Skip to main content

Nashville, Memphis & New Orleans med Claudia Scott og Terje Tysland

25. mars - 3. april 2025.

Dette blir ei heilt spesiell reise! For første gong blir det musikktur med både Terje Tysland og Claudia Scott til Nashville, Memphis og New Orleans! No kan du bli med desse folkekjære musikarane til byane og sørstatskulturen som har inspirert musikken deira så mykje! Undervegs blir det minikonsertar med Tysland og Scott og masse anna livemusikk!

På turen får vi oppleve tre fantastiske musikkbyar, Nashville med country, Memphis med blues og New Orleans med jazz. I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countrymusikk på barar på Broadway Street. I Memphis besøker vi Elvis sin heim, Graceland, og bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Dette er byar der musikken aldri sluttar å spele!

Terje Tysland har heilt frå tida som gitarist i legendariske Prudence, vore ein folkekjær musikar med eit stort publikum. No kan du reise saman med han til byane og sørstatskulturen som har inspirert musikken hans så mykje!

Claudia Scott er ein norsk/britisk songar, musikar og låtskrivar. Ho markerte seg tidleg innan sjangrane roots, country og poprock med røter til tradisjonell Americana. Ho er fødd i Newcastle, men voks opp i Bergen. Claudia starta musikkarrieren saman med faren sin og er i dag ein ettertrakta solomusikar.

Saman har Claudia og Terje hatt fleire konsertar, og vi kjenner mange til duetten deira på Terje sin song «Heile livet for dæ». Vi gler oss veldig til denne unike reisa, der vi skal oppleve musikken, historia og atmosfæren i Nashville, Memphis og New Orleans saman med Terje Tysland og Claudia Scott!

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 25. mars - Vi reiser til Nashville

    Avreise frå Oslo, Bergen og Trondheim. Tilknyting frå andre byar ved førespurnad.                    

    Vi landar i Nashville, og bussen vår køyrer oss til hotellet som ligg sentralt i byen, som har nær 700 000 innbyggarar og er hovudstaden i Tennessee. I tillegg til å vere senteret for countrymusikken, er Nashville kjend som byen der den økonomiske og kulturelle eliten i Tennessee har budd opp gjennom historia.

  • Dag 2: Onsdag 26. mars - Broadway, Country Music Hall of Fame og Honky tonks

    Etter frukost møtest gruppa, og reiseleiarane orienterer oss om turopplegget og dagsprogrammet. Då får vi også første minikonsert med Terje Tysland og Claudia Scott. Kanskje vi får høyre ein av dei mange hittane deira?

    Deretter ruslar vi nedover Broadway og endar opp ved The Country Music Hall of Fame. Dette storslegne museet presenterer historia til countrymusikken på ein eineståande måte og er eit funn for alle musikkinteresserte. Vi går rundt på museet i vårt eiga tempo, les, lyttar og ser opptak av verdskjende artistar.

    Dei som vil, et lunsj saman med reiseleiar på museet før dei blir med på shopping. Nashville har fleire store plateforretningar, så her kan ein gjere mange gode kupp. Fleire vil nok også ta turen innom Johnny Cash-museet.

    Om kvelden er dei som har meldt seg på, klare for kveldens store oppleving, konserten på The Grand Ole Opry. Opphavleg var dette eit amerikansk radioprogram med fokus på country, bluegrass og gospel. I 1943 flytte dei innspelinga av programmet til Ryman Auditorium i sentrum av Nashville, før dei endra det igjen i 1974 til Opry House, som ligg utanfor byen. Vi får gode billettar til konserten, og på bussen dit fortel reiseleiaren om historia til den historiske konsertstaden. (Denne aktiviteten må bestillast før turen).

    Etter at konserten er ferdig, kan dei som vil høyre meir musikk, ta ein tur på dei mange barane der banda spelar både swing, 60-talsrock, country og bluegrass. Her er det berre å hive seg med i dansen. Det er også mogeleg å få seg ein matbit, dersom nokon ønsker det.
    (F)

  • Dag 3: Torsdag 27. mars - Kjende stader i Nashville

    I dag kan du sjølv velje om du vil vere med på ein aktivitet eller oppdage byen på eiga hand. Mange vel nok ein guida busstur i byen, der vi rundar av med eit besøk på legendariske RCA Studio B. Bussturen tek oss til mange kjende stader i Nashville si musikkhistorie. Her får vi blant anna sjå Riverfront Park, Ryman Auditorium, Schermerhorn Symphony Center, Tennessee State Capitol og Music Row. Vi har lokal guide og rundturen tek ca. to timar. Vi fortset med omvising på RCA Studio B. Dette var staden mange musikklegender spelte inn sine største hittar. Vi kan berre sjå for oss Elvis sitte i eit bekmørkt studio for å komme i rett sinnsstemning til å spele inn «Are You Lonesome Tonight». Han hadde over 200 innspelingar her. Albumet «From Elvis in Nashville» vart spelt inn i juni 1970 på berre fem, seks dagar. (Denne aktiviteten må bestillast før turen).

    Om ettermiddagen kan vi gå innom ein av dei mange såkalla honky tonk-klubbane som er kjende for den beste live countrymusikken i verda. Nokre stader startar live-musikken opp alt i 11-tida på føremiddagen. Dei mest kjende klubbane er nok Tootsie’s og Robert’s Western World. Vi går og høyrer musikken og ser på folkelivet på Broadway. 

    Denne kvelden dreg vi til eitt av verdast fremste konsertlokal for country artistar, Bluebird Café. Lokalet har fått internasjonal anerkjenning som ein stad der «heltane bak hitane» framfører sine eigne songar, som er spelte inn av toppartistar i alle musikksjangrar. Bussen vår hentar oss på hotellet og køyrer til utkanten av Nashville. Staden kan opplevast som ganske avsidesliggande, men her kan ein altså oppleve verdas største artistar spele konsertar i ein ganske intim setting. Artistar som LeAnn Rimes, John Prine, Taylor Swift og Garth Brooks har alle stått på Bluebird-scena, og i kveld er det Claudia Scott og Terje Tysland sin tur.
    (F)

  • Dag 4: Fredag 28. mars - Memphis

    Avreise frå Nashville. Bussen tek oss vestover i Tennessee til Memphis. Reiseleiarane fortel om musikken i området vi køyrer gjennom, og Claudia og Terje underheld oss litt med anekdotar og historier frå tidlegare besøk i området.

    På vegen til Memphis stoppar vi på Brook Shaw Old Country Store for ein god buffélunsj i eit rom for oss sjølve. Etter måltidet får vi eit nytt musikalsk innslag av Claudia og Terje. Det blir god stemning, og mange vil nok synge med.

    Framme i Memphis sjekkar vi inn på hotellet vårt og tek gjerne ein liten strekk etter bussreisa. Etterpå kan dei som vil, bli med på ei byvandring med reiseleiar. Her vil reiseleiaren peike ut fleire legendariske barar og bluesrestaurantar. Det blir også gode tips til kvar en finn god mat, drikke og livemusikk. Ein av dei aller best kjende honky-tonkane på utelivsgata Beale Street er Blues City Café. På menyen står ekte Memphis Ribs eller Catfish; eit “must" når ein er i denne byen. Beale Street blir omtala som ei av USA sine mest ikoniske gater med baren til B.B. King som hovudattraksjon. Her blir det mykje spennande å oppdage.
    (F, L)

  • Dag 5: Laurdag 29. mars - Sun Studio, Graceland og Beale Street

    I dag kan du velje om du vil ha tid på eiga hand i byen, eller vere med på ein full dag med fokus på rockehistoria frå 50- og 60-talet. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg før turen). Dei som melder seg på, startar dagen med ein guida busstur om Memphis si musikkhistorie med ein lokal guide. Vi stoppar på fleire viktige stader for rockehistoria. På Sun Studio der legender som Elvis, Jonny Cash og Jerry Lee Lewis spelte inn plater, blir det ein lengre stopp. Gruppa vår får omvising, og vi kan lytte til fleire av innspelingane.

    Turen går så til berømte Graceland, Elvis sin heim gjennom mange år. Her får vi omvising (audioguide) i huset til Elvis, slik det var då han budde der. Staden der Elvis og hans næraste er gravlagde, er også spesiell.

    Etter omvisinga går vi rundt om i dei mange bygningane på eigedomen og ser på filmar, konsertopptak og Elvis-effektar. Det er også tid til å sjå bilane, motorsyklane og flya til Elvis og elles vandre rundt i dei mange suvenirbutikkane på området før bussen køyrer oss tilbake til hotellet vårt.

    Kvelden brukar vi på Beale Street og høyrer på fantastisk bluesmusikk. I denne gata ligg bluesklubbane tett i tett, og dei som vil, kan få ei stor musikkoppleving til måltidet på blant anna baren til blueslegenda BB-King eller på velkjende Rum Boogie Café. Vi kan også anbefale Jerry Lee Lewis’s Honky Tonk, der det som oftast er live pianobasert blues og klassisk rock’n roll.
    (F)

  • Dag 6: Søndag 30. mars - Mississippi-deltaet og New Orleans

    Avreise frå hotellet etter frukost. Vi forlèt Tennessee og køyrer sørover gjennom det store Mississippi-deltaet der bluesen oppstod. Reiseleiarane fortel om Mississippi-musikken og om dei talrike musikarane derifrå som forma rocken og bluesen. Området er i dag eit av dei fattigaste strøka i USA, og etter mekaniseringa av jordbruket flytta mange herifrå til storbyar som Memphis og Chicago. I byen Jackson i Mississippi stoppar vi for buffélunsj, før vi reiser direkte til jazzens fødeby, New Orleans.

    Hotellet vårt ligg godt plassert i byen, berre eit steinkast unna barar og gater med live musikk. New Orleans er ein by utan sidestykke. Her finn du ei fargerik blanding av europeisk og karibisk kultur, der jazzen blir spelt kvar kveld og byr på levande musikalske opplevingar. Du kan sjå den romantiske arkitekturen i det franske kvarteret eller la deg fortrylle av voodoo, kostymar og fest. Rett utanfor byen finst sumpar med alligatorar og store bomullsplantasjar.

    Denne kvelden vil reiseleiarane gå til det som etter vår meining er den beste musikkgata i New Orleans, nemleg Frenchman street. Her svingar jazzen godt både i og utanfor barane.
    (F, L)

  • Dag 7: Måndag 31. mars - Musikkhistorie i New Orleans, Preservation Hall

    Vi et ein god frukost på hotellet før vi startar på dagens opplevingar. Denne dagen kan du melde deg på ein guida busstur på 2 ½ time i og rundt New Orleans. (Denne aktiviteten må bestillast før turen.) Hovudtema er musikk og musikkhistorie, og i tillegg får vi også høyre om New Orleans si spennande historie, og kva som gjer byen så spesiell. Her møtest Sørstatane og impulsar frå Kariben, og Mississippi-elva bind byen saman med Midtvesten. I tillegg er dei spanske og franske røtene enno tydelege. Det vert framleis snakka fransk i delar av Louisiana.

    Om kvelden kan dei som har meldt seg på, vere med til jazzklubben Preservation Hall. Denne legendariske klubben feira 50-års jubileum i 2011 og vart oppretta for å ta vare på den ekte New Orleans-jazzen. Der får vi verkeleg oppleve den autentiske New Orleans-musikken. (Mogleg val mot påmelding og tillegg i pris).

    Etter konserten som varer i ein knapp time, vil reiseleiarane vise kor vi kan sette oss ned for å lytte til endå meir jazzmusikk og nyte atmosfæren i fødebyen til Louis Armstrong. Ein rusletur på berømte Bourbon Street høyrer sjølvsagt med.
    (F)

  • Dag 8: Tysdag 1. april - Jackson Square og konsert

    Vi startar dagen med ein rusletur saman med turleiarane til Jackson Square og dei mange koselege kaféane i dette området. Her kan ein høyre live jazzmusikk heile døgnet. Om ein vil handle, finst det mange små artige butikkar. Vi vil elles foreslå eitt to-timars båtcruise på Mississippi-elva med ein ekte hjuldampar. (Denne aktiviteten må bestillast før turen).

    Elles kan du bli med på ein busstur ut av byen. (Denne aktiviteten må bestillast før turen). Vi køyrer til ein av dei historiske sukkerplantasjane. Her får vi innblikk i drifta, i tillegg til det harde livet til dei svarte som arbeidde på sukkermarkene. Etter omvising får vi servert lunsj før vi dreg vidare til sightseeing i sumpen frå luftputebåt. Her blir det både fart og spenning når vi susar gjennom dei smale kanalane i mangroveskogen som utgjer dette mystiske våtområdet. Blant dei mosekledde trea finst det alligatorar i tusenvis.

    Etter turen møtest vi siste kvelden til avsluttingsmiddag. Her nyt vi ein klassisk kreolsk middag med dessert. Det blir sjølvsagt også ein avslutningskonsert saman med Claudia og Terje som vi har vorte betre kjende med på reisa. Kanskje andre i gruppa også vil bidra med song og anna underhaldning denne kvelden?
    (F, M)

  • Dag 9: Onsdag 2. april - Heimreise

    Vi har siste morgon saman på turen, og bussen kjem til hotellet for å køyre oss til flyplassen for avreisa.
    (F)

  • Dag 10: Torsdag 3. april - Ankomst Norge

    Flyreisa går over natta, og vi er framme i Norge neste dag.

  • Denne turen kan kjøpast med oppgradert hotell pakke. Oppgradert hotell i Nashville og New Orleans med god plassering. På desse er det inkludert ein lett kveldsbuffet og ein drikke kvar kveld.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
24/3TrondheimNashville, Memphis og New OrleansMeir enn 844 950,-BestillMer informasjon
25/3BergenNashville, Memphis og New OrleansMeir enn 843 950,-BestillMer informasjon
25/3OsloNashville, Memphis og New OrleansMeir enn 842 950,-BestillMer informasjon
25/3NashvilleNashville, Memphis og New Orleans
Utan fly
Meir enn 835 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo