Skip to main content

Strikketur til Shetland

 12. - 16. juni 2027.

Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Shetland saman med strikkeentusiast Magni Flyum. Mange kjenner henne som MagFly i sosiale media. Ho har omsett fleire strikkebøker, bygd opp strikkefestival og designa mange strikkeplagg. No har du sjansen til å bli med henne på ei reise til denne vakre øygruppa vest i havet. Særskilt for reisegruppa  har Magi designa eit eige mønster på fingervottar, og i tillegg  får vi besøkje garnprodusenten Jamieson & Smith for å plukke ut eigne fargar til garnpakke.

Shetland består av 100 øyar og har lange tradisjonar for sauedrift og ull. Øyane har derfor ei rik historie med strikking, som har vore ein sentral del av kulturen deira i fleire hundre år. Strikkinga på Shetland starta som heimeindustri, der familiane laga klede til eige bruk og til handel. Shetlandsull er særleg kjend for å vere mjuk, gje tynt garn og er perfekt for alt frå lette sjal til tette genserar.

I tillegg til å sette av god tid til strikking på turen, får vi med mykje av historia på Shetland. Folket på øya har sterke band til Norge og Skandinavia heilt frå vikingane invaderte øyane for meir enn 1000 år sidan. Under 2. verdskrig var mange nordmenn involverte i den såkalla Shetlandstrafikken, og dei vart tekne godt imot av folka på Shetland.  På denne spennande turen møter vi også dei gjestfri folka som bur her.

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

  • Informasjon om ETA (Storbritannia): 

Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år. 

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 12 . juni - Bergen til Shetland og Textile Museum

    Avreise med fly frå Bergen til Shetland. Framme på Sumburgh blir vi henta med buss til Lerwick, hovudstaden på øyane. På vegen dit vil Magni gi oss ein introduksjon om kva vi har i vente desse dagane.

    Framme i Lerwick stoppar vi på hotellet vårt for å sette ifrå oss bagasjen. Deretter går turen til Shetland Textile Museum for å få ein introduksjon til handarbeid og tekstilhistoria på øyane. Museet har gjennom 35 år samla saman over 700 gjenstandar fordelte over to etasjar og er heilt unikt i sitt slag. Her fremjar dei tekstilarven og særleg strikking, og vi finn blant anna Fair-Isle-strikk, blondestrikk, Taatit-tepper (fargerike sengetepper i ull), verktøy, tweed og gjenstandar frå moderne produsentar på Shetland.

    Tilbake på hotellet blir det litt tid til å slappe av eller sette seg saman for litt strikking. Felles middag om kvelden. Utpå kvelden, etter ein god middag, er det kanskje fleire som vil ta ein tur innom musikkbaren The Lounge før ein går tilbake til hotellet. Denne baren er kjend for god stemning og live Shetland-musikk.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 13. juni - Strikking og opphald i Lerwick

    Etter ein god frukost skal vi rusle bort til Shetland Museum, der dei har ei større samling av både lace-knitting (broderistrikk) og Taatit-tepper.

    Shetland har eit vakkert, grønt landskap, dramatiske klipper og ope hav. Når ein ser alt dette, er det lett å skjønne at landskapet gjennom tidene har gitt inspirasjon til fargane på garn og strikk. Det vert sagt at på Shetland strikkar ein aldri med mindre enn fem fargar, men aldri med meir enn to på same tid. Mønsteret som er designa særskilt for oss på denne turen, er sett saman for å vise nettopp korleis det er vanleg å blande fargar i typiske mønster på øyane. Magni gir oss eit innblikk i shetlandsk fargelære og presenterer ulike mønster. Det er også sett av tid til ei strikkeøkt her.

    Etterpå ruslar vi bort på Shetland Museum. Her er det samla mykje generell  shetlandsk historie, men også historie knytt til garn og strikking. Ettermiddagen kan ein bruke som ein vil, anten ein vil finne ein av dei trivelege kaféane for lunsj eller ein vi innom å sjå glasmåleria i Town Hall. I tillegg kan det vere verdt ein tur via Jubilee Flower Garden og Fort Charlotte om ein rekk det. Fort Charlotte ligg strategisk til med utsyn over Sound of Bressay og vart bygd opp frå midten av 1600-talet.

    På ettermiddagen er vi klare for meir strikking og prat, kanskje med noko godt i glaset?  Middag på eiga hand om kvelden. Hotellet har ein triveleg restaurant, men elles kjem gjerne reiseleiar med tips. 
    (F)

  • Dag 3: Måndag 14. juni - Lerwick med garnprodusenten Jamieson & Smith

    Etter ein god frukost er det tid for garn-bonanza! Vi ruslar bort til garnprodusenten Jamieson & Smith. Inspirert av det Magni så langt har synt oss, får alle høve til å plukke seg ut garnpakken ein ønskjer å nytte til strikking av turmønsteret. Her er det hyller med garn frå golv til tak, så vi har sett av god tid her. Det er meir enn 90 fargar å velje blant. Ettermiddagen er sett av til å strikke saman, og det klør nok i fingrane etter å prøve garnet vi kjøpte hos Jamieson & Smith!

     

    Shetlandsstrikk er kjent for sine intrikate mønster, inkludert Fair Isle-teknikken, ein populær fleirfarga strikkemetode sidan 1920-talet. Denne dagen er det fokus på dei klassiske mønsterrapportane, og korleis det er vanleg  å blande desse. Magni har med seg ei rekke prøvelappar og deler raust av kunnskapen sin.

    Både lunsj og middag er på eiga hand denne dagen. Reiseleiar kjem gjerne med forslag på restaurantar.

    (F)

  • Dag 4: Tysdag 15. juni - Scalloway, St. Ninian og strikking

    Etter ein god og lang frukost legg vi opp til ei utflukt til den «norske byen» Scalloway, byen som var hovudbasen til Shetlands-Larsen og dei norske som kryssa over frå Norge under krigen. Her fekk dei leige seg ein slipp, og vedlikehaldet på båtane vart enklare. Dei som budde her, verna godt om motstandsfolka og båtane som kom frå Norge. Etter kvart samla det seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Shetlands-Larsen, var skipper på 52 av dei. I Scalloway er det laga til eit monument som er reist til minne over nordmenn som miste livet på sjøen i motstandskampen mot tyskarane. Vi skal også kikke på slippen som dei norske båtane nytta, Prince Olav Slipway. Vi besøkjer også Scalloway museum, som er eit lite og koseleg museum opna i 2012 av dåverande statsminister Jens Stoltenberg.

    Etter Scalloway går turen til Sumburgh der vi finn den prehistoriske busetnaden Jarlshof. I 1897 vaska ei rekke harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Besøk på Jarlshof er eit must om ein er på Shetland for første gong.

    Sumburgh Head er det sørlegaste punktet på Shetland, og frå Sumburgh Hotel (og Jarlshof) er det mogleg å rusle opp til fyret på Sumburgh Head. Fyret ligg flott til med klipper på begge sider. Ha gjerne med deg kikkerten i sekken på denne turen. Lunsj på Sumburgh Hotel.

    Over alt på Shetland finn vi inspirasjon til strikk- og fargekombinasjonar. Ein av plassane ein definitivt kan finne slik inspirasjon, er på den vakre øya St. Ninian. Denne øya vart knytt saman med Mainland av ei strand, ein såkalla tombolo, som har sjø på begge sider. På øya finn vi ein gamal ruin av eit kapell om nokon vil ruske seg ein tur dit.

    Undervegs på turen denne dagen blir det sjølvsagt strikking, og Magni vil rettleie oss. Denne dagen vil ho ha litt ekstra fokus på Shetlands-sjal, både dei klassiske hap-sjala og andre blondesjal.

    Felles middag på hotellet om kvelden.  
    (F, L, M)

  • Dag 5: Onsdag 16. juni - Sumburgh Head og heimreise

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut av hotellet og køyrer sørover til Sumburgh Head der flyplassen ligg. Vi tek flyet tilbake til Norge.
    (F)

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
12/6BergenShetlandMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
20/6Strikketur til ShetlandFrå 27 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo