Skip to main content

Argentina og Uruguay med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

2. - 12. februar 2025.

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen tek oss med til Evita Peron sitt heimland på denne eksotiske turen til Argentina. Vi får også med oss ein liten smakebit av nabolandet Uruguay, men aller mest skal vi utforske den pulserande metropolen Buenos Aires. Her får vi oppleve dei ulike bydelane, frå fattige og fargerike La Boca, til det pulserande og levande Palermo og det hippe og tradisjonelle San Telmo. I det Paris-liknande strøket Recoleta bur vi godt på eit 4-stjerners hotell. Argentina er tangoen sitt heimland, og det blir tangoshow med tilhøyrande kurs for dei som ønsker det.

På pampasen besøker vi ein ranch med den verdskjende grillmaten frå Argentina på fatet. Under måltidet nyt vi den berømte argentinske vinen, medan vi får eit forrykande tangoshow som blir etterfølgd med eit imponerande rideshow av gauchoane. Ein dag blir det båttur på Rio de la Plata over til Uruguay og byen Colonia del Sacramento som er oppførd på UNESCO si verdsarvliste.

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er med oss på heile turen. Joar har lang fartstid som korrespondent i Sør-Amerika. Han og Eva deler sin lidenskap for og sine kunnskapar om dette kontinentet med oss.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 2. februar - Avreise

    Avreise frå Oslo til Buenos Aires om ettermiddagen. Fly via Frankfurt. Framme i Buenos Aires neste morgon.

  • Dag 2: Måndag 3. februar - Velkommen til Buenos Aires

    Vi landar i Buenos Aires tidleg måndag morgon til sol og sommar. Vi køyrer først til hotellet vårt for å sette frå oss bagasjen, før vi køyrer vidare på sightseeing i millionbyen Buenos Aires.

    Turen går først til bydelen La Recoleta, som er ein av dei mest sofistikerte og dyre distrikta. Bydelen har namn etter fransiskanarklosteret Convento de los Recoletos Descalzos, som bygde ei kyrkje på denne staden på 1700-talet. Den tilhøyrande gravplassen, Cementoria de La Recoleta, er verdskjend og fleire kjende personar, som Evita Peron, er gravlagde her. Vi går forbi kyrkja Nuestra Señora del Pilar i tillegg til Recoleta Cultural Centre og Palais de Glace, eller «Ispalasset», med meir. Rundt desse bygningane ser vi vakre og frodige grøntområde med store, eldgamle tre.

    Vi fortset vidare til bydelen Palermo, med sine kunstnerisk-bohemske og overdådige område til Barrio Parque. Her ligg det kompakte området Palermo Chico, som er eit roleg, prestisjetungt, nabolag der kjendisar, idrettsutøvarar, diplomatar og millionærar bur i store leilegheiter eller herskapshus i tudorstil. I bydelen finn vi også Nasjonalbiblioteket, kunstmuseet MALBA og Parque Tres de Febrero.

    Vi et felles lunsj på Piegari Ristorante.

    Etter innsjekking på hotellet vårt i Recoleta, vert det tid til å slappe av før vi samlast til ein velkomstdrink før vi får velkomstmøte med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Fellesmiddag på ein restaurant etter møtet. Det blir transport med buss.
    (L, M)

  • Dag 3: Tysdag 4. februar - Maiplassen, La Boca og San Telmo

    Frukost og morgonmøte med Eva og Joar, der vi får ein gjennomgang av byen si historie. Vi skal så utforske ulike delar av Buenos Aires, som er hovudstaden i Argentina og den største byen i landet. Han ligg på Atlanterhavskysten ved den breie elva Rio de la Plata, også kalla «Sølvelva», som dannar grensa mellom Argentina og Uruguay. Buenos Aires har rykte på seg for å vere den rikaste og mest europeiske byen i Sør-Amerika. Dette ser vi att både i arkitekturen, kulturen og strukturen i byen. Her er det breie avenyar og store parkar. Ettersom byen også har landet si største hamn, vert innbyggjarane også kalla porteños, som betyr «folk frå hamna». Både byen og landet er dominert av ei spansktalande befolkning, sidan det var spanjolane som koloniserte landet.

    Utflukta denne dagen går først til Maiplassen, eller Plaza de Mayo. Dette er ein grunnleggande stad, og er den politiske og historiske kjernen i byen. Her starta blant anna borgarrettsrørsla av «Mødrene på Maiplassen». Det var dei demonstrerande kvinnene som kravde ei oppklaring av såkalla desaparecidos, eller forsvunne personar, under det argentinske militærdiktaturet. Her får vi også sjå det rosa presidentpalasset, der Evita Peron heldt talane sine frå balkongen til dei trufaste tilhengarar blant landet sine fattige.

    Turen går innom obelisken, som er vorten kjend som symbolet på Buenos Aires, før vi reiser «tilbake i tid». Vi skal til gamlebyen San Telmo, som er godt bevart frå kolonitida. I dette området levde velståande argentinarar saman med fattige innvandrarfamiliar, som kom frå Italia og heile Europa på 1900-talet. Her finn vi mange gamle kyrkjer, vakre hus, museum, antikvitetsbutikkar og bokhandlarar. I hjarta av bydelen Plaza Dorrego arrangerer ein kvar søndag ei stor antikvitetsmesse eller loppemarknad.

    Guiden vår tek oss med til den fattige, men fargerike bydelen La Boca, som på mange måtar er sett på som tangoen sin fødestad. Vi går til fots gjennom nokre av gatene i denne erke-argentinske bydelen og opplever dei fargerike små husa, gateartistar, musikantar og spontan tangodans i gatene. Her ligg La Bombonera, som er Boca Juniors fotballstadion, klubben til Diego Maradonna. Vi besøker det tilhøyrande museet, Boca Museum, og et også lunsj på eiga hand i området. Vi kan foreslå restauranten Gran Paraiso restaurant.

    På vegen tilbake til hotellet, stoppar vi innom og får omvising i den berømte operaen Teatro Colón.

    Middag på hotellet eller på ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet, gjerne saman med reiseleiarane, for dei som ønsker det.
    (F)

  • Dag 4: Onsdag 5. februar - Colonia, Uruguay

    Denne dagen dreg vi ut i båt til Uruguay og besøker den gamle kolonibyen Colonia del Sacramento, som er oppførd på UNESCO si verdsarvliste. Dette er eit mogeleg val mot tillegg i pris. Alle som skal vere med, må hugse å ta med passet sitt. Vi kryssar Rio de la Plata, ei av verdas breiaste elvar, som dannar grensa mellom Argentina og Uruguay. Colonia del Sacramento er ein innbydande by, grunnlagd av portugisarane, og med ein arkitektur som er ei blanding av portugisiske, spanske og postkoloniale stilartar.

    Vi blir plukka opp av bussen vår ved hamna og køyrd rett til ein vingard ute på landet, i Carmelo-området. Her blir det vinsmaking av lokale viner, før vi reiser tilbake til Colonia og et ein god lunsj. Det kan vere lurt å ha med litt å ete i ryggsekken denne dagen, då lunsjen blir noko sein.

    Etter lunsj vandrar vi rundt i byen saman med ein lokal guide og ser blant anna på den vakre, gamle byporten og festninga San Miguel. Deretter går vi opp til fyret Faro de Colonia del Sacramento og får ei glimrande utsikt over byen, elva La Plata,  og vi skimtar Buenos Aires i det fjerne.

    Det blir noko fritid i Colonia før vi dreg tilbake til Buenos Aires seint på kvelden.

    For dei som ikkje blir med på utflukta, er det fritid i Buenos Aires. Reiseleiar kjem med tips til kva ein kan sjå og gjere i byen.
    (F + Tilleggsval inkluderer lunsj)

  • Dag 5: Torsdag 6. februar - Evita-dagen

    Denne dagen skal vi gå i fotefara til Evita Peron. Etter frukost og morgonmøte der Eva og Joar fortel om Argentinas politiske historie og Evita Peron, ser vi på hovudkvarteret for Eva Perón Foundation, der leivningane hennar vart tildekte. Vi går gjennom Luna Park, der Evita møtte Juan Perón, som ho seinare vart gift med, og som vart president i Argentina. Deretter køyrer vi forbi hotellet The Four Seasons, der Madonna budde under innspelinga av den kjende filmen Evita.

    Turen går så vidare til bydelen Palermo. Dette er eitt av dei beste strøka i byen, og namnet stammar frå dei mange italienske innvandrarane til Buenos Aires. Her ligg Evita Perón-museet som vi skal besøke. Det ligg i det største grøntarealet i byen, Parque Tres de Febrero (3. februar-parken), med sin store, kunstige innsjø, idylliske turstiar og vakre rosehagar.

    Vi skal også innom Recoleta, bydelen vi bur i. Det er mange galleri og restaurantar i området, og midtpunktet i bydelen er det store torget framfor inngangen til kyrkjegarden, med den flotte Basilica Nuestra Señora del Pilar like ved. På kyrkjegarden ligg legendariske Evita Peron gravlagd i eit mausoleum av granitt, marmor og bronse. Vi besøker grava hennar som ei fin avslutning på denne Evita-dagen. Bussen køyrer oss tilbake til hotellet, og det er tid for lunsj på eiga hand.

    Ettermiddagen på eiga hand i Recoleta. Middag på hotellet eller på ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet, gjerne saman med reiseleiar, for dei som ønsker det.
    (F)

  • Dag 6: Fredag 7. februar - Buenos Aires

    Etter frukost får vi morgonmøte med Eva og Joar.

    Resten av dagen kan ein nytte til å utforske Buenos Aires på eiga hand. Under opphaldet har du sikkert hatt ønske om å få meir tid til å utforske byen, anten det er marknader, shopping, museum, kunstutstillingar, parkar eller koselege kaféstrøk. Reiseleiar gir også tips til ulike stader ein kan besøke.
    (F)

  • Dag 7: Laurdag 8. februar - El Tigre og Paraná

    Etter frukost og morgonmøte med Eva og Joar dreg vi til landsbyen El Tigre og deltaet ved elva Paraná, som ligg på nordsida av byen. Dette er eit mogeleg val mot tillegg i pris. Vi køyrer blant anna forbi presidentbustaden på veg dit og stoppar i San Isidro, eit elegant bustadområde. Her besøker vi den vakre San Isidro-katedralen i nygotisk stil og torget som er det historiske sentrumet i området. Dette er eit nydeleg område med mange bygningar i italiensk kolonistil.

    Etter bussturen skal vi ut i båt og oppleve dei vakre kanalane ved Paraná-elva. Båtturen startar ved elvemunninga i det sjarmerande området El Tigre, som er eit populært ferieområde for overklassen i Buenos Aires.

    Båtturen er ei flott naturoppleving, og vi får med oss livet i elvedeltaet og dei spesielle husa, som er bygde på dei mange øyane her. Det er eit fantastisk dyreliv her, og området er kjent for sine gode tilhøve for fuglekikkarar. Vi stoppar og et felles lunsj på ein restaurant undervegs.

    Etter båtturen dreg vi tilbake til el Tigre, før det blir retur med buss til Buenos Aires om ettermiddagen.

    For dei som ikkje blir med på utflukta, er det fritid i Buenos Aires. Reiseleiar kjem med tips til kva ein kan sjå og gjere i byen.
    (F + Tilleggsval inkluderer lunsj)

  • Dag 8: Søndag 9. februar - Den argentinske pampasen

    Etter frukost og morgonmøte med Eva og Joar dreg vi på utflukt til den argentinske pampasen (mogeleg val mot tillegg i pris), eit slettelandskap og jordbruksområde som strekker seg i ein radius av nesten 100 mil frå Buenos Aires. Dette området har gjennom hundrevis av år vore heimstad for dei legendariske argentinske cowboyane, såkalla gauchoar. Med den frodige jorda og pampas-kveget, som endar opp som nokre av verdas møyraste biffar, er pampasen nerven i den argentinske økonomien.

    Denne dagen går vi i fotefara til gauchoane når vi besøker ein estancia, som er ein stor argentinsk ranch. Her får vi sjå korleis gauchoane lever og arbeider med gauchoutrusting og hestane dei rir på. Vi får servert ein tradisjonell asado-lunsj med lekkert grilla kjøt og empanadas, som er små halvmåneforma, fylte brød. På estanciaen nyt vi også eit folkloreshow med tradisjonell argentinsk musikk og dans, og vi får ei rideoppvising av gauchoar på ranchen. Det er også mogeleg å prøve ein ridetur sjølv.

    Retur til Buenos Aires om ettermiddagen. Dersom nokon ønsker ein sein middag, kan ein spørje reiseleiar om tips til restaurant.

    For dei som ikkje blir med på utflukta, er det fritid i Buenos Aires. Reiseleiar kjem med tips til kva ein kan sjå og gjere i byen.
    (F + Tilleggsval inkluderer lunsj)

  • Dag 9: Måndag 10. februar - Tangokurs- og show

    Vi startar dagen med frukost og morgonmøte med Eva og Joar.

    Vi slappar av på hotellet og har føremiddagen fri til shopping eller byvandring i Recoleta eller i Palermo, der vi også finn eitt av byens største shoppingsenter. Reiseleiar kjem med råd til kva ein kan sjå og gjere.

    På ettermiddagen dreg vi til tangoklubben El Querandi i Montserrat. Tangomusikken vart til i slutten av det 19. hundreåret i dei sørlege forstadene av Buenos Aires, der det budde innfødde argentinarar, italienarar, spanjolar, afrikanske etterkommarar og folk frå mange andre land. Det var desse folka som utvikla den djupt poetiske og nesten mystiske musikken.

    Klubben El Querandi vart til i 1920, og var ein samlingsstad for forfattarar, kunstnarar og studentar. I dag er det ein ikonisk plass for å få eit tilbakeblikk på gamle dagar, sjå tradisjonell tangodans og ete god mat.

    I tillegg til tangoleksjonen blir det også vinsmaking. Då får vi presentert eit utval av dei fantastiske vinane Argentina produserer. Etterpå blir det ein god middag med tradisjonelt tangoshow til.

    Denne kvelden kan vi bruke til å dele historier og mimre om opplevingane våre på turen. Vi reiser samla tilbake til hotellet etter middagen.
    (F, M)

  • Dag 10: Tysdag 11. februar - Heimreise

    Dette er dagen for heimreise. Vi har tid til å utforske byen på eiga hand før det blir avreise til flyplassen i Buenos Aires på ettermiddagen.
    (F)

  • Dag 11: Onsdag 12. februar - Framme i Norge

    Mellomlanding i Frankfurt på morgonen. Framme i Oslo tidleg kveld.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
2/2OsloArgentinaMeir enn 849 950,-BestillMer informasjon
2/2Argentina
Utan flyreise
841 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo