Om oss

Fotefar Temareiser har spesialisert seg på temareiser der historie- og kulturopplevingar står sentralt, og vi legg stor vekt på trivsel og sosialt fellesskap på turane.

Vi har også med kunnskapsrike reiseleiarar som Sylfest Lomheim, Lars Nes, Bjørn Sørheim, Olav Stedje, Ragnar Hovland, Tove Bakke, Bård Ose, Eva Bratholm, Frode Alnæs, Edvard Hoem og Hans-Wilhelm Steinfeld.

Bak selskapet står Rasmus og Yngve Sunde. Dei er sjølve reiseleiarar og guidar. I tillegg har dei knytt til seg fleire dugande lokale guidar der dei fleste er norsktalande. 
Du finn oss på Leikanger.

Tilsette

Rasmus Sunde  
Eigar og nestleiar i styret
Pensjonert historikar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
Doktorgrad om utvandring til USA


Yngve Sunde
Eigar, marknads- og produktansvarleg og styreformann i Fotefar temareiser.  
Yngve er litteraturvitar, med bakgrunn frå forlagsbransjen.
Han har studert statsvitskap i USA og har budd lengre periodar i Frankrike og Italia


Toril Partenyi  
Dagleg leiar og reiseleiar
Bakgrunn som økonomisjef og leiar innan privat og offentleg sektor
Master i Human Resource Management, Bachelor i økonomi, administrasjon og revisjon


Lene Kamsvåg
Reisekonsulent og reiseleiar.
Jurist med master innan barnevernsrett.


Rolf Partenyi
Reisekonsulent, It-ansvarleg og reiseleiar.
Bakgrunn som teknisk sjef i tillegg til bustad og driftsleiar i mange år. 
Det er han du spør viss teknikken skulle svikta.