Skip to main content

Birmingham Rock med Bård Ose

7. - 11. april 2027.

Frå Ozzy til ELO -  med Kinks på vegen 

Byen Birmingham har ein heilt spesiell plass i historia om britisk rock. Her voks Ozzy Osbourne opp, her blei Black Sabbath fødd, og frå industribyens fabrikkar, arbeidarmiljø og klubbar voks det fram eit musikkliv som skulle få betydning langt utanfor Storbritannia. 

På denne turen skal vi bli kjende med Birmingham som musikkby, med Bård Ose som fagguide. Gjennom foredrag, guida turar og besøk på historiske stadar utforskar vi menneska, miljøa og musikken som har sett sitt preg på byen og regionen rundt. 

Vi følgjer spora etter Ozzy og Black Sabbath, men løftar også blikket mot den breiare musikkhistoria. Electric Light Orchestra, Steve Winwood, Judas Priest, UB40 og Duran Duran viser noko av spennvidda i musikken som voks fram her. Samstundes opnar The Black Country og resten av West Midlands døra til historia om mellom andre Robert Plant og Slade. 

Turen går også til Coventry, der vi utforskar 2-Tone-rørsla og fleire sider av regionen sitt musikkliv. Undervegs blir det tid til pubar, konsertar, museum og platebutikkar, og til å oppleve Birmingham på eiga hand. 

Reisa blir avslutta i Nord-London. På veg frå Birmingham til Gatwick legg vi turen innom The Clissold Arms, puben med den sterke tilknytinga til The Kinks. Her rundar vi av turen med ein felles lunsj før heimreisa.  

Fem dagar med britisk musikkhistorie ventar, frå Kinks i Nord-London til Ozzy, ELO og eit av dei rikaste musikkområda i Storbritannia. 

 

 

 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Informasjon om visum/innreiseløyve og helsekrav 

  • Informasjon om ETA (Storbritannia): 

Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år. 

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 7. april - Frå Gatwick til Birmingham

    Vi landar på Gatwick om morgonen og set kursen direkte mot Birmingham. Undervegs legg vi inn ein kort stopp, før vi held fram gjennom det engelske landskapet mot byen som skal vere i hovudfokus dei neste dagane. 

    Vi kjem fram til Birmingham tidleg på ettermiddagen, sjekkar inn på hotellet og får kome litt på plass. Ein får tid til å utforske nærområdet på eiga hand. 

    Om kvelden samlast vi til det første foredraget med Bård Ose. Her får vi den historiske ramma for dagane som kjem; Birmingham som industriby, kulturby og musikkby. Han fortel om korleis byen og regionen rundt blei ein viktig del av utviklinga av britisk rock. 

    Etter foredraget går vi saman til ein restaurant i nærleiken av hotellet, der vi avsluttar den første dagen med ein felles middag. 

    (M) 

  • Dag 2: Torsdag 8. april - Ozzy og Black Sabbath

    I dag kjem vi tett på ein av dei største artistane i Birmingham si musikkhistorie. 

    Etter frukost samlast vi til foredrag med Bård Ose, før vi legg ut på ein guida Ozzy-trail til fots gjennom byen. Her følgjer vi spora etter Ozzy Osbourne og Black Sabbath, frå oppveksten og dei tidlege åra til miljøet som gav grobotn for den tunge musikken som skulle endre rockehistoria. 

    Dette er Birmingham sett frå Ozzy sitt perspektiv: arbeidarklassemiljøet, industrien og ein ung musikar som skulle bli ein av dei mest markante figurane i rocken. 

    Etter turen blir det tid til å utforske Birmingham på eiga hand. For dei som ønskjer det, kan det også bli høve til eit museumsbesøk. 

    Om kvelden samlast vi på The Jam House, ei av dei kjende musikkscenene i byen. Her får vi oppleve David Bowie Experience – ei konsertframsyning bygd rundt musikken og katalogen til ein av dei mest innverknadsrike artistane i britisk rock. Etter ein dag i spora etter Ozzy og Black Sabbath skiftar kvelden uttrykk, men held oss midt i den britiske rockehistoria. 

    (F) 

  • Dag 3: Fredag 9. april - Coventry og 2-Tone

    Etter frukost held Bård Ose eit nytt foredrag. Deretter set vi oss på bussen og reiser til Coventry, nabobyen som også har ein sterk plass i historia om britisk populærmusikk. 

    Her besøker vi Coventry Music Museum og får eit innblikk i artistane og musikkmiljøa som har sett spor etter seg i regionen. Coventry er ikkje minst kjend som byen der 2-Tone-rørsla voks fram, med band som The Specials og The Selecter i sentrum. 

    Etter besøket går turen tilbake til Birmingham, og resten av dagen er fri til eigne opplevingar. Kanskje freistar ein pub med lokal historie, ein konsert, ein god middag, eller berre tid til å utforske Birmingham i eige tempo? 

    (F) 

  • Dag 4: Laurdag 10. april - Birmingham og The Black Country

    Bård Ose er klar for eit nytt foredrag etter frukost. Denne gongen løftar vi blikket frå Ozzy og Black Sabbath, og ser nærare på den breiare musikkhistoria i Birmingham og West Midlands. 

    Området har nemleg fostra langt meir enn heavy metal. Her finn vi historia om Electric Light Orchestra og Jeff Lynne, Steve Winwood og The Spencer Davis Group, Judas Priest, UB40 og Duran Duran, svært ulike uttrykk med røter i den same delen av England. Like utanfor Birmingham ligg The Black Country, eit industriområde med si eiga sterke kulturhistorie og band til artistar som Robert Plant og Slade.  

    Etter foredraget legg vi ut på gåtur og følgjer nokre av desse spora. Vi høyrer historia om Rum Runner, klubben som fekk ei avgjerande rolle i utviklinga av Duran Duran, før vi reiser vidare med buss mot Moseley og King’s Heath, område med sterke band til UB40. Her besøker vi Hare & Hounds, puben og musikkscena der UB40 spelte sin første konsert i 1979.  

    Undervegs fortel Bård om banda, scenene og miljøa som gjorde Birmingham og områda rundt til eit av dei mest mangfaldige og innverknadsrike musikklandskapa i Storbritannia. 

    Etter turen blir det litt tid til eigne opplevingar før vi samlast til ei avsluttande oppsummering med Bård. Her samlar vi trådane og løftar blikket: Kva var det med Birmingham? Kvifor kom så mykje viktig musikk nettopp herifrå? Og kva spor har byen og regionen sett etter seg i britisk og internasjonal musikkhistorie? 

    (F)

  • Dag 5: Søndag 11. april - The Kinks og heimreise

    Etter frukost samlast vi til det siste foredraget med Bård Ose. Her set han tonen for historia om The Kinks, brørne Ray og Dave Davies og miljøet i Nord-London som bandet voks fram frå. 

    Etter foredraget sjekkar vi ut og set kursen mot Nord-London og The Clissold Arms, ein klassisk pub med ei heilt spesiell tilknyting til The Kinks. Bandet kom frå dette området, og puben ligg like ved barndomsheimen til Davies-brørne. Her samlast vi til ein avsluttande lunsj og får med oss endå ein viktig del av britisk rockehistorie, før vi køyrer vidare til Gatwick. 

    På kvelden flyg vi heim med nye historier, nye musikalske referansar og eit nærare forhold til byen Birmingham og regionen som gav verda Ozzy Osbourne, Black Sabbath, ELO og mykje meir. Birmingham er ikkje berre ein by med ei stor musikkhistorie; byen er ein del av sjølve historia om rock. 

    (F, L) 

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/4BergenBirminghamMeir enn 821 950,-BestillMer informasjon
7/4OsloBirminghamMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon
7/4Utan flyreiseBirminghamMeir enn 817 350,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo