
8. - 15. februar 2026.
Spektakulære vandreturar på det indre av øya
Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? Bli med Fotefar Temareiser og reiseleiar Rasmus Sunde der du får oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen på innlandet av øya. Her er det eit godt terreng for fotturar i grøne, frodige landskap, men også til toppar med fantastisk utsikt på godt merka turstiar. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen. Det blir spennande fotturar med den dugande guiden Nina frå Sverige, som kjenner området svært godt etter mange år på Gran Canaria. Turane passar for folk som er i normalt god form og er vande med å gå i kupert terreng. I følgje DNT si gradering fell vandreturane her innunder grøn og blå farge som blir karakteriserte som middels og til dels noko krevjande. Gode sko med solide solar er nødvendig, og stavar kan vere ei god støtte nedover.
Vi bur på eit hotell ikkje langt unna stranda i Las Palmas, og får på den måten med oss litt storbyliv om kveldane og elles på “fridagen” vår.