Skip to main content

Musikk-cruise til England, Irland og Nord-Irland med Bård Ose og Finn Tokvam

21. - 26/27. april 2026.
Birmingham - Dublin - Belfast - Liverpool.

Velkommen med på eit eineståande musikk-cruise til dei britiske øyane. I vår gjekk radioprogrammet Populærmusikk ispedd litt sladder for siste gong på NRK P1. Det populære laurdagsprogrammet med Bård Ose og Finn Tokvam er over etter 22 år, men no kan du oppleve dei live på ei fantastisk reise til England, Irland og Nord-Irland, der vi besøker fire av dei mest ikoniske musikkbyane i Storbritannia.

Vi startar med fly til London og buss til Birmingham der det blir guida musikkvandring før vi går om bord i cruiseskipet Ambition dagen etter. Derifrå går ferda til Dublin i Irland, vidare nordover til Belfast i Nord-Irland, og så austover til Liverpool, der vi går i Beatles sine fotefar.

Det blir spennande musikkbyar, morosame musikalske anekdotar (ispedd litt sladder) frå Bård og Finn, livemusikk, guida turar og mykje anna å oppleve. Det er berre å glede seg!

Søk

Bildegalleri

Om skipet

Ambition

Vi seglar med skipet Ambition. Det har 680 gjestelugarar med senger til 1200 passasjerar. Det vart bygd i 1999 med siste oppussing i 2023, og har 10 gjestedekk og 6 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.

Ein god del av passasjerane reiser med Fotefar. Vi blir mange som reiser for å sjå denne fantastiske reiseruta og høyre foredraga saman.

Viktig informasjon


  • Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

  • På havcruise er vi usett for vêr og andre uforutsette hendingar. Skulle noko oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 21. april - Fly til London og buss til Birmingham

    Avreise til London frå Oslo og Bergen. Tilslutning frå andre byar på førespurnad. Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet vårt i Birmingham (for dei som kjøper reisa med fly), der vi blir betre kjende med kvarandre før vi startar sjølve cruiset. Birmingham er Storbritannias nest største by med 1,1 millionar innbyggjarar, og har ei rik musikkhistorie.

    Etter ein pause på hotellet er det tid for å oppleve byen. Du kan gå på eiga hand, eller bli med på musikkvandringa (mot tillegg i prisen). Birmingham er ein av dei viktigaste musikkbyane i England, med Black Sabbath og Electric Light Orchestra (ELO) som dei mest kjende banda.

    Våre engelsktalande lokale musikkguidar tek oss til den staselege Town Hall, der Black Sabbath spelte ein legendarisk konsert i 1970. Vi ser Black Sabbath Bridge, den gigantiske mekaniske oksen Ozzy Bull på Grand Central-stasjonen, og det fargerike veggmåleriet på Navigation Street. Til slutt besøker vi The Crown Inn – puben der Black Sabbath spelte sin aller første konsert i 1968, den gongen under namnet Earth. Staden er i dag kjend som «birthplace of heavy metal».

    Undervegs får vi høyre om Birmingham si rolle som smeltedigel for nye sjangrar. Turen endar på utestaden Jam House. For dei som ikkje vil på vandring, går det buss frå hotellet til Jam House, der vi alle møtest. Her får vi det første liveshowet med Bård og Finn. Etter showet et vi middag i lag og nyt livemusikk – ein perfekt start på turen!

  • Dag 2: Onsdag 22. april - Birmingham og cruisebåten Ambition

    Vi et frukost på hotellet før vi sjekkar ut og set oss i bussen. Den tek oss til cruisehamna i Portsmouth. Vi går om bord i skipet i god tid før avreise. Skipet vårt, Ambition, er nyoppussa i 2023 og tilbyr ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.

    Etter avgang frå Portsmouth får vi eit nytt UtePILS-show frå Finn og Bård. Om kvelden møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar vestover langs Englands sørkyst.
    (F, M)

    Onsdag 22. april - Birmingham og cruisebåten Ambition
  • Dag 3: Torsdag 23. april - Ein dag til sjøs - Langs sørkysten av England og inn i Irskesjøen

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og etter frukost får vi eit nytt UtePILS-show av Bård og Finn.

    Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle fasilitetane på skipet. I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gåløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kaféar og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe kvarandre gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambition, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til utandørssymjebasseng og badestampar.

    Før middag møtest vi til eit nytt liveshow med Finn og Bård. Tema kjem seinare.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Fredag 24. april - Dublin

    Vi har heile dagen i hamn. Her er det mogeleg å melde seg på utflukter med cruiseselskapet eller Fotefar (mot tillegg i prisen).

    For dei som vil helde fram med musikktemaet, har vi ei utflukt som går til dei viktigaste stadane i Dublin (mot tillegg i pris). Vi startar med ein kort busstur gjennom byen, der vi blir kjende med både den stolte historia og den moderne no-tida. Vi ser hovudgata O’Connell Street, det imponerande monumentet Spire of Dublin og det historiske GPO-postkontoret – ein sentral stad under kampen for irsk sjølvstende og påskeopprøret i 1916.

    Neste stopp er dei legendariske Windmill Lane Recording Studios, først kjent for innspeling av irsk tradisjonsmusikk. Etter kvart har verdsstjerner som Van Morrison, Sinéad O’Connor, Elvis Costello, The Rolling Stones, The Cranberries, Metallica, Status Quo, Kate Bush, Clannad og ikkje minst U2 spelt inn plater her. På omvisinga får vi sjå spennande teknologi og høyre engasjerande forteljingar om korleis ikoniske album har blitt til.

    Lunsjen nyt vi på The Old Storehouse, ein sjarmerande pub midt i Temple Bar. Her får vi servert tradisjonelle irske rettar i autentiske omgjevnader – ein ekte smak av Irland.

    Etterpå ventar eit besøk til Irish Rock’n’Roll Museum, også det i hjartet av Temple Bar. Museet tek oss med bak kulissane til den irske musikkscena gjennom dei siste 50 åra. Vi får sjå utstillingar om band som U2, Thin Lizzy og The Pogues, og besøker Button Factory – ein ekte konsertscene med studio der artistar som Rihanna og The Script har spelt inn låtar. Her får vi også høyre korleis den irske tradisjonsmusikken har påverka band som The Chieftains, The Waterboys, Clannad, Enya og Gary Moore, og korleis irsk rock har hatt enorm suksess verda over med namn som Van Morrison, Rory Gallagher og U2.

    Dersom ein vil oppleve Dublin på eiga hand, kan ein shoppe eller slappe av med ein kopp kaffi eller ein Guinness på irsk pub. Vi tilrår bland anna eit besøk på det verdskjende Guinness-bryggeriet. Sjølv om det er mange turistar innom portane der, er det likevel ei oppleving.
    (F, L, M)

    Fredag 24. april - Dublin
  • Dag 5: Laurdag 25. april - Belfast

    Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auge på to store, gulmåla kraner kalla Samson og Goliath. Desse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irland sin hovudstad på kartet. Vi legg til kai i Belfast.

    Belfast har eit rikt musikkliv, og dei mest kjende som starta karrierane sine på 60- og 70-talet er kanskje Van Morisson, Gary Moore og Stiff Little Fingers. Vi legg opp til valfrie, guida musikkturar (mot tillegg i prisen) med lokalguidar også denne dagen. Program kjem seinare.

    Ei anna utflukt ein kan få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (seljast av cruiseselskapet). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi går også gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og får elles sjå mange gjenstandar frå skipet.

    Ein kan også utforske byen på eiga hand, og då kan ein ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen.

    Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første omgang var ein politisk strid om nasjonalitet, også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, vart det oppretta sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Dersom ein tek ein hopp på/hopp av-busstur gjennom dette området, kan vi sjå veggmåleria frå denne tida både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål.

    Før middag om bord i skipet blir det eit nytt liveshow med UtePILS. Denne gongen blir temaet Belfast-musikken og den fantastiske musikkbyen vi vaknar opp til i morgon – Liverpool!
    (F, L, M)

    Laurdag 25. april - Belfast
  • Dag 6: Søndag 26. april - Liverpool

    I løpet av natta har skipet kryssa Irskesjøen og segla inn munningen av elva Mersey. Om morgonen går vi i land og set oss i bussane som tek oss til sentrum av Liverpool. Her får du tid til å oppleve byen, anten du har heimreise i dag, eller skal vidare til hotell for ei ekstra natt.

    Liverpool er ein storby som har mykje spennande å sjå og oppleve.

    Vi kan spesielt anbefale The Beatles Story. På dette svært gode museet får vi høyre om heile Beatles si historie, frå før dei slo gjennom til tida etter gruppa vart oppløyst. Det ligg dessutan ved det restaurerte hamneområdet Albert Dock, som er blitt eitt av dei vakraste strøka i Liverpool etter restaureringa. Her er det også mange restaurantar og barar. Vi kan også anbefale det maritime museet ved hamna. Det er ein del av National Museums og har mange ulike utstillingar om Liverpool som sjøfartsby. Ingen britisk by var så viktig for sjøfarten som Liverpool frå 1600-talet og heilt fram til våre dagar. På museet er det også ei avdeling om Titanic, som var registrert i Liverpool.

    Dei som har kjøpt turen med ei ekstra natt i Liverpool, kan melde seg på ei utflukt (mogeleg val, mot tillegg i prisen), den store Beatles-turen med buss rundt i Liverpool. Lokalguiden vår tek oss med til dei kjende Beatles-attraksjonane som Penny Lane, magiske Strawberry Fields og fleire andre stader med tilknyting til The Beatles. Vi får også oppleve det nye infosenteret ved Strawberry Field, og vi besøkjer St. Peter’s Church i Woolton, kyrkja der Lennon og McCartney møttest for første gong.

    Om kvelden anbefaler reiseleiarane koselege restaurantar ved hotellet for dei som har tatt ei ekstra natt i byen. Etterpå tek vi kanskje ein pint på The Grapes Pub der The Beatles brukte å møtast. Dei som vil vere lengre ute denne kvelden, kan teste rockefoten på The Cavern Club eller på ein av dei andre utestadene i Mathew Street. Ein ny bar (Sgt Peppers) med Beatles-tema har opna i den kjende utelivsgata. Her er det både restaurant, eit Beatles-museum og ein konsertstad med coverband som spelar Beatles-musikk, så det kan også vere eit godt alternativ.
    (F)

    Søndag 26. april - Liverpool
  • Dag 7: Måndag 27. april - Valfri ekstra dag i Liverpool

    Dei som har valt å utvide musikkturen med ein dag, får ekstra tid til å oppleve sjarmerande Liverpool.

    Det blir truleg mogeleg å melde seg på Beatles-utflukt også denne dagen (mot tillegg i prisen). Detaljert program for desse utfluktene kjem seinare.
    (F)

    Måndag 27. april - Valfri ekstra dag i Liverpool

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
21/4BergenAmbitionFullbooka, venteliste25 950,-Book på ventelisteMer informasjon
21/4BergenAmbition
Ekstra dag i Liverpool
628 400,-BestillMer informasjon
21/4OsloAmbition124 950,-BestillMer informasjon
21/4OsloAmbition
Ekstra dag i Liverpool
127 400,-BestillMer informasjon
21/4OsloAmbition
Ekstra dag i Liverpool
127 400,-BestillMer informasjon
21/4BirminghamAmbition
Utan flyreise
621 950,-BestillMer informasjon
21/4BirminghamAmbition
Utan flyreise. Ekstra dag i Liverpool
624 400,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo