Skip to main content

Fantastiske Færøyane med Dag Lindebjerg

26. mai - 1. juni 2025.

Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Bli med TV-profil og Vesterled-entusiast
Dag Lindebjerg på ein innhaldsrik tur til våre naboar i vest. Dag er journalist frå Bergen og har i mange år vore programleiar både i radio og TV. Etter NRK-serien han laga frå Vesterhavsøyane, ville han gjerne tilbake dit. Han vart kjentmann for grupper av nordmenn som ville over, og mange har hatt glede av å vere med han på kjekke reiser. No kan det vere din tur! Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine store kunnskapar om geografien, historia og folket. 

Den storslegne naturen på Færøyane er ei av årsakene til at National Geographic tidlegare har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggarar har også meir enn særeigen natur å by på. Folka på Færøyane er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv.

Historia til Færøyane er sterkt knytt til Norge, då det lenge var ein del av Norgesveldet. Vår eigen Kong Sverre voks opp her, og vi skal blant anna besøke garden han kom ifrå, Kirkjubøur. Færøyane som består av 18 øyar, er «toppen» av ei undersjøisk fjellkjede. Slættaratindur med sine 880 m.o.h. er det høgste av fjella og eit av turmåla våre denne veka. Vi skal også besøke små bygder som Gjogv, Gasadalur og Gøta, og vi skal bli kjende med den spennande hovudstaden Tórshavn.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 26. mai - Avreise til Færøyane og Tórshavn

    Fly både frå Oslo og via Bergen til Vága flóghavn på Færøyane. Når vi er framme, køyrer bussen oss gjennom vakkert landskap, og Dag Lindebjerg fortel om historia og samfunnet til dette fascinerande øysamfunnet. Framme i Tórshavn sjekkar vi inn på hotellet vårt, og her blir det litt tid til å slappe av eller til å kjøpe seg noko lunsj på eiga hand.

    På ettermiddagen kan dei som ønsker det, bli med Dag på ein byvandretur i sentrum av Torshavn. Den gamle delen av Torshavn med sine mange trehus er veldig flott. Vi skal blant anna ut til Tinganes, staden som har namnet sitt frå Lagtinget, som vart etablert på halvøya i vikingtida. Den eldste norske busetnaden hadde sitt første ting i 825. Ytst på halvøya ligg også Skansapakkhusið, hovudbygningen til regjeringa på Færøyane. Den vakre kvitkalka Domkirkjan ligg også i den eldre delen av Torshavn.

    Om kvelden blir det felles middag på hotellet for å bli betre kjende med kvarandre.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 27. mai - Gjógv og Slættaratindur

    Etter frukost pakkar vi sekken for ein tur nordover til den vesle bygda Gjógv. Vi startar dagen med ein ugløymande busstur i det fantastiske landskapet, før dei som vil, kan bli med Dag Lindebjerg opp til Slættaratindur. Vi går så høgt veret tillét det. Slettaratindur betyr «flat topp» og er det høgste fjellet på Færøyane med sine 880 meter over havet. Vandreturen opp til Slættaratindur er middels vanskeleg og går på tydeleg sti heile vegen. Turen er på om lag 400 høgdemeter. Dei som ikkje vil gå heile turen, kan snu undervegs. Siste 100 meterane (30 høgdemeter) må ein klyve litt i stein/steinur. Det kan vere fint å ha med stavar om du ikkje er van med å gå fjellturar.

    For dei som ikkje er med på fjellturen, vil bussen køyre ned til bygda Gjógv. Her er det små hus, hagar og det koselege hotellet Gjáargarður. Det har både eit lite utsal med suvenirar og ein kafé. I Gjógv finn vi også ei heilt spesiell naturhamn. Bygda ligg vakkert til og har berre godt og vel tjue fastbuande. I aust ligg Atlanteren som nærmaste nabo, og reiser ein nordover, ender ein opp på Svalbard. Vi har med oss ein lunsjpakke frå hotellet denne dagen.

    På ettermiddagen køyrer vi mot Tórshavn igjen, og turen går gjennom fleire vakre bygder. Ei av bygdene vi passerer denne dagen er Funningur, der vikingane først kom i land og slo seg ned.

    Om kvelden er det middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper gjerne til med å finne gode restaurantar.
    (F, L)

  • Dag 3: Onsdag 28. mai - Sørvagur og Gásadalur

    I dag går turen til «flyplassøya» Vagar. Vi skal blant anna besøke små bygder og møte nokre av dei som bur her. Bygdene vi skal innom er Sandavagur, Sørvagur, Bøur og Gásadalur. I Gásadalur finn vi den ikoniske fossen mange har sett på foto frå Færøyane. Og om vêret tillèt det, får vi også sjå Tindholmen, som ligg vakkert til ute i havet. Det blir lunsj undervegs denne dagen.

    Tilbake i Tórshavn er det framleis tid att av ettermiddagen til å utforske byen litt på eiga hand, før det på kvelden er middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper gjerne til med å finne gode restaurantar.
    (F, L)

  • Dag 4: Torsdag 29. mai – Kongsgården Kirkjubøur

    Etter frukost kan ein nytte første del av dagen i Torshavn på eiga hand eller ein kan bli med Dag Lindebjerg på utflukt til øya Koltur. Her er ein av dei eldste busetnadane på Færøyane, kanskje den eldste. Busetnadane har namna «Heime i husi» og «Nord i gjerdet». «Heime i husi» har dateringar frå tidleg på 800-talet, og er dermed den eldste av dei to. Her budde det folk heilt fram til for ca. 50 år sidan. Busetnaden representerer derfor på mange måtar Færøyane si historie. I dag er det berre familien til Bjørn Paturson som bur her, og han har restaurert dei gamle husa med hjelp frå blant anna Universitetet i København.

    Vi blir henta med buss på hotellet som køyrer oss til Gamlarett. Herifrå blir vi frakta i ribbåtar over til den vesle øya Koltur. Dette namnet betyr folen. Dag Lindebjerg er spesielt oppglødd over denne øya, med sitt urørte kulturlandskap. Ute på øya får vi sjå oss rundt i dei gamle gardshusa, og om vêret tillèt det, blir det ein fjelltur. Det vert også ribbåt-tur rundt den litt større naboøya Hestur. Båtturen endar på storgarden Kirkjubøur. Pris for denne utflukta er kr. 2 950,- pr. person.

    For dei som ønsker å bruke første del av dagen i Torshavn, blir gruppa henta med buss på hotellet når det nærmar seg lunsj.

    Lunsjen denne dagen får vi servert på Kirkjubøur, før vi skal ha omvising og historieforteljing av sjølve «kongsbonden» Jóannes Patursson. Kongsgarden har høyrt til same familien i 17 generasjonar. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og det var her vår eigen kong Sverre voks opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus-katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha komme frå Kaupanger i Sogn.

    På ettermiddagen tek vi buss tilbake til hotellet i Tórshavn. Om veret er bra, kan dei som ønsker det,  gå tilbake til hotellet (i overkant av to timar).

    På kvelden vert det middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper til med å bestille bord på førehand.
    (F, L)

  • Dag 5: Fredag 30. mai - Fridag i Tórshavn og Nolsøy

    Etter frukost kan ein bruke denne dagen litt som ein sjølv vil. Nokon vil kanskje bruke dagen i Tórshavn til å handle litt? Nordens Hus er også verdt å besøke. Dette er eit kulturhus med fokus på nordisk musikk, kunst og litteratur. Sjølve huset er verdt merksemd i seg sjølv, då det er designa med både norsk granitt, finske møblar og svensk treverk, for å nemne noko.

    For dei som vil gå tur, blir det høve til å slå følgje med Dag Lindebjerg over til Nolsøy. Denne øya ligg rett utanfor Tórshavn og har eit fint og variert turterreng. Vi tek ferje ut dit (ikkje inkludert i turprisen). Utover dette er det berre å nyte fasilitetar på hotellet og alt det Torshavn har å by på.

    Lunsj og middag på eiga hand. Reiseleiar hjelper til med å finne gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 6: Laurdag 31. mai - Klaksvik og Gøta

    Ny dag og ny busstur nordover. Vi køyrer forbi bygda Gøta, over til øya Bordøy og til byen Klaksvik. Klaksvik er Færøyane sin nest største by og var viktig for mange nordmenn under 2. verdskrig. Vi skal ete lunsj her, og vi tek oss tid til å rusle litt rundt i byen. Som alltid på Færøyane, justerer vi dagen litt etter vêret.

    På veg tilbake til Tórshavn vert det blant anna stopp i Gøta, der vi besøker Gøtu Kirkja og får sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson. Vi legg også opp til ein stopp på garnbutikken Navia.

    Avslutningsmiddag på hotellet vårt. Vi kosar oss med gode historier og oppfordrar deltakarane til å kome med innslag.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Søndag 1. juni - Heimreise

    Dette er dagen for heimreisa. Bussen vår køyrer oss til flyplassen. Fly til Oslo og vidare til Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
26/5BergenFærøyaneMeir enn 825 950,-BestillMer informasjon
26/5OsloFærøyaneMeir enn 825 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
2/5Tysklands vestlege hjarte med Erik Fosnes HansenFrå 19 990,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo