Skip to main content

Fargerike og eksotiske Marokko

23. - 30. november 2024.

Velkommen med på ein draumetur til fargerike og eksotiske Marokko. Vi bur heile veka på ein nøye utvald Riad (tradisjonelt hotell) i Marrakech, og får god tid til å oppdage denne vakre byen. I gamlebyen blir vi møtt av alle dei sterke fargane og luktene frå Djemaa el Fna, ein av dei aller største marknadane i Nord-Afrika. Her kan ein kjøpe alt mellom himmel og jord, og det er god anledning til å prute. Rundt om på den store plassen kan ein oppleve alt frå slangetemmarar, dresserte aper, akrobatar og matboder med fantastisk god marokkansk mat. Like ved ligg dei tronge gatene og mange småbutikkane som utgjer Marrakech Souk. Her er det yrande folkeliv og herlege lukter frå alle krydderhandlarane, og mange utøver framleis tradisjonelle handverk som lær-, sko- og teppemakarar.

Det blir også valfrie utflukter til den pittoreske kystbyen, Essaouira, som Torbjørn Egner brukte som modell for Kardemomme by, og til dei mektige, sagnomsuste Atlasfjella.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 23. november - Velkommen til Marokko

    Direktefly frå Oslo med Norwegian kl. 13.00, og ankomst Marrakech kl. 17.50.

    Marrakech blir av mange rekna som den mest interessante byen i Marokko. Byen ligg fint til ved foten av Atlas-fjella, på handelsrutene frå landa sør for Sahara til dei nord-afrikanske byane ved Middelhavet. Marrakech var tidlegare hovudstad og har alltid vore ein viktig handelsby. I dag er hovudnæringane turisme, grønnsaksproduksjon og eksport av mineralar frå Atlas-fjella.

    Bussen tek oss til hotellet vårt, Riad Chamali, og innsjekking. Det er mogleg å kjøpe seg ein sein middag i restauranten for ca. €30, som inkluderer 3 rettar med vin eller øl og kaffe eller te.

    Riaden vi skal bu på heile veka, har ei spesiell historie. I 2003 overtydde ein fransk-marokkanar venene sine om å investere i ein eigedom midt i den berømte medinaen i Marrakech. Renoveringa starta, og det er no tilsaman 17 rom med plass til 42 personar. Riaden er anbefalt av den franske turistguiden "Le Guide du Routard" og har symjebasseng og spa-avdeling med "hammam" og massasje.

  • Dag 2: Søndag 24. november - Marrakech

    Denne dagen er sett av til å oppleve sentrum av Marrakech og utforske dei flotte attraksjonane på nært hald. Vi har laga til to frivillige utflukter.

    Det er først mogleg å delta på ei utflukt med hestedrosjar til Majorelle Gardens, Yves Saint Laurent sin gravstad saman med ein lokal guide. Her er også eit godt museum om den franske designaren sitt liv i Marrakech. Hestedrosjene ventar på oss, og tek oss med tilbake til gamlebyen. Her tek guiden oss med på ein spasertur i soukane for å bli litt kjent. Guiden kan også komme med anbefaling til stadar å ete lunsj. Vi avsluttar vandringa på Djemna el Fna. 

    Om kvelden tilbyr vi ei frivillig utflukt med hestedrosjar til Dar Moha, ei gammal restaurert Riad som har vore heimen til Pashaen av Marrakech og designaren Pierre Balmain. Her skal vi ete middag (inkludert vin/vatn/kaffe). Dette må bestillast på førehand. Det blir arrangert transport tilbake til hotellet. Atterhald om 15. påmeldte.

    Vi anbefaler elles å bruke ettermiddagen til å slappe av på riaden vår, der du kan nyte sola og utsikta frå takterrassen, ved symjebassenget eller med massasje eller hamam.
    (F)

  • Dag 3: Måndag 25. november - Marrakech eller kystbyen Essaouira

    Etter frokost i dag føreslår vi å delta på ein dagstur til kystbyen Essaouira (sjå mogelege val ved bestilling). Byen er kjend som den blå og kvite byen, og desse fargane finn vi igjen på hus, dører og dei gamle, tradisjonelle fiskebåtane langs hamna. Dei som ønskjer det, kan bli igjen i Marrakech og nytte dagen der.

    Jimi Hendrix, Cat Stevens, Frank Zappa og Janis Joplin var stamgjester her på 60-talet, sjølv om byen i dag ikkje har eit spesielt rocka preg. Nyleg vart store filmar som "Alexander" og "Kingdom of Heaven" spelt inn i og rundt Essaouira, og for nordmenn er det interessant at Thorbjørn Egner brukte Essaouira som modell for Kardemomme by etter eit besøk her i 1949. Her finn du trange gater, kamelar, gamle bymurar og Tobias sitt bønnetårn. Medinaen i Essaouira står på si verdsarvliste, og er vel verd eit besøk.
    (F)

  • Dag 4: Tysdag 26. november - Marrakech

    Denne dagen kan dei som vil, bli med på ei utflukt til La Mamounia, det luksuriøse hotellet der Gunhild og Petter Stordalen gifta seg. Hotellet vart bygd i 1922 i art deco-stil, og er eit av dei mest berømte hotella i Nord-Afrika. Churchill budde og malte her, og sa til president Roosevelt at Marrakech var “the most lovely spot in the whole world.” Utflukta inkluderer hestedrosje til hotellet og ein avslappande spasertur tilbake (sjå mogelege val ved bestilling). Merk at hotellet krev pent antrekk, med langbukse for menn, og sko som dekkjer heile foten.

    Vi føreslår middag med magedans på ein av dei hyggelege restaurantane i området. Meir informasjon om denne middagen kjem nærare avreise.
    (F)

  • Dag 5: Onsdag 27. november – Marrakech

    Vi startar denne dagen med ein gåtur i Mellah, jødekvarteret med synagogen og gravplassen. På 40-talet budde det over 40 000 jødar her, men dei fleste emigrerte etter at Marokko oppnådde sjølvstende. I dag bur det berre ca. 200 jødar igjen i bydelen, som har blitt fint restaurert dei siste tiåra.

    Vi fortset deretter turen vår til Ali Ben Youssef Madrasa og moskeen frå 500-talet bygd av Saadian-dynastiet.  Både moskeen og madrasaen er fantastisk utsmykka og vel verd eit besøk. Madras tyder religiøs skule, og på det meste var det over 900 studentar på Ali Ben Youssef Madrasa, og det vart rekna som det viktigaste universitetet i Marokko.

    Etter byvandringa er det tid til å slappe av på riaden vår, og kanskje ta seg ein tur i symjebassenget eller spa-avdelinga. Vi føreslår ein stad for middag om kvelden for dei som har lyst å vere med.
    (F)

  • Dag 6: Torsdag 28. november - Marrakech eller utflukt til Atlasfjella

    Denne dagen er sett av til å oppleve den mektige Atlas-fjellkjeda. (sjå mogelege val ved bestilling). Dette er ein dag vi gler oss veldig til! Det er ei lang utflukt på ca. 11 timar med mange opplevingar, der vi får oppleve mindre byar og landsbyar.

    Først tek bussen oss mot Ourzazate ved samlinga av Draa- og Dadesdalføra. Ourzazate er ein base for quad- og motorsykkelturar, og kamelturar inn i Sahara. Dette er også heimen til Atlas Studios, eit av dei største filmstudioa i verda, som vart brukt til filmar som "Lawrence of Arabia", "Mannen som ville bli konge", "Kleopatra" og "Gladiator". Draa-elva går opp gjennom frodige palmelundar fulle av dadelpalmar, oliven og mandelåkrar. Vi skal derimot oppover Dades-elva som passerer mellom fjella i Høgatlas i nord og Jebel Saghro-området i sør.

    Kasbah tyder festning eller borg, og var bustad for den lokale høvdingen i eldre tider. Med god grunn blir ruta vi tek, kalla "Dalen med tusen Kasbahs". Her er det festningar med små landsbyar rundt kvar ein sving, og vi stoppar og får med oss folkelivet undervegs. På slutten av dalen finn vi dei fantastiske Todra-juva med sine bratte, dramatiske fjellsider i varme jordfargar.
    (F)

  • Dag 7: Fredag 29. november - Marrakech

    Det blir ein heil siste dag i Marrakech, og ein kan få med seg det ein ikkje har rekt over tidlegare i veka. Vi foreslår eit besøk i El Bahia-palasset rett ved riaden vår. Palasset blir rekna som noko av det beste innan marokkansk arkitektur. Du kan også besøke gravminnesmerket til Saadian-dynastiet, som ligg innanfor gåavstand frå hotellet. Sultan Ahmed al-Mansour let byggje desse 66 gravene til seg og familien sin på slutten av 1500-talet.

    Elles foreslår vi at ein slappar av og nyt den siste tida på riaden vår, med litt marokkansk te eller noko kaldt i glaset ved bassengkanten.

    Felles avskjedsmiddag om kvelden.
    (F, M) 

  • Dag 8: Laurdag 30. november - Heimreise

    Tid til nokre timar i gamlebyen, eller ein rusletur i sola før vi tek bussen til flyplassen. Avreise frå hotellet kl. 15.30 og flyavgang kl. 18.40 med ankomst Gardermoen kl. 23.40.
    (F)

  • Praktisk informasjon om turen:

    Denne turen er eit samarbeid med Travel and Learn. Og vi gledar oss til å bli med dei på sin 11. tur til Marrakech og Marokko.

     

  • Informasjon om Riad Chamali

    Riad er eit tradisjonelt marokkansk hus eller palass, med ein indre hage eller bakgard.

    Vår Riad ligg midt i ein av dei mest berømte medinaen (bydelane) i Marrakech. Her er tilsaman 17 rom med plass til 42 personar. Alle romma er individuelt innreia. Riaden er anbefalt av den franske turistguiden "Le Guide du Routard" og har symjebasseng og spa-avdeling med "hammam" og massasje.

    Storleik på dei ulike romkategoriane:
    Standard rom, varierer frå 15 - 19 m2
    Superior rom, 23 m2
    Delux rom, 20 m2
    Suite, 42 m2




Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
23/11OsloMarokkoMeir enn 818 950,-BestillMer informasjon
23/11Oppmøte Riad Marokko
Utan fly
415 250,-BestillMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo