6. - 9. mai 2025.
Velkommen med på ei reise til vakre Voss og omland i møte med diktarane Per Sivle og Olav H. Hauge. Vi får oppleve landskapet og naturen og høyre historier som har prega diktinga deira. Sivle var fødd i Aurland i Sogn og voks opp ved Stalheim i Voss, medan Hauge budde stordelen av livet på garden sin i Ulvik i Hardanger. Per Sivle er mest kjend for «Den fyrste song», det mektige sogediktet «Tord Foleson» og barneforteljinga «Berre ein hund». Olav H. Hauge vert rekna som ein av dei aller fremste norske lyrikarane. Diktet «Det er den draumen» vart i 2016 kåra til Norges beste dikt gjennom tidene.
Vi er så heldige å ha med Gunnstein Akselberg som kåsør og fagguide. Han er sjølv vossing og vil med sine store kunnskapar og sin lune veremåte lose gruppa gjennom turopplegget. Gunnstein har vore professor ved universitetet i Bergen, men er gjerne mest kjend frå Eides språksjov på NRK.
Det er med ei ekstra stor glede at Fotefar no kan tilby deltakarane eit lokalt Språksjov med Linda Eide og Gunnstein Akselberg på den nokså nyopna Kapellankåken på Voss. Linda Eide er journalist, forfattar og programleiar frå Voss, kjend for program på NRK som «Norsk attraksjon» og Eides språksjov.