Skip to main content

Vandretur på paradisøya Madeira

17. - 24. mars 2026.

Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Same kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ei enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store buskar og tre. Madeira er ei ”dramatisk” øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer. 

Vi skal bu like utafor sentrum av hovudstaden på Madeira, Funchal. Byen står i dag fram som svært moderne og spennande, medan jordbruket for ein god del framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er vanlege reiskapar, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene. 

Vandreturane langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Dei varierer mellom 6 til 11 km, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Alle dagsturane er relativt lette og går på nokså flate stiar. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar. 

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 17. mars - Velkommen til Madeira

    Avreise frå Oslo på ettermiddagen. Vel framme på flyplassen i Funchal, tek bussen oss med til Hotel Girassol i kystbyen São Martino. Hotellet ligg berre 6 minuttars gonge frå stranda og har eit veldig fint uteområde med hage og fleire basseng. Vi kjem fram på hotellet tidleg på kvelden, så vi sjekkar inn og får god tid til ein spasertur i nærleiken av hotellet. 

  • Dag 2: Onsdag 18. mars - Byvandring i Funchal

    Vi et ein god frukost før vi gjer oss kjende med den flotte og sjarmerande hovudstaden på Madeira, Funchal, som ligg svært nær hotellet vårt. Der tek reiseleiaren og den lokale guiden vår oss med på ei byvandring til fots. Denne utflukta gjev eit godt grunnlag for å utforske byen på eiga hand seinare. 


    Vi startar med å gå gjennom gamlebyen i Funchal, med dei smale, brusteinslagde gatene og dei fargerike dørene som vitnar om lange tradisjonar og lokal kreativitet. 

    Vi går gjennom den store marknadshallen og kan beundre mangfaldet av blomster, frukt og grønsaker som er plasserte rundt ein sentral gardsplass. Her er det også smaksprøver på frukter vi aldri har visst om. I same bygning finn vi fiskehallen med dei mange artene som er fiska i denne delen av Atlanterhavet. For oss nordmenn er den svarte, spesielle Espada-fisken den mest eksotiske. Denne fisken bør du absolutt smake på under opphaldet. Vi rusler langs den gamle delen av byen. 

     
    Vidare besøkjer vi eit Madeira-vin hus før vi vandrar forbi Sé-katedralen, ei vakker kyrkje frå 1500-talet med ein arkitektur som speglar av både gotiske og mauriske påverknader. Lunsj på eiga hand, men guiden vår har bestilt bord på ein restaurant til dei som ønskjer å vere med. 

    Etter lunsj tek vi buss til den fargerike botaniske hagen som ligg i utkanten av Funchal. Madeira botaniske hage vart opna i 1960 og dekkjer eit område på 35 000 kvadratmeter. Hagen er heim til over 2 500 planteartar frå heile verda, inkludert eksotiske blomar, tropiske tre og kaktusar.  

    Vi kjem oss tilbake til hotellet, og resten av ettermiddagen står til eigen disposisjon. Denne ettermiddagen kan dei som vil nyte det flotte bassengområdet på hotellet vårt. 

    Vi møtest til eit kort informasjonsmøte om neste dag, før vi et middag på hotellet om kvelden.  
    (F, M) 

  • Dag 3: Torsdag 19. mars - Vale Paraiso og Monte

    Denne morgonen startar vi med tur på levadaen Vale Paraiso. Bussen køyrer oss oppover fjellsida over Funchal. Vandreturen går gjennom den grøne Paradisdalen (Vale Paraiso) med utsikt over sjarmerande og isolerte landsbyar. Langs turen opplever vi forskjellige lukter som eukalyptus, gyvel, eiketre, fennikel, kamelia og mange andre. Det er flott å vandre i denne rike floraen i det vakre og spesielle landskapet. Vandreturen denne dagen er nokså lett med ein distanse på om lag 7 km. Ver obs på at det er noko bratt nedover mot slutten av turen. Vi får i oss litt mat og forfriskingar på vegen i form av matpakke denne dagen. 

     

    Frå Monte nyt vi ei førsteklasses panoramautsikt over Funchal og den storslegne naturen på Madeira. På nedturen frå Monte er det ei stor og populær oppleving å setje seg i ein av dei mange berømte sledane for å skli ned igjen på dei bratte vegane. Desse såkalla Monte-sledane var opphavleg eit transportmiddel for å komme raskt ned fjellsidene til sentrum. Desse fletta korgsledane er forma som sparkstyttingar, og dei blir styrde av to menn som er kledde i kvite klede og stråhattar. For dei som ikkje vågar seg ut på denne attraksjonen, kan ein ta bussen ned til endestasjonen for sledekøyringa, der alle blir plukka opp og transportert attende til hotellet. Dei som vil, kan ta gondolbana som går ned att til Funchal og komme tilbake på hotellet på eiga hand. 

    Denne kvelden kan ein nyte middag på eiga hand, eller ein kan bli med på ei unik musikkoppleving (mogeleg val mot tillegg i prisen – Fado-kveld med treretters middag). Dette er ei ugløymeleg oppleving. Bussen tek oss til ein konserten som varer i om lag ein time. Fado er ein melankolsk og emosjonell musikktradisjon med opphav i Lisboa tidleg på 1800-talet. Denne musikkforma formidlar sterke kjensler av lengsel, kjærleik og tap, og er djupt forankra i den portugisiske sjela. Etter konserten går vi samla til ein god restaurant for ein treretters middag, med drikke til maten. Seinare tek bussen oss tilbake til hotellet. 
     
    (F, L) 

    Torsdag 19. mars - Vale Paraiso og Monte
  • Dag 4: Fredag 20. mars - Levada do Norte og Camara de Lobos

    Vi tek buss frå hotellet etter frukost for å nå utgangspunktet til dagens vandring. Turen går langs den lengste vatningskanalen på øya, med vakker utsikt over sørvest-kysten. Dette er ein moderat tur på om lag 10 km i roleg gonge, på nokså flat sti. 

    Bussen hentar oss ved endepunktet av vandreturen og køyrer oss til Camara de Lobos. Då er vi i det landskapet som Winston Churchill måla under opphaldet sitt på øya. Her er det mange fargerike små fiskebåtar. Om natta legg fiskarane ut for å fange den populære Espada-fisken og andre fiskeslag. På vegen dit stoppar vi i Cabo Girão, der dei som vil, kan betale ein liten sum for å gå ut på eit spektakulære utsiktspunkt. Dette er verdas nest høgste sjøklippe der ein kan sjå lange strekningar av sørkysten av Madeira. 

    Vi organiserer ein stor og velsmakande lunsj i Camara de Lobos (ikkje inkludert). Bussen hentar oss i Camara de Lobos etter lunsj og litt fritid, og køyrer oss attende til hotellet. 

    Denne kvelden nyt vi middag på eiga hand. 
    (F) 

  • Dag 5: Laurdag 21. mars - Busstur rundt øya

    Denne dagen skal vi utforske vestre delen av Madeira, som er både vakker og vill. Bussen køyrer frå Funchal og først austover på øya, der vi får sjå eit fantastisk klippelandskap. Turen går vidare langs nordkysten, der vi verkeleg kan oppleve kva for naturlandskap Madeira har å by på. Vi besøkjer landsbyar med dei karakteristiske husa på øya, blant anna Santana, før vi køyrer forbi São Vicente ved nordkysten. Vi følger kystlinja vidare med ei praktfull utsikt utover Atlanterhavet, til vi når Porto Moniz. 

    Denne byen er kjend for det naturlege havbassenget, som er forma av stivna lava. Her skal vi nyte ein god felleslunsj (inkludert i turprisen). Det blir tid til å utforske byen litt på eiga hand, og det er også mogeleg å ta seg eit bad her, dersom bassenget er ope (dette kjem an på veret og bølgjene). Det kostar om lag 3 Euro for inngangsbillett til badinga. 

    På turen tilbake til Funchal køyrer vi over fjellet på vestsida av øya. Vi held fram  nedover mot den vesle byen Calheta. Her besøkjer vi ein kjend sukkerrøyrfabrikk, der dei produserer rom. Det er mogeleg å kjøpe seg ein smaksprøve her. Vi er også innom ein bananplantasje, før bussen tek oss tilbake til hotellet vårt. På turen vil guiden fortelje litt om historia til Madeira i tillegg til alt det spennande vi ser undervegs.  

    Tilbake på hotellet slappar vi av og kosar oss før vi møtest til eit kort informasjonsmøte om neste dag. Denne kvelden kan ein nyte middag på eiga hand eller bli med reiseleiar til ein god restaurant i nærleiken av hotellet. 
    (F, L) 

    Laurdag 21. mars - Busstur rundt øya
  • Dag 6: Søndag 22. mars - Lombo dos Marinheiros

    Vi startar dagen som vanleg med buss frå hotellet etter frukost. Turen langs levadaen denne dagen er særleg sjarmerande. Her får vi oppleve ei blanding av lokal flora og fauna i tillegg til vakker utsikt, som vi kan sjå mellom dalar og opne marker. Turen er om lag 7 km. Vi tek med oss nistepakke frå hotellet som vi et ved eit fint utsiktspunkt etter vandreturen. 

    Vi samlast til eit kort informasjonsmøte om neste dag, før vi denne kvelden skal oppleve den genuine atmosfæren på Madeira med typisk lokal mat og drikke. Bussen tek oss til ein lokal restaurant der vi får servert ein tre-retters middag. Hovudretten er dei berømte, lange, grillspyda. Under middagen underheld ei lokal folkloregruppe med tradisjonelle songar og dansar. Dei dyktige dansarane er i alle aldrar og vil gjerne at vi deltek. 

    Bussen køyrer oss attende til hotellet om kvelden. 
    (F, L, M) 

  • Dag 7: Måndag 23. mars - Levada dos Maroços

    I dag går vi ein tur på om lag 3 timar i roleg tempo med gode pausar på levadaen dos Maroços, som også vert kalla Mimosa-dalen. Turen er på om lag 6,5 km og går gjennom ein av dei mest frodige dalane på øya. Undervegs på turen kan vi sjå mykje dyrka mark og avlingar, med dei typiske «Poios Madeirenses», altså landbruksterrassar. Vi får sjå folk i aksjon på gardane sine, medan dei utfører sine vanlege arbeidsoppgåver. Turen går også gjennom frodig skog, og vi får til og med fin utsikt over byen Machico. Undervegs finn vi små buer med eksotisk frukt, som det er mogeleg å kjøpe litt frå. 

    Vi har med oss nistepakke frå hotellet denne dagen. Denne et vi på ein passande stad etter vandreturen. Hugs å ta med badekle, då det kan bli mogeleg med eit bad på ei strand i Machico. Vi er tilbake på hotellet i god tid, og då kan ein nytte fritida til å slappe av eller kanskje ta ein tur inn til sentrum av Funchal. 

    Felles avslutningsmiddag på hotellet. 
    (F, L, M) 

  • Dag 8: Tysdag 24. mars - Heimreise

    Tid på eiga hand om morgonen. Kveldsfly frå Funchal til Oslo, og vi er framme i Oslo seint på kvelden. 

  • Viktig informasjon: Informasjon om helsekrav

    Denne turen er ikkje egna for folk med rørslehemmingar.

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
17/3OsloMadeiraMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo