
21. - 29./30. juni 2026.
Barcelona – Alghero – Ajaccio – Messina – Salerno – Citavecchia (Roma).
Velkommen med på eit innhaldsrikt cruise, der vi får oppleve tre av øyane i Middelhavet som står på mange si “bucket list”, i tillegg til fleire andre spennande område og byar.
Vi startar med fly til Barcelona, der vi har god tid før vi går om bord i cruiseskipet Queen Victoria dagen etter. Derifrå går ferda til Alghero på Sardinia, vidare til Ajaccio på Korsika, og sørover til Messina på Sicilia. Vi får så ein stopp i Salerno med utflukter til Capri og Pompeii før vi kjem fram til Cittavecchia, hamnebyen til Roma.
Historikar og forfattar, Tore Skeie, held foredrag undervegs på båtturen. Han har skrive fleire sakprosabøker om mellomalderen, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid. Mange av dei store sivilisasjonane har oppstått i Middelhavet og både Korsika, Sardinia og Sicilia har vore viktige strategiske øyar å kontrollere opp gjennom historia.
I tillegg har vikingane og etterkommarane deira sett sitt merke på denne delen av Middelhavet. Spesielt på Sicilia, der normannarane skapte eit rike som varde i fleire hundreår. Desse øyane har også ei spennande nyare historie. Napoleon vart fødd på Korsika, og Sicilia er kjend for å vere utspringet for den italienske mafiaen. Sardinia er også svært interessant med sin eigen heilt særmerkte kultur - både når det gjeld språk og musikk. Vi avsluttar turen med stopp i Salerno, der ein kan besøke Pompeii og Napoli, og Roma, der ein kan velje å bli ein ekstra dag.
Det er første gong vi arrangerer eit cruise til desse øyane, og vi ser veldig fram til denne spennande reiseruta! Velkommen med på ein svært innhaldsrik tur til desse vakre øyane i vestlege Middelhavet.