Skip to main content

Cruise til Orknøyane, Shetland, Færøyane og Hebridane

med Gunnstein Akselberg og Tore Skeie 

7. – 16. september 2025

Velkommen med på ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. For mange har det vore ein draum å besøke dette området, og det er difor ein av våre mest populære turar. Årets reiserute er heilt spesiell, då vi får besøke både Orknøyane, Shetland, Færøyane, Hebridane og Nord-Irland på ein og same tur! 

Vi startar med fly til Edinburg eller Aberdeen, før bussar tek oss til Dundee der vi overnattar. Morgonen etter mønstrar vi på skipet og set kursen mot Kirkwall på Orknøyane, Lerwick på Shetland, vidare til Runavik på Færøyane og til Scrabster på det skotske høglandet. Skipet seglar så mot Isle of Skye på Hebridane og vestover til Belfast i Nord-Irland. Til slutt endar vi opp i Liverpool. Undervegs blir det kåseri av Gunnstein Akselberg om dei språklege fellestrekka vi har med vesterhavsøyane og Tore Skeie om den norrøne historia til øyane.  

Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Akselberg har vore redaktør for tidsskrifta Namn og Nemne og Nordica Bergensia, og har i mange år hatt språkspalta «Snakk med oss» i NRK Hordaland. Han er også med i programmet «Eides språksjov» på NRK.  

Tore Skeie har skrive fleire sakprosabøker om mellomalder og vikingtid, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid. For denne boka fekk han I 2019 Sverre Steen-prisen frå Den norske historiske foreining for framifrå formidling av historie på høgt fagleg nivå. 

Dette er same cruisebåt som reiser frå Newcastle til Belfast 6.-15. september 2025.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 7. september - Vi reiser til Dundee 

    Avreise frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Bussen vår køyrer oss til hotellet vårt i Dundee for innsjekking. Om kvelden kan ein ete middag på hotellet eller ete på ein restaurant i nærleiken, reiseleiar kjem med anbefalingar.  

  • Dag 2: Søndag 8. september - Dundee og ombordstigning

    Dundee, Skottland sin fjerde største by, med 150 000 innbyggarar. Byen kom på 10 på topp-lista i Lonely Planet si kåring av beste reisemål i Europa, så her er det mykje å sjå og oppleve. Dei som vil, kan bli med reiseleiarane på ein rusletur i sentrumsgatene, og det vert sjanse til både shopping og museumsbesøk. Vi kan anbefale det nye designmuseet og Discovery Point, som er museet til det ikoniske skipet Discovery, som kaptein Scott segla til Antarktisk med. Reiarlaget tilbyr også utflukter med buss (mot tillegg i pris). Meir informasjon om desse kjem seinare.  

    Når vi har fått lugarane våre, har vi tid til å gjere oss kjende med båten før vi samlast til den første middagen saman. Om kvelden set skipet kursen nordover på denne eventyrreisa vår til øyane i vesterled. Tore Skeie og Gunnstein Akselberg kjem i foredraga sine til å snakke om historia til øyane og dei kulturelle og språklege spora etter nordmennene. Ordet vesterled vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridane. Det var særleg norske vikingar som reiste i vesterled. Svenskane drog i austerled over Austersjøen og opp elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie. På byrjinga av 800-talet segla vestlendingar, som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, vidare sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derifrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire smårike i Irland.  
    (F, M) 

  • Dag 3: Tysdag 9. september - Orknøyane

    Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. 

    Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kl. 18.00 i byen. Her er det lagt opp til at vi kan delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget (mot tillegg i prisen). Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans, Magnus Orknøyjarl. Byggjearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie.  

    Vi kan også anbefale to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria. 

    Etter middag i restauranten set skipet kurs sørvest i retning Hebridane. Vi sit som vanleg saman i hjørnet “vårt” i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord. 
    (F, L, M)

  • Dag 4: Onsdag 10. september - Shetland

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Her har vi tid i land til kl. 17.00. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (mot tillegg i prisen), eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt handling.  

    Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Norge til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Norge. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom han til den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.  

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Norege. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.  

    Etter ein dag på land lettar vi anker kl. 17.00 og seglar nordover. Først får vi dagens foredrag frå Gunnstein og Tore. Etterpå møtest til fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår. 
    (F, L, M) 

  • Dag 5: Torsdag 11. september - Færøyane

    Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Norge og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. Vi kjem fram til Runavik på Færøyane om morgonen kl. 09.30, så vi kan følgje med på innseglinga til den grøne, dramatiske kysten frå frukostbordet. Båten vår legg til rett ved sentrumsgatene i den vesle bygda, og her finn ein eit par kafear og butikkar. Ein kan bruke dagen i Runavik, eller bli med på ein av ekskursjonane sette opp av cruise-selskapet (mot tillegg i pris).  

    Færøyane vart koloniserte av nordmenn på 800-talet, og ein meiner at dei første busetjarane kom i tida etter år 825. Desse var hovudsakleg vikingar frå Norge, i tillegg til skottar og irar. Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, i tillegg til ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.  

    Litt ut på ettermiddagen er vi tilbake på skipet igjen, og vi får dagens foredrag frå Gunnstein Akselberg og Tore Skeie. Tema for desse foredraga kjem seinare. 

    Om kvelden møtest vi i delen vår av hovudrestauranten. Medan vi et middag, har skipet kurs sørover, i retning det skotske høglandet. 
    (F, L, M) 

  • Dag 6: Fredag 12. september - Det skotske høglandet

    I løpet av natta har vi segla nesten heilt til det skotske høglandet. Før vi ankrar opp ved Scrabster, blir det foredrag både av Gunnstein Akselberg og Tore Skeie. Vi går i land i 11-tida i den vesle landsbyen med ca. 200 innbyggjarar. Scrabster si naturlige hamn var perfekt for norrøne langskip, og den vart mykje brukt på den tida. I Orknøyingasoga frå 1200-talet vart staden kalla Skarabolstadr.

    Thurso med ca. 8000 innbyggjarar, 2,5 kilometer frå Scrabster, er ein sjarmerande småby med trivelege gater, butikkar og typiske skotske pubar. Her kan ein også gjerne bruke litt tid. 

    Vi kan anbefale ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseselskapet (mot tillegg i prisen). Vanlegvis inkluderer dei eit besøk til ein av whisky-produsentane i området. Desse utfluktene på det skotske høglandet kjem det informasjon om seinare. 

    Etter ein hyggeleg og innhaldsrik dag vert det avreise med skipet om kvelden. Medan vi et fellesmiddag på restauranten vår om bord, tek skipet oss rett vestover langs nordkysten av det skotske høglandet i retning Hebridane. 
    (F, L, M)

  • Dag 7: Laurdag 13. september - Hebridane

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet sørover mellom Hebridane og fastlandet på vestkysten av Skottland. Hebridane har også sterke norske røter. Det gamle norrøne namnet frå då vikingane hadde øyane, var Suðreyjar eller Sørøyane. Namnet plasserte Hebridane i forhold til Norðreyjar eller Nordøyane, som var namnet på Orknøyane og Shetland. Det gæliske namnet på øyane, Innse Gall, tyder utlendingane sine øyar, og viser at det norrøne har hatt ei sterk stilling der over lang tid. 

    Landskapet blir meir gjestmildt dess lengre sør vi kjem, og når vi er ferdige med frukosten, har vi ankra opp i pittoreske Portree, hovudstaden på Isle of Skye, i dei indre Hebridane. Den vesle byen med berre ca. 2000 innbyggarar ligg fint til mellom klipper i ei naturleg hamn på austsida av øya. Det blir god tid til å rusle rundt på eiga hand i den idylliske landsbyen. Ein kan også vere med på ekskursjonar arrangerte av cruiseselskapet innover på øya (mot tillegg i prisen). 

    Det første dokumenterte åtaket frå norske vikingar på Skye var i år 794. Frå slutten av 800-talet kom mange norske innflyttarar. Dei gifte seg ofte med lokale skotske kvinner, men norrønt språk var likevel truleg dominerande. Då ein norsk høvding vart drepen i 1098, invaderte Magnus Berrføtt øya. Det skotske kongedømet prøvde stadig å trenge inn og dominere dei norrøne områda ytst mot Atlanterhavet, noko dei først makta i 1266 etter at kong Håkon Håkonsson døydde. 

    Vi er attende i båten i god tid før avgang. 
    (F, L, M) 

  • Dag 8: Søndag 14. september - Til sjøs

    Vi set kursen mot sørvest, over Irskesjøen mot Belfast, og på vegen passerer vi øyane Iona, Jura og Islay kjend for whiskyen sin. 

    Denne dagen blir det foredrag av Gunnstein Akselberg og Tore Skeie både på formiddagen og før middag.  

    Det blir elles god tid til slappe av og nytte seg av alle fasilitetane på skipet (Nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til The Palladium som viser show på kveldane finst det shopping-senter, bibliotek, arts & crafts-rom, utandørs gå-/joggeløype og kortspel-rom om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe reiseleiarane i løpet av dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambition, med sauna, dampbad, frisør og utandørs symjebasseng. 

    Om kvelden møtest vi i avdelinga vår i hovudrestauranten til middag.  
    (F, L, M) 

  • Dag 9: Måndag 15. september - Belfast

    Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auge på to store, gulmåla kraner kalt Samson and Goliath. Disse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irlands hovudstad på kartet. Det verdskjende skipet Titanic vart bygd her i Belfast, og eit opplevingssenter med ni etasjar fortel om skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, og ein kan sjå mange andre kopiar av gjenstandar frå skipet.  

    Elles har Belfast ei lang og dramatisk historie. Ei normannisk borg vart reist så tidleg som i 1177, men først i 1613 fekk Belfast bystatus, og frå då av kom det mange skottar og walisarar dit. Mot slutten av 1600-talet og ut på 1700-talet innvandra det også mange franske hugenottar. Dei sette i gang med lin-industri, og etter kvart vart Belfast ein viktig industriby.   

    Då Irland vart delt i 1920, vart Belfast hovudstad i Nord-Irland. Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane som har prega byen etter det. 
    (F, L, M)

  • Dag 10: Tysdag 16. september – Liverpool og heimreise

    Dette er siste dag saman på tur, og vi mønstrar av båten og er klare for heimreisa. Avreise med fly tilbake til Norge. Flytider kjem seinare. 
    (F) 

  • Om skipet: Ambition

    Vi seglar med skipet Ambition. Det har 680 gjestelugarar med senger til 1200 passasjerar. Det vart bygd i 1999 med siste oppussing i 2023. Det har 10 gjestedekk og 6 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er teater, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.

    Her ser du dekkplanen:

    Ambition

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/9BergenAmbition2Meir enn 834 950,-BestillMer informasjon
7/9OsloAmbition2Meir enn 833 950,-BestillMer informasjon
7/9StavangerAmbition2Meir enn 834 950,-BestillMer informasjon
7/9TrondheimAmbition2Meir enn 834 950,-BestillMer informasjon
7/9Ambition2
Utan flyreise
Meir enn 829 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo