Skip to main content

Elvecruise på Rhinen og Mosel med Gunnstein Akselberg

25.-29. oktober 2027.

Velkomen med på eit innhaldsrikt elvecruise gjennom to av Europas vakraste elvedalar. Reisa tek oss frå idylliske Cochem ved Mosel til den historiske byen Strasbourg i Frankrike. Undervegs opplever vi romantiske vinlandskap, middelalderborger, sjarmerande småbyar og nokre av dei mest kjende kulturstadene langs Rhinen og Mosel.

Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har i mange år hatt ei særleg interesse for dei tyske kulturbyane og den sentrale rolla dei har spela i europeisk historie. Langs Rhinen og Mosel møtest politikk, kunst, arkitektur, språk og kulturhistorie på ein heilt unik måte. Vi har heile skipet berre for Fotefar sine gjester, og Gunnstein Akselberg vil halde foredrag om bord som gir opplevingane langs ruta ekstra djupn og perspektiv.

Under cruiset bur vi komfortabelt om bord på MS Monet, eit hyggeleg skip med 78 utvendige lugarar. Alle lugarane har eige bad med dusj, hårfønar, TV, safe og aircondition. Om bord kan du nyte gode måltid, avslappande dagar på dekk og den skiftande utsikta langs elvane. Du legg sjølv opp til kor mange utflukter (moglege val) du vil vere med på. Alle måltid og drikke om bord er inkludert, slik at du kan konsentrere deg om å nyte reisa og dei mange opplevingane undervegs.


 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

-          Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.

-          I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk. Landgangar kan vere noko bratte.

-          Uventa endringar i vasstanden eller andre uforutsette hendingar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet. 

-          Utfluktene merka med “mogeleg val” er arrangerte av elvebåten og har guiding på engelsk.

 

Om båten

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 25. oktober - Frå Norge til Cochem i Tyskland

    Fly frå Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim til Frankfurt. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar.

    Framme i Frankfurt er det buss til den vesle byen Cochem, som ligg ved elva Mosel, og der vi får tildelt lugarane våre om bord på elvebåten, MS Monet. Under velkomstcocktailen blir vi litt betre kjende og blir presenterte for kapteinen og mannskapet. Deretter går vi rett til ein nydeleg middag.

    Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og dansegolv. Soldekket har både vanlege stolar og liggestolar, og er den ideelle staden å nyte utsikta over landskapet som sakte glir forbi. Det er også gratis Wi-Fi om bord.
    (M)

    Måndag 25. oktober - Frå Norge til Cochem i Tyskland
  • Dag 2: Tysdag 26. oktober - Cochem - Alken

    Vesle Cochem med berre fem tusen innbyggjarar, ligg nydeleg til ved elva og blir rekna som ein av dei vakraste landsbyane i Tyskland. Etter frukost har vi god tid i sentrum som er kjent for sine smale, svingete gater og sjarmerande bindingsverkshus med skifer­tak. Slottet over byen ligg nydeleg til med vinmarker rundt. Det ligg litt høgt oppe, men det er ein fin tur å gå dit.

    Det vil også vere mogleg å melde seg på ein vandretur til Cochem Castle «Cochem hiking» (mogleg val mot tillegg i pris). Dette er ein tur til fots saman med ein lokal, engelsktalande guide. Ein går frå båten langs elva Mosel før ein kryssar brua inn til den sjarmerande gamlebyen i Cochem. Her vandrar ein gjennom smale, stemningsfulle gater omkransa av tradisjonelle bindingsverkshus og passerer attraksjonar som St. Martin-kyrkja, Kapuzinerklosteret og marknadsplassen. Frå gamlebyen følgjer ein stien gjennom naturreservatet opp mot borga Cochem Castle, også kalla Reichsburg, som tronar høgt over byen. På returen passerer vi utsiktspunktet «Tummelchen», der vi får sett borga frå eit anna perspektiv. Deretter går vi tilbake til skipet gjennom den øvre delen av byen.

    Tilbake på båten er det tid for lunsj, før vi får det første foredraget med Gunnstein.

    Vidare seglar vi på elva Mosel mot Alken. Undervegs passerer vi sjarmerande landsbyar, vinmarker og det som ser ut som eit slott på kvar topp. Vi legg til i Alken tidleg om kvelden, og her kan ein velje om ein vil utforske den vesle landsbyen sjølv eller vere med på ein guida tur arrangert av reiarlaget opp til det kjende Thurant slottet med flott utsikt over Mosel-elva (mogeleg val mot tillegg i prisen). Denne natta dreg vi ifrå Mosel og seglar inn på Rhinen ved byen Koblenz.
    (F, L, M)

    Tysdag 26. oktober - Cochem - Alken
  • Dag 3: Onsdag 27. oktober - Boppard, Lorelei-klippa og Rüdesheim

    Etter frukost er vi klare til å utforske Boppard. Byen med sine 15 000 innbyggjarar er ein god del større enn Cochem, så her er det fleire butikkar, kafear og restaurantar. Ein av hovudattraksjonane i byen er det romerske festningsverket som ligg midt i sentrum. Det blir rekna som det beste eksempelet på ei romersk borg i Tyskland, og er tilgjengeleg for alle. Etter nokre timar i denne historiske byen mønstrar vi på båten igjen, som tek oss sørover på Rhinen. Vi sig sakte gjennom den vakre og romantiske Rhindalen. Her passerer vi fleire majestetiske slott, historiske landskap, kjende vinmarker og den myteomspunne Lorelei-klippa. Ifølgje ei soge frå mellomalderen sat den vakre Lorelei på klippa og song så vakkert at skipperane på elvebåtane vart dregne mot dei farlege straumane og forliste. I den tyske romantikken tidleg på 1800-talet vart denne soga inspirasjon for både målarar og forfattarar. Det blir eit nytt foredrag med Gunnstein denne ettermiddagen.

    Om ettermiddagen kjem vi fram til den livlege byen Rüdesheim. Her finn ein spor etter vindyrking heilt tilbake til folkevandringstida, og vinproduksjon saman med turisme er den største næringa i byen. Vi anbefaler å ta ein tur saman med reiseleiarane til den sjarmerande gata, Drosselgasse, med sine mange kaféar og barar denne kvelden, eller ein kan melde seg på ein rundtur i Rüdessheim arrangert av reiarlaget (mogeleg val mot tillegg i prisen). Meir informasjon om denne kjem seinare.

    Avreise mot Mainz om kvelden, og vi legg til i Mainz om natta.
    (F, L, M)

    Onsdag 27. oktober - Boppard, Lorelei-klippa og Rüdesheim
  • Dag 4: Torsdag 28. oktober – Mainz

    Mainz er den største byen i delstaten Rheinland-Pfalz, og ein av dei eldste byane i Tyskland. Her møtest Rhinen og sideelva Main. Byen vart grunnlagd av romarane i år 13 f.Kr., og var hovudstaden i den romerske provinsen Germania Superior.

    Den mest kjende borgaren av Mainz var Johannes Gutenberg, som fann opp boktrykkarkunsten og trykte den berømte 42-linjers bibelen sin på latin i Mainz i 1455. Eit besøk på det gode Gutenberg-museet er verkeleg å anbefale. Museet er eitt av verdas eldste (1900), og ein kan sjå eksempel på dei første trykte biblane og andre publikasjonar, i tillegg til utstyr som vart brukte i trykkeprosessen.

    Napoleon var glad i Mainz, og etter den franske overtakinga av byen, tok han den med på lista si over dei 36 viktigaste byane i Frankrike. Paradegata "Grande Rue Napoléon" vart bygd,  og den eksisterer framleis, men no med namnet "Ludwigsstraße". Elles er spora etter fransketida mindre her enn i grensebyen Strasbourg.

    Mainz er ein triveleg by med mange hyggelege kafear og restaurantar, og vi får god tid til å vandre rundt i gamlebyen, der vi kan anbefale torget ved St. Martin-katedralen. Mainz kan ein oppleve på eiga hand eller ein kan melde seg på utflukta "Byen med sine katedralar" (mogeleg val mot tillegg i prisen). Meir informasjon om denne kjem seinare.

    Det blir nytt foredrag med Gunnstein, og om kvelden et vi middag medan vi fortset ferda mot Strasbourg. Denne siste kvelden saman er det festmiddag, og vi får servert ein flott 4-retters middag.
    (F, L, M)

    Torsdag 28. oktober – Mainz
  • Dag 5: Fredag 29. oktober - Heimreise

    Etter ein god frukost er det tid for heimreise, og bussen tek oss til flyplassen i Frankfurt.
    (F)

    Fredag 29. oktober - Heimreise

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
25/10BergenMS MonetMeir enn 827 450,-BestillMer informasjon
25/10OsloMS MonetMeir enn 827 450,-BestillMer informasjon
25/10StavangerMS MonetMeir enn 828 950,-BestillMer informasjon
25/10TrondheimMS Monet628 950,-BestillMer informasjon
25/10UtanMS MonetMeir enn 824 250,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo