
21. - 28. april 2027.
Velkomen med på ei reise som tek oss med til mange av byane og områda i England som har forma engelsk historie og kultur! Vi får med oss svært mykje på desse åtte dagane – både storslegne slott og katedralar, tradisjonsrike universitetsbyar, og pittoreske landskap som gjennom hundreåra har sett sitt preg på både engelsk identitet og europeisk historie.
Vi besøkjer mellom anna Oxford, ein av verdas mest kjende universitetsbyar, og får oppleve dei unike miljøa som har fostra store tenkjarar, forfattarar og statsleiarar. På ferda vår opplever vi verdskjende stadar som Stonehenge og Blenheim Palace, vandrar i fotspora til Shakespeare i Stratford-upon-Avon, og lærer meir om vikingane i historiske York. Vi besøkjer Windsor Castle, ein av dei offisielle residensane til den britiske monarken, og vi ser minnesmerket over Magna Carta i Runnymede, ei påminning om røtene til demokratiet vi kjenner i dag. I tillegg får vi med oss kulissane til tv-seriar som Med hjarte på rette staden og Sjukehuset i Aidensfield.
Med på reisa har vi det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, som losar oss gjennom dagane med spennande foredrag og innsiktsfulle refleksjonar om historia, politikken og samfunnet i dei områda vi besøker.




























