
10.-18. Februar 2026.
Bli med på tur til Egypt og båtreise på Nilen saman med ein av verdas fremste ekspertar på elvas historie, Terje Tvedt. Den siste boka hans, Nilen – historiens elv, fekk strålande kritikkar. Ho vart ein bestseljar og er omsett til mange språk, blant anna til arabisk. Mange har sikkert sett dokumentarfilmen hans på NRK, Kampen om Nilen. Han vil halde ei foredragsrekke om ei fascinerande reise i fortid og notid om den mest sagnomsuste av alle store sivilisasjonsskapande elvar.
Vi både startar og avsluttar denne eventyrlege reisa vår i Kairo, der vi får oppleve fleire av Egypt sine kulturskattar. Her skal vi besøke det nyopna Grand Egyptian Museum, der dei presenterer ei stor samling av gjenstandar og forteljingar frå oldtida. Vi skal også besøke dei imponerande pyramidane i Giza. I tillegg kan dei som ønsker det, få høve til å bli med på ei spanande dagsutflukt til Alexandria, hamnebyen ved Middelhavet. Dette er ein by i utvikling, og ein vil oppleve ei blanding av gammalt og nytt.
Frå Kairo tek vi flyet sørover til Luxor og går om bord i elvebåten vår, MS Jaz Jubilee. På denne delen av turen ventar fleire storslegne tempel, vi skal besøke dei imponerande gravene i Konganes dal og beundre dei majestetiske Memnonstatuane. På reisa vidare oppover Nilen har vi heile skipet for oss sjølve, og undervegs får vi gleda av å lytte til lærerike og engasjerande forelesingar frå Terje Tvedt om Nilen si historie og kulturelle betydning.