøne nybyggjarar vestover og slo seg ned på fleire av dei 18 grøne klippeøyane på Færøyane. På denne spennande turen dreg vi i fotefara deira. Vi besøkjer kongsgården Kirkjubøur, der Sverre Sigurdsson gjekk i prestelære før han blei konge av Norge. I den idylliske hovudstaden Tórshavn utforskar vi Tinganes, det gamle vikingparlamentet. Vi møter også dagens færøyingar og blir kjende med dei som bur her. Gjennom desse møta får vi ei unik innsikt både i historia og i dagens situasjon.
Med oss har vi forfattar og fagperson Kirsti MacDonald Jareg, som har skrive boka Hav på alle kantar, ei reiseskildring frå øyane i vest. Gjennom samtalar og foredrag deler ho kunnskap om og innsikt i livet på øyane, i møte med havet, historia og menneska som bur der.
Turen byr på lokal mat, kulturmøte, historiske stader og refleksjonar som gir djupare forståing av øysamfunnet – alt i eit roleg tempo.


.jpg)

.jpeg)











