
2. - 9. september 2027.
Pakk gode sko, ei vindtett jakke og bli med Fotefar og Kirsti MacDonald Jareg vestover til øyane ute i havet. Her har vinden fritt spel og historia ligg tett under torva. Det norrøne er framleis synleg gjennom stadnamn, og mykje av historia der borte har sterk tilknyting til Norge. På denne turen skal vi besøke Shetland og Orknøyane, der hovudstadane Lerwick og Kirkwall tidlegare hadde dei norrøne namna Leirvik og Kirkjuvåg. I nesten 600 år høyrde også øyane til under den norske trona. Vi skal få oppleve dei 5000 år gamle steinhusa på Skara Brae, kjenne på andakt når vi står under kvelvingane i St. Magnus-katedralen eller følgje spora etter Shetlandsgjengen i Scalloway.
Alt dette skal vi gjere saman med forfattar og foredragshaldar Kirsti MacDonald Jareg. Mor hennar kom frå Skottland, og slekta hennar har røter frå Lewis og Skye på Hebridane. Heilt sidan 1970-talet har ho reist til øyane i vest, og sjølv kallar ho det «islomani» – ei sterk dragning mot øyar, noko som ikkje går over. Den første boka Jareg gav ut, var Øyene i vest. Hebridene, Orknøyene og Shetland i 2011. Seinare har det blitt fleire bøker, og i 2025 kom ho med boka Hav på alle kanter, der ho tek lesaren med til heile det nordatlantiske øyriket med den felles norrøne og keltiske arven. Kirsti jaktar på forteljingane om stadene og menneska som bur der, og er kjend som ein engasjert formidlar med både kunnskap og humor.






.jpg)

















