Skip to main content

Vandretur på Kreta

17. - 24. oktober 2024

Er du glad i vandring og aktiv ferie? Ta ein pause frå den norske hausten og bli med Fotefar til Kreta på vandretur! Her får du i tillegg til sol og varme oppleve det autentiske Kreta med vakker natur, nydeleg mat og landsbyar med historisk sus. Det blir spennande fotturar med vår dugande lokalguide og reiseleiar frå Fotefar. Vandreturane varierer mellom 5 til 7 kilometer og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og frodig landskap. I følgje DNT si gradering fell vandreturane her innunder grøn og blå farge som blir karakteriserte som enkel til middels krevjande. Gode sko med solide solar er nødvendig, og stavar kan vere ei god støtte.

Vi arrangerer dagsutflukt til det verdskjende Knossos-palasset og til oldtidsbyen Aptera. Elles blir det tid til å oppleve øya i sitt eige tempo, senke skuldrane og kose seg under den greske sola.

Vi bur i Agia Marina like i utkanten av den tradisjonsrike byen Chania, som mange meiner er den vakraste på Kreta. Byen har ei spennande historie, ein rik kulturarv og ein pittoresk atmosfære som har tiltrekt reisande i lange tider. Vi bur godt på Thalassa Beach Resort, eit svært populært 4-stjerners hotell berre for vaksne. Hotellet ligg like ved stranda og har fleire fasilitetar som spa-avdeling med ulike behandlingar, innandørs og utandørs symjebasseng, gym, bar og restaurant.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1.: Torsdag 17. oktober - Velkommen til Kreta

    Avreise frå Gardermoen med direktefly om morgonen. Deltakarar frå andre byar ordnar sjølve med reise til Oslo eller kontaktar Fotefar for flytilknytingar. Etter vel fem timar landar vi på flyplassen ved byen Chania. Når vi har fått bagasjen, køyrer bussen vår oss til det flotte hotellet vårt. Her har alle romma eigen balkong. Etter vi har sjekka inn, slappar vi av på romma før vi møtest til eit velkomstmøte. Her vil reiseleiaren frå Fotefar fortelje om opplegget, og det ein kan vere med på gjennom veka.

    Så er det duka for ein flott velkomstmiddag på hotellet. Vi tek ein skål og blir kjende med kvarandre.
    (M)

  • Dag 2.: Fredag 18. oktober – Den frodige kløfta mellom Deliana og Mesavlia

    Vi startar dagen med ein god frukost på hotellet. Deretter får vi ein kort busstur til Deliana, der vi startar den første vandretur som går i eit nokså flatt terreng i botnen av ei stor og open kløft med majestetiske klipper på begge sider. Små bekker renn langs stien, og terrenget kring oss er dermed grønt og frodig. Deliana-kløfta er innlemma i eit naturreservat, og vi får oppleve eit rikt fugleliv her. Vi vandrar den 2,5 kilometer lange kløfta til ende og kjem då fram i Mesavlia. Her stoppar vi ved den sjarmerande kyrkja St. Paraskevi og tek nistepause før vi går den same vegen attende. Denne turen er totalt 5 km lang, tek om lag 3 timar og har ingen utfordrande eller bratte parti. Deltakarane ordnar sjølve nistepakke og drikke på vandreturane.

    Vi tek buss attende til hotellet og har resten av ettermiddagen fri. Her kan det nok freiste med eit svalande bad i havet som framleis har gode temperaturar eller i eitt av symjebassenga på hotellet. Hotellet har solsenger ved bassenget og langs stranda som vi kan nytte. Her kan du kose deg med ein kaffikopp eller eit vinglas og lese i boka di.

    Nokre vil kanskje ta turen inn til sentrum av Chania og sjå seg om her. Det ligg ein buss-stopp ved hotellet. Bussbilletten kostar to euro, og turen tek om lag 20 minutt.

    Om kvelden blir det middag på eiga hand på hotellet eller ute i byen. Reiseleiar tipsar om  kvar ein finn gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 3.: Laurdag 19. oktober - Fridag med moglegheit for guida tur til oldtidsbyane Chania og Aptera

    Dagen startar med ein lang og god frukost på hotellet. Resten av dagen har vi til eigen disposisjon.

    Denne dagen kan vi tilrå å bli med på ei halvdagsutflukt der vi vert betre kjende med oldtisbyane Chania og Aptera. Bussen vår med ein engelsktalande lokal guide hentar oss på hotellet, og vi set kursen nordvest. Undervegs fortel guiden om Kreta og om byane vi skal besøke. Etter vel 20 minutt køyretur stoppar vi i Aptera. Her får vi ein guida tur gjennom dei velhaldne ruinane av det som ein gong var ein av dei største og mektigaste bystatane i den vestlege delen av Kreta.

    Deretter går turen vidare til Chania, som er ein passeleg stor by med om lag 60.000 innbyggarar og er delt i to med den gamle og den nye, meir moderne delen. Sentrum av byen ligg i den nye delen, tett inntil gamlebyen som omkransar den gamle hamna, der det historiske venetianske fortet ligg. Guiden tek oss med på ei historisk vandring i den spennande byen som er påverka av så mange ulike kulturar ved Middelhavet.

    Det bli lunsj på eiga hand i gamlebyen. Den lokale guiden viser oss gode restaurantar med gresk atmosfære. Etter lunsj er det fritid som ein kan nytte til handling i småbutikkar eller ta ein spasertur i den vakre hamna. Kvar laurdag er det  ein stor marknad i gata Minoos som ligg like ved hamna, der dei lokale innbyggarane sel produkta sine. Her kan vi prøvesmake og kjøpe alle mogelege matvarer som oliven, fisk, ostar, grønsaker og fleire sortar eksotiske frukter. Deretter vert det retur til hotellet med bussen vår. (moglegheit for å melde seg på dette kjem seinare).

    Denne kvelden et vi middag på eiga hand. Det er triveleg om deltakarane dannar mindre grupper og et saman. Kanskje er det dagen for ein ekte gresk salat? Kva med grilla fisk rett frå havet, eller kanskje den greske nasjonalretten moussaka?
    (F)

  • Dag 4.: Søndag 20. oktober – Fjell-landsbyen Polyrrhenia

    Etter frukost køyrer bussen oss frå hotellet vestover på øya til den vesle fjell-landsbyen  Sirikari. Dette er utgangspunktet for dagens vandretur. Vi går slakt nedover langs ein fin og tydeleg sti i retning oldtidslandsbyen Polyrrhenia. Denne ruta har vore nytta opp gjennom tidene av gjetarar og bebuarar i avsidesliggande områder for å komme seg til sentrale område. Her beitar geiter framleis fritt rundt oss, og det er koseleg å høyre klangen frå bjøllene deira. Turen går langs ein klukkande bekk i frodig terreng. Vi vandrar  i den kjølege skuggen under dei store kastanje- og platanlønnetrea. Langsmed stien vil vi både sjå og kjenne lukta av den rike floraen her.

    Omsider er vi framme i den vesle landsbyen Polyrrhenia som ligg omlag 500 meter over havet. Her vert det tid til å ete nista vår eller kjøpe lunsj på ein koseleg taverna. Dagens vandretur er totalt på 6 km og er klassifisert som ein heller lett tur med enkelte steinete parti. Vi reknar med å bruke omlag 2,5 timar på  vandringa denne dagen.

     Deretter køyrer bussen oss attende til hotellet. Middag på eiga hand i Agia Marina eller ein kan ta turen inn til Chania og ete der.
    (F)

  • Dag 5.: Måndag 21. oktober – Landsbysti med sjøutsikt

    Bussen og guiden vår hentar oss på hotellet for dagens vandretur. Vi dreg mot landsbyen Nopigana som er utgangspunktet for turen vår. Her følgjer vi stien som går rundt Rodopa halvøya og får utsikt utover havet og Kissamo-hamna på stordelen av turen. Langs vegen passerer vi fleire koselege strender og små kyrkjer. Etter om lag 3 kilometer når vi fram til den vakre landsbyen Ravadoucha. Der stoppar vi litt og returnerer den same vegen. Til slutt endar vi opp ved stranda i Kissamos, der vi kjøler oss ned med eit forfriskande bad! Turen er totalt på  6,5 km og går langs ein relativ flat sti med noko små høgdeforskjellar. Bussen vår køyrer oss attende til hotellet.

    Middag på eiga hand.
     (F)

  • Dag 6.: Tysdag 22. Oktober - Fridag med moglegheit for heildagsutflukt til Knossos

    Denne dagen har vi også til eigen disposisjon på vakre Kreta. Kva med eit besøk på ein av Chanias fargerike marknadar eller ein roleg dag på stranda?

    Alternativt kan ein melde seg på ei spennande dagsutflukt til Knossos (moglegheit for å melde seg på dette kjem seinare). Her vert vi henta på hotellet tidleg om morgonen og set kursen mot Knossos, dette store palasset som vart bygt gradvis opp i tidsrommet mellom 1700 til 1400 f.Kr. Det høyrer til den minoiske sivilisasjonen, som ikkje berre er starten på den greske kulturhistoria, men er vogga til heile den europeiske kulturarven.

    Ruinane på Knossos vart oppdaga i 1878. Ein starta med utgravinga like etter, men det var først kring år 1900 at denne prosessen og restaureringa skaut fart. Berre etter ei kort tid hadde ein avdekka ei kompleks samling av mange rom som var knytte saman i ein labyrint på ein utruleg måte. Etter kvart fann ein om lag 1300 rom der fleire var lager for mat og vin, andre for religiøse og administrative formål og atter andre brukt til bustader.

    Det er imponerande å få innblikk i korleis palasset fekk tilført reint vatn og kva innretningar ein hadde for avfallsvatn og system for kloakk. Alt dette og mykje meir om Knossos får du høyre om på denne turen. Det blir også eit besøk i byen Heraklion og på det verdskjende arkeologiske museet her. Det vert lunsj på eiga hand og fritid i Heraklion før vi returnerer.

    Det er om lag to timar køyretid med buss frå Agia Marina til Knossos. Vi reiser gjennom eit vakkert og variert landskap, så denne turen er i seg sjølv ei naturoppleving. Heile dagsutflukta tek totalt om lag ti timar. Med oss på heile utflukta har vi ein lokal engelsktalande guide.

    Attende på hotellet kan vi slappe av, før det vert middag på eiga hand.

  • Dag 7.: 7 – Onsdag 23. oktober – Vandretur via Agia Irini til sjarmerande Sougia, og flott avskjedsmiddag

    Etter ein god frukost hentar bussen vår oss på hotellet og køyrfer til Agia Irini, som ligg på vestsida av «dei kvite fjella» og vert kalla ein av dei vakraste vandreturane på den vestlege delen av øya. Her finn vi imponerande klipper og interessante geologiske formasjonar. Dette området er også ein del av eit naturreservat, og er kjent for sin store variasjon av biologisk mangfald med fleire plante-artar og eit rikt fugleliv. Er vi heldige, får vi også eit glimt av dei skjeldne kri-kriane; dei greske villgeitene som klatrar oppover dei bratte fjellveggane. Det meste av turen går i skuggen av dei gamle furutrea som også byr på ei herleg duft. Langsmed stien har vi selskap av ein bekk som til sist renn ut i havet ved kystbyen Sougia. Historisk sett har dette området vore viktig for tidlegare innbyggarar. Her var det at dei greske opprørarane gøymde seg for tyrkarane, og det var også her over 1000 kvinner og barn i 1866 rømde og flykta frå det same folket.

    Turen er totalt på 7,5 km og tek totalt tre timar og er noko meir utfordrande enn dei tidlegare vandringane. Vi går nedover og forserer totalt 560 høgdemeter. Stien er tilrettelagd med rekkverk enkelte stader og har toalett undervegs. Her finst også benker ein kan sette seg ned på for ein pust i bakken og litt drikke.

    Bussen vår køyrer oss det siste stykket ned til den sjarmerande vesle landsbyen Sougia. Her er det fleire koselege tavernaer like ved stranda ein kan slå seg ned på for lunsj. Dersom du endå har meir energi, kan vi foreslå ein spasertur langs den over 1 km lange stranda. Hugs badeklede dersom du har lyst til å ta deg ein forfriskande dukkert i det asurblå vatnet her. Etter ein avslappande ettermiddag her vert vi køyrde attende til hotellet vårt.

    Om kvelden samlast gruppa til felles avskjedsmiddag. Her får vi servert ein tre-rettars elegant gresk meny inkludert ei eining drikke. Vi hygger vi oss og snakkar om alt vi har opplevd saman denne siste veka.
    (F, M)

  • Dag 8.: Torsdag 24. oktober - Tid for heimreise

    Så er vi komne til den siste dagen på turen vår. Vi har tid til ein lang og god frukost før vi sjekkar ut av romma. Bussen hentar oss på hotellet og køyrer oss til flyplassen. Fulle av gode opplevingar, ny kunnskap, nye vener og litt solbrende, vender vi nasen heim mot nord med direktefly.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
17/10OsloHellasMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon
17/10Utan flyreiseHellas416 450,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo