Avreise med fly frå Bergen til Shetland. Gjennom dei neste dagane skal vi bli kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Norgesvelde. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Heilt sidan dei norske vikingane regjerte her, har det vore sterke band mellom Shetland og Norge. Under andre verdskrig vart desse banda knytte endå tettare saman, og framleis er vi nordmenn populære gjester på øyriket i vest.
Framme i Sumburgh byrjar Dag Lindebjerg formidlinga si allereie på i bussen på veg inn til Lerwick. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar, og dette er ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Denne dagen kan det vere lurt å ete lunsj på Flesland, eller ta med seg litt snacks i sekken, då ein ikkje er framme på hotellet før tidleg ettermiddag. Vel framme i Lerwick legg vi opp til ein rusletur i sentrum for dei som vil vere med på det. Kanskje vil nokon kjøpe seg ein sein lunsj på ein av dei koselege kaféane? Eller «take away» Fish & Chips på eit lokalt utsal nede i den gamle hamna.
Om kvelden blir det felles middag på hotellet. Om nokon endå ikkje kjenner seg ferdige med opplevingane denne første dagen, er laurdagskvelden ein bra dag å finne seg ein pub med lokal musikk, då Shetland er kjend for svært god live-musikk.
(M)
Etter ein god frukost køyrer i dag sørover til den vakre øya St. Ninian. Øya er knytt saman med Mainland av ei strand, ein såkalla tombolo, som har sjø på begge sider. På øya finn vi ein gamal ruin av eit kapell datert tilbake til 12. hundretalet. Og om ein spaserer tvers over øya får vi sjå eit dramatiske klippelandskap med Atlanterhavet som næraste nabo. For dei som ikkje vil rusle ut på øya, kan ein bruke tida på stranda.
Vidare køyrer bussen oss til Sumburgh og Sumburgh Head som er det sørlegaste punktet på Shetland. Fyret på Sumburgh Head ligg flott til med klipper på begge sider. På Sumburgh finn vi også mange utgravingar av tidlegare bustader. Jarlshof er den mest kjende av dei. I 1897 vaska ei rekke harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard. Det blir lunsj på Sumburgh Hotel.
Tilbake i Lerwick kan ein slappe av på hotellet og bruke kvelden som ein vil. Kanskje vil ein tinge bord i restauranten på hotellet?
(F, L)
Etter ein tidleg frukost starar vi dagens utflukt som går nordover til øya Unst og byen Haraldsvik. På denne rundtur tek vi ferje til øyane Yell og Unst og får høve til å nyte den vakre naturen frå sjøsida. Haraldsvik har fått namnet sitt fordi Harald Hårfagre kom seglande inn hit i år 875, og det vart den første staden i vest som vart erobra av ein norsk konge. Øya er ein viktig del av den norske historia, og vi skal besøke kopien av vikingskipet og langhuset som er bygd der Harald Hårfagre kom i land.
Vi skal bruke dagen i vakker natur på Unst og besøke bygdene Norwick og Baltasound. I tillegg blir det ein køyretur til fjells dersom veret tillèt det, der kan vi (om vi er heldige) få eit flott utsyn mot fyret på øya Muckle Flugga. Dette er det nordlegaste punktet i Storbritannia. Lunsj undervegs denne dagen.
Tilbake i Lerwick tidleg om kvelden med middag på eiga hand. Ein kan gjerne tinge bord i restauranten på hotellet eller ta ein rusletur inn til sentrum for ein matbit der.
(F, L)
Etter ein god frukost skal vi bruke dagen på den store øya Mainland. Først går turen nord til Lunna, staden der Shetlands-Larsen og gjengen hans hadde basen sin i starten av krigen. Huset dei held til i, ligg tett inntil ei vakker, lita, kvit steinkyrkje, og vi skal ned på kaia for å sjå der dei norske båtane la til. Her har folka i huset venta mang ein gong på å sjå båtane komme seg over frå Norge. I hagen der heng det ein plakett til minne om Shetlandsgjengen. Lunna House er i dag eit privathus.
Etter Lunna køyrer vi sørover i retning Scalloway, byen som vart hovudbasen til Shetlands-Larsen og dei norske som kryssa over frå Norge. Her fekk dei leige seg ein slipp, og vedlikehaldet på båtane vart enklare. Scalloway vart nesten rekna som ein norsk by under krigen. Folket her verna godt om motstandsfolka og båtane som kom frå Norge. Etter kvart samla det seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Shetlands-Larsen, var skipper på 52 av dei. Denne dagen har vi med oss lunsjpakke.
I Scalloway stoppar vi ved monumentet som er reist til minne over nordmenn som miste livet på sjøen i motstandskampen mot tyskarane. Vi skal også kikke på slippen, Prince Olav Slipway, som dei norske båtane nytta under krigen. I tillegg skal vi innom Scalloway museum som også har ei avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.
Om ettermiddagen køyrer bussen oss tilbake til Lerwick. Felles middag på hotellet om kvelden.
(F, L, M)
Etter ein god og lang frukost kan ein bruke dagen som ein sjølv vil. Vi blir verande i Lerwick fram til bussen køyrer oss til flyplassen.
Vi kan anbefale det innhaldsrike Shetland Museum, eller kanskje treng du garn til eit prosjekt du skal begynne på? I Lerwick er det fint å vandre ei runde langs gatene eller kjøpe seg lunsj på ein av dei koselege kaféane? Fleire stadar i sentrum finner du gater og hus du kan kjenne att frå scener i påskekrimen «Shetland». Byen er kjend for nisje butikkar med lokalt utval, så her er det også sjanse til litt shopping. Lokale ølsortar og ginen Shetland Reel er også verd å prøve.
Om veret er bra, er det også mogleg å blir med reiseleiar på rusletur rundt The Knab. Turen startar midt i sentrum, og går vidare inn på ei sti som tek oss langs kystlinja med flott utsyn over til øya Bressay og rett ut i Nordsjøen. Perfekt for ein roleg spasertur, før flyturen vår heim.
På tidleg ettermiddagen køyrer bussen oss til flyplassen på Sumburgh, og så fly tilbake til Norge.
(F)