Skip to main content

Den store England-turen med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

21. - 28. april 2027. 

Velkomen med på ei reise som tek oss med til mange av byane og områda i England som har forma engelsk historie og kultur! Vi får med oss svært mykje på desse åtte dagane – både storslegne slott og katedralar, tradisjonsrike universitetsbyar, og pittoreske landskap som gjennom hundreåra har sett sitt preg på både engelsk identitet og europeisk historie.

Vi besøkjer mellom anna Oxford, ein av verdas mest kjende universitetsbyar, og får oppleve dei unike miljøa som har fostra store tenkjarar, forfattarar og statsleiarar. På ferda vår opplever vi verdskjende stadar som Stonehenge og Blenheim Palace, vandrar i fotspora til Shakespeare i Stratford-upon-Avon, og lærer meir om vikingane i historiske York. Vi besøkjer Windsor Castle, ein av dei offisielle residensane til den britiske monarken, og vi ser minnesmerket over Magna Carta i Runnymede, ei påminning om røtene til demokratiet vi kjenner i dag. I tillegg får vi med oss kulissane til tv-seriar som Med hjarte på rette staden og Sjukehuset i Aidensfield.

Med på reisa har vi det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, som losar oss gjennom dagane med spennande foredrag og innsiktsfulle refleksjonar om historia, politikken og samfunnet i dei områda vi besøker.

Søk

Viktig informasjon

Informasjon om visum/innreiseløyve og helsekrav

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.
  • Informasjon om ETA (Storbritannia):

Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden må fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 21. april – Velkomen til England og historiske Winchester

    Vi landar på Heathrow og startar turen vår med bussreise til den sjarmerande byen Winchester, ein stad med djupe historiske røter. Her besøkjer vi den storslegne Winchester Cathedral, ein av dei største katedralane i Europa, kjend for sin mektige gotiske arkitektur og tilknyting til den engelske kongerekka. Vi finn også den kjende engelske forfattaren Jane Austen si grav inne i katedralen.

    Det blir god tid til lunsj på eiga hand og til å rusle gjennom dei trivelege gatene.

    Seinare på ettermiddagen køyrer vi vidare til hotellet vårt i Reading, der vi sjekkar inn og får litt tid til å slappe av. Før middag samlast vi til velkomstmøte, der vi blir betre kjende med kvarandre og får ei innføring i dagane som ventar. Kvelden blir avslutta med ein god fellesmiddag i eige rom for gruppa, der vi får høve til å bli betre kjende både med kvarandre og med fagpersonane våre, Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen.
    (M)

    Onsdag 21. april – Velkomen til England og historiske Winchester
  • Dag 2: Torsdag 22. april – Bath og Stonehenge

    Vi startar dagen med ein god frukost før vi set oss i bussen og får med oss spanande foredrag undervegs, der Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen gir oss bakgrunn og perspektiv på stadane vi skal besøke.

    Første stopp er den vakre byen Bath, kjend for elegant georgiansk arkitektur og dei berømte romerske bada. Vi besøker Roman Baths, der vi får sjå dei imponerande restane etter dei varme kjeldene og badeanlegga som gjorde byen kjend alt i romartida. Etter besøket blir det tid på eiga hand i Bath til å utforske byen nærmare og ete lunsj. Mange vil nok setje pris på å oppleve stemninga i byens handlegater eller slappe av i ein av dei mange kafeane.

    Om ettermiddagen held vi fram til eitt av verdas mest kjende forhistoriske minnesmerke, Stonehenge. Vi får sjå den mystiske steinsirkelen som har fascinert menneske gjennom årtusen, og lære meir om dei ulike teoriane knytte til kven som bygde monumentet og kvifor.

    Etter ein innhaldsrik dag vender vi tilbake til hotellet i Reading.
    (F)

    Torsdag 22. april – Bath og Stonehenge
  • Dag 3: Fredag 23. april – Oxford og Blenheim Palace

    Etter frukost får vi med oss eit foredrag på hotellet, der Eva og Joar gir oss historiske og kulturelle innblikk i dagens tema. Deretter  kan dei som har meldt seg på utflukt til Oxford og Blenheim Palace (mogeleg val, mot tillegg i prisen) setje kursen mot den ærverdige universitetsbyen Oxford, kjend som eitt av verdas fremste kunnskapssenter gjennom meir enn 900 år. Her får vi ei byvandring med lokal guide, der vi besøker eitt av dei berømte collega. Vi får høyre om universitetet si historie, arkitekturen og dei mange kjende personane som har studert her.

    Etter byvandringa blir det tid til å oppleve Oxford og nyte ein lunsj på eiga hand.

    Om ettermiddagen held vi fram til Blenheim Palace, eit praktfullt slott som står på UNESCO si verdsarvliste. Slottet er kjend som fødestaden til Winston Churchill og er omgitt av ein storslegen park utforma av den berømte landskapsarkitekten Capability Brown. Her får vi oppleve både det staselege interiøret og det vakre uteområdet.

    Vi returnerer til hotellet i Reading. Dei som vil, kan vere med reiseleiaren til ein koseleg restaurant i nærleiken av hotellet.
    (F)

    Fredag 23. april – Oxford og Blenheim Palace
  • Dag 4: Laurdag 24. april – Windsor og Magna Carta

    Vi startar dagen med ein god frukost før Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen held eit nytt foredrag om bord i bussen på veg frå Reading til Runnymede. Her vitjar vi minnesmerket over Magna Carta. Dette dokumentet frå 1215 blir rekna som eit symbol på «Freedom under law» og «the Birth of Democracy». Mykje av den samfunnsordenen vi kjenner i dag, med rettsstaten og individets fridom, har sitt opphav her.

    Når vi kjem til Windsor, tek vi ein spasertur bort til The Long Walk, eit parkområde med lange kongelege tradisjonar, før vi tar oss tid til lunsj på eiga hand.

    Om ettermiddagen vitjar vi Windsor Castle, det største slottet i verda som framleis er i bruk som kongeleg residens. Slottet har vore knytt til det britiske monarkiet i over 900 år, sidan Wilhelm Erobraren byrja bygginga i 1070-åra. Her kan ein sjå det imponerande slottsområdet og det kjende St. George’s Chapel, der mange britiske monarkar er gravlagde, mellom anna Henrik VIII og dronning Elizabeth den andre.

    Etter besøket returnerer bussen til hotellet. Denne kvelden samlast vi til fellesmiddag på hotellet.
    (F, M)

    Laurdag 24. april – Windsor og Magna Carta
  • Dag 5: Søndag 25. april – Stratford-upon-Avon og reise til York

    Vi startar dagen med frukost før vi sjekkar ut og legg ut på reisa nordover. Undervegs køyrer vi gjennom det vakre landskapet i Cotswolds, kjent for sine bølgjande åsar, steinbygde hus og idylliske småbyar.

    Vidare går turen til Stratford-upon-Avon, byen der William Shakespeare blei fødd og voks opp. Her besøker vi Shakespeare’s Birthplace, der vi får lære meir om livet og arbeidet til den store dramatikaren bak verk som Hamlet, Macbeth og King Lear. Besøket gir oss eit innblikk i miljøet han voks opp i og korleis oppveksten hans sette spor i diktinga.

    Etter besøket blir det tid til lunsj på eiga hand og høve til å rusle rundt i den stemningsfulle byen. Deretter går turen vidare til Nottingham, byen som for alltid vil vere knytt til den legendariske Robin Hood. Her stopper vi på ein historisk pub, der vi får høyre meir om den kjende legenda, før vi set kursen vidare mot York.

    Når vi kjem fram, sjekkar vi inn på hotellet, og resten av kvelden er til fri disposisjon. Dei som vil, kan vere med reiseleiaren til ein koseleg restaurant i nærleiken av hotellet.
    (F)

    Søndag 25. april – Stratford-upon-Avon og reise til York
  • Dag 6: Måndag 26. april – Vikingar og York Minster

    Vi tek oss tid til ein lang og roleg frukost før vi får med oss dagens foredrag med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen.

    I dag kan ein melde seg på utflukt til Jorvik Viking Center og York Minster (mogeleg val mot tillegg i prisen). Første stopp er Jorvik Viking Centre, eit museum som gir oss eit innblikk i korleis vikingane levde då dei hadde kontroll over området. Museet er bygd over utgravingane av den gamle vikingbyen, som blei kalla Jorvik av dei norrøne busetjarane. Vi får høyre om vikingane si rolle i utviklinga av byen.

    Deretter besøker vi den mektige katedralen York Minster, ei av dei største gotiske kyrkjene i Nord-Europa. Bygginga av katedralen byrja på 1200-talet, og den har vore eit viktig religiøst og kulturelt senter i regionen gjennom mange hundreår.

    Etter besøket har vi resten av dagen til fri disposisjon til å utforske York på eiga hand.
    (F)

    Måndag 26. april – Vikingar og York Minster
  • Dag 7: Tysdag 27. april – Kyst, katedralar og klassisk TV

    Etter frukost og siste foredrag med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen tek bussen oss til Stamford Bridge, der vi får lære meir om det kjende slaget i 1066. Her tapte Harald Hardråde slaget mot styrkane til kong Harold Godwinson, og hendinga markerer den offisielle slutten på vikingtida i England.

    Vi held fram til Goathland, ei lita bygd som mange vil kjenne att som Aidensfield frå den populære TV-serien Med hjartet på rette staden (Heartbeat). Namnet Goathland blir rekna for å vere avleidd frå gammalnorsk og tyder truleg «godt land». 

    Vidare går turen til Whitby, ein gamal kvalfangarby som ligg ut mot Nordsjøen. Mange vil kjenne att byen både frå Med hjartet på rette staden og Sjukehuset i Aidensfield, som har gått lenge på NRK. Over byen tronar den kjende katedralruinen som har vore eit landemerke for skipsfarten gjennom hundreåra. Her blir det tid til lunsj på eiga hand og til å utforske byen. Vi reiser tilbake til hotellet vårt i York, der vi samlast til ein hyggeleg avslutningsmiddag.
    (F, M)

    Tysdag 27. april – Kyst, katedralar og klassisk TV
  • Dag 8: Onsdag 28. april – Heimreise

    Vi startar dagen med ein god frukost før vi sjekkar ut og set kursen mot Manchester. Undervegs tek vi turen innom den idylliske landsbyen Haworth, som er tett knytt til dei verdskjende Brontë-søstrene. Her besøker vi Brontë Parsonage Museum, prestegarden der Charlotte, Emily og Anne Brontë voks opp og skapte nokre av den engelske litteraturhistoria sine mest kjende verk.

    Etter besøket blir det god tid til å rusle rundt i den sjarmerande landsbyen og ete lunsj på eiga hand, før vi held fram den siste etappen til flyplassen i Manchester.

    Tidleg på kvelden flyg vi heim til Noreg, med mange inntrykk og gode opplevingar frå ei innhaldsrik reise gjennom England.
    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
21/4BergenReading, YorkMeir enn 831 550,-BestillMer informasjon
21/4OsloReading, YorkMeir enn 829 950,-BestillMer informasjon
21/4HeathrowReading, York
Heathrow
Meir enn 826 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo