Langs Usbekistans silkevegar med Erika Fatland

12. - 23. september 2026. 

Velkommen med på ei reise gjennom nokre av dei mest legendariske byane i Sentral-Asia, langs den gamle Silkevegen, der handel, tru og kultur møttest i fleire tusen år. Dette er eit eventyr i ørken og oasar, i gamle bymurar og minaretar som vitnar om ei stordomstid utan sidestykke.

Med forfattar og sosialantropolog Erika Fatland får vi eit unikt innblikk i livet og historia i denne delen av verda. Ho er forfattar av kritikarroste bøker som Sovjetistan, Grensen, Høyt og Sjøfararen, der ho tek lesarane med til nokre av dei mest utilgjengelege og interessante områda i verda. Gjennom kombinasjonen av personlege møte og historisk innsikt losar Erika oss gjennom korleis historia, politikken og arven frå Sovjetunionen framleis formar liva til menneska i denne regionen.

Vi startar i Tashkent, der sovjetisk monumentalarkitektur møter islamske tradisjonar. Vidare går ferda til Nukus, med sitt berømte Savitskij-museum. Derifrå køyrer vi gjennom sanddyner og stepper til Khiva, ei byperle som ser ut som teken rett ut av ei eventyrbok. I Bukhara og Samarkand ventar praktfulle bygningar, mausoleum og marknadsplassar som ein gong var midtpunktet for handel mellom aust og vest.

Dette er ei reise fylt av kontrastar mellom eldgamle tradisjonar og moderne liv, mellom stepper og fjell, minaretar og marknadsrop. Gjennom foredraga sine vil Erika Fatland gi oss innsikt i historia til Sentral-Asia, og samstundes gje ei djupare forståing av Russland, dei tidlegare sovjetrepublikkane og nabolanda deira. Ho løfter blikket og set dagens hendingar inn i eit større historisk og politisk perspektiv, der arven frå Sovjetunionen framleis spelar ei avgjerande rolle. 

 

Pris frå:
41 950,-
Dagar: 12
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • Flyreisa Tasjkent - Nukus
  • 11 overnattingar på 3-/4-stjerners hotell
  • 11 frukostar
  • 6 middagar
  • 5 lunsj
  • Reiseleiar frå Fotefar
  • 5 foredrag av Erika Fatland
  • Lokalguide
  • Inngangsbillettar til museum og monument, som vist i programmet.

Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo – Tasjkent t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass

Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 4 550,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips

  • Minimum tal deltakarar: 20 personar

Bildegalleri

Viktig informasjon

Informasjon om visum/innreiseløyve og helsekrav

  • Denne turen er ikkje egna for folk med rørslehemmingar.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 12. september – Velkomen til Tasjkent

    Vi legg ut på reisa mot Sentral-Asia og det eventyrlege Usbekistan. Flyet går frå Oslo om formiddagen, med mellomlanding i Istanbul. Seint på kvelden kjem vi fram til hovudstaden Tashkent, der vår lokale guide møter oss på flyplassen.

    Frå flyplassen køyrer vi direkte til hotellet for innsjekking og overnatting. 

  • Dag 2: Søndag 13. september – Tasjkent, møte mellom fortid og notid

    Etter ein roleg frukost er det tid til første byvandringa. I dag skal vi bli kjende med Tasjkent, ein by som gjennom hundreår har vore eit knutepunkt mellom aust og vest, mellom karavanehandel, religion og politisk makt. Byen ligg strategisk til langs Silkevegen og har vore forma av både islamsk lærdom, russisk imperialisme og sovjetisk modernisering.

    Vi startar guidinga i den eldste delen av byen, der Khast Imam-komplekset ligg som eit stille og verdig sentrum for religiøst liv og lærdom. Her besøker vi mellom anna Kaffal Shashi-mausoleet, Barak Khan-madrasaen og Fredagsmoskeen, bygningar som vitnar om Tasjkent si rolle som teologisk og kulturelt sentrum i regionen. I Mui Muborak-madrasaen finn vi eitt av det  mest særmerkte klenodia: Den såkalla Uthman-Koranen, rekna som ei av dei eldste bevarte koranutgåvene i verda, skrive på 600-talet.

    Vi tek oss god tid til lunsj på eiga hand. Seinare held vi fram byvandringa i Tasjkent og får eit breiare bilete av byen slik den er i dag. Kontrastane mellom gammalt og nytt, tru og politikk, tradisjon og modernitet blir tydelege nettopp her.

    Om kvelden samlast vi til felles velkomstmiddag, og bli betre kjende med et kvarandre.

    (F, M)

  • Dag 3: Måndag 14. september – Frå Sovjetunionens fall til dagens Sentral-Asia

    Etter frukost samlast vi til det første foredraget med Erika Fatland, Fra Silkeveien til det moderne Usbekistan. I dette føredraget tek Erika Fatland oss med frå den historiske Silkeveien og inn i dagens Usbekistan. Ho fortel om gamle handelsbyar, kulturmøte og maktstrukturar som har forma landet gjennom hundreår, og viser samstundes korleis historia framleis set tydelege spor i det moderne usbekiske samfunnet.

    Etter foredraget tek vi oss vidare ut i byen for å sjå det moderne Tasjkent, forma av sovjetisk byplanlegging. Vi opplever blant anna Tasjkent-metroen, kjend for sine rikt utsmykka stasjonar som kombinerer funksjon, ideologi og kunst i typisk sovjetisk stil. Vidare besøker vi Amir Temur-plassen, eit symbol på den nye nasjonale identiteten som voks fram etter sjølvstendet og Alisher Navoi-teaterplassen, oppkalla etter ein av dei viktigaste kulturpersonane i regionen.

    Vi ser og Monumentet for mot, reist til minne om jordskjelvet i 1966 som la store delar av byen i ruinar, men som samstundes førte til ei omfattande gjenreising og gjorde Tasjkent til ein moderne storby. Her blir samanhengen mellom politisk makt, arkitektur og samfunnsutvikling særleg tydeleg.

    Lunsj er på eiga hand, og resten av dagen er sett av til eiga tid. Det gir rom for kvile, eigne vandringar eller vidare utforsking av byen i eige tempo.

    (F)

  • Dag 4: Tysdag 15. september – Frå Tasjkent til Nukus

    Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet og køyrer til flyplassen for vidare reise vestover. Med innanriksfly frå Tasjkent tek vi steget ut av den sentrale delen av landet og inn i Karakalpakstan, ein autonom republikk i utkanten av Usbekistan.

    Nukus ligg nær dei tidlegare breiddene av Aralsjøen og er sterkt prega av sovjetisk historie både politisk, kulturelt og miljømessig. Dagens første stopp er det internasjonalt kjende Savitskij-museet, ofte omtalt som eitt av verdas mest uventa kunstmuseum. Her finn vi den nest største samlinga av russisk avantgardekunst i verda, bygd opp av Igor Savitskij i ei tid då mykje av denne kunsten var forboden i Sovjetunionen. Museet står i dag som eit sterkt vitnemål om sensur, motstand og kunstnarleg fridom, bevart nettopp her, langt frå makta sitt sentrum.

    Felles lunsj er inkludert denne dagen, før vi held fram med sightseeing i og rundt Nukus. Vi får eit nærare innblikk i Karakalpakstan si historie og særstilling, eit område forma av ørken, karavanevegar og ein kompleks sovjetisk arv.

    Ut på ettermiddagen sjekkar vi inn på hotellet. Kvelden er til fri disposisjon og middag på eiga hand.

    (F, L)

  • Dag 5: Onsdag 16. september – Frå Nukus til Khiva – festningar i ørkenen og møte med Khorezm

    Etter frukost legg vi Nukus bak oss og set kursen sørover gjennom eit ope og tilsynelatande endelaust landskap. Dagens reise fører oss gjennom delar av det gamle Khorezm-riket, eit område som i over to tusen år har vore eit viktig maktsenter i Sentral-Asia. Her, i randsona mellom ørken og elvedelta, voks det fram byar, festningar og handelsplassar som kontrollerte ferdsla langs Silkevegen.

    Undervegs gjer vi stopp ved fleire av dei imponerande khorezmiske festningsruinane, som ligg spreidde utover ørkenen. Vi besøker blant anna Chilpik-Kala, ei sirkelforma borg reist fleire hundreår før vår tidsrekning, truleg knytt til zoroastriske gravritual. Vidare ser vi Toprak-Kala, som ein gong var ein kongeleg residens og eit administrativt sentrum, og Ayaz-Kala, eit festningskompleks som vitnar om korleis makt, forsvar og daglegliv var vove tett saman i dette området.

    Lunsj er inkludert undervegs, før vi held fram reisa gjennom ørkenlandskapet mot Khiva. Vel framme i Khiva kjennest som å tre inn i eit lukka rom i historia – ein by som i stor grad har bevart sitt preg frå den tida då karavanane kom inn gjennom byportane med silke, krydder og idear frå fjerne verdsdelar.

    Vi sjekkar inn på hotellet og får litt tid til avslapping før vi samlast til felles middag om kvelden.

    (F, L, M)

  • Dag 6: Torsdag 17. september – Khiva – byliv, makt og minne innanfor murane

    Etter frukost samlast vi til det tredje foredraget med Erika Fatland, Putins Russland.
    Her får vi høyre om det moderne Russland, med særleg fokus på gisseldramaet i Beslan, nær grensa til Georgia. Foredraget er basert på Erikas eigne opplevingar og den første sakprosabok hennar Englebyen, og gir eit nært og menneskeleg innblikk i korleis makt, frykt og propaganda formar samfunnet i dagens Russland.

    Etter foredraget blir det byvandring i Khiva, ein av dei best bevarte historiske byane i Sentral-Asia. Heile den indre byen, Itchan Kala, er omgjeven av massive leirvegger og står i dag på UNESCO si verdsarvliste.

    Vi besøker mellom anna Kunya-Ark-festninga, det tidlegare maktsenteret til khanane i Khiva, med seremonisalen Kurinish Khana som vitnar om hoffliv og politisk iscenesetjing. Vi ser Islam Khodja-minareten, det høgaste byggverket i Khiva, reist som eit symbol på både religiøs autoritet og modernisering på byrjinga av 1900-talet.

    Vidare tek vi oss gjennom eit nettverk av madrasaer, moskear og mausoleum som fortel om eit bysamfunn der utdanning, tru og handel var vovne tett saman. Blant høgdepunkta er Juma-moskeen, med sine hundrevis av utskorne tresøyler, og Pakhlavan Mahmud-mausoleet, vigd byens skytshelgen og er framleis er eit levande pilegrimsmål.

    Lunsj og middag er på eiga hand denne dagen, og det gir rom for å oppleve Khiva i eige tempo.

    (F)

  • Dag 7: Fredag 18. september – Frå Khiva til Bukhara – gjennom ørken og historie

    Etter frukost forlèt vi Khiva og set kursen austover mot Bukhara, ein av dei viktigaste historiske byane langs Silkevegen. Reisa fører oss gjennom delar av Kyzylkum-ørkenen, eit vidstrekt landskap som i hundreår har vore både ei hindring og ei livsline for handel og ferdsel mellom Aust-Asia og Midtausten.

    Denne lange ferdselsåra har sett sitt preg på regionen. Karavanar med kamelar, varer og idear kryssa desse områda lenge før moderne vegar og køyretøy gjorde reisa enklare.

    Utover ettermiddagen nærmar vi oss Bukhara, ein by som i meir enn tusen år har vore eit sentrum for islamsk lærdom, handel og politisk makt. Framme i Bukhara sjekkar vi inn på hotellet og samlast om kvelden til ein god felles middag, etter ein lang reisedag.

    (F, L, M)

  • Dag 8: Laurdag 19. september – Bukhara – lærdom, makt og heilage rom

    Etter frukost samlast vi til dagens foredrag med Erika Fatland, Ukraina.
    Dette er eit innsiktsfullt og personleg foredrag om Europas nest største land og den største krigen i Europa sidan andre verdskrigen. Erika fortel om Ukrainas rike historie, forholdet til Russland og om sine eigne reiser i landet, både i fredstid og under krigen. Foredraget gir eit breiare perspektiv på korleis stormaktene har påverka området mellom aust og vest, og set reisa vår i Usbekistan inn i ein større historisk samanheng.

    Med dette bakteppet går vi ut på vandring i Bukhara. Her vart teologi, filosofi og vitskap utvikla side om side med kvardagsliv og handverk, og byen fekk ei rolle som strekte seg langt utover regionen.

    Vi går gjennom gamle byrom der historia ligg tett i murane. Frå stille gravplassar og religiøse bygg til opne plassar der handel og sosialt liv har gått føre seg i generasjonar. Undervegs blir det tydeleg korleis tru og makt har vore vevd saman, men også korleis byen har fungert som ein levande stad for menneske, ikkje berre som monument.

    Ein god lunsj er inkludert denne dagen, før vi held fram i roleg tempo. Vi får tid til å sjå, lytte og ta inn inntrykka.

    Om kvelden samlast vi til ein god felles middag. Neste dag gjer vi oss klare for ferda vidare austover langs Silkevegen.

    (F, L, M)

  • Dag 9: Laurdag 20. september – Frå Bukhara til Samarkand

    Etter frukost køyrer vi frå Bukhara og vidare austover mot Samarkand, ein av dei mest myteomspunne byane langs Silkevegen. Dagens etappe bind saman to byar som på kvar sin måte har forma historia i Sentral-Asia: Bukhara som sentrum for lærdom og religiøs autoritet, Samarkand som uttrykk for politisk makt, prakt og ambisjonar.

    Undervegs gjer vi stopp i Gijduvan, eit område kjend for sine lange handverkstradisjonar. Her besøker vi ein lokal keramikarverkstad, der teknikkar, mønster og fargar har gått i arv gjennom generasjonar. Besøket gir eit nært møte med kvardagskulturen.

    Reisa går gjennom opne landskap, og undervegs stoppar vi for ein god lunsj.

    Framme i Samarkand sjekkar vi inn på hotellet. Resten av ettermiddagen er sett av til eiga tid, før vi samlast om kvelden til felles middag.

    (F, L, M)

  • Dag 10 : Søndag 21. september - Samarkand – imperium, vitskap og arv

    Etter frukost samlast vi til dagens foredrag med Erika Fatland, Sovietistan. Her tek Erika oss med på ei reise gjennom dei fem sentralasiatiske landa – Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan og Kirgisistan, som blei sjølvstendige etter Sovjetunionens fall. Ho fortel om livet i desse republikkane, om kontrastane mellom tradisjon og modernitet, og om korleis arven frå sovjettida framleis formar samfunna.

    Etter foredraget skal vi ut på ei roleg byvandring. Denne dagen ser vi Samarkand i samanheng, ikkje som ei samling monument, men som ein stad der kunnskap, makt og tru har vore vovne tett saman.

    Lunsj og middag er på eiga hand, og ettermiddagen gir rom for eigne opplevingar.

    (F)

  • Dag 11 : Måndag 22. september – Frå Samarkand til Tasjkent

    Etter ein god frukost er det tid til det siste foredraget på turen med Erika Fatland, Fra Pyongyang til Kirkenes. Av Russlands fjorten naboland er Noreg det einaste som aldri har vore i krig med eller blitt okkupert av Russland. I dette foredraget tek Erika oss med på ei reise langs grensene til stormakta i aust – gjennom eit mangfald av land, kulturar og konfliktar – og gir oss eit større perspektiv på den regionen vi no ferdast i.

    Seinare tek bussen oss tilbake til Tasjkent. Ved framkomst i hovudstaden sjekkar vi inn på hotellet og får eit siste møte med byen som markerte starten på reisa. Her får vi god tid på eiga hand før vi samlast til avskjedsmiddag.

    (F, M)

  • Dag 12 : Onsdag 23. september – Heimreise frå Tashkent

    Etter frukost er det tid for å ta farvel med Usbekistan. Vi køyrer til flyplassen i Tashkent for heimreise til Noreg. Vi flyr om morgenen og er fram i Oslo på ettermiddag

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
12/9BergenTasjkent, Nukus, Khiva, Bukhara, SamarkandMeir enn 851 950,-BestillMer informasjon
12/9OsloTasjkent, Nukus, Khiva, Bukhara, SamarkandMeir enn 849 950,-BestillMer informasjon
12/9TasjkentTasjkent, Nukus, Khiva, Bukhara, Samarkand
Utan flyreise
341 950,-BestillMer informasjon