Skip to main content

Washington D.C. og valvake med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

2. - 8. november 2024.

Valvake i Washington D.C. med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Opplev det historiske presidentvalet saman med dei to tidlegare NRK-korrespondentane. Vi er der når det skjer, kjenner på stemninga og tek valpulsen på nasjonen. Den amerikanske hovudstaden er eit utstillingsvindauge for tidlegare presidentar. Vi besøker Lincoln Memorial og Washington Monument, John F. Kennedy si grav og teateret der Abraham Lincoln vart skoten.

Bli med til dei ikoniske bygningane, sjå dei storslegne monumenta og oppsøk dei historiske stadene. Ta Det kvite huset og Capitol i augesyn, sjå minnesmerka over Franklin D. Roosevelt og Martin Luther King og følg oppteljinga minutt for minutt i det nokon meiner kan bli det mest dramatiske presidentvalet i landet si historie. Det blir også høve til å besøke dei unike musea i det store Smithsonian-komplekset. Litt shopping i idylliske Georgetown blir det også tid til. Eller du kan rusle i gatene og utforske den storslegne og vakre byen i ro og mak.

Vi bur sentralt i East End Washington rett nord for regjeringsbygget, ved Union Station.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 2. november – “If you want a friend in Washington, get a dog!”

    Avreise med fly frå Norge, men ein kan også kjøpe turen utan fly.

    Etter at vi har sjekka inn på hotellet, møtest vi til ei bli-kjend-med-kvarandre presentasjonsrunde og velkomstdrink i baren. Eva og Joar held ein "pep-talk" om hovudstadens rolle i amerikansk politikk. "Washington" er alt frå eit skjellsord til eit maktsentrum. Byen er eit knutepunkt der avtalar blir inngått, men også ein stad som er prega av ekstrem konkurranse og dramatiske brot. Som president Truman sa i valkampen for 76 år sidan: "If you want a friend in Washington, get a dog!" Eva og Joar fortel eigne opplevde historier om byen der dei begge har budd, og formidlar udødelege anekdotar frå det politiske livet.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 3. november – “Skjebnevalg - nå igjen?”

    Denne morgonen får vi eit nytt foredrag: “Skjebnevalg - nå igjen?”. Alle val i USA blir skildra som det viktigaste og det dyraste i landet si historie. I tillegg heiter det ofte at kandidatane aldri har vore så brutale og ufine i omtalen av kvarandre, og endå ein gjengangar: aldri har så mykje stått på spel. Det er ikkje alltid dette stemmer, men i år tyder mykje på at det blir eit “skjebneval”. Eva og Joar fortel litt om kva som skal gå føre seg.

    Alt handlar om presidentvalet, men amerikanarane skal også velje representantar til Kongressen , både til Representantanes Hus og Senatet. I elleve statar skal dei velje guvernørar, som er ein slags statsminister i sin stat. I tillegg blir det halde folkerøystingar om viktige lokale spørsmål i dei fleste statane.

    Etter foredraget ruslar vi nokre hundre meter ned til Capitol, eller "the Hill" som er det uformelle namnet på USAs nasjonalforsamling. Den kandidaten som vinn orgondagens val, vil gi eiden her kl. 1200 den 20. januar 2025. Etter all sannsyn er byggearbeida allereie i gang, sjølv om det er "business as usual" innanfor veggene.

    Når vi snur oss, ser vi heile USAs storstove, "the National Mall", med den 169 meter (555 fot) høge obelisken som vert kalla Washington Monument, til minne om USAs første president og landsfader George Washington. Vi spaserer om lag ein kilometer i retning monumentet og skrår over mot Det kvite hus. Både Eva og Joar har vore innanfor portane her,  men kan fortelje at vakthaldet har vorte sterkare, gjerda høgare og avstanden større mellom publikum og president.

    Etter besøket til Det kvite hus er det tid for ein enkel lunsj der ein måtte ønske, gjerne på eitt av dei mange serveringsstadene i Smithsonian-systemet; der vi også anbefaler ei runde i National Museum of American History.

  • Dag 3: Måndag 4. november – “It’s the Democray, stupid!”

    Dagens tekst: “It’s the Democray, stupid!”. Under dette foredraget tek Eva og Joar oss med tilbake til valkampen i 1992. I hovudkvarteret til kandidaten for det demokratiske partiet, Bill Clinton, hang det ein huskelapp med dei tre viktigaste punkta i valkampen. Det andre punktet her var: "It's the economy, stupid". I fråvær av ein velferdsstat har den økonomiske situasjonen i landet alltid vore viktig for amerikanske veljarar. Slik også denne gong. Det har ikkje alltid vore dei store ideologiske motsetningane mellom partia, så mange har latt lommeboka bestemme kven dei til slutt stemmer på. Når det gjeld valet i  år, er det mange som meiner at no står sjølve demokratiet på spel.

    Med storminga av Kongressen den 6. januar 2021, relativt ferskt i minnet etter president Trump sin påstand om at "valet var stole", meiner mange at folkestyret er svekka. Andre hevdar at storminga var naudsynt for å redde demokratiet. Eva og Joar ser på tema i valkampen før og no, og korleis valkampen har blitt påverka av ytre hendingar. Det vert ofte kalla "the October Surprise", som finanskrisa i 2008; men ikkje alltid. I oktober 2016 vart ein svært avslørande video av kandidat Donald Trump offentleggjort. Han uttalte seg fritt og frimodig om kjendisar og sex. Alle trudde at Trump var ferdig, men heller tvert imot! Oppslutninga om den kontroversielle kandidaten auka. Dét var ein ny vri på "the October Surprise".

    Dagens program finn stad i andre enden av byen. Der ligg The Lincoln Memorial, minnesmerket over president Abraham Lincoln. Han la ned forbod mot slaveriet i 1863, og det var på trappa framfor Lincoln-monumentet at Martin Luther King heldt si berømte "I-have-a-dream" tale 100 år seinare. I tillegg vil Eva og Joar vise oss Vietnam-veggen og Korea-monumentet, før vi ruslar over til Martin Luther King-statuen, og held fram rundt den vesle kunstige dammen "The Tidal Basin". Her besøker vi  både det storslegne Franklin D. Roosevelt-komplekset og marmorpaviljongen Thomas Jefferson Memorial, som stod  ferdig i 1943 til ære for grunnlovas far.

  • Dag 4: Tysdag 5. november – Valvake

    Det er valdag i USA, og som vanleg skjer det den første tysdagen etter den første måndagen i november. I foredraget  "USAs president - verdas mektigaste mann" drøftar  Eva og Joar kvifor det er slik. Dei tek for seg historia og livet til dei ulike presidentane, krydra med fleire pikante sideblikk.

    Dagens presidentval er det 60. i rekka, 21 presidentar har vorte attvalde til ein periode nummer to, men berre éin mann, Grover Cleveland, har sete i to ulike periodar. I USA heiter det seg at alle amerikanarar kan bli president, men til no har det vore ein fordel å vere ein kvit mann godt opp i åra,  protestant og gjerne med juridisk embetseksamen frå Harvard eller Yale. Eva og Joar vil snakke om "valbarheit" og forsøke å forklare omgrepet "presidential".

    Etter foredraget besøker vi eit vallokale i hovudstaden og snakkar med veljarane. Ein valdag er ofte ein transportetappe fram mot oppteljinga, så vi nyttar ventetida til politisk sightseeing. Vi kikkar innom Martin's Tavern i Georgetown der senator John F. Kennedy fridde til Jacqueline Bouvier. På ein "Kennedy Walking Tour" er det eit dusin adresser knytta til det seinare presidentparet, og vi ser på nokre av dei. Vi går ned til elva og følgjer gangvegen ned til Kennedy-senteret, før vi kryssar Potomac-elva og oppsøker Kennedys siste kvilestad på Arlington kyrkjegard.

    Tilbake på hotellet slappar vi av før vi følgjer oppteljinga og analysen av resultata fram mot midnatt. Det kan bli både spennande og seint.

  • Dag 5: Onsdag 6. november – “Hvem vant - og hvorfor!”

    Truleg vil det vere mogleg for Eva og Joar å halde foredraget: “Hvem vant - og hvorfor!” om morgonen. Det gjeld både president- og Kongressvalet, dei store overraskingane og dei triste lagnadene. Det er tidleg, men kanskje veit kommentatorar og analytikarar noko om nye tal og tendensar.

    Det vil venteleg kome skuldingar om valfusk og juks, og det vil alltid oppstå noko kluss med teljemaskiner og valkort, så det må Eva og Joar snakke om. Kanskje blir det som i 2000 og 2016 at den som får flest stemmer på landsbasis, ikkje blir president? Kanskje skjer det uventa hendingar eller dramatiske situasjonar?  Det kan også oppstå rørande vakre augeblinkar, som vi ikkje kjenner til no, men som kan prege både valnatta, oppteljinga og dagen etterpå.

    Når brikkene er sånn nokolunde på plass, anbefaler vi anten små attraksjonar som Ford-teateret der president Lincoln vart myrda, eller International Spy Museum som har mykje å by på. Om ein då ikkje føretrekkjer dei litt meir etablerte attraksjonane som National Museum of the American Indian eller Air & Space som er ei hyllest til all luftfart. Om det ikkje er nok alternativ, finst det i alt 20 museum og galleri rundt "the Mall" som inngår i Smithsonian Institutions sitt tilbod.

    Om kvelden samlast vi på ein restaurant nær hotellet vårt. Det blir god stemning når vi feirar siste kvelden for turen.
    (M)

  • Dag 6: Torsdag 7. november – “Veien videre - hva nå?”

    Eva og Joar oppsummerer valresultatet den siste morgonen i USA sin hovudstad. Basert på det vi veit, spør dei: "Veien videre - hva nå?" Dei tek utgangspunkt i den som skal styre USA dei komande fire åra og elles den nye samansetnaden av Kongressen.

    Tradisjonelt har mange amerikanarar stemt på ein presidentkandidat frå eitt av dei to store partia, og kongressrepresentantar frå begge partia. Dei vil at dei to statsmaktene skal kontrollere og balansere kvarandre. Korleis ser det ut no? Høgsterett får ein stadig meir politisk funksjon, kva kan vi forvente av rettens noverande og framtidige samansetnad? Valutfallet kan få store konsekvensar for ulovlege innvandrarar og flyktningar frå Latin-Amerika, men kva med NATO og Europa, Noreg og miljøet, dollarkursen og oljeprisen. Vi sjekkar ut av hotellet, ruslar litt rundt, tek farvel med Washington D.C. for denne gongen og set kursen mot flyplassen.

  • Dag 7: Fredag 8. november – Ankomst Norge

    Torsdagen har vi mellomlanding i Københamn før vi er framme i Norge med flyet.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
2/11OsloWashington D.C.729 950,-BestillMer informasjon
2/11Washington D.C.
Utan flyreise
Meir enn 823 550,-BestillMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo