Skip to main content

Kulturreise til vakre tyske byar med Gunnstein Akselberg

18. - 24. mars 2025

Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for fleire av dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie.

Under denne flotte turen bur vi godt og sentralt i musikkbyen Leipzig, der det er relativt korte avstandar med buss til besøk i dei spennande byane Weimar, Dresden, Halle, Eisleben, Eisenach, Torgau og Wittenberg. Under bussturane og på dei aktuelle attraksjonane vil Gunnstein guide og fortelje. I tillegg vil han halde kåseri på hotellet.

På reisa opplever vi viktige stader i Martin Luthers aktive reformasjonsliv. Vi får høyre om korleis arven etter Luther har påverka Europa kulturelt og politisk fram til i dag. Johan Sebastian Bach var fødd og oppheldt seg det meste av livet sitt i området vårt. I Leipzig, Eisenach og Weimar besøker vi viktige stader knytte til Bachs liv og verksemd. Georg Friedrich Händel trødde barne- og ungdomsskoa sine i Halle, der han var fødd og der han fekk musikalske impulsar som prega han resten av livet. Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller, to av dei store kanonane i europeisk litteratur, hadde begge lengre opphald i Weimar der dei spela ei viktig rolle i byens kulturliv.

Historikaren Rasmus Sunde er reiseleiar på turen, og på bussturane vil han snakke litt om tysk historie. Vi satsar elles på å få med oss ein klassisk konsertar av høg kvalitet. 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 18. mars - Frå Bergen og Oslo til Leipzig

    Avreise frå Oslo og Bergen om morgonen. På veg sørover frå flyplassen Berlin Brandenburg fortel Akselberg om Wittenberg, der vi skal ha den første stoppen på turen. Denne byen er rekna som sjølve «reformasjonshovudstaden» då han var eitt av dei viktigaste sentra for tysk politikk, kunst og kultur i det sekstande hundreåret. Reformasjonen starta her i 1517 då Luther etter tradisjonen slo opp dei 95 tesane sine på døra til Slottskyrkja.
    Vel framme i Wittenberg blir det stopp for ein ekte tysk lunsj. Deretter går turen till Slottskyrkja, der vi får sjå døra der Luther spikra opp tesane. Elles kikkar vi på slottet og bykyrkja.

    Når vi kjem fram til storbyen Leipzig, tek vi inn på eit godt hotell som ligg midt i sentrum like ved Hauptbahnhof. Her skal vi bu under heile turen. Alle reisemåla våre ligg omkring Leipzig i ein avstand frå ein halv til eitt par timar med buss, som gjer at det høver godt å reise ut om morgonen og attende om ettermiddagen/kvelden.

    Felles velkomstmiddag på hotellet om kvelden.
    (L, M)

  • Dag 2: Onsdag 19. mars - Leipzig

    Etter ein god frukost møtest vi i konferansesalen på hotellet der reiseleiaren gir informasjon om turopplegget før vi får kåseri av Gunnstein Akselberg. Her vil han gi eit oversyn over området og byane vi skal besøke.

    Leipzig har i mange hundreår vore eit kultursentrum, og Johan Sebastian Bach arbeidde her store delar av livet sitt. På vandreturen vår denne dagen får vi den første stoppen i Nikolaikyrkja som vart grunnlagd i 1165. Denne kyrkja er spesielt kjend for at mange av verka til Bach vart uroppførde nettopp her. I nyare tid er kyrkja kjend for dei såkalla måndagsbønnene som starta opp i 1983, og som så gjekk vidare til måndagsdemonstrasjonane i 1989 mot kommunistregimet i DDR og nådde toppen i oktober med 70 000 fredelege demonstrantar.

    På gåturen vil vi blant anna sjå, og Gunnstein fortelje om det gamle rådhuset på torget, som er eit av dei vakraste tyske eksempla på renessansestilen frå det 16. hundreåret. Vi besøker også Thomaskyrkja, der Johann Sebastian Bach var kantor frå 1723 til han døydde i 1750. Han var også musikalsk leiar og dirigent for det verdskjende Thomanerkoret som har eksistert sidan 1212. I Thomaskyrkja får vi ein liten Bach-konsert. Vi svingar også innom Auerbachs Keller, som er kjent frå Goethe sin tragedie «Faust», der Mephistophles, djevelens utsending, tek Faust med på reisene sine.

    Det vert sett av tid til lunsj på eiga hand i det strøket der Bach pleidde å vanke for å få seg eit godt måltid og noko å drikke. Etterpå går turen vidare, og vi kikkar på det kjende konserthuset Gewandthaus og det vakre operahuset. Rundturen vert avslutta med eit kort besøk i Hauptbahnhof, som ligg like ved hotellet våre. Her er det eit myldrande liv med butikkar, kafear og restaurantar og ein grei stad å ta middagen på eiga hand.

    Leipzig har eit svært rikt musikkliv og har historisk sett vore knytt til Bach, men også til Mendelsohn, Wagner og Schumann. Om kvelden foreslår vi konsert i Gewandthaus eller tilsvarande konsertstad.
    (F)

  • Dag 3: Torsdag 20. mars – Leipzig og Torgau

    Etter ein god frukost startar vi dagen med Gunnstein Akselberg der vi vitjar noteforlaget Peters. Her blir det ei spesiell orientering berre til gruppa vår om Edvard Grieg og tilhøvet hans til Peters, og vi får sjå rommet der pianostykka hans vart «prøvespelte» i samband med trykkingsprosessen. Vi går også innom «Museum für Druckkunst» i Nonnenstrasse 38, der ein framleis kan sjå korleis tidlegare satsar vart produserte og sette. Etterpå tek bussen vår oss i første omgang til utkanten av Leipzig for å sjå på det gigantiske minnesmerket Völkerschlachtdenkmal til minne om folkeslaget i Leipzig i 1813 der Napoleon tapte for dei allierte styrkane frå Russland, Preussen, Austerrike og Sverige. Dette slaget var til då det største i historia.

    Bussen køyrer oss så til den vesle og viktige byen Torgau, som ligg naturskjønt til ved Elben, som her flyt stille og sakte forbi i det flate landskapet. Hovudattraksjonen i byen er Schloss Hartenfells, som er eit av dei vakraste renessanseslotta i Tyskland og var eit politisk sentrum under reformasjonen. Det var også eit av dei mange slotta til den mektige kurfyrsten Friedrich der Weise. Han var ein viktig vernar og alliert av Luther. Dei to, Friedrich og Martin, møttest forresten aldri, men hadde mellommenn. Dette var eit genialt trekk av Friedrich, for utan medverknaden hans, ville vel neppe Luther lukkast. Slottet har elles eit fantastisk flott vindeltrappehus, Wendelstein, som vi skal sjå nærmare på.
    (F)

  • Dag 4: Fredag 21. mars - Eisenach og Weimar

    Etter ein god frukost på hotellet køyrer bussen oss til Eisenach, fødebyen til Johann Sebastian Bach og hovudstaden i delstaten Thüringen. Her besøker vi Bachhaus, som er eit flott musikkhistorisk museum, og der får vi ein liten konsert spela på dei gamle instrumenta. Huset der Bach var fødd, er borte for lengst, men i Bachhaus tek dei vare på Bach-historia i Eisenach.

    I byen står også det flotte Lutherhaus der Martin Luther budde frå 1498 til 1501 då han gjekk på skule i Eisenach. Vi avsluttar opphaldet i denne byen med å ta turen opp til borga Wartburg. Her sat Luther «fanga» etter riksdagen i Worms i april 1521, av di han vart lyst fredlaus av keisaren og måtte gøymast vekk. Tida på Wartburg nytta han til å omsetje Det nye testamentet frå gresk til tysk. Lunsj på eiga hand.

    Dinest køyrer bussen oss til den viktige historiske byen Weimar, byen som har fått namnet sitt knytt til Weimar-republikken, det tyske forsøket på å skape eit parlamentarisk demokrati i perioden 1918 til 1933. I 1933 vart forsøket torpedert av Hitler som det året vart vald som rikskanslar og fekk diktatorisk makt. I Weimar budde både Johann Wolfgang Goethe og Friedrich Schiller, og vi kikar på Goethehaus, Schillerhaus og Schloss Weimar.

    I slottskyrkja der vart mange av verka til Bach urframførde. Slottet er bygd opp att etter ein brann i 1774. I 1999 var Weimar kulturhovudstad i Europa i samband med feiringa av 250-årsdagen for Goethes fødsel.

    Vi gir oss god tid i den vakre byen før vi returnerer til Leipzig med bussen vår. Der kan vi gjerne gå ut saman for å ete middag på ein koseleg restaurant.
    (F)

  • Dag 5: Laurdag 22. mars - Dresden og Meissen

    Etter frukost denne dagen går ferda mot den vesle byen Meissen. Denne byen har eit gamalt slott og ein flott katedral, men er aller mest kjend for det berømte meissenporselenet. Vi besøker porselenmuseet og får innblikk i korleis dei arbeidar her. Undervegs på bussen får får vi eit kåseri av Gunnstein Akselberg. Denne dagen vil han snakke om korleis vi kan sjå spor etter tysk arkitektur, musikk, litteratur og biletkunst i Norge.  

    Frå Meissen er det berre ein kort køyretur til Dresden, hovudstaden i delstaten Sachsen. Denne byen var berømt for å vere ein av ei vakraste byane i Nord-Europa. Elbflorenz vart han kalla. Kunstnarar og intellektuelle søkte til byen, og blant mange andre oppheldt vår eigen målar J.C. Dahl seg her om vintrane.

    Mot slutten av krigen var Dresden den einaste av dei større byane i Tyskland som ikkje hadde vorte utsett for allierte bombinga. Mange søkte difor til byen då ein meinte at dei allierte ikkje ville bombe byen på grunn av alle kulturskattane. I tidsrommet 13.- 15. februar 1945 vart byen likevel bomba slik at store delar av sentrum vart øydelagd og mellom 20 000 og 25 000 menneske vart drepne av 400 000 brannbomber som jamna Dresden med jorda.

    I Dresden skal vi vitje «Gemäldegallerie Alte Meister» med berømte bilete av Vermeer, Cranach, Rembrandt, Rubens, Raphael, Titian, Canaletto, Holbein, osb. Vi skal ògså kikke på barokkanlegget Zwinger og den gjenoppbygde Frauenkirche som vart fullstendig øydelagd under bombinga i februar i 1945.

    Lunsj og middag på eiga hand i byen denne dagen.
    (F)

  • Dag 6: Søndag 23. mars - Eisleben Halle

    Denne dagen blir det buss frå hotellet etter frukost til byen Eisleben der Luther vart fødd og der han døydde. Eisleben var ein viktig koparmalmby med store felt av koparskifer, der far til Luther, Hans Luther, slo seg opp. Dei svære slagghaugane rundt byen vitnar om gruvedrifta her. På turen til Eisleben fortel Akselberg om byen, og om kva vi kan forventa av besøket. Han vil også ta med kor mykje norsk gruvedrift, som på Røros, henta fagfolk nettopp frå Tyskland.

    Vi skal kikke på huset der Luther vart fødd 10. november 1483 eller rettar sagt den bygninga som i dag står på dei same grunnmurane. Vi ruslar til St. Petri-Pauli-Kirche der Luther vart døypt dagen etter fødselen, og vi får også med oss huset der han døydde 14. februar 1546.

    Turen denne dagen går vidare til byen Halle. Der kikar vi på vi Händel-Haus, das Geburtshaus Georg Friedrich Händels, som i dag er eit flott musikkmuseum, og som samstundes er ei arkitektonisk perle av eit hus. Vi får med oss slottet Moritsburg, som i dag er museum. Det var favorittresidensen til kardinalen og kurfyrsten Albrecht von Brandenburg. Kardinal Albrecht hadde nære kontaktar med pave Leo X, og det var nettopp Albrecht som engasjerte Johann Tetzel som seljar av avlatsbrev, noko som provoserte Luther til å formulere dei berømte 97 tesane i 1517.

    Det blir felles avskjedsmiddag for gruppa når vi er attende i Leipzig om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 7: Måndag 24. mars - Avslutning og heimreise

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut av hotellet og får ein ca. 2 ½ times busstur til flyplassen Berlin Brandenburg. Under turen vil Gunnstein Akselberg summere opp det det vi har sett og opplevd på denne kulturreisa, og Rasmus Sunde vil trekke trådane når det gjeld linjer i tysk historie.

    Fly til Oslo og Bergen der vi er framme utpå ettermiddagen.(F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
18/3BGOTyskland321 950,-BestillMer informasjon
18/3OSLTysklandMeir enn 821 950,-BestillMer informasjon
18/3Tyskland521 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 14 550,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo