Skip to main content

Cruise til Shetland, Hebridane og Military Tattoo med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

31. juli - 6./7. august 2026.

Edinburgh – Shetland – Ytre Hebridane - Edinburgh

Velkommen med på eit innhaldsrikt cruise til øyane i vest med sjanse til å få med seg verdskjende Military Tattoo i Edinburgh!

Vi startar med fly til Edinburgh, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Balmoral. Derifrå går ferda via Troup Head til Lerwick, hovudstaden på Shetlandøyane. Skipet set så kurs vestover mot den vesle fiskelandsbyen Stornoway på Hebridane før vi segler via Dunvansby Sea Stacks tilbake til Edinburgh. Etter cruiset kan ein bestille ein ekstra dag i Edinburgh for å få med seg det berømte Military Tattoo-showet, som ein absolutt bør få med seg minst ein gong i livet!

På denne turen har vi med oss det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen som fagpersonar. Dei vil på ein engasjerande måte halde spennande foredrag og elles lose oss gjennom flotte dagar om bord på cruiseskipet. Dette er ein tur med mange store opplevingar som vi gler oss veldig til!

Søk

Bildegalleri

Om skipet

Balmoral

Vi seglar med skipet Balmoral. Det har 710 gjestelugarar og plass til om lag 1 325 passasjerar. Ombord finn vi fleire restaurantar, barar og salongar, samt to basseng og store opne dekk som eignar seg godt til naturskjøn cruising.

Ein god del av passasjerane reiser med Fotefar. Vi blir mange som reiser for å sjå denne fantastiske reiseruta og høyre foredraga saman.

Viktig informasjon:

På havcruise er vi usett for vêr og andre uforutsette hendingar. Skulle noko oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 31. juli - Vi reiser til Edinburgh

    Avreise frå Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim til Edinburgh. Flytider kjem seinare. Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet vårt (for dei som kjøper reisa med fly).

  • Dag 2: Laurdag 1. august - Edinburgh og om bord på cruiseskipet Balmoral

    Etter frukost på hotellet har vi litt tid før avreise. Meir info om mogelege ting å oppleve denne føremiddagen, kjem seinare. Om ettermiddagen køyrer bussen oss til cruiseskipet i hamna i Rosyth utanfor Edinburgh. Skipet vårt, Balmoral, er for cruiseskip å rekne ganske lite, med 710 lugarar totalt. Lite nok til å ankre opp i mindre hamner på dei skotske øyane, som vi skal få oppleve på denne turen. Dei fleste av dei andre gjestene her er engelske turistar, og det er ein uformell og vennleg atmosfære om bord.

    Etter avgang frå Rosyth får vi det første foredraget av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Her presenterer dei seg sjølve og øyene vi skal til. Vi får høyre om historiske stader og landsdelar med sine særpreg. Det blir også eit informasjonsmøte der reiseleiaren frå Fotefar fortel om kva som ventar oss på den spennande reisa.

    Deretter seglar vi sakte austover gjennom Firth of Forth mot Nordsjøen, og vi møtest i restauranten til den første middagen om bord. Vi har vår eigen del av hovudrestauranten, og kan nyte maten, medan skipet tek fatt på den første etappen. Resten av kvelden og natta går med til å segle mot landemerket, Troup Head.
    (F, M)

    Laurdag 1. august - Edinburgh og om bord på cruiseskipet Balmoral
  • Dag 3: Søndag 2. august – Forbi Troup Head, Moray Firth

    Denne dagen seglar vi langs austkysten av Skottland og ut i rom sjø. Vi legg opp til foredrag av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen med tittelen: England i dag – sorger og gleder i samfunn og politikk.

    På vegen nord tar skipet oss forbi dramatiske klipper med frodige, grøne landskap som strekk seg innover. Vi får sjå landemerket Troup Head som ligg i Skottlands største fjord, Moray Firth som er kjend for sine mange skjulte huler og spektakulære steinformasjonar. Når vi sakte cruisar forbi, vil en kunne sjå at dette landskapet også er tilfluktsstad for tusenvis av sjøfuglar som krykkjer, lomviar og alker, og det er også heimen til Skottlands einaste hekkande koloni av havsuler på fastlandet. I sommarhalvåret kan en òg få auge på nise og kval, viss ein er heldig.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Mandag 3. august – Lerwick på Shetland

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Her har vi tid i land til å bli kjend i den vesle bykjernen. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (ikkje inkludert i turprisen), eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt handling.

    Shetland har dei siste åra fått mykje publisitet gjennom krimserien med same namn. Joar vil nytte tida etter frukost til å prate om britisk krim og etterretning og MI6 i foredraget: Spioner og spionasje – film & virkelighet. Det blir alt frå Ian Flemming og James Bond, John LeCarré og Smiley til «the Cambridge Five» og kommunistsympatiserande overklassegutar som spionerte til fordel for Sovjetunionen under den kalde krigen.  

    Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.

    Etter ein dag på land lettar vi anker og seglar sørvestover. Fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår.  
    (F, L, M)

    Mandag 3. august – Lerwick på Shetland
  • Dag 5: Tirsdag 4. august – Stornoway på Ytre Hebridane

    Mot kvelden og natta segler skipet vestover mot Hebridane og vestkysten av Skottland. Tidleg om morgonen ankrar vi opp i Stornoway, den største byen og hovudstaden på Ytre Hebridane. Byen ligg fint til med ei naturleg hamn i le for vind med landemerket Lewis Castle. På desse øyane snakkar mange skotsk-gælisk, og dei er veldig stolte av kulturen og språket sitt.

    Før vi går i land legg vi opp til eit nytt foredrag. Eva Bratholm har stor kjennskap til litteratur etter fleire år som programleiar av  “Bokbadet” på slutten av 90-talet. Foredraget hennar denne dagen vil handle om klassisk britisk litteratur.

    I Stornoway kan vi anbefale den kjende tweed-produsenten Harris Tweed, der ein kan kjøpe med seg dei klassiske plagga. Destilleriet Abhainn Dearg produserer whisky og gin av høg kvalitet, og desse kan kjøpast frå utsalet deira i Stornoway.

    Om kvelden går båten frå Stornoway, og reisa vår fortset austover. Det blir som vanleg fellesmiddag i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Onsdag 5. august – Til sjøs forbi Duncansby Sea Stacks

    Denne dagen går med til å segle austover langs nordkysten av Skottland. Vi legg opp til foredrag av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen om føremiddagen. Tema blir bestemt seinare.

    Når vi seglar forbi Duncansby Sea Stacks får vi oppleve eit fantastisk landskap. Århundrer med erosjon har forma tårnhøge sjøstabler som stig majestetisk opp frå Nordsjøen, og området er fullt av sjøfuglar som alker, lomviar og lundefuglar som brukar desse særmerkte klippene som hekkeområde. Vanlegvis får vi også sjå dei mange selane som solar seg på steinar i vasskanten.

    Denne kvelden vil Eva og Joar ta oss med på fagleg nachspiel. Her blir det laus jakke og høve til noko godt i glaset. Dei vil kalle underhaldninga «Senkveld med Eva og Joar», og kjem til å snakke om «GB på TV». Vi er godt kjend med britiske fjernsynsseriar, så korleis har desse forma synet vårt på britane? Vi kan tenkje på alt frå «Frå familien Ashton» til «The Crown». Det er vist mykje kvardagsrealsime, men landsbygda blir også idyllisert med Postman Pat, “Med hjartet på rette staden”, via “Med kjærleik for kanaler” og “Forsyte-sagaen” til Brannmann Sam i Pontypandy og Thomas Toget, med fleire.

    Etter føredraget møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Torsdag 6. august – Heimreise eller Military Tattoo i Edinburgh Castle

    Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking frå skipet. Buss til flyplassen for dei som skal heim denne dagen.

    Dei som har meldt seg på ein dag ekstra med billettar til Military Tatoo, tek bussen saman med reiseleiar til Edinburgh Castle om ettermiddagen. Royal Edinburgh Military Tattoo blir kalla «The World's Greatest Show» og over 100 millionar menneske over heile verda får med seg tv-sendingane kvart år. Vi har sikra oss billettar til denne spektakulære førestillinga, der over 1000 menneske deltar frå land over heile verda. Eit fast innslag er «The Massed Pipes and Drums», eit gigantisk 100-manns sekkepipe- og trommekorps sett saman av ulike militære eller halvmilitære avdelingar, som til full jubel frå publikum marsjerer opp og ned esplanaden.

    Eit anna nummer som har vore med sidan starten er «The Lone Piper», ein einsleg sekkepipeblåsar som står på slottsmuren og bles ei hymne ut over byen. Dette skjer heilt mot slutten av showet og er eit av dei store varemerka til Royal Edinburgh Military Tattoo.

    Det er mange andre ting som føregår i Edinburgh under Fringe-festivalen og Edinburgh International Festival, som begge er lagde til august månad. Det er musikk overalt - klassisk muikk, jazz, folkemusikk på pubar og i tillegg mange teaterframsyningar og stand up-show. På ein tidlegare tur opplevde nokre av deltakarane eit teaterstykke på ein liten elvebåt med berre plass til 20 publikum, og dei syntest det var eit av høgdepunkta på turen.

    Buss tilbake til hotellet om kvelden, der ein kan bli med reiseleiarane på restaurant om ein ønskjer det.
    (F)

    Torsdag 6. august – Heimreise eller Military Tattoo i Edinburgh Castle
  • Dag 8: Torsdag 6. august – Heimreise for dei som har bestilt ein ekstra dag i Edinburgh

    Etter frokost på hotellet tar bussen oss til flyplassen (for dei som har kjøpt turen med fly) og vi reiser heim til Norge. Avgangar til Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.
    (F)

  • Viktig informasjon


    • Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.




    •  
    • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.


    •  

     

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
31/7BergenBalmoralMeir enn 825 950,-BestillMer informasjon
31/7BergenBalmoral
Ekstra dag i Edinburgh
Meir enn 831 400,-BestillMer informasjon
31/7OsloBalmoralMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
31/7OsloBalmoral
Ekstra dag i Edinburgh
Meir enn 830 400,-BestillMer informasjon
31/7StavangerBalmoralMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
31/7StavangerBalmoral
Ekstra dag i Edinburgh
Meir enn 832 400,-BestillMer informasjon
31/7TrondheimBalmoralMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
31/7TrondheimBalmoral
Ekstra dag i Edinburgh
Meir enn 832 400,-BestillMer informasjon
31/7EdinburghBalmoral
Utan flyreise
Meir enn 822 450,-BestillMer informasjon
31/7EdinburghBalmoral
Ekstra dag i Edinburgh, utan flyreise
Meir enn 827 900,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo