Denne dagen er det utflukt til øya Mousa (tillegg i pris). Etter frukost køyrer bussen oss søraust over til Leebitton i Sandwick, og derifrå tek vi ferja til øya Mousa, der det er ingen som bur i dag.
Mousa (Mosøy) og Mousa Broch (Mosøyborga) er nemnde både i Egilssoga og Orknøyingsoga. I Egilssoga står det om Bjørn Brynjolvsson frå Aurland som ville gifte seg med Tora Ladhand, systera til Tore Roaldsson i Fjordane. Korkje bror hennar eller far til Bjørn ville late han gifte seg med henne, og han tok henne difor med seg og rømde frå Noreg. Dei kom ut for uroleg sjø og fekk skipet skadd ved øya Mousa, men fekk berga skipet i land. Der flytte dei inn i borga (Mousa Broch).
Om hausten kom det eit skip frå Orknøyane. Folka på skipet fortalde at kong Harald hadde sendt bod om at Bjørn skulle drepast. Bjørn og Tora gifte seg på Shetland og overvintra i Mousa Broch. Så snart våren kom ,og det var råd å segle, for dei nordover. Dei kom til Island og gjekk i land i Borgarfjord, der dei fekk bu på garden til Skallagrim. Med tida vart det forlik mellom Bjørn og Tore, og Bjørn og huslyden hans kunne dra heim att til Sogn.
Vi skal vere på øya i 2-3 timar, så vi har god tid til å vandre rundt og sjå oss om. Tårnet der Bjørn og Tora overnatta står enno, og vandreturen vår på øya går sjølvsagt innom denne attraksjonen.
Transport tilbake til hotellet. Framme på hotellet kan vi kjøpe seg oss sein lunsj eller Afternoon Tea. Dei som ikkje blir med på denne utflukta, kan velje å slappe av på hotellet, ta ein vandretur langs stranda eller rusle rundt i den koselege bygda Brae.
Fellesmiddag på hotellet om kvelden.
(F, M)