Skip to main content

São Tomé med Erika Fatland - I spora etter eit verdsimperium

24. september - 3. oktober 2027.

Velkomen med på ei heilt spesiell reise til São Tomé saman med forfattar Erika Fatland! Midt i Guineabukta ligg denne frodige vulkanøya, som i fleire hundreår spelte ei nøkkelrolle i det portugisiske imperiet. Her, mellom gamle kakaoplantasjar, koloniale herskapshus og frodig regnskog, følgjer vi historia om ei lita øy som fekk mykje å seie for utviklinga av ei verdsmakt.

Med den kritikarroste boka Sjøfareren som utgangspunkt, tek Erika oss med tilbake til ei tid då portugisiske sjøfararar la ut på ukjende hav og opna nye handelsvegar mellom verdsdelane. Gjennom fem foredrag følgjer vi imperiet frå Henrik Sjøfareren og Vasco da Gama, via den intense jakta på krydder og rikdom, til kolonitida, imperiets fall og spora portugisarane har sett etter seg i verda. Eitt av foredraga er vigd São Tomé og øya si rolle i denne dramatiske historia.

På utfluktene besøker vi gamle roças og får innblikk i produksjonen av kakao, kaffi, palmeolje og sukkerrøyr. Vi utforskar hovudstaden São Tomé, møter angolarkulturen og opplever tradisjonar som Danço Congo, Tchiloli og dei lokale rytmane i Zangoma-prosjektet. Reisa tek oss også gjennom frodige fjellområde og langs den ville kysten til strender, mangroveskog og Ilhéu das Rolas, der ekvator kryssar den vesle øya.

Dette er ei innhaldsrik reise der foredraga og opplevingane utfyller kvarandre. Saman med Erika Fatland blir vi betre kjende med São Tomé, menneska som bur her og kulturane som har vakse fram gjennom hundreåra i møte mellom Afrika, Europa og resten av verda. Samstundes følgjer vi historia om det portugisiske imperiet – frå dei første sjøferdene til arven som framleis lever vidare i språk, mat, musikk og samfunn over store delar av verda.

For dei som ønsker å oppleve endå meir av øyriket, er det mogleg å kjøpe turen utan fly og på eiga hand forlenge reisa med eit opphald på Príncipe.

Søk

Viktig informasjon

  • Denne turen er ikkje egna for folk med rørslehemmingar.
  • Hotellstandarden kan variere frå det vi er vane med frå hotell med tilsvarande klassifisering i Europa.
  • Nokre av utfluktene og båtturane er vêravhengige. Det kan bli nødvendig å justere rekkefølgja eller innhaldet i programmet undervegs.
  • São Tomé har ein mindre utbygd turistinfrastruktur enn mange europeiske reisemål. Det kan derfor oppstå endringar og forseinkingar undervegs, og vi anbefaler at ein møter reisa med litt fleksibilitet og tolmod.

Bilde galleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 24. september – Velkomen til São Tomé

    Vi reiser frå Norge og set kursen sørover mot São Tomé, den frodige øystaten i Guineabukta. Vel framme blir vi møtt på flyplassen og køyrde til hotellet vårt, vakkert plassert ved den grøne og dramatiske vestkysten. Her sjekkar vi inn og får vårt første møte med den tropiske naturen som pregar øya. Om kvelden samlast vi til ein felles velkomstmiddag, og vi ser fram mot innhaldsrike dagar med historie, kultur og naturopplevingar saman med Erika Fatland.   

    (M)

  • Dag 2: Laurdag 25. september – Kakao, vestkysten og Danço Congo

    Etter frukost samlast vi til det første foredraget med Erika Fatland: Et imperium blir til: Frå Henrik Sjøfararen til Vasco da Gama. Her får vi høyre om korleis Portugal gjennom oppdagingsreisene voks fram som ei verdsmakt, og korleis sjøfararar som Henrik Sjøfararen og Vasco da Gama opna nye handelsvegar og endra verdshistoria.

    Med foredraget som bakteppe set vi kursen mot staden der dei første portugisarane gjekk i land på øya. Vidare besøker vi Roça Diogo Vaz, der vi følgjer kakaoen frå planting og innhausting til det ferdige produktet er klart for eksport. Besøket gir oss også innblikk i den sosiale og kulturelle historia til dei gamle plantasjesamfunna og i rolla kakaoen har spelt for São Tomé.

    Vi held fram langs den ville og frodige vestkysten til fiskarlandsbyen Santa Catarina og Rio Lemba, der vegen tek slutt. Lunsjen blir servert på Roça Monte Forte, med lokale smakar og utsikt over det grøne landskapet.

    Om ettermiddagen besøker vi byen Neves, der vi får oppleve Danço Congo, ein levande kulturtradisjon med røter frå det afrikanske fastlandet. Deretter returnerer vi til hotellet. Middagen er på eiga hand.

    (F, L)

  • Dag 3: Søndag 26. september – Muskatmani, plantasjar og nordkysten

    Etter frukost samlast vi til andre foredraget med Erika Fatland: Muskatmani: I begynnelsen var krydderet. Erika fortel korleis jakta på krydder var ei viktig drivkraft bak oppdagingsreisene, og korleis handelen forma den globale økonomien gjennom fleire hundreår.

    Deretter set vi kursen mot nordkysten, der tropiske strender, savannelandskap og gamle plantasjar fortel om både naturen og historia til São Tomé. Vi besøker Roça Agostinho Neto, som var ein av dei største plantasjane på øya. Vidare går turen til det historiske området Fernão Dias.

    Vi får også innblikk i lokale handverkstradisjonar og ser korleis palmeolje og brennevin av sukkerrøyr blir framstilte på tradisjonelt vis. Langs vegen passerer vi det særmerkte savannelandskapet på nordkysten, med imponerande baobabtre og vidt utsyn mot havet.

    Det blir tid til eit bad ved Praia dos Tamarindos før vi nyt ein lokal lunsj med utsikt over kysten. Dagen blir avslutta ved Lagoa Azul, kjend for det klare vatnet, den gylne sanden og dei vulkanske klippeformasjonane. Deretter returnerer vi til hotellet. Middagen er på eiga hand.

    (F, L)

  • Dag 4: Måndag 27. september – São Tomé – kaffi, plantasjar og frodig høgland

    Etter frukost samlast vi til det tredje foredraget med Erika Fatland før vi sjekkar ut frå hotellet og set kursen opp i det frodige høglandet og besøker Roça Monte Café. Her møter vi lokale kaffiprodusentar og lærer om dyrking og foredling av kaffi. Vi får mellom anna møte Luís Mário, tidlegare president i det lokale kooperativet for eksport av økologisk kaffi, som gir oss innblikk i produksjonen og kor mykje kaffien har hatt å seie for området.

    Vidare går turen gjennom kaffiplantasjane ved Nova Moca til den botaniske hagen i Bom Sucesso. Deretter besøker vi São Nicolau-fossen, som stuper rundt 30 meter ned gjennom det frodige landskapet.

    Vi et lunsj ved historiske Casa Museu Almada Negreiros, som ligg rundt 800 meter over havet og byr på flott utsikt mot byen São Tomé.

    Om ettermiddagen ventar eitt av dei gastronomiske høgdepunkta på reisa når vi besøker Claudio Corallo Chocolate. Den italienske agronomen Claudio Corallo har arbeidd i Afrika sidan 1970-talet og har brukt fleire tiår på å utvikle kakao og sjokolade på São Tomé og Príncipe. Han arbeider med heile prosessen frå kakaoplanten til den ferdige sjokoladen, og sjokoladen hans har fått stor internasjonal merksemd og blitt omtalt som noko av den beste i verda. Her vil vi bli betre kjende med arbeidet hans og sjølvsagt smake på resultatet.

    Etter besøket køyrer vi vidare til hotellet, der vi sjekkar inn og avsluttar dagen med felles middag.

    (F, L, M)

  • Dag 5: Tysdag 28. september – São Tomé by – kolonihistorie og marknadsliv

    Etter frukost samlast vi til nytt foredrag med Erika Fatland: Imperiets fall: Frå jordskjelv til Nellikrevolusjon. Erika tek oss med gjennom dei dramatiske hendingane som forma Portugal, frå det øydeleggande jordskjelvet i Lisboa i 1755 til den fredelege Nellikrevolusjonen i 1974, som avslutta diktaturet og førte Portugal og koloniane inn i ei ny tid.

    Deretter set vi kursen mot hovudstaden São Tomé. Saman med den lokale guiden utforskar vi byen og blir betre kjende med både historia og kvardagslivet på øya. Vi ruslar langs Ana Chaves-bukta og gjennom sentrum, der koloniale bygningar, små butikkar og den fargerike marknaden gir eit levande bilete av byen i dag.

    Vi besøker Nasjonalmuseet, som held til i den historiske São Sebastião-festninga, og ser nærare på São Tomé si historie gjennom fleire hundreår. Vidare går turen til katedralen og Praça da Independência, plassen der landet erklærte sjølvstende frå Portugal den 12. juli 1975.

    Lunsjen blir servert på CACAU – Centro de Arte, Criatividade, Ambiente e Utopias, eit senter for kunst og kultur. Seinare på dagen får vi oppleve Tchiloli, ein særmerkt santomeisk teatertradisjon med røter tilbake til 1500-talet. Framsyninga byggjer på forteljinga om markien av Mantova, skriven av diktaren Baltazar Dias frå Madeira, og har gjennom hundreåra utvikla seg til ein viktig del av kulturarven på São Tomé.

    Etter ein innhaldsrik dag returnerer vi til hotellet, der vi samlast til felles middag.

    (F, L, M)

  • Dag 6: Onsdag 29. september – Fridag ved havet

    Etter fleire innhaldsrike dagar får vi i dag tid til å ta dagen i vårt eige tempo. Hotellet ligg vakkert til ved kysten, og dagen kan nyttast til avslapping, bading eller til å nyte fasilitetane på hotellet og dei tropiske omgjevnadene.

    (F)

  • Dag 7: Torsdag 30. september – Imperiets fall – angolarkultur og lokale rytmar

    Etter frukost samlast vi til nytt foredrag med Erika Fatland: Spora etter imperiet. Erika guidar oss gjennom historia og fortel korleis det portugisiske imperiet har sett varige spor både i Portugal og i verdssamfunnet. Etter fleire dagar på São Tomé kan vi no knyte historia tettare til stadene, menneska og kulturane vi sjølve har møtt undervegs.

    Etter foredraget set vi kursen sørover mot São João dos Angolares, der vi skal bli betre kjende med den særmerkte angolarkulturen. Her møter vi medarbeidarar frå Zangoma-prosjektet, som tek oss med inn i den rike musikktradisjonen på São Tomé og Príncipe. Vi får sjå tradisjonelle instrument, lære om korleis dei blir laga av lokale materiale og høyre nokre av dei mest karakteristiske rytmane framførte.

    Vidare går turen til Roça São João, der vi et lunsj i historiske omgjevnader. Staden er eigd av den kjende kokken João Carlos Silva, og her får vi smake kreativ santomeisk gastronomi med utgangspunkt i lokale råvarer.

    Etter utflukta returnerer vi til hotellet, der vi avsluttar dagen med felles middag.

    (F, L, M)

  • Dag 8: Fredag 1. oktober – Ekvator, Ilhéu das Rolas og sørkysten

    Etter frukost set vi kursen sørover, med stopp undervegs for å nyte utsikta mot den markante fjellformasjonen Pico Cão Grande. Vidare går turen med båt over til Ilhéu das Rolas, den vesle øya som ligg ved ekvator. Her går vi ein kort tur opp til monumentet som markerer ekvatorlinja, før vi held fram gjennom den meir urørte delen av øya, forbi vulkanske formasjonar og strender langs sørkysten.

    Lunsjen blir servert på ei av strendene på Ilhéu das Rolas. Etterpå returnerer vi til hovudøya og besøker nokre av dei vakraste strendene på São Tomé.

    Deretter dreg vi tilbake til hotellet, der vi samlast til felles middag.

    (F, L, M)

  • Dag 9: Laurdag 2. oktober – Spora etter imperiet

    Etter frukost samlast vi til siste foredraget med Erika Fatland: Et liv på reisefot. Gjennom eit liv fylt med reiser til nokre av verdas mest fascinerande og utilgjengelege stader har Erika samla ei rekkje historier og erfaringar. I dette personlege foredraget deler ho nokre av sine mest minneverdige reiseopplevingar, menneskemøte og augeblikk frå livet på reisefot, krydra med gode reisetips og historier frå både kjende og mindre kjende delar av verda.

    Etter foredraget set vi kursen mot Roça Água Izé, ein av dei største tidlegare kakaoplantasjane på øya. Her får vi innblikk i korleis dei koloniale plantasjane var organiserte, og vi besøker mellom anna det gamle sjukehuset, arbeidarbustadene og andre bygningar frå kolonitida.

    Vi held fram langs austkysten til Boca do Inferno, der bølgjene slår inn mellom svarte basaltklipper og skaper eit dramatisk skodespel. Vidare går turen til Praia das Sete Ondas og Ribeira Afonso, der vi møter ungdommar frå den lokale surfforeininga. Vi ser også kyrkja Santo Isidoro, som er knytt til ei av dei viktige religiøse feiringane på øya.

    Undervegs et vi lunsj på ein lokal restaurant før vi returnerer til hotellet. Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag og vår siste kveld på São Tomé.

    (F, L, M)

  • Dag 10: Søndag 3. oktober – Heimreise

    Etter frukost køyrer vi samla til flyplassen. Her startar heimreisa mot Norge etter ti innhaldsrike dagar.
    For dei som ønsker å besøke Príncipe, er det mogleg å bestille reisa utan fly og eventuell arrangere vidare reise og opphald i Príncipe på eiga hand.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
24/9OsloSão ToméMeir enn 864 950,-BestillMer informasjon
24/9Utan flyreiseSão Tomé454 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo