Skip to main content

Julemarknad, julebord og dans på Oset Fjellhotell

22. - 24. november 2023 

Bli med Fotefar og reiseleiarane Anne Henden og Rasmus Sunde til Oset Fjellhotell. Dette unike hotellet ligg på Golsfjellet midt mellom Hallingdal, Hemsedal og Valdres. Hotellet og området rundt er eit eldorado der ein kan nyte både aktive og avslappande dagar. Oset har i ei årrekke arrangert julemarknad og julebord i førjulstida, og det er nettopp derfor Fotefar har valt å reise hit for ei heimekoseleg ramme rundt julemarknad og julebord for deltakarane våre. Her kan vi senke skuldrane og berre kose oss i godt selskap. Det blir god mat og høve til dans kvar kveld etter levande musikk. Utanfor hotellet er tilhøva fine for ein lett fjelltur for dei som ønsker det.  

Gudrun og Per Jørgen er 5. generasjon som driv hotellet, og dei gjer sitt aller beste for at gjestene skal trivast og kjenne på den gode atmosfæren på hotellet. Slagordet deira er Rausheit og omsorg sidan 1880. 

Deltakarane kan komme seg til Oset Fjellhotel på fleire måtar. Fotefar legg opp til busstransport frå Førde, via Skei, Sogndal og Lærdal. Ein kan ta tog frå Oslo og Bergen, og bli henta med buss på Gol stasjon. For somme passar det best å nytte eigen bil. (Ta kontakt for oppdatert pris dersom du vel denne løysinga.) 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 22. november - Mange vegar fører til Oset Fjellhotell

    Avreise med buss frå Sogn og Fjordane
    Førde Rutebilstasjon kl. 08.15, vidare køyrer vi til Skei (09.05), Sogndal (10.00) og Lærdal (11.15). Vi reknar med å vere framme på Oset ca. kl. 12.45. Det er mogeleg å gå på bussen langs heile ruta. Tilknyting frå andre stader med offentleg transportmiddel til dei nemnde buss-stoppa. Undervegs på bussturen fortel reiseleiar Anne litt om stadene vi køyrer gjennom. Det blir små beinstrekkar, og vi nyttar tida til å bli litt kjende med kvarandre. Kanskje syng vi ein song eller to? Ta gjerne med noko lite å ete då det bli lenge frå tidleg frukost heime til lunsj på hotellet. Vel framme på Oset sjekkar vi inn på hotellet og får tildelt romma våre. Så går vi til restauranten og hygger oss med ein god lunsjbuffét.

    Etter den velsmakande lunsjen har gjerne fleire behov for litt avslapping på rommet, medan andre vil ta seg ein gåtur. Her på Oset har vi turløypene rett utanfor «stovedøra».

    Tog til og frå Gol
    Bussen hentar deltakarar som vel å komme med toget til Gol stasjon. Dette gjer vi på toget som går frå Oslo kl. 12.03 og er på Gol kl. 15.02 og som går frå frå Bergen kl. 11.43 og er framme på Gol kl. 15.43. Togbillett t/r Gol er ikkje inkludert i turprisen.

    Før tre-retters middagen om kvelden møtest gruppa i eit eige lokale der fotefarar og historikar Rasmus Sunde vil fortelje om utvandringa frå Norge til Amerika. Han er ekspert på temaet  og vil halde eit kåseri om dette spennande emnet. Etter kåseriet og tre-retters middag blir det dans etter levande musikk.
    (L*, M)
    *for dei som kjem med buss frå Sogn og Fjordane

  • Dag 2: Torsdag 23. november - Hygge på Oset Fjellhotell

    Etter ein god frukost legg hotellet opp til ein flott julemarknad. Hotellet er pynta og klart for    julehandel. Kanskje vi kan kjøpe med oss noko fint nettopp herifrå? Alternativ kan ein nytte føremiddagen til ein fin tur i fjellheimen. Deretter får vi servert ein såkalla fjell-lunsj med blant anna rømmegraut, spekemat og betasuppe. Etter lunsjen og gjerne noko avslapping på rommet, blir vi med på ein hyggeleg “gammaldags” juletrefest med kaffi og kaker. Så kan vi berre gle oss og sjå fram til kvelden med den stor julebordsmiddagen i restauranten. Vi avsluttar kvelden med dans etter levande musikk!
    (F, L, M)

  • Dag 3: Fredag 24. november - Frukost og heimreise

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut av romma våre. Bussen vår køyrer dei som skal med toget til Oslo og Bergen kl. 10.20 til Gol stasjon. For alle som skal med bussen tilbake til Sogn og Fjordane legg vi også opp til ein tur nedom eit julepynta Gol sentrum og lunsj før vi reiser vestover, med avreise frå Gol ca. 15.00. Vi køyrer same vegen tilbake til Lærdal (stopp på Haabakken), Sogndal, Skei og Førde.
    (F, L*)
    *for dei som kjem med buss frå Sogn og Fjordane

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
22/11Oset Fjellhotell
For dei som kjem med tog til Gol Stasjon
Meir enn 85 590,-BestillMer informasjon
22/11Oset Fjellhotell
For dei som reiser t/r Sogn og Fjordane
Meir enn 86 995,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo