Skip to main content

Normandie med Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde

2. - 9. april 2025.

Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur saman med eit triveleg reisefølge? Då kan ei temareise til frodige og vakre Normandie vere midt i blinken for deg.

For oss nordmenn er det verdt å merke seg at namnet Normandie tyder «mennene frå nord». Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og Den andre verdskrig med D-dagen vil du høyre mykje om.

På turen besøker vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå Den andre verdskrig.

Vi er så heldige å ha med oss den kjende språkmannen, professor Sylfest Lomheim, som den eine reiseleiaren og guiden. Han kjenner Normandie godt sidan han underviste på universitetet i Caen i tre år. Den andre reiseleiaren er Rasmus Sunde, som har doktorgrad i historie.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 2. april - Frå Paris til Rouen

    Avreise med fly frå Bergen og Oslo om morgonen. På flyplassen i Paris ventar bussen vår på gruppa. På vegen til Rouen fortel reiseleiarane Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde om Normandie generelt og om språket og historia til denne regionen med sterke røter til Norge og vikingane. Undervegs stoppar vi for ein god lunsjpause og køyrer vidare gjennom eit flott landskap ved elva Seinen. Om ettermiddagen kjem vi til Rouen, som er hovudstaden i Normandie. Vel framme i byen sjekkar vi inn på hotellet vårt, som ligg midt i sentrum.

    Kvelden blir avslutta med fellesmiddag på ein restaurant like ved hotellet. Vi kosar oss med god mat og drikke, allsong under leiing av Sylfest og oppfordrar elles deltakarane til å kome med innslag.
    (M)

  • Dag 2: Onsdag 3. april - Historisk vandring i Rouen

    Vi bruker heile dagen i Rouen og startar om morgonen etter frukost med ei historisk vandring der vi deler reisegruppa i to. Få byar kan vise til ei så spennande historie som Rouen. For oss nordmenn er det verdt å merke seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord eller nordbuane. Saman med vikingar frå Danmark og Norge grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. Men mange historikarar meiner at Gange-Rolv var son til Ragnvald Mørejarl.

    Under den guida vandreturen ruslar vi rundt om i gamlebyen som er som eit stort utandørs-museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorte verdskjend sidan han måla katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Elles skal vi sjølvsagt sjå statuen av Gange-Rolv eller Rollo.

    Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømt for kjetteri i 1431 og brent levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen og seinare har vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Vi kikkar på kyrkja før vi går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekke og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen. Lunsj på eiga hand.

    Resten av ettermiddagen til fri disposisjon. Rouen kan elles by på fleire interessante museum, spesielt eit smijernsmuseum som held til i ei kyrkje frå 1400-talet. Vi kan også foreslå Musée des Beaux-Arts, som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. I tillegg kan vi nemne Musée de la Ceramique – keramikkmuseet.

    Middag på eiga hand om kvelden, men dei som ønsker det, kan gå saman med reiseleiarane til gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 3: Torsdag 4. april - Honfleur, Caen Mémorial, Caen og Bayeux

    Avreise frå hotellet etter frukost. Normandie har eit skiftande og frodig landskap og blir rekna som ein av dei vakraste regionane i Frankrike. Vi køyrer først ut til kysten med besøk i Honfleur. Dette er ein svært sjarmerande by på rundt 8000 innbyggjarar, blant anna fødebyen til komponisten Erik Sate. Her og deler vi reisegruppa i to, og reiseleiarane viser dei største attraksjonane. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei imponerande trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned. Elles gir vi oss god tid i byen, ruslar rundt i dei idylliske smågatene og et gjerne lunsj på ein av dei mange trivelege restaurantane ved hamna.

    Etter lunsj dreg vi vidare til Caen som var residensbyen til Vilhelm Erobraren. Caen er ein av byane i Frankrike som vart mest bomba og øydelagd under krigen. Få av dei gamle bygningane stod att etter krigen, men i sentrum finn vi to markante monument frå Vilhelm si tid, nemleg restane av borga hans og den flotte katedralen Abbaye aux Hommes. Elles er byen nydeleg restaurert med vakker arkitektur og koselege gågater.

    Vi legg opp til eit besøk på det store krigsmuseet Caen Mémorial for dei som ønskjer det (pris ca. 15 Euro). Dette er eit veldig bra museum om Den andre verdskrigen, men også noko om Den første verdskrigen og Den kalde krigen. I tillegg får vi sjå ein film på 25 minutt som handlar om invasjonen i Normandie. Mottoet for museet er: «Aldri meir krig!». I Caen deler vi reisegruppa, der dei som ønsker å sjå krigsmuseet, blir med Rasmus. Dei som heller vil sjå borga til Vilhelm og elles rusle rundt i storbyen, går med Sylfest.

    Etter besøket i Caen køyrer vi til byen Bayeux som er ein idyllisk småby med ca. 15.000 innbyggjarar. Vi sjekkar inn på hotellet, der vi skal bu i fire netter.

    Om kvelden blir det fellesmiddag på hotellet vårt, og vi har eit eige rom under middagen. Vi legg vekt på at vi skal kunne underhalde kvarandre med song og gode historier. Sylfest har med gitaren sin og leiar allsongen.
    (F, M)

  • Dag 4: Fredag 5. april - Guida vandretur i Bayeux, Notre Dame og Bayeux-teppet

    Denne dagen skal vi vere i Bayeux, ein by med mykje historie. Bayeux var svært sentral i vikingtida, og her snakka dei truleg det felles norrøne språket aller lengst. Son til Gange-Rolv, Vilhelm Langspjut, som Snorre Sturlason kalla han, var fødd her. På vandreturen deler vi reisegruppa i to, startar ved hotellet etter frukost og går først til den lokale marknaden og kikkar på folkelivet. Etterpå vandrar vi vidare gjennom dei små gatene til de Gaulle-plassen. Det var nettopp her Charles de Gaulle kom tilbake frå England i juni 1944 og proklamerte det frie Frankrike, då Bayeux var den første byen som vart fri. Like i nærleiken finn vi den storslegne og vakre domkyrkja Notre Dame.

    Etter å ha sett og høyrt om katedralen, er det tid for lunsj på eiga hand før vi møtest att ved hovudinngangen til katedralen for å gå vidare til museet der vi finn det verdsberømte Bayeux-teppet. Dette meisterverket skildrar Vilhelm Erobraren si hærtaking av England, frå planlegginga til det avgjerande slaget og hyllinga som konge over England. Det var halvbror av Vilhelm, biskop Odo av Bayeux, som ville dekorere den nybygde domkyrkja i Bayeux med veggteppet. Han fekk ei gruppe fengsla anglosaksarar til å brodere dette teppet som har 56 ulike scener, er 70 meter langt og ein halv meter breitt. Museet har elles ei stor samling gjenstandar og illustrasjonar frå vikingriket i Normandie. Vi får også sjå ein film om historia til Bayeux-teppet.

    Ettermiddagen til fri disposisjon, men Bayeux har mange museum, og for dei historieinteresserte kan vi nemne Musée Mémorial de la Bataille de Normandie (Minnemuseet for slaget om Normandie) og Mémorial du Général de Gaulle.

    Om kvelden blir det fellesmiddag på ein koseleg lokal restaurant like ved katedralen.
    (F, M)

  • Dag 5: Laurdag 6. april - Minnesmerka frå invasjonen i Normandie

    Heile denne dagen nyttar vi på minnesmerka frå invasjonen i Normandie. Vi startar frå hotellet og køyrer austover til landgangsstrendene for D-dagen 6. juni 1944. Første stopp er Pegasus Bridge like nord for Caen. Deretter stoppar vi i den vesle byen Hermanville-sur-Meir, der vi finn Orlogsgasten. Denne statuen er eit minnesmerke over nordmenn som fall i Normandie under invasjonen. Derifrå køyrer vi vestover landgangsstranda til Arromanches. Her kan dei som vil, sjå ein 360 graders film frå D-dagen og elles besøke Landgangsmuseet. Ein kan også berre rusle rundt i den vesle byen, og tida er inne for lunsj på eiga hand.

    Etter det dreg vi vidare langs stranda til Omaha, der dei hardaste kampane rasa på D-dagen. Her stoppar vi på den amerikanske krigskyrkjegarden før vi køyrer vidare til Pointe du Hoc der tyskarane hadde sterke kystartilleristillingar. Før vi returnerer til Bayeux, køyrer vi innom den tyske krigskyrkjegarden.

    Om kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane hjelper til med å anbefale gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 6: Søndag 7. april - Mont St. Michel

    Etter frukost startar vi på heildagstur til Mont St. Michel. Dette klosterkomplekset med kyrkja og klosteret på toppen av den vesle, pyramideliknande øya må berre opplevast. I Berlitz Store Reiseguider om Frankrike står følgjande: Uansett trosretning bør man en eller annen gang ta en pilegrimsferd til denne kristendommens høyborg.

    Tidlegare kunne ein berre gå tørrskodd til øya ved fjære sjø, men no er det bygd veg. Vi gir oss god tid her. Dei fleste i gruppa vil gjerne få med seg klosteret og kyrkja på toppen av øya (inngangspengar ca. 8 Euro), og midt på dagen er det messe i klosterkyrkja. Andre i gruppa vil kanskje berre rusle rundt på eiga hand. Her er det mange småbutikkar, museum og restaurantar i dei tronge gågatene, og vi tek lunsj på eiga hand. Avreise frå Mont St. Michel til Bayeux og hotellet utpå ettermiddagen.

    Middag på eiga hand om kvelden.
    (F)

  • Dag 7: Måndag 8. april - Bayeux, Giverny, Claude Monet og Paris

    Etter frukost blir det avreise med kurs for Paris. På bussturen vil reiseleiarane fortelje om fransk historie og politikk.

    Vi får ein god stopp i den vesle, vakre byen Giverny og opplever den berømte og praktfulle hagen til målaren Claude Monet. Her gir vi oss god tid og besøker også heimen hans, der vi kan sjå mange av kunstverka hans. Etterpå kan vi kose oss og ete lunsj på ein av dei trivelege restaurantane. Kanskje får vi også med oss besøk på eit av kunstgalleria i byen.

    Etter nokre fine timar i Giverny, er det på tide å sette seg i bussen og køyre mot hotellet i Paris. Her får vi avslutningsmiddag i eige lokale på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 8: Tysdag 9. april - Heimreise

    Hotellet ligg på flyplassen, og vi går samla ca. 700 m til gratis transittlinje som tek oss til terminalen. Avreise med fly om formiddagen til Oslo og Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
2/4BergenNormandieMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
2/4OsloNormandieMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo