
12. - 23. september 2026.
Velkommen med på ei reise gjennom nokre av dei mest legendariske byane i Sentral-Asia, langs den gamle Silkevegen, der handel, tru og kultur møttest i fleire tusen år. Dette er eit eventyr i ørken og oasar, i gamle bymurar og minaretar som vitnar om ei stordomstid utan sidestykke.
Med forfattar og sosialantropolog Erika Fatland får vi eit unikt innblikk i livet og historia i denne delen av verda. Ho er forfattar av kritikarroste bøker som Sovjetistan, Grensen, Høyt og Sjøfararen, der ho tek lesarane med til nokre av dei mest utilgjengelege og interessante områda i verda. Gjennom kombinasjonen av personlege møte og historisk innsikt losar Erika oss gjennom korleis historia, politikken og arven frå Sovjetunionen framleis formar liva til menneska i denne regionen.
Vi startar i Tashkent, der sovjetisk monumentalarkitektur møter islamske tradisjonar. Vidare går ferda til Nukus, med sitt berømte Savitskij-museum. Derifrå køyrer vi gjennom sanddyner og stepper til Khiva, ei byperle som ser ut som teken rett ut av ei eventyrbok. I Bukhara og Samarkand ventar praktfulle bygningar, mausoleum og marknadsplassar som ein gong var midtpunktet for handel mellom aust og vest.
Dette er ei reise fylt av kontrastar mellom eldgamle tradisjonar og moderne liv, mellom stepper og fjell, minaretar og marknadsrop. Gjennom foredraga sine vil Erika Fatland gi oss innsikt i historia til Sentral-Asia, og samstundes gje ei djupare forståing av Russland, dei tidlegare sovjetrepublikkane og nabolanda deira. Ho løfter blikket og set dagens hendingar inn i eit større historisk og politisk perspektiv, der arven frå Sovjetunionen framleis spelar ei avgjerande rolle.







