Viktig reiseinformasjon

Kor hard er turen?

Vandretur

Kilometer

Timar

Høgdemeter

Beskriving

5-8

2-3

0-200

Lett vandring som "alle" klarar. Du bør ha gode sko.

8-12

3-4

200-400

Litt meir anstrengande, for dei med normalkondisjon. Du bør ha gode tursko med grove solar eller fjellsko, vi anbefalar turstavar.

10-15

4-5

300-700

Du bør ha god normalkondisjon og vere vand å gå tur. Fjellsko med gore tex vert tilrådd.

12-20

5-7

500-1200

Du må vera i god form og vere vand med å gå lange turar. Gode fjellsko er naudsynt.

15-30

7-10

1000-2000

Du bør vera i god form og vera vand med fleire dagars tøff vandring. Gode fjellsko er eitt krav.

Reiseråd

Her finn du reiseråd for utvalde destinasjonar, klikk på kvart enkelt dokument nedanfor.

USA

RUSSLAND

SØR-AFRIKA

VIETNAM

GUATEMALA

 

Visum og reiseløyve

USA OG CANADA

For norske statsborgarar på feriereise krevst det normalt ikkje visum til USA/Canada. Alle norske statborgarar må ha elektronisk lesbart pass for innreise eller mellomlanding i USA/Canada. Passet må vera gjeldande i 6 måneder etter retur fra USA/CANADA. Alle reisande til USA /CANADA må registrast elektronisk på førehand. Dette vert gjort ved å søkja om ESTA/eTA. Om du prøver å sjekka inn med eit gammalt pass vil du avvisast før reisa. Skjemaet vert fylt ut elektronisk og du finn det ved å trykka på logoen under. For å fylle ut denne søknaden treng ein namn, adresse  og telefonnummer til hotellet ein skal bu på i USA NB! Det krevst fortsatt visum for opphold lenger enn 90 dagar. Er du tidligare straffedømd, eller har opphelde deg i Syria eller Iran etter 2011 må ein kontakta den amerikanske ambassaden for å søkje om ordinært visum før innreise til USA.

 

RUSSLAND

Norske statsborgarar må søkje visum for å kunne reise til Russland. Turistvisum gjeld for kun den perioden den reisande held seg i Russland, og passet må vere gyldig 6 månader etter heimreisedato. Den reisande  må sjølv ordne med visum, men Fotefar Temareiser AS har inngått avtale med Visumservice AS om formidling av visumtenester til ein gunstigare pris enn ved enkeltkjøp. Kostnad for å få russisk visum gjennom Visumservice AS er kr 1.545 pr. 1.1. 2017. Vel ein å benytte seg av denne avtalen unngår ein å måtte stille til personleg intervju i ambassaden ved visumsøknad. Søknad om visum må gjerast helst innan 6 veker før avreise.
Meir informasjon om søknadsprosessen finn du her: INFORMASJON OM VISUMSØKNAD 
Skjema for søknad om visum finn du her: VISUMSØKNAD

VIETNAM

I Vietnam får ein visum på flyplassen, dette er gyldig i 15 dagar, og du må ha ein returbillett som dokumentasjon for opphaldet. Skal du opphalde deg lenger enn 15 dagar i landet må du søkje visum via den Vietnamesiske ambassaden i Norge. Passet må vere gyldig i 6 mnd etter heimreisedato. 

ANDRE DESTINASJONAR

For destinasjonar i Europa, Georgia, Sør-Afrika, Guatemala: Her er det ikkje naudsynt å søkje om visum på førehand ved opphald under 90 dagar.  Sjå elles til at passet ditt er gyldig minst 3 månader frå heimreisedato.

 

 

Reisevilkår Fotefar Temareiser AS

1 . BESTILLING OG BETALING

Fotefar Temareiser AS fastset at reisande ved påmelding skal betala eit depositum, hjå Fotefar Temareiser AS er det sett fast for kvar enkelt reise. Fotefar Temareiser AS Temareiser AS fastset når restbeløpet (eventuelt prisen for heila reisa) skal innbetalast. Påmeldinga er bindande når depositum er innbetalt. Dersom påmelding skjer seinare enn 40 dagar før avreise forfell heile reisa til betaling straks, og påmelding er bindande frå det tidspunktet den reisande har registrert påmeldinga hjå Fotefar Temareiser AS.
Deltakarane må sjølv sørgja for avbestilling - og reiseforsikring. Me godtek fylgjande kredittkort: Mastercard og Visa. Det kjem til gebyr ved betaling med kredittkort. Gjeldande satsar kjem tydeleg fram på nettsida vår.

2 . OMFANG AV BESTILLINGA

Bestillinga omfattar dei ytingane som er avtala mellom Fotefar Temareiser AS og den reisande. Ved vurdering av kva som er avtalt, vert det teke utgangspunkt i stadfestinga av bestillinga, og det skal leggjast vekt på kva som er lova i brosjyrane til Fotefar Temareiser AS, annonsar og på nettsidene. Vi tek atterhald om mindre endringar i dagsprogramma i den grad desse endringane ikkje er til vesentleg ulempe for den reisande. Sjå elles punkt 6. Om bestillinga fråvik programmet eller omfattar tilleggsytingar som t.d. enkeltrom, utflukter eller liknande, skal dette stadfestast skriftleg. Det kjem til gebyr ved endringar i bestillinga som fråvik frå det oppsette programmet og for tilleggsbestillingar, eksempelvis tilknytingsfly, tidlegare reise/seinare retur og annan romtype enn det som er inkludert.

3 . INFORMASJON TIL DEN REISANDE

Ved bestilling, eller seinast ved oversending av reisedokumenta, skal den reisande gjerast merksam på fylgjande tilhøve:
a) Namnet til Fotefar Temareiser AS, adresse og telefon, prisen til reisa og kva for ytingar som inngår i prisen.
At den reisande sjølv må sørgja for gyldig pass, eventuelt visum, vaksinasjonar og naudsynte forsikringar.
c) Dei alminnelege og spesielle vilkår som gjeld for reisa som er bestilt og der desse vilkåra er å finna. Dersom det for den aktuelle reisa skal gjelda vilkår som avvik frå dei alminnelege vilkåra, skal dette tydeleggjerast.
d) Kva reglar som gjeld for betaling og avbestilling.
e) At Fotefar Temareiser AS i visse høve har rett til å heva prisen (sjå pkt. 6).
f)  Fotefar Temareiser AS utarbeider ei enkel namneliste med namn på alle deltakarar og reiseleiarar. Lista vert sendt ut til alle i gruppa før reisa, og ein kan ikkje reservera seg mot å stå på ei slik liste.

4 . AVBESTILLING

Den reisande kan avbestilla reisa etter fylgjande reglar:
a) Ved avbestilling inntil 90 dagar før avreisedagen mot å betala eit administrasjonsgebyr på kr 800,- pr. person.
b) Ved avbestilling f.o.m. 90 t.o.m. 40 dagar før avreisedagen beheld Fotefar Temareiser AS det innbetalte depositumet.
c) Ved avbestilling under 40 dagar før reisa, eller viss den reisande ikkje møter ved avgang eller manglar dei naudsynte papira for å delta på reisa, bereknar Fotefar Temareiser AS seg prisen på heile reisa.
Kredittkortgebyr vert ikkje refundert ved avbestilling. Heller ikkje spesialbestilte ikkje-refunderbare utgifter.
For den reisande sine plikter vedrørande avbestillingsforsikring, sjå punkt 8. Fotefar Temareiser AS tilbyr ikkje eigen avbestillingsforsikring. Slik forsikring kan bestillast via Europeiske Reiseforsikring. Dei kan kontaktast enten via internett: Europeiske reiseforsikring eller via telefon +47 21 49 50 00 og tast 4 for kundesenter Privat.

5 . ENDRINGAR AV BESTILLINGA, OVERDRAGING

Reisande har rett til å overdra ei reise som er fullt betalt til ein annan person mot å betala Fotefar Temareiser AS dei meirkostnadane som dette fører med seg. Fotefar Temareiser AS skal underrettast om endringa i rimeleg tid før avreisa, og kan berre nekta å godkjenna overdraginga dersom det er rimeleg grunn for det – til dømes at flyselskapet ikkje tillet endringar. Fotefar Temareiser AS kan setja fast andre reglar for endringar og overdraging når spesielle tilhøve gjer dette naudsynt.

Bestilling av tilknytingsbillettar på reisa må gjerast ved påmelding for å få prisane angitt i reiseprogrammet. Etterbestilling av slik tilknyting kan medføre høgare prisar enn det som er angitt i reiseprogrammet, eller i verste fall ingen tilgang på seter.

6 . ENDRINGAR I PRIS, YTINGAR M.M

Vi tek atterhald om endra prisar og ytingar m.m. som er i programmet eller kunngjort på annan måte.

Prisauke kan berre skje dersom det er grunngjeve i nye, auka skattar og avgifter, endra valutakursar eller andre liknande omstende som Fotefar Temareiser AS ikkje rår over eller kunne ha føresett. Prisauken som vert sett i verk, må ikkje overstiga dei faktiske kostnadane, og varsel om auken må komma fram til den reisande seinast 21 dagar før avreisedagen. Viss prisauken utgjer meir enn 10% av pakkeprisen, kan den reisande annullera reisa og få prisen til heile reisa refundert, eksklusiv flyskattar. Retten til annullering fell bort dersom den reisande ikkje sender Fotefar Temareiser AS melding om annulleringa innan 3 dagar etter at varselet til Fotefar Temareiser AS er komen fram til den reisande, og Fotefar Temareiser AS har opplyst særskilt om denne fristen. Atterhald kan berre gjerast gjeldande for ytingar som er spesielt nemnde, og i eit omfang som er av mindre ulempe for den reisande.

Endringar av flytider: Informasjon om flytider og flyselskap som står i programmet er førebelse. Endeleg informasjon finn ein i stadfestinga av bestillinga. Fotefar Temareiser AS har rett til å korrigera flytidene dersom endringane skjer etter at bestilling vert gjort. Kunden vil få informasjon om dette skriftleg eller munnleg direkte av Fotefar Temareiser AS. Meirkostnadar til hotellopphald eller tilslutningstransport som følgje av endra flytider, vil ikkje dekkjast av Fotefar Temareiser AS.

Dersom den FAGLEGE REISELEIAREN av personlege årsaker vert forhindra frå å delta på turen, har Fotefar Temareiser AS rett til å setja inn ein ny reiseleiar med tilsvarande kapasitet utan prisreduksjon. Alternativt å gjennomføra turen med lkale guidar mot ein prisreduksjon på 15 %. Sjå også punkt 9 d).

7 . PLIKTENE TIL FOTEFAR TEMAREISER AS

Fotefar Temareiser AS skal avvikla reisa og opphaldet i samsvar med det som er avtalt med den reisande, jf. pkt. 2. Fotefar Temareiser AS skal i dei tilfella der det oppstår avvik frå den planlagde gjennomføringa, i rimeleg utstrekking sjå til at den reisande vert utsett for minst mogleg ulempe. Reise Fotefar Temareiser AS skal snarast mogleg opplysa om tilhøve som han forstår eller bør forstå har tyding for den reisande.

8 . PLIKTENE TIL DEN REISANDE

Den reisande pliktar å gje opp fullt nam, likt som i passet ved bestilling.
Den reisande pliktar å lesa programmet for turen, og dessutan dei opplysningane som vert tilsendt før reisa.
Den reisande er også pliktig til å ha reiseforsikring med avbestillingsforsikring som er gyldig frå bestillingstidspunktet. Denne forsikringa må dekke avbestillingar grunna plutseleg og alvorleg sjukdom og død hjå seg sjølv eller i næraste familie eller reisefylgje, og uventa og alvorlege hendingar som gjer det uforsvarleg for den reisande å delta på reisa. Sjå elles punkt 4 Avbestilling.

Den reisande må kunna handtera sin eigen bagasje og kunne reisa utan assistanse. Spesielle behov på flyreisa og undervegs på turen må verta kunngjort for Fotefar Temareiser AS ved påmelding. Dersom dette ikkje er kunngjort ved påmelding eller innan rimeleg tid før avreise, kan den reisande ikkje pårekne at Fotefar Temareiser AS kan yte den assistansen den reisande treng.

Betaling: Den reisande skal betala det avtala vederlaget seinast på det tidspunkt som er føresett i vilkåra til Fotefar Temareiser AS. Forseinka betaling vert alltid sett på som vesentleg mislighald og gjev Fotefar Temareiser AS rett til å heva (annullera) bestillinga.

Reglar og avgjerder: Den reisande pliktar under reisa å retta seg etter dei reglane og avgjerdene som er oppgjeve av offentleg  styresmakt, Fotefar Temareiser AS, eller representantane til Fotefar Temareiser AS, medrekna dei ordensavgjerdene som måtte gjevast av dei enkelte hotell, transportør e.l. Den reisande må ikkje oppføra seg slik at ein er til bry for dei andre reisande. Dersom den reisande grovt tilsideset pliktane sine, kan han/ho nektast å delta eller stengast ute frå reisa. Ved annullering etter at reisa er påbyrja, kan den reisande sjølv verta pålagt å bera ekstra omkostningar ved heimreisa.

Erstatningsansvar: Den reisande kan gjerast erstatningsansvarleg viss ein med vilje eller aktløyse påfører Fotefar Temareiser AS tap, m.a. ved ikkje å overhalda dei avgjerdene som er nemnt ovanfor.

Pass, visum, vaksinasjonsattestar og forsikring: Fotefar Temareiser AS gjev informasjon for kvar tur om det er naudsynt å ha visum eller reiseløyve og korleis dette kan skaffast, men er ikkje ansvarleg for å skaffa den reisande slike papir. Den reisande må sjølv sørgja for alle naudsynte papir for reisa, og pliktar å halda seg orientert om avgangen og lyda rettleiingar som Fotefar Temareiser AS, transportør, lufthamn e.l. gir.

Sjukdom og eventuell heimreise: Dersom den reisande ikkje er forsikra (eller forsikringa ikkje dekker sjukdoms-/skadetilfellet) kan ikkje Fotefar Temareiser AS ta på seg ansvar for skade eller sjukdom som den reisande måtte pådra seg under reisa, uansett årsak. Fotefar Temareiser AS yter den hjelpa som er mogleg, men den reisande må sjølv dekka alle utgifter i samband med sjukdomen/skaden, slik som omkostningar for lege, sjukehus, særskild heimtransport e.l.

Den reisande møter ikkje opp: Den reisande må møta fram ved avgangar etter dei rettleiingar som vert gjeve av Fotefar Temareiser AS. Dersom den reisande ikkje møter opp til dei angjevne transportane eller arrangementa, eller på annan måte lèt vere å nytta seg av aktivitetane i programmet som inngår i reisa, kan han/ho ikkje gjera krav mot Fotefar Temareiser AS for dette.

9 . FOTEFAR TEMAREISER AS SIN RETT TIL Å AVLYSA REISA

Fotefar Temareiser AS kan avlysa ei reise viss:

a) Det ikkje melder seg ei tilstrekkeleg mengd reisande på ein avgang. Ein tur kan ikkje avlysast før påmeldingsfristen er gått ut. Påmeldingsfristen er den same som siste dato for avbestilling og betaling, som hovudregel 40 dagar før avreise.
b) Tilhøve Fotefar Temareiser AS ikkje rår over og som ein ikkje kunne føresett då påmeldinga vart bindande, som til dømes krig eller krigstilstand, naturkatastrofe, epidemi, arbeidskonfliktar og tilsvarande (force majeure) gjer det vanskeleg og tilrådeleg å avvikla reisa.
c) Tilhøve på reisemålet som gjer det urimeleg å krevja at avtala vert oppfylt. Fotefar Temareiser AS skal snarast underretta dei reisande om avlysinga.
d) Reiseleiar vert utsett for alvorleg sjukdom, skade eller død, og det ikkje er mogleg å finne erstatning innan rimeleg tid før avreise (jf pkt 6, siste ledd).

Når ei reise vert avlyst, har den reisande krav på full refusjon av prisen til reisa. Utover dette kan reisande ikkje gjera krav gjeldande, med mindre han/ho er påført tap p.g.a. forsømming eller feil hjå Fotefar Temareiser AS.
Når Fotefar Temareiser AS finn det naudsynt kan ei reise avbrytast eller verte lagt om, etter at den er påbyrja og returreisa eventuelt vert gjort tidlegare enn avtala. I tilfelle som dette har den reisande krav på tilbakebetaling av eit beløp som svarar til den mengda dagar den reisande ikkje har hatt utbytte av reisa, berekna etter dei same prinsipp som nemnd i pkt. 14, jf. og pkt. 16.

10 . DEN REISANDE SIN RETT TIL ANNULLERING

1 . Den reisande kan før reisa heva/annullera reisa etter følgjande omstende:
a) Viss avgangen vert forseinka med meir enn 20% av varigheita til turen.
b) Tida for heimkomst vert vesentleg utsett.
c) Om det på eller i nærleiken av reisemålet oppstår krig eller krigstilstand, naturkatastrofe, epidemi, omfattande arbeidskonflikt eller liknande inngripande hendingar. Ved vurdering av om hevingsgrunn finst, skal det leggjast vekt på synet til norske styresmakter.
d) Prispåslag etter pkt. 6 aukar kostnadene til turen med meir enn 10%.
e) Ved andre vesentlege og alvorlege manglar som er til vesentleg ulempe eller fare for den reisande. I desse tilfella har den reisande krav på full refusjon av prisen på reisa, men kan ikkje gjera ytterlegare krav gjeldande, jf. pkt. 15.
2 . Etter at reisa er påbyrja kan den reisande heva/annullera reisa heilt eller delvis dersom:
a) Tilhøve som nemnt ovanfor i pkt. 1 c skapar fare for livet eller helsa til den reisande.
b) Det finst vesentleg mislighald frå Fotefar Temareiser AS si side. I den utstrekking reglane i pkt. 16 ikkje skal gjelda, har reisande krav på prisavslag i samsvar med prinsippet i pkt. 13, jf. òg pkt. 14.

11 . MANGLAR

Det finst ein mangel ved reisa når den avvik frå det den reisande har rett til å krevja etter pkt. 2 og 7 . Likeins er det ein mangel dersom Fotefar Temareiser AS har late vere å gje opplysningar eller har gjeve feilaktige opplysningar om tilhøve som normalt vil vera viktige, og tilhøve den reisande sjølv har gjeve melding om er viktig. Ved vurdering om ein mangel finst, skal det leggjast vekt på om opplysningane kan ha påverknad på den reisande si avgjerd om å reisa, og dermed val av arrangør.

Avvik av ein slik art som den reisande må rekna med skjer frå tid til annan, og som er av mindre tyding, vert ikkje sett på som mangel, med mindre anna er avtalt.
Dette gjeld m.a.:
a) Forseinka avgang eller framskunda reise som Fotefar Temareiser AS eller transportøren ikkje rår over. Ved tidsavvik på meir enn 24 timar, og der varigheita til reisa er ei veke eller meir, og opphaldet på reisemålet vert tilsvarande forkorta, har reisande likevel rett til prisavslag jf. pkt. 13 med mindre forseinkinga skuldast force majeure, jf. pkt. 15. Det same gjeld turar av kortare varigheit, når forseinkinga utgjer meir enn 15%.
b) Avvik frå vanlege vêr- og temperaturtilhøve eller andre tilhøve av klimatisk karakter.
c) Tilhøve som skuldast den reisande si eiga forsømming.

12 . RETTING AV MANGLAR

Den reisande har rett til å krevja at ein mangel vert retta, om dette ikkje medfører uforholdsmessige store ulemper eller utgifter for Fotefar Temareiser AS i høve til omfanget av mangelen for dei reisande. Fotefar Temareiser AS har rett til å retta manglane viss dette vert tilbydt seinast i samband med klage frå den reisande. Den reisande kan berre motsetja seg ei slik retting dersom det er særleg grunn for det. Fotefar Temareiser AS kan ikkje krevja at den reisande skal utsetjast for meirutgifter ved retting av manglar. Kunden pliktar å reklamera på manglar som vert oppdaga så snart som kunden vert merksam på mangelen.

13 . PRISAVSLAG

Om mangelen ikkje vert retta på tilfredsstillande måte, har reisande krav på prisavslag. Dette gjeld likevel ikkje dersom manglane skuldast force majeure, jf. pkt. 15 . Prisavslaget vert rekna med utgangspunkt i prisen til reisa og skal tilsvara omfanget til mangelen, jf. pkt. 11.

14 . ERSTATNING

Fotefar Temareiser AS pliktar å gje erstatning til den reisande for tap denne vert påført ved skade eller ulempe som er ei følgje av at Fotefar Temareiser AS ikkje oppfyller forpliktingane sine etter avtala, jf. endå pkt. 15 . Erstatningsplikta gjeld ikkje dersom Fotefar Temareiser AS kan godtgjera at skaden eller ulempa ikkje skuldast Fotefar Temareiser AS eller samarbeidspartnar/underleverandør betalt av Fotefar Temareiser AS.

15 . AVBROT OG ENDRINGAR

Fotefar Temareiser AS er ikkje ansvarleg for manglar, avbrot og endringar som skuldast tilhøve som Fotefar Temareiser AS ikkje rår over og som ein ikkje kan ha føresett då påmeldinga vart bindande. Døme på dette er krig eller krigstilstand, naturkatastrofe, epidemi, omfattande arbeidskonflikt (t.d. streik) eller tilsvarande tilhøve (force majeure). Dersom noko av dette skulle henda, skal Fotefar Temareiser AS snarast underretta reisande og setja i verk tiltak for så langt som mogleg å avgrensa tapet til den reisande som følgje av hendinga.

16 . KLAGEFRIST

Dersom den reisande meiner at det finst ein mangel som gjev rett til prisavslag eller erstatning, har han/ho plikt til å gje Fotefar Temareiser AS melding så snart som mogleg om dette. Klager over vesentlege manglar må setjast fram til reiseleiar på staden eller Fotefar Temareiser AS så snart som mogleg, jf. pkt. 12. Klage må fremjast seinast 1-ein-månad etter heimreisedato, med mindre særlege grunnar gjer det rimeleg å forlenga klagefristen.

17 . RETTEN TIL HEVING AV FOTEFAR TEMAREISER AS

Fotefar Temareiser AS har rett til å heva avtalen ved vesentleg misleghald frå den reisande si side. Det vert rekna som vesentleg misleghald når den reisande ikkje har betalt det avtala vederlaget i rett tid, jf. pkt. 8. Føresetnaden for at Fotefar Temareiser AS skal kunna heva avtalen, er at den reisande har fått rimeleg betalingsfrist.

18 . REISEGARANTI

Fotefar Temareiser AS er medlem av reisegarantifondet, og stiller lovpålagt garanti for at dei reisande får refundert sine forskotsbetalingar og/eller ei alternativ heimreise dersom arrangøren går konkurs.
Sjå elles Reisegarantifondet sine sider www.rgf.no. Reisegarantifondet kan også kontaktast på telefon +47 51 85 99 40 eller e-post firmapost@rgf.no.

19 . TVISTAR

Viss det mellom Fotefar Temareiser AS og den reisande oppstår usemje om forståing av denne kontrakten eller reisevilkåra til Fotefar Temareiser AS, og tvisten ikkje kan løysast i minnelegheit, kan den reisande bringa saka inn for Reklamasjonsnemda for selskapsreiser. Fristen for dette er 4 veker etter at endeleg svar frå Fotefar Temareiser AS er kome til klagaren sin kunnskap. Fotefar Temareiser AS skal opplysa om denne fristen. Både den reisande og Fotefar Temareiser AS kan fremja Reklamasjonsnemda si avgjerd inn for dei alminnelege domstolane.
Vi viser elles til reglane i Pakkereiselova og Alminnelige vilkår for pakkereiser.

20 . ANSVARET TIL FOTEFAR TEMAREISER AS VED REISER MED FLY
Fotefar Temareiser AS er berre ansvarleg for innhaldet i programmet vårt.
Fotefar Temareiser AS er ikkje ansvarleg for ekstrautgifter i samband med eventuell flyforseinking. Alle reiser med fly er underlagt m.a. reglene i Warszawa-konvensjonen av 1929.

21 . VARIGHEITA TIL REISA
Av praktiske omsyn angjev vi reiselengda etter utreise- og heimkomstdag, sjølv om ei reise startar på kvelden og/eller vert avslutta på morgonen. Angjeven reiselengd er difor ikkje alltid heile dagar.

22 . DIVERSE

Del i dobbeltrom:
Reisande som har bestilt del i dobbeltrom må betala enkeltromstillegg dersom det ikkje er andre deltakarar på turen med same ønskje. Det er ikkje Fotefar Temareiser AS sitt ansvar å finne andre reisande som ein kan dele rom med.

Enkeltrom:
Tilgjenge på enkeltrom er sterkt avgrensa, og Fotefar Temareiser AS kan ikkje garantere at det alltid er kapasitet på slike rom.

Twin-rom (rom med fråskilte senger):
Dersom ein har særskilt ynskje om å ha fråskilte senger må dette spesifiserast ved påmelding.

Desse vilkåra er utarbeida i tråd med Lov om Pakkereiser og reisegaranti av 25.8.1995 nr. 57, Alminnelige Vilkår for Pakkereiser utarbeida av Forbrukerombudet og retningsliner frå Reisegarantifondet og Pakkereisenemnda.