Skip to main content

Ville vesten & Yellowstone med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

20. - 30. august 2024.
Nasjonalparkar, indianarar og cowboyar.

Vi er glade for å kunne presentere ein skikkeleg cowboytur til den ville vesten. Dette er ein ekte roadtrip gjennom statane Colorado, Nebraska, Sør-Dakota, Wyoming og Montana, der nokre av høgdepunkta blir:

  • Oppleving i Pine Ridge-reservatet og møte med folk frå Oglala-stammen
  • Wounded Knee, der ein av dei verste massakrane av Sioux-indianarar fann stad
  • Badlands nasjonalpark
  • Mount Rushmore med dei fire presidentane utskorne i fjell
  • Crazy Horse-monumentet
  • Sioux-indianarane sitt heilage område i Black Hills
  • Landsbyen Sundance, gjort kjend av The Sundance Kid
  • Landemerket Devil’s Tower
  • Overnatting på westernhotellet The Occidental, der Butch Cassidy har overnatta
  • Little Big Horn, slaget der general Custer døydde
  • Rodeo i cowboybyen Cody
  • Overnatting på Irma Hotel bygd av Buffalo Bill
  • Yellowstone og Teton National Park

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er reiseleiarar på turen. Eva har tidlegare vore korrespondent i USA og har skrive fleire bøker om landet. Joar har lang fartstid som USA-kjennar og journalist. Han har skrive fleire bøker, blant anna “Cowboyer i amerikansk politikk frå Davy Crocket til George W. Bush”. Ekteparet har reist mykje i området der turen vår går. Dei vil fortelje historier og anekdotar om dei kjende namna frå western-historia som Sitting Bull, Jesse James, Wyatt Earp, Annie Oakley Buffalo Bill, general Custer, Calamity Jane, Wild Bill Hickok og mange andre.

Vi kan love ein eineståande tur til eit av dei mest spennande områda i USA. På første delen av turen kjem vi nær innpå samfunnet, kulturen og historia til Sioux-indianarane. Her blir det både omvising på ein av ungdomsskulane deira og på colleget i reservatet. I tillegg blir det høve til å møte og stille spørsmål til representantar frå Ogalala-stammen. På veg vestover møter vi byar som har vore sentrale i westernhistoria og i ei mengd filmar og seriar. Her finn vi blant anna opptaksstaden til serien «Den ville vesten» som var så populær i Norge på 80-talet. Velkommen med på ein skikkeleg ville vesten tur!

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 20. august

    Onsdag morgon møtest vi spente og forventingsfulle på Gardermoen og Flesland før vi går om bord i flyet.

    Frå flyplassen i Denver tek vi buss til hotellet vårt, som ligg like ved flyplassen. På resten av turen vil vi nytte same buss. Vi får oss ei god natt søvn før roadtripen vår startar neste morgon.

  • Dag 2: Onsdag 21. august

    Bussen tek oss først nordover gjennom Colorado, og vidare nordover på den flate Nevraska-prærien. Sidan dette er ein tur med ein del lange køyre-etappar, vil Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen bruke tida på bussen til å fortelje historier og anekdotar om westernhistoria, og det vi opplever undervegs.

    Vårt første stopp blir i småbyen Cheyenne, der vi får strekt på beina og nytta litt fritid. På butikken The Wrangler kan ein sjå på ekte westernutstyr. Museumet Cowgirls of the West Museum ligg også her. Tida kan også brukast til å ete ein matbit på fargerike “Sanford’s Grub & Pub eller besøke det elegante Plains Hotel frå 1911. Langs gatane ser vi flotte Cowboy-støvelkunstverk. Alt dette på få kvartaler – her får vi tid til å trekke inn litt ville vesten-luft luft!

    Vi køyrer vidare nordover og kjem til Fort Laramie, som er vårt neste stopp på turen. Dette er eit historisk anlegg som kastar lys over kavaleriets rolle og betydning. Fortet ligg ved eit krysningspunkt der Laramie-elva møter North Platte-elva. Reisande på Oregon Trail tok ofte pause her, og ein handelsstad vaks raskt fram før området vart fordelt mellom indianarar og kvite. No er vi også nærme området der Zeb Macahan og familien hans frå TV-serien «Den Ville Vesten» budde ein periode før dei drog vidare mot Oregon.

    Om kvelden er vi framme ved hotellet vårt litt utanfor Rapid City. Her skal vi bu dei neste tre nettene. Litt etter ankomst møtest vi igjen for ein god velkomstmiddag. No er vi i hjartet av den ville vesten!
    (F, M)

  • Dag 3: Torsdag 22. august

    Når vi nærmar oss Pine Ridge-reservatet rett over grensa til Sør-Dakota, ser vi at landskapet er skrint utan noko særleg jordbruk. Ogalala-siouxane fekk land her i 1889, og det var vanleg at indianarane fekk det dårlegaste jordbrukslandet. Reservatet er eit av dei største i USA og omfattar fleire counties og småbyar. Eva og Joar gir oss ei oversikt over dei ulike indianarstammane på vegen, og dette får vi høyre om seinare på turen også.

    Vi er så heldige å bli møtt av ein representant frå Oglala-stammen, som skal vise oss rundt på reservatet. Mykje positivt har skjedd her dei siste tiåra, sjølv om dette er eit av dei fattigaste områda i USA, med gjennomsnittleg levealder på 47 år for menn og 52 år for kvinner. På 70-talet fekk dei sitt første college, og i dag er dette eit fullverdig universitet med 4-årig bachelor-grad, og til og med eit masterprogram i leiing. Vi får også sjå ein av dei private ungdomskulane i reservatet, som kan vise til mange elevar som har gått vidare derifrå til gode universitet. Fleire av desse er no tilbake på reservatet som lærarar for å hjelpe andre med å få seg ei god utdanning.

    Denne dagen reiser vi på ein utflukt til Pine Ridge og the Badlands, noko aust for Rapid City. Her besøker vi først Oglala Lakota-høgskulen. Vi møter vår lokale guide og representant frå Oglala Lakota indianerane her. Guiden tek oss med rundt om på skuleområdet. Her må vi gjerne kjøpe med oss suvernirar for å støtte lokalbefolkinga og skulen.

    Turen held fram til monumentet for massakren ved Wounded Knee. I romjula 1890 vart mellom 250 og 300 Lakota Sioux-indianarar, både menn, kvinner og barn, massakrerte av det 7. kavaleri-regimentet. Monumentet ligg i nærleiken av massegrava frå 1890, og vi får høyre frå representanten frå reservatet kvifor dette er ein så viktig stad for Sioux-indianarane i dag.

    Ikkje før i 1990 fekk Sioux-indianarane ei offentleg orsaking frå staten for massakren, men medaljane (Medal of Honor) gjevne til soldatane er framleis ikkje kravde inn att av det offentlege USA.

    Neste stopp er Pine Ridge Visitor Centre i Kyle. Her får vi ein kort presentasjon av historia til Sioux-folket og ser ei utstilling med seks installasjonar som skildrar historia til den lokale stammen. Bygninga vi besøker blir òg nytta av Pine Ridge Area Chamber of Commerce, som kontinuerleg arbeider for å forbetre livskvaliteten til folket i reservatet. Her et vi lunsj samtidig som vi får informasjon om kunstprogrammet dei tilbyr lokalbefolkninga.

    Etter lunsj tek bussen oss nordover til Badlands – eit heilt spesielt fjellområde som har status som nasjonalpark. Ved foten av fjella besøker vi Ben Reifel Visitor Center. Her kan vi få oss nokre enkle forfriskningar og få med oss ulike utstillingar med informasjon om nasjononalparken. Vi er no i ein region med mykje indianarhistorie, men også norsk utvandrarhistorie. Joar og Eva fortel på bussen om korleis nordmennene deltok i, og reagerte, på indianarkrigane.

    Vi stoppar også kort på Wall Drug Store, ein heilt spesiell attraksjon på vegen mot Rapid City. Frå 30-talet tilbaud den vesle butikken gratis isvatn til reisande på hovudvegen I-90, og no stoppar over to millionar menneske kvart år her. Suvernirbutikkar, kaféar og mykje anna har komme til, og det har stått artiklar om den vesle byen både i New York Times og utanlandske aviser.

    Tidleg om kvelden er vi tilbake i Rapid City.
     (F)

  • Dag 4: Fredag 23. august

    Denne dagen kan ein anten bli i Rapid City eller vere med på ein heildagstur med buss til Mount Rushmore og Crazy Horse-monumentet. Prisen (1905 kroner) på heildagsturen er inkludert lunsj, og turen kan bestillast ved påmelding. Vi køyrer sørover i Black Hills, som har vore eit heilagt område for Sioux-indianarane. Før Sioux-indianarane budde det også Cheyennene-, Crow-, Kiowa- og Pawnee-indianarar her.

    Indianarane hadde fått Black Hills i Fort Laramie-avtalen i 1868, men mista det då George Armstrong Custer sitt 7. kavaleri oppdaga gull der, og tusenvis av lukkejegerar strøymde til fjellområda. Det vart også provoserande for indianarane då det i 1927 vart starta arbeid med å meisle ut ansikta til fire presidentar ved Mount Rushmore. No er dette ein av dei mest besøkte stadene i USA med over 2 millionar turistar. Vi stoppar og gir oss tid ved denne berømte attraksjonen.

    Turen går vidare til Crazy Horse-minnesmerket. Dette er ein gigantisk statue som vil måle 195 meter brei og 172 meter høg når den er ferdig. Monumentet vart påbegynt i 1948 som eit direkte svar på Mount Rushmore, og som eit minnesmerke over urbefolkninga si liding i Nord-Amerika. Eva og Joar fortel om kvifor Black Hills var viktig både for indianarane og europearane, og korleis krigane som starta her, leia fram mot slaget ved Little Bighorn.

    Bussen tek oss austover mot Rapid City, og er vi heldige, får vi sjå noko av det varierte dyrelivet i kvitgran- og gullfuruskogane. Her finst både bison, kvithalehjort, mulhjort, prærieantilope, tjukkhornsau og puma.

    Om kvelden tek bussen oss til sentrum av Rapid city. Reiseleiaren vår syner oss fleire stader vi kan ete denne kvelden.
    (F)

  • Dag 5: Laurdag 24. august

    Det er tid for å fortsette turen vestover, og etter frukost på hotellet set vi kursen mot Deadwood.

    Deadwood er ein historisk by i Sør-Dakota, kjend for si ville fortid under gullrushet på 1800-talet. Byen er no ein populær turistdestinasjon med kasino, historiske stader og levande kultur. Neste stopp er Vore Buffalo Jump som er ei tradisjonell jaktgrop som indianarane brukte for å jakte på bøffel. Der jaga dei bøffelflokken utanfor ein bratt skrent. Så tok dei dei daude dyra eller slakta dei som vart skada. Dette var ein viktig del av præriekulturen før dei byrja å stele hestene frå dei kvite.

    Bussen tek oss vidare til den vesle byen Sundance. Det tek ein drøy time dit, og på vegen passerer vi grensa til Wyoming og landskapet flatar ut ein del. I bussen fortel Eva og Joar om kjend frå filmen frå 1969 med Robert Redford.

    På turen vidare vestover køyrer vi forbi Devil’s Tower, eit kjend landemerke for nybyggjarar på veg vestover, og USA sitt første nasjonalmonument i 1906.

    Vi kjem tidleg på dag til idylliske Buffalo, som ligg ved foten av Big Horn-fjella. Her et vi lunsj før vi sjekkar inn på dei to hotella våre. Ein kan velje å bu på historiske Occidental Hotel, der Butch Cassidy, The Sundance Kid, Buffalo Bill og Ernest Hemingway har overnatta (mot tillegg), eller på eit nyare hotell.

    Om kvelden blir det fellesmiddag på Occidental Hotel, og vi anbefaler noko å drikke i hotellbaren etterpå. Der kan ein enno sjå kulehola frå skotvekslingar frå slutten av 1800-talet. Den som mange meiner er den første westernromanen vart også skriven på dette hotellet, «The Virginian» av Owen Wister.
    (F, M)

  • Dag 6: Søndag 25. august

    Etter frukost tek bussen oss nordover langs Bighorn-fjella over grensa til Montana og inn i Crow-indianarane sitt land. Eva og Joar fortel i bussen om kva som førte til slaget ved Little Bighorn 25.-26. juni 1876. Vi køyrer så til Crow Agency, hovudbyen i Crow-reservatet og tek av til minnesmerket for slaget. Her ventar ein lokal guide, som viser oss rundt på slagmarka, der oberstløytnant George Armstrong Custer og 257 andre offiserar og soldatar døydde. Indianarhæren vart leia av Sitting Bull, Crazy Horse og andre kjende høvdingar. Sjølve slaget vart utkjempa over eit stort område, og dei falne på begge sider har fått kvar sin plakett med namnet på, der dei vart funne. Det er også sett opp eit nasjonalmonument over slaget like ved der Custer døydde.

    Felleslunsj på ein restaurant rett ved Little Bighorn. Etter lunsj gir vi oss god tid ved besøkssenteret der ein både kan sjå ein film og høyre på ein Park Ranger fortelje om slaget.

    Turen går vidare vestover forbi Billings, den største byen i Montana, og så sørover til Cody, Wyoming, der vi skal bu i tre netter. Cody er ein ekte «cowboy-by» der ranching framleis er ein viktig del av økonomien, og er kanskje den byen på turen som har gjort mest for å trekkje til seg folk som er interesserte i den-ville-vesten.

    Vi sjekkar inn på historiske Irma Hotel i hovudgata i byen og The Cody Hotel rett utanfor sentrum. Irma Hotel vart bygd av Buffalo Bill i 1902, og fekk namnet til dottera hans, Irma. Når det var ferdigbygd, sa Buffalo Bill at det var «just the sweetest hotel that ever was». Dei som bur her får historiske rom (overnatting mot tillegg i pris). Vi har reservert bord i hotellrestauranten, så dei som vil, kan vere med reiseleiarane dit. Elles finst det mange andre gode restaurantar og steak houses rett ved hotellet.
    (F, L)

  • Dag 7: Måndag 26. august

    Heil dag i Cody. Bussen tek dei som bur på Irma Hoel til The Cody Firearms Museum, der dei møter resten av gruppa. På museet får alle i gruppa velje eit kjent våpen frå westernhistoria som dei kan prøveskyte. Ein kan velje mellom ein Colt-revolver eller ei Winchester-rifle (inkludert i turprisen). Det er også mogeleg å betale ekstra for å prøve fleire ikoniske våpen frå westernhistoria som Smith and Wesson eller det første maskin-geværet, Gatlin Gun. Eigaren av The Cody Firearms Museum var tidlegare engasjert i det historiske museet i byen, og guidar oss gjennom westernhistoria og fortel korleis den teknologiske utviklinga av våpena endra historia. 

    Neste stopp er Old Trail Town som har ei samling med hus frå førre hundreårskifte, inkludert ei hytte der Butch Cassidy og The Sundance Kid budde. I samlinga er der også ei rekkje gjenstandar frå western-historia. Ein «Trail Town» var ein provisorisk by som var sett opp i hu og hast for å tilby essensielle varer og husrom for immigrantane som var på veg vestover.

    Bussen tek oss så til sentrum, der det blir lunsj og god tid på eiga hand på fantastiske Buffalo Bill Center of the West. Dette senteret rommar heile fem ulike museum, blant anna eit historisk museum og eit av dei beste musea i USA om indianarane sin historie og kultur. Vi legg opp til at ein kan bruke så mykje tid ein ønskjer her, og gå på eiga hand tilbake til hotella.

    Om kvelden samlast vi til The Cody Cattle Company, der vi får servert ein skikkeleg cowboy-buffé. Etter middag blir det rodeo og konsert. Dei som bur i sentrum får buss fram, og tilbake igjen etter underhaldninga.
    (F, M)

  • Dag 8: Tysdag 27. august

    Etter frukost på hotellet kan ein denne dagen velje om ein vil vere i Cody eller bli med på ein ekstratur (mot tillegg) til Yellowstone-nasjonalpark. Program og pris for heildagsturen til Yellowstone kjem seinare.

    Cody har mange butikkar og kafear, og fleire små, interessante museum som «The Dug Up Gun Museum» og Cody bymuseum. Vi kan elles anbefale Cody Gunfight, som er eit lite skodespel med westerntema - sjølvsagt med ein revolverduell - som tek plass rett utanfor Irma Hotel. Seinare på kvelden kan dei som ønskjer det, vere med reiseleiarane til Dan Miller’s Cowboy Music Revue, der vi får ein kveld med ekte cowboymusikk.

    Middag på eiga hand. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein restaurant rett ved hotellet. Etter middag anbefaler vi ein tur til den antikke hotellbaren på Irma Hotel. Sjølve bardisken, som er nydeleg utsmykka, var ei gåve frå dronning Victoria av England til Buffalo Bill til opninga av hotellet, og her har mange kjende personar frå westernhistoria teke ein drink.
    (F)

  • Dag 9: Onsdag 28. august

    Opphaldet vårt i Cody er over, og vi er klare til å halde fram reisa vår vestover inn i mektige Yellowstone nasjonalpark. Bussen køyrer langs Shoshone River, og etter kvart kjem vi til Yellowstone Lake. Allereie her ser vi små røykdottar langs bakken, som kjem av dei mange varme kjeldene som parken er så kjend for. Første stopp blir den mest kjende varme kjelda av dei alle – Old Faithful Geyser. Her gir vi oss god tid, slik at vi får med oss eit utbrot frå geysiren. Det blir også tid til å ete lunsj og å sjå seg om på det svært gode besøkssenteret. På senteret kan ein også lære meir om Shoshone-indianarane frå dette området som vart kalla tukudeka, eller saue-etarar, sidan dei først og fremst jakta på villsau. Eva og Joar fortel meir om indianarane og dei første europearane i nasjonalparken.

    Ferda går så sørover i retning ein ny nasjonalpark, Grand Teton National Park. På vegen er det stor sjanse til å sjå dei mange dyreartane i parken. Då Fotefar var der i sist, såg vi både bjørn, bison og ulike typar hjort, så her gjeld det å ha auga med seg!

    Flyet vårt heim igjen til Norge går frå Denver, og på veg dit overnattar vi i Casper, Wyoming. Her blir det først felles middag på ein typisk amerikansk restaurant før bussen tek oss til hotellet vårt i utkanten av byen.
    (F, M)

  • Dag 10: Torsdag 29. august

    Den siste etappen på roadtripen vår går sørover til flyplassen i Denver. Dette er ein lengre etappe med ca. 5 timar køyretid, så Eva og Joar får god tid til å summere opp det vi har sett, opplevd og lært på ferda vår gjennom fem statar.

    Avreise med fly frå Denver om kvelden.
    (F)

  • Dag 11: Fredag 30. august

    Framme i Norge.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
20/8BergenDen ville vestenMeir enn 844 950,-BestillMer informasjon
20/8OsloDen ville vestenFullbooka, venteliste44 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo