Skip to main content

Med Edvard Hoem til hans litterære rike i Romsdal

Evy Kavli, Åndalsnes Avis.Image: Evy Kavli, Åndalsnes Avis.

9. - 13. august 2027.

På denne turen møter vi Edvard Hoem på heimebane. Han er ein av dei aller fremste forfattarane i Norge i dag, og i tillegg er han ein sjeldan god formidlar. Kvar dag vil han halde foredrag om romanane sine som er baserte på verkelege personar og hendingar. Desse familiekrønikene hans frå Romsdal har gjort Hoem til ein særs populær og folkekjær diktar.

Under opphaldet får vi guida turar rundt om i vakre Romsdal. Vi spaserer eller blir køyrde til Rekneslia der oldefar til Edvard, «slåttekaren i himmelen», hadde heimen sin. Elles besøkjer vi stader som diktarheimen hans på Hoem, skulen han gjekk på, kikkar på bedehuset som bestefaren ivra for å få bygt og på vakre Vågøy kyrkje. Vi skal også på utflukt til idylliske Veøya der vi får høyre historia om øya med den vesle, gamle kyrkja og den store og spesielle prestegardsbygningen.

Eitt høgdepunkt elles blir busstur til Kristiansund og Smedvika der felemakaren, Lars Olsen Hoem, hadde heimen sin. På denne rundturen i skiftande landskap køyrer vi tilbake over Atlanterhavsvegen til Hustad, Bud, Vågøy kyrkje og til Hoem der Edvard opnar diktarheimen og les frå bøkene sine medan deltakarane får servert kaffi.

Edvard Hoem har skrive ein stor biografi om Bjørnstjerne Bjørnson, og vi legg opp til ein busstur til Nesset prestegard i Eidsvåg der Bjørnson voks opp. Her vil Edvard halde foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson.

Vi bur sentralt og godt på Scandic Alexandra i Molde.

 

 

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1 - Måndag 9. august: Framme i Molde: Velkommen og første foredrag

    Ein kan komme seg til Molde på mange måtar. Det går tog frå Oslo og Trondheim til Åndalsnes og buss vidare til Molde. Andre alternativ er fly eller privatbil. Ein kan også kombinere opphaldet med ei reiseoppleving med Hurtigruta både frå sør og nord. Reiseleiarane vil vere i resepsjonen på hotellet frå kl. 14.00.

    Etter innsjekking på hotellet, møtest vi kl. 16.00 i konferansesalen på hotellet for velkomst og informasjon. Deretter får vi det første foredraget av Edvard Hoem med tittelen: Slåttekar i himmelen. Dette er den første romanen i slektskrønikene hans, og den er skatta av ein stor lesarkrins.

    Etter foredraget blir det fellesmiddag på hotellet.

    (M)

  • Dag 2 - Tysdag 10. august: Rekneslia, Romsdal Museum, dokumentarfilm og Molde

    Etter frukost får vi dagens foredrag av Edvard Hoem med tittelen: Bror din på prærien. Her fortel han om slekta si som drog over havet og slo seg ned i Midtvesten i USA og i Canada. I foredraget byggjer Hoem framstillinga si på dei tre romanane som handlar om livssogene til slektningane: Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd.

    Etter foredraget vandrar vi (eller køyrer) frå hotellet til Rekneslia, som var heimen til Knut Hansen Nesje (slåttekaren) og slekta hans. Her kikkar vi på løa som slåttekaren bygde, og eigaren i dag vil fortelje om løa og eigedomen.

    Frå Rekneslia går vi den korte vegen til Romsdalsmuseet og nyttar ein del av dagen der. Vi møtest i Auditoriet og får først sjå ein kort introduksjonsfilm om Romsdal og museet. Det er Edvard Hoem sjølv som er opplesar i filmen. Deretter får vi ei orientering om museet før det blir lunsj på Kafé Mali. Etter lunsj får vi guiding rundt om på det flotte museet.

    Ein kan også nytte meir tid på eiga hand på museet og elles i sjølve byen før vi igjen møtest på konferanserommet på hotellet. Der vil historikaren Rasmus Sunde fortelje om boka Amerikabrev, som fortel om to brør frå Romsdal, der den eine, Lars Stavig, utvandra til Sør-Dakota og vart ein velståande farmar, medan den andre, Knut, vart verande i Romsdal som ein heller fattig småbrukar og fiskar.

    Vi kosar oss i Molde resten av kvelden med middag på eiga hand, og reiseleiarane vil anbefale restaurantar.

    (F, L)

  • Dag 3 - Onsdag 11. august: Kristiansund, heimstaden til felemakaren og diktarheimen til Edvard Hoem

    Vi startar dagen med frukost, og deretter får vi foredrag av Edvard Hoem med tittel: Felemakaren. Romanen handlar om Lars Olsen Hoem som var fødd i 1782. Han vart kalla inn til teneste i marinen, og tidene var urolege under Napoleonskrigane. Lars vart teken til fange av engelskmennene, og på fangeskipet lærde han kunsten å byggje feler av ein franskmann. Då han endeleg kom tilbake til Norge, slo han seg ned i Kristiansund, gifte seg og fekk sju døtrer. Han blir rekna som ein av dei fremste felemakarane i Norge.

    I Kristiansund besøkjer vi Smedvika der felemakaren hadde heimen sin. Vi får gå inn i huset hans, som framleis er i bruk, og Edvard les frå boka om slektningen sin. Det blir elles noko guiding i Kristiansund før vi køyrer Atlanterhavsvegen til Hustad og vidare til Bud der vi stoppar for ein stor lunsj på restauranten Bryggjen.

    Turen går vidare langs Frænafjorden og Malmfjorden til Hoem. Her er vi innom skulehuset, der Edvard gjekk i sju år. Vi kikkar også på bedehuset, som bestefaren hans var ein forkjempar for, før vi besøkjer Vågøy kyrkje der Edvard vart døypt og konfirmert. På Hoem opnar Edvard diktarheimen sin for gruppa. Her blir det servert kaffi ute på tunet, og der får vi også ein samtale med Edvard Hoem om livet og diktinga hans.

    Bussen vår køyrer oss så tilbake til Molde og hotellet. Middag på eiga hand.

    (F, L)

  • Dag 4 - Torsdag 12. august: Veøy kyrkje, Jordmor på jorda og Bjørnstjerne Bjørnson

    Etter frukost held Edvard Hoem foredrag med tittelen: Jordmor på jorda. Han byggjer foredraget på romanen med same namn som handlar om tippoldemora hans, husmannsdottera Marta Kristine Nesje, som gjekk den lange vegen til Kristiania for å bli jordmor. Romanen skildrar både eit sterkt livsdrama og eit mektig kvinneportrett, som Hoem maktar å setje inn i eit historisk perspektiv.

    Denne dagen blir det utflukt med buss og båt. Bussen køyrer dei gamle vegane og stoppar på Nesjestranda, i området der jordmora hadde heimen sin. Her blir det båttransport over til den idylliske Veøy, som var eit viktig knytepunkt i mellomalderen. Der får vi orientering av ein dugande guide frå Romsdal museum om øya generelt, om den vakre Veøy gamle kyrkje frå ca. år 1200 og den imponerande prestegarden der. Under opphaldet på Veøya er det også tid for lunsj med matpakken vår.

    Etter besøket på Veøya blir det båt tilbake til Nesjestranda, og bussen køyrer oss vidare innover til Nesset prestegard i Eidsvåg der far til Bjørnstjerne Bjørnson var prest, og der diktaren voks opp.

    Vel framme på prestegarden vil Edvard Hoem halde eit veldig spennande foredrag med tittelen: Europearen Bjørnstjerne Bjørnson. I tillegg vil tilsette ved museet fortelje og vise oss rundt i dei gamle, flotte bygningane, og det blir høve til å kjøpe kaffi og noko lite å ete.

    Om kvelden blir det avslutningsmiddag på hotellet.

    (F, matpakke, M)

  • Dag 5 - Fredag 13. august: Avslutning og heimreise

    Etter frukosten denne siste dagen kan vi sjå fram til foredraget til Hoem med tittelen: Mors og fars historie. Dette foredraget baserer seg på soga til foreldrene til diktaren, og fortel om faren som gifte seg med ei ung kvinne som hadde fått barn med ein tysk soldat mot slutten av krigen. Dette vart ein svært kritikarrost roman.

    Etter foredraget kan ein kjøpe fleire av bøkene til Hoem direkte frå diktaren som også signerer. Hugs elles å ta med ei eller fleire av bøkene hans og få med signatur.

    Både til Oslo og Trondheim kan ein reise med buss/tog om ettermiddagen og vere framme om kvelden. Elles kan ein nytte buss, båt, fly eller private bilar.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
9/8Molde
Scandic Alexandra Molde
Meir enn 817 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
18/11Burgund med Merete BøFrå 38 755,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo