Skip to main content

Elvecruise på Donau og julemarknad

3. - 7. desember 2024.

Wien - Budapest - Bratislava - Wien.

Bli med på eit flott elvecruise til tre hovudstader langs majestetiske Donau, dronninga blant elvane i Europa. På turen vil vi oppleve spennande storbyar, segle gjennom skiftande landskap med vinmarker og naturområde og elles kikke på folkelivet langs denne travle elva. På denne tida er gjerne områda dekte med snø, og byane er julepynta. Dette vil skape ei flott ramme rundt denne turen i desember.

Vi startar cruiset i den verdskjende kulturbyen Wien med sin lange historie med blant anna eit rikt  kultur- og  musikkliv. Deretter går turen til Budapest som har både gamal og ny busetnad, varme kjelder og historiske bad. Det blir også stopp i Bratislava, den unge hovudstaden i Slovakia, med både gamal og rik historie, heilt tilbake til keltisk og romersk tid. I kvar av byane får vi med oss spennande julemarknad og elles tilbod om å vere med på guida bussturar for å bli kjende med desse vakre byane.

Vi bur godt på MS Vivaldi (5 stjerner) som er eit førsteklasses cruiseskip med ein vennleg atmosfære. Både restauranten og salongen ligg på mellomdekket og har store vindauge. I den koselege salongen er det underhaldning, og her er det også dansegolv. Her kan vi også slappe av og nyte landskapet som sakte glir forbi. Det er “all inclusive” med mat og drikke inkludert på heile seglinga. Alle lugarar har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er gratis Wi-Fi om bord.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 3. desember - Frå Oslo til Wien

    Utreise frå Gardermoen med fly til Wien (for dei som kjøper turen med fly). Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Buss frå flyplassen inn til sentrum, der vi går om bord på elvebåten vår.

    MS Vivaldi ligg til kai sentralt i Wien, og etter at vi har fått tildelt lugarane våre, blir det velkomst-cocktail i salongen saman med kapteinen og mannskapet. Deretter går vi til restauranten for ein utsøkt middag men vin, øl eller mineralvatn. Salongen har bar og hyggelege sitjegrupper, og det blir underhaldning og dans etter middagen.
    (M)

  • Dag 2: Onsdag 4. desember - Wien til Budapest

    Etter ein god frukost kan vi denne først morgonen legge ut på ein guida tur i Wien (mogleg val mot tillegg i prisen). Denne gamle keisarbyen har vore eit viktig senter for musikk, kunst og vitskap og har fleire verdsberømte museum, teater og operaer. På den guida bussturen vil vi høyre om og sjå mange av attraksjonane i Wien. Vi skal sjølvsagt innom den kjende julemarknaden i byen, som ligg like ved det gamle Rådhuset.

    Tilbake på båten er det tid for lunsj, og skipet vil bruke ettermiddagen til å forflytte oss frå Wien til Budapest.  

    Om kvelden blir det servert middag, blant anna med nasjonale retter, og etterpå kan vi kose oss med noko godt i glaset og svinge oss i dansen i salongen.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Torsdag 5. desember - Budapest

    Etter ein lang og god frukost blir det guida tur i julepynta Budapest for å besøke dei to bydelane - vakre Buda og livlege Pest (mogleg val mot tillegg i prisen). Storbyen har eit mangfald av arkitektur som inkluderer barokk, gotisk, sovjetisk og moderne stil, side om side. Under ein panoramatur i høgda over byen, kan vi følgje Donau-elva og elles kikke på dei ruvande bygningane som den fantastisk flotte Parlamentsbygningen.

    Etter lunsj vil det om ettermiddagen vere tid til å utforske byen meir på eiga hand. Kanskje du vil bruke meir tid på julemarknaden og suge inn atmosfæren der? Då kan du også ta ein tur til det store marknadsområdet, som har ein praktfull bygning frå slutten av 1800-talet.  

    Etter middagen med ungarske spesialitetar vil vi også nyte tradisjonell underhalding om bord. Om kvelden seglar vi oppover mektige Donau mot Bratislava, hovudstaden i Slovakia.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Fredag 6. desember - Bratislava

    Om natta passere båten gjennom Gabcíkovo-slusene, som er nokre av dei største på heile elva. Vi vil også krysse Dunajské luhy verneområde, eit stort areal med våtmarker, flaumområde og vatn som inneheld sjeldne plantar og dyr. Frukost om bord på skipet på veg til Bratislava.

    Etter lunsj om bord og vel framme i Bratislava, kan vi delta på ein guida ettermiddagstur rundt om  i den slovakiske hovudstaden for blant anna å besøke byen sin julemarknad (mogleg val mot tillegg i prisen). Byen ligg fint til ved foten av Karpatane med sine skogkledde åsar, og har ei blanding av fargerike smau og storslegen barokkarkitektur. I den sjarmerande gamlebyen finn vi brusteintorg og tronge, pittoreske gater. Det historiske sentrum er elles fylt med praktfulle bygningar som St. Michael-tårnet og vakre kyrkjer som St. Martins-katedralen.

    Denne kvelden er det flott gallamiddag og underhaldning om bord i båten. Om natta vil elvebåten føre oss tilbake til Wien.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Laurdag 7. desember - Wien til Oslo

    Etter frukost om bord, er vi klare til å mønstre av cruisebåten og ta fatt på heimreisa. Bussen vår hentar oss ved kaia og køyrer til flyplassen. Direktefly tilbake til Oslo.
    (F)

  • OM SKIPET: MS Vivaldi

    Båten har 88 lugarar fordelt på 3 dekk. I tilleff har den restaurant, lounge / bar med dansegolv, pianobar og soldekk.

  • Verdt å vite


    • Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.

    • I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk.

    • Landgangar kan vere noko bratte. Uventa endringar i vasstanden i elvar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å forandre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for endringar i programmet på grunn av “force majeure”.


Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
3/12OsloMS VivaldiMeir enn 817 950,-BestillMer informasjon
3/12Wien (oppmøte båt)MS Vivaldi
Utan fly
714 550,-BestillMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo