Skip to main content

I fotefara til bluesmusikken med JT Lauritsen

3. - 12. oktober 2025

Bli med på ei ugløymande reise i bluesmusikken sine fotefar! Vi dreg til New Orleans der jazzen lever i beste velgåande før i tek turen til Baton Rouge og oppover Mississippi-deltaet. Der er vi innom både Jackson og Clarksdale før reisa vår endar i Memphis. Det blir mange kveldar på både juke joints og bluesbarar. Vi besøker fleire stader som utnemner seg som Bluesens fødestad, bland anna Docery Farms. Vi får ein heil dag med blues på musikkfestival i Helena, besøk på Sun Studios og høve til å besøke legendariske Graceland.

På turen har vi med oss musikar og blues-entusiast Jan Tore Lauritsen. Bandet hans, Buckshot Hunters, er eitt av landets mest renommerte bluesband. Dei har turnert i Europa, USA og Australia. I 2014 fekk Jan Tore den prestisjetunge bluesprisen på Notodden Bluesfestival, og året etter representerte han Norge i European Blues Challenge i Brussel, der dei oppnådde ein tredjeplass. Bandet har også vore semifinalistar under International Blues Challenge i Memphis, USA, der dei konkurrerte med over 260 band frå heile verda.

I 2018 var Jan Tore for første gong nominert til Spellemannsprisen i kategorien blues. Han har reist mykje i Mississippi og Louisiana og har ei brei kontaktflate der. Jan Tore trakterer både trekkspel og  Hammond B3-orgel i tillegg til munnspel, som fleire kallar for blues harp, medan han sjølv nyttar omgrepet Mississippi Saxophone. No i 2025 feirer Jan Tore og bandet  30-årsjubileum med album nummer 10 sidan 1995.

Vi gler oss stort til å ha med JT Lauritsen som musikalsk reiseleiar på denne turen!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 3. oktober - Avreise til New Orleans

    Vi reiser frå Norge om morgonen og kjem til USA og New Orleans om ettermiddagen. På flyplassen blir vi henta av buss og køyrde til hotellet, der vi skal bu i to netter. Byen blir kalla «The Big Easy» på grunn av sin svært avslappa atmosfære. Om kvelden går vi ein tur til Bourbon Street med dei mange musikkstader og restaurantar. Maten her er spesiell med sitt kreolske kjøkken, og denne kvelden vil du kanskje smake på rettane Gumbo eller Jambalaya (Hugs å be om ein mild variant).

  • Dag 2: Laurdag 4. oktober - Frenchmen Street i New Orleans

    Etter frukost tek reiseleiarane gruppa med på ein spasertur i Det franske kvarteret. New Orleans vart grunnlagd av franske kolonistar i 1718 som Nouvelle Orléans. I 1763 gjekk byen over til spansk styre fram til 1803, men vart så seld til USA. Blandinga av ulike nasjonalitetar har gjort New Orleans til ein heilt spesiell by.

    I New Orleans kan ein ete nydeleg mat, feste til langt på natt og høyre på topp musikk mest heile døgnet. Dette er jazzen sin fødestad, og denne musikken er framleis på topp på gatehjørne, i barar og restaurantar. Louis «Satchmo» Armstrong og Fats Domino var begge to frå denne byen. Ukueleg festglede er også eit kjennemerke på reisemålet vårt, noko byens uoffisielle motto, «laissez les bons temps rouler» – «Let the good times roll» understrekar! Den beste musikkgata i byen er etter vår meining Frenchmen Street, som vi sjølvsagt må besøke. Her finn du garantert noko du likar.
    (F)

  • Dag 3: Søndag 5. oktober - New Orleans - Baton Rouge

    Denne morgonen køyrer bussen oss til Baton Rouge, som er hovudstaden i Louisiana. Dette var lenge den nest største byen i staten, heilt til orkanen Katrina slo til. Då flytte mange inn til New Orleans. Vi overnattar i Baton Rouge i ei natt.

    Sjølv om det er søndag, er det ikkje vanskeleg å oppleve musikk! Kanskje finn vi ei gospel-gudsteneste å delta på. Byen har også eit omfattande musikkliv, og om kvelden besøker vi det lokale bluesmiljøet.
    (F)

  • Dag 4: Måndag 6. oktober - Baton Rouge - Jackson

    I dag set vi kursen nordover, og etter kvart kjem vi inn i staten Mississippi og til den vesle byen Hazelhurst. Dette er fødestaden til Robert Johnson, ein av bluesens absolutt største karakterar. Han vart fødd her i 1911 og døydde allereie i 1938, berre 27 år gamal.

    Vidare går turen til hovudstad Jackson, der vi skal overnatte. Byen er den største i Mississippi med omtrent 180 000 innbyggarar. Den er oppkalla etter general og seinare president Andrew Jackson. Om kvelden dreg vi til bluesstaden Hal & Mal’s, som byr på Monday Night Blues. Her et vi middag saman og høyrer på dei mange artistar som opptrer.
    (F, M)

  • Dag 5: Tysdag 7. oktober - Jackson - Clarksdale

    Dette blir ein spennande dag! Vi reiser frå Jackson, og første stoppen er Blue Front Cafe i småbyen Bentonia. Kafeen vart opna i 1948 og er i dag den eldste Juke Joint (eller Blues Cafe) som framleis er i drift. Er vi heldige, treffer vi eigaren Jimmy «Duck» Holmes, sjølv ein fantastisk bluesartist, som no driv staden.

    Derfrå går turen til BB King sin heimby, Indianola. Først besøker vi BB King Museum, som opna i  2008, og deretter et vi lunsj på  klubben hans Club Ebony. Her blir det «live» musikk med lokale musikarar og vår eigen artist, JT Lauritsen.

    Seinare på ettermiddagen kjem vi til «bluesens navle» – Clarksdale, der vi skal bu i tre netter. Knutepunktet i byen er The Crossroad, vegkrysset mellom Highway 61 & 49 og staden der Robert Johnson seier han selde sjela si til djevelen i byte mot å bli ein god gitarist. I Clarksdale kan du oppleve «live» musikk 365 dagar i året, så det er ikkje vanskeleg å finne stader med herleg bluesmusikk! Byen er også vennskapsby med Notodden.
    (F, L)

  • Dag 6: Onsdag 8. oktober - Clarksdale

    Staten Mississippi er sentrum for bluesen, og i dag blir det ein «historietime». Vi nyttar bussen vår for å komme oss rundt, og første stoppestad er Tutweiler. Det var her WC Handy sat og venta på toget då han høyrde ein mann spele slidegitar. Han vert kalla «Father of the Blues», og skreiv sin første blueslåt i 1903. Både John Lee Hooker og Sonny Boy Williamson II er fødde i dette området.

    Deretter går turen sørover til Greenwood, der vi besøker gravsteinen til Robert Johnson. Det vert sagt at Robert Johnson vart forgifta av ein sjalu mann, noko som førte til døden hans.

    Vi reiser derifrå vidare til Dockery Farms, staden som vart etablert i 1895 for å produsere bomull, og som vart eit samlingspunkt for mange som spelte blues. «You might say it all started right here» har BB King sagt, med tanke på bluesen. Her blir det piknik medan vi oppheld oss på den historiske staden.

    Tilbake i Clarksdale, kan vi besøke Delta Blues Museum for å oppleve historia bak musikken og blueslegendene, før vi tek turen til den berømte bluesklubben Ground Zero Blues Club, som er eigd av skodespelaren Morgan Freeman.
    (F, piknik)

  • Dag 7: Torsdag 9. oktober - King Biscuit Blues Festival, Helena

    I dag reiser vi på dagstur til den femte største bluesfestivalen i USA: King Biscuit Blues Festival i Helena, som ligg i delstaten Arkansas. Dette er den 38. utgåva av festivalen, som byrja i 1986. Artistane er enno ikkje klare, men vi lovar deg ein minnerik dag med  store konsertopplevingar!
    (F)

  • Dag 8: Fredag 10. oktober - Clarksdale - Memphis

    Etter frukost set vi kursen nordover mot Memphis og køyrer rett til Sun Studios, platestudioet til Sam Phillips, og staden der rocken vart fødd. Her har legendariske artistar som Elvis Presley, Jerry Lee Lewis og Johnny Cash, blant mange andre, spelt inn platene sine. Vi får ei guida omvising før vi køyrer til hotellet vårt og sjekkar inn. Mange vil nok nytte sjansen å gå den korte vegen til Lorraine Motel, staden der Martin Luther King Jr vart skoten 4. april 1968. Motellet er no gjort om til eit særs godt museum, The Civil Rights Museum.

    Om kvelden tek vi turen til Beale Street, byens musikkgate. Her ligg bluesklubbane tett i tett, og du kan oppleve herleg musikk på til dømes BB King Blues Club, Rum Boogie Cafe eller Blues City Cafe – for å nemne nokre!
    (F)

  • Dag 9: Laurdag 11. oktober - Memphis og Graceland

    I dag kan du velje mellom å utforske byen på eiga hand eller bli med på guida busstur og eit besøk til Graceland – Elvis Presleys heim gjennom mange år (Denne turen er ikkje inkludert i reisepakka og må bestillast før turen). Vi startar med bussturen frå hotellet saman med ein lokal guide. Sightseeinga tek oss til fleire sentrale stader i musikkhistoria til bluesen, men også andre sjangrar som har sitt opphav her.

    Framme på Graceland får vi omvising (audioguide) i huset slik det var då Elvis sjølv budde der. Området der Elvis og hans nærmaste er gravlagde, er òg spesielt. Etter omvisinga kan du utforske dei mange bygningane, sjå filmar, konsertopptak og Elvis-effektar. Sjølvsagt finst det òg fleire suvenirbutikkar.

    Om du blir i byen, finst det mykje å sjå. På Beale Street ligg Memphis Rock’n Soul Museum, og ikkje langt unna hotellet vårt finn du Blues Music Hall of Fame og National Civil Rights Museum. Litt utanfor sentrum ligg STAX Museum. Dette er vår siste kveld i Memphis, så vi gjer oss klare for endå ein tur på Beale Street.
    (F)

  • Dag 10: Søndag 12. oktober - Memphis-Norge

    Det er siste morgonen vår i USA etter ei innhaldsrik reise. Bussen vår tek oss til flyplassen før vi flyr heim.
    (F)

  • Dag 11: Måndag 13. oktober - Tilbake i Norge

    Flyreisa går over natta, og vi kjem til Norge dagen etter avreise.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
3/10OsloNew Orleans og MemphisMeir enn 836 950,-BestillMer informasjon
3/10New OrleansNew Orleans og Memphis
Utan fly
Meir enn 828 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo